Låg, lægre, lægst

28 September, 2007

Litt overraskande har ikkje den trufaste lesaren masa oss huda full om ny bridgespalte etter at vi torsdag kveld spela haustturnering med Haugen på Heimdal. Førre veke sat vi oppe til halv fem og gjenskapa soga om John Våges skandaløse vikaroppdrag. Til vederlag har Haugen sjølv uttrykt ei viss forventning om sjikane, og sanneleg kan det høve han godt.

Fyrst ein titt på den formidable bridgeterminologien, som for perifere lesarar kan tykkjest noko intern og heimesnikra. Denne landsens avkroken har fostra fram ei stor mengd spanande spelarar, som lykkelegvis har språklege like mykje som realfaglege evner. Det eine uttrykket rekk knapt nok å feste seg før eit nytt kjem i vinden. Vi hugsar termen “stekkanbla” frå barndomen. I skrivande stund veit vi ikkje nøyaktig kva han kjem av, men han skildrar gode kort. “Eg har jo stekkanbla,” seier ein og gliser. Eit meir slitesterkt omgrep er det klassiske “panser”, som også kan førekoma på andre omkverve. “Panser” er naturlegvis bra. Men står det i lag med nektingsadverbet, blir det tilsvarande negativt. Vi hugsar Ellestads ord om nokre kjøtkaker i Kragerø: “Det va’kke helt panser det her?” Og det snurrige andletet hans.

Nei, det er lite som er panser. Det meste er bortspel og påtråkk. Rett og slett “nake”. Ein er endåtil “naken” som spelar. Elendig, med andre ord, fullstendig avkledd. Våge har naturlegvis stor moro av slike ord. Han møtte ei blondine ved bordet på Lillehammer, diverre stinka ho i bridge. Han gneid seg i hendene og smilte som eit lam: “Om ho her var så naken fysisk som ho er i bridge …” De skjønar poenget. Men no er “nake” erstatta av ein ny term, adjektivet “låg”. Lågpanna lågmål av lægste klasse. Sist tysdag spela vi ein formiddagsrobber hjå Lindqvist. Kontrakten vart 4 spar på fylgjande kort:

AK109
K
KJ9xx
Kxx

J8xx
xxx
Axx
Axx

Aust hadde dobla kortfargebodet i hjarter, som sør fekk vi kløver ut til esset. Vi spela spar til tia som heldt, spar ess og spar konge som reinska trumfen. Deretter drog vi ruter til esset og ruter til knekten, som tapa til dama tynt tridje attom. Elleve stikk. No såg at vi at ruterkappen var vridbar for det tolvte, men rekna ikkje nettopp med kritikk. Akk, kor dumme vi er. Erik Berg og Åsmund Forfot parerte kontant og i kor: “Lågt.”

Når vi presenterer denne brutale ordbruken for lesarane, er det som ein relevant introduksjon til det lågmålet vi kvar veke opplever med Morten Haugen som makker. Han er nokså motbydeleg som person, men ved bridgebordet har han mange kvalitetar. Den viktigaste, vil vi seia, er evna til å heva makker. Kvar gong han fører korta i einkvan kontrakt, endar det med minus i haugevis. Om ikkje namna våre skal underskrive lista, lyt vi kæsje i dobbelt foll sjølv. Eit døme på kvar av delane, fyrst med Haugen i hovudrolla:

           xxx
           AQx
           AQ10xx
           AJ

AJ8                Q9
xxxxx            K
xx                   Kxxx
Qxx                K10xxxx

           K10xxx
           J109x
           Jx
           xx

Med ingen i sona opna aust i kløver. I ettertid ser vi at makker med sine fem panserpoeng hadde ei opplagt sparinnmelding, men det lét vi passere ved bordet. Iallfall gjekk det no 1 hjarter frå vest, tilfeldigvis John Våge, 1 grand frå oss, 2 kløver frå opnaren, 2 spar frå Haugen, 3 kløver frå Våge, 3 spar frå oss, pass, pass og sjølvsagt ei klaskedobling frå Vågekvalen. Litt meir aktuelt denne gongen, sidan kontrakten er beit frå taket. Men ein hundrelapp ut er neppe katastrofal, 4 kløver er høgst spelbart andre vegen. For å komplettere skjemdarverket sørva Våge kløverdama, som Haugen stakk med esset. Spar til nia som fekk halde stikket. Aust tok for kløverkongen, før han heldt fram med spar dame. No, Morten Haugen: Kven har trumfesset? Ikkje aust. Så la han då få for kjerringa, og la oss alle sjå kor godt han likar det. Men sjølv då Haugen stakk dama med kongen, Våge kom inn, tok for spar knekt og kunne svinge hjarter, vil vi kalle det lågt å ta kappen. Aust har sjeldan åtte honnørpoeng for fyrstehandsopninga si. 300 ut er ingen partevlingsscore, såpass veit jamvel vi. Sjå i staden her:

            x
            A10xx
            QJx
            K10xxx

Qx                  Axx
QJ                  K9xxxx
AK10xx         xxxx
Axxx              -

            KJ1098xx
            x
            x
            QJxx

Dette spelet er ei rein oppvisning i vår overlegne psykologiske skill. Vi møtte eit av dei meir rustne para i salen, med ingen i sona freista aust multi i opning. For oversynet har vi plassert oss sjølve i sør. No la vi oss provisorisk i busken, vest kravde med grand og aust svara eitkvart vi knapt såg på. Med naturleg autoritet planta vi 4 spar i bordet. Kross på rygg og pass rundt. Vi fekk ess, konge i ruter ut, den siste trumfa vi, spela hjarter til esset og drog ein trumf med velnøgd mine. Aust gjekk i boks, vi slo skuldrene ytterlegare ut, nynna litt listepop og kjekka oss fælt. Som venta susa han opp på esset og spela hjarter. Vi hadde lyst til å kleime ti, men la ned spar konge fyrst. Jau då, dama ramla. For å psyke ned stakkars aust tok vi jamvel den tridje trumfrunden, endå dette var siste spelet og kvelden gjekk mot enda. Då la han ein ruter. No var det som vi dansa der vi sat. Kløver dame til esset, kløver til steling, ei beit og 690 på oss. På oss. Ikkje den lusne Haugen.

Nei då, frå spøk til side. Vi har det riktig triveleg i selskap med denne nissen, “ein mann dei fleste kjenner på den futuristiske sveisen og det eksotiske målføret”. Han har sine sterke sider. Men han herpa lampa vår. Det kan vi aldri tilgje han.

Det tårnar seg opp

21 September, 2007

Etter at vi avslutta førre artikkel med noko av ein interjeksjon, har vi, tru det eller ei, stavra rundt i eit samanhengande raseri over alt det jævla bråket vi kvar dag skal utsetjast for. Men i kveld, i kveld trudde vi faen hakke oss trenden hadde snudd seg, då vi gjekk langs ei jævla gate nede i den helvetes byen, og plutseleg vart signa av det satans forsynet med ein flaks berre Morten Haugen kan kopiere. Korporasjonslokala har lenge vanta ein andre stol til dei mange arrangementa sine, og trur de faen oss ikkje at det midt på det jævla fortauet stod ein smekker føkkings stol vi berre kunne kleime med dei eigne jævla syltelabbane våre. Fy faen, tenkte vi, for ein jævla flaks. Så byrja vi drasse den denne helvetes stolen oppover bakkane til den jævla kjellaren vår, og trur de faen ikkje den jævla stolen var tung som føkkings bly. Men ein stol er ein stol, tenkte vi, og ringde nettopp Haugen for å høyre om han kanskje venlegast kunne vippe den jævla hestehalen ut av sorbéen og koma hjelpe oss med dette skabberaklet. Og Haugen flira sinn vanlege lått, ho, ho, ho - “Fy faen, korporasjon, er du full?” “Full?” spurde vi. “Din jævla hippie, vi er faen ikkje fulle, vi spør deg på ærleg og reieleg vis om du kan koma hjelpe oss med ein heilt kvardagsleg stol, og så har du faen oss nervar til å stille eit slikt føkkings spørsmål! Du eig ikkje skam, di jævla hore.” Så klaska vi røret på og var ferdige med det jævla neket.

Fy faen i helvete, vener, no sat vi fint i det, den forbanna stolen vog jo for svingande meir enn sjølve Helmersen. Og dette vraket skulle vi bera Gud veit kor mange kilometer. Men så var det at eit jævla lyn slo ned i hovudet vårt, vi fekk oss til å sjekke om ikkje denne satans stolen hadde noko slag hjul, og trur de jaggu ikkje han hadde nettopp det! Fem føkkings hjul, folkens, og dagen var faen så redda. Så byrja vi trille den jævla stolen langsmed fortauet, sant, og sjølvsagt laga det leven, men ikkje faen om vi brydde oss, det er faen ikkje vi som har hundre småungar å leggje. Ikkje minst var det jævla varmt, ei føkkings tropenatt langt pokker uti september, sant, så vi vreid genseren av oss, og trur de faen ikkje vi hadde ei jævla oransje t-skjorte på oss, så vi gjekk der som eit jævla fyrtårn med denne helvetes stolen som heile jævla Trøndelag kunne høyre lyden av. Så kom det faen meg ein eller annan homo med ein mobiltelefon opp på sida av oss, og det jævla avratet spurde om vi ikkje for helvete kunne teia stille med den forbanna stolen vår i nokre fåe straksar. Needless to say, vener, vi vart faen meg sintare enn nokon gong før. Beint ut raudøygde vart vi, men tala pent og pynteleg til den satans nissen: “Kan du ikkje for helvete gå å hengje deg, din mongoloide klovn? Vi er faen oss borgarar i dette jævla stalinistlandet, og har all forbanna rett til å trille så mange føkkings stolar vi berre orkar og vil - heile jævla natta! Vi skal ta alle jævla stolar på det helvetes universitetet og trille dei midt over det stygge føkkings trynet ditt. Hut deg til helvete heim!” Og han forsvann. Men trur de faen ikkje den lange jævla bakken var full av føkkings svartsniglar, vi gjekk og trilla denne satans stolen midt i eit hav av alskens innmat, og den jævla fine broka vår vart jo faen steikhakki helvete fullstendig flekka av dette jævla skvipet. Så kom vi langt om lenge til toppen, og der hadde vi iallfall føremonen å kunne setja oss og kvile på stolen vi sjølve hadde funne. Men trur de faen ikkje ei jævla kjerring på ein føkkings sykkel kom trillande forbi, og denne jævla skreppa gav oss pinadøy det vonde auga! No klikka det så helvetes mentalt for oss, vi dytta sykkelen overende, banka den helvetes merra og pælma skrotten hennar langt faen ut i villnisset. “Takk til deg!” kauka vi.

Fytti helvete, vener, slik har det alltid vore. Det finst ikkje menneske så sparsame og fornuftige som oss, men dette blir vi dagstøtt straffa for! Vi hugsar ein gong barndomen, då var vi på antikvariatet til den jævla føkkings Wangsmo, sant, og den gamle gubben hadde noko av eit tilbod på g: Ein pose bøker for femti kroner! “No vel, gamlefar, gje oss posen!” Så slengde vi frå oss ein femtilapp og byrja pakke bøker opp i denne jævla tynne posen, hundre og femti føkkings bøker, så jævla taktiske skulle vi jaggu vera. Så gjekk vi nokre meter bortgjennom gata, og trur de faen ikkje den jævla plastposen brått byrja rivne! Men vi orka ikkje bøye oss, sant, så vi gjekk no vidare innover med denne helvetes lørva på slep, og det låg jo for helvete skjønnlitteratur i jævla haugar etter oss bortgjennom heile byen. Annankvar laurdag var det pinadøy likeins heime. Han der Peter Disington langt uti Jokkmokk skulle stendig halde festar, og sosiale som vi er laut vi trass alt møte opp. No fanst det snarvegar, sjølvsagt, men oftast vanta vi alkohol, så laut vi faen i helvete gå ned til Melhus føkkings sentrum fyrst, der kjøpte vi kanskje nokre six-packs, sant, men til desse tri berre éin pose, vi var då for helvete økonomar. Så byrja vi denne jævla femkilometers vandringa til det helvetes gardsbruket, og før vi var komne halvvegs hadde posen sjølvsagt rivna, så gjekk vi der og bar dette jævla ølet som sprikande føkkings staur. Dei gongane vi faktisk nådde festen, var vi alltid daudslitne og stupa før midnatt. Fy faen i helvete. Så var vi på butikken ein dag i førre veka, og der hadde dei jaggu eit heilt jævla brett med føkkings muffins til tjue jævla kroner. Og vi hugsa kor ofte ein muffins har freista, utan at muffins har funnest. Så vi kjøpte det digre brettet og drassa det med oss heim gjennom regnet. Ikkje éin gong har vi ynskt å eta av det. No sit vi her med muffins nok for ein jævla storfamilie, og har mest lyst til å pælme heile brettet i skallen på ein av dei faens tatrane uti gata her. Men kvifor gjer vi det ikkje? Jo, vi har då for helvete moral.

Bridge og bridge, fru Blom

21 September, 2007

Den trufaste lesaren har bede oss om ei ny bridgespalte. Han veit til ei kvar tid kva vi gjer, jamvel at vi sist torsdag spela bridge mot Helmersen. Gode, gamle Helmersen, ein gjengangar i bulletinane. Denne gongen tykte vi ikkje han imponerte så overlag, og hadde eigentleg tenkt å skåne det renommerte namnet hans for omtale. Når makkeren vår til overmål var Vågekvalen, laut ein eventuell publikasjon nesten ha aldersgrense. Men folket skal få det folket vil ha - stort sett brød og sirkus.

I ei bisetning nemner vi ytterlegare to motstandarar denne nydelege aftanen på Heimdal. Dei har figurert langt sjeldnare i trykkeriet vårt, men er like fullt kapable til å produsere litt rør. Fylgjande er så klassisk at folk har gått lei:

Kxx
Ax
-
AKQJxxx

AQxxx
xx
AQxxx
x

Sør, elektriske Hans Noreng, opna i spar. Nord, Morten Tilset, melde kløver. Sør melde ruter, nord 2 hjarter som utgangskrav. Sør heldt fram i ruter, nord freista sparen, som sør letta til utgang. No kom 5 ruter, meint som exclusion. Den analysen er vi tvilande til, men pass i sør var vel heller inga pansermelding. Som Våge påpeikte, er dette ein av dei betre tilpassane exclusion-brukarar kan rekne med å ende på. Diverre var 7 grand temmeleg iskaldt. Litt skremmande at Våge sjølv har skrive Tilset - Norengs systemblekke. Same trykksak praktiserer venteleg også vi. Ved eitt høve gjekk det 1 spar frå oss og 2 spar inn frå Noreng. “Hjarter og kløver,” forklåra Tilset. Våge nikka seiande. Sjølv sat han med ess, dame sjette i kløver, og visste vel i grunnen kva som føregjekk. Det var no så, vi kom i 4 spar og gjekk ei beit. Ingen var sure for det. Like etter opna Tilset i hjarter, vi hadde ruter og spar. 2 hjarter, sa vi då. “Kva syner så dette?” ville Tilset vita. “Spar og kløver,” svara Våge, “det står i blekka.” Men han tok iallfall det vesle atterhaldet, ope og ærleg, at makker for så vidt kunne ha gløymd denne utgamle avtala. Når vi like etter vart dobla heim i 2 spar, verka Tilset nesten irritert. “Freistande å ropa,” sa han, “eg ville teke ut i 3 kløver med riktig forklåring.” Vel, veslegut, der får du neppe medhald. For Våge er tevlingsleiar!

Etter denne absurde runden var vi noko fortumla, men sette oss likevel ned til toppoppgjeret mot Brenne - Helmersen. Parkombinasjonen førekjem oss den raraste i moderne tid. Det er altså gjennomakademiske Brenne, som veg kvart minste småkort på gullvekt, og hasardspelar Helmersen, korpulent som fåe, openmynt og utilrekneleg. Saman spelar dei bridge. Eller bridge og bridge, den eine spelar somtid eit anna spel. Når Våge gjer just det same, kan resultata bli dei mest utrulege:

          K
          KQxxx
          xxx
          Q109x

832              754
Jxx               A10x
Qx                AKJ10xx
xxxxx          K

           AQJ1096
           xx
           xx
           AJx

Så vidt vi kan hugse var alle i sona, som nord opna Brenne i 2 hjarter. Det synte fort ein minor jamsides. Våge melde ruter, Helmersen spar og vi sjølve pass. Brenne lyfte til utgang. Våge reiste seg og dobla; de kjenner stilen. Ikkje så veldig lurt, sidan kontrakten står. Står som fjell, vil einskilde tilføye. Men høyr no, kva vi har å fortelja: Ruter dame ut. Denne stakk makker med esset. Helmers’ var longo ekstatisk, for han trudde kontrakten stod. Makker tok for ruterkongen sin og freista ein tridje ruter til potensiell høging. Om Helmersen bruka hatt no, ville han teke han av seg. Og reist seg. Og velta vomma framfor seg. Så triumferande daska han spar seks i bordet. “Ja, ja,” sa Brenne sympatisk, “det er seint på kvelden.” “Vel,” svara vi, “klokka er knapt nok ni.”

Men vi får ha ei viss forståing. Våge har jo vanlegvis åtte, sju i trumf for doblinga si. Så eit egg kan det neppe kallast. Fylgjande er nok nærare definisjonen:

             xx
             Qxx
             xx
             KQJxxx

-                        Qxx
AKxx                J10xx
KQJ109xx       x
xx                      A10xxx

               AKJ109876
               xx
               Axx
               -

Du er framleis sør og heiter Helmersen. Kanonar! Fort som lynet ligg 4 spar framfor deg. Vest, ein ikkje ukjend korporasjon, melder sakte og skjelvande 5 ruter. Pass og pass til deg. Du har laga deg trøbbel, for framleis er korta gode. Sjølvsagt kjempar du på femsteget. Pass og pass og dobling, fem hundre ut. Mot ingenting. Mot innscore, rettare sagt. Men Helmers er smørblid som før, akkurat slik vi ynskjer sjå han. Ein triveleg fyr. Ein merkeleg ein, men alt i alt ein kjernekar. Vi likar Helmers. Serleg på bilturen heim, då lika vi han verkeleg. For Stor-Ugge sette seg på vengen, og han var rasande sint. Makkeren hans hadde opna 1 spar på den skisserte given. 5 ruter kom det inn. “Eg måtte jo doble no!” kauka Uggeland. Den store syndaren var visstnok makker, som sjansa på 6 spar med sine ni stikk og temmeleg spanande blad. Fy fader, ein skal høyre mykje!

Eit tusentals sjømil og meir

19 September, 2007

Hittil har vi neglisjert to av dei fremste interessene våre, litteratur og verdsgeografi. Då passar det fint at vi nyleg las ei bok, og at boka dertil var utanlandsk. Ikkje berre utanlandsk, men beint fram internasjonal, på trass av tallause landegrenser, eit par, tri verdshav og stendig framande strender. Utrulege Mytteriet på Bounty, James Normann Hall og Charles Nordhoff tidleg på trettitalet. Oversett til norsk av sjølvaste Johan Borgen, mange gonger filmatisert og enno omdiskutert. Så er det òg eit meisterverk, men diverre blott til lyst og ingen stad på pensum. Synd, for det er dette vi likar lesa. Ikkje Ibsens såpeopera og Undsets endelause slektssoger.

Når det er sagt, er ikkje Mytteriet på Bounty ei feilfri bok. Historisk er det litt av kvart som skurrar. Men slik lyt det venteleg vera, skal verkelege hendingar nå ut til det store publikum. For å ta den famøse soga frå starten, om einkvan ikkje kan henne: Seint i 1787 legg det britiske skipet Bounty ut frå Spithead i England med kurs for Tahiti. Under leiing av kaptein William Bligh (1754-1817) skal ei stor mengd brødfrukttre hentast til Vest-India og bli billeg fôr for slavar. Styrmann John Fryer blir degradert og erstatta av den eigentlege andrestyrmannen, lunefulle Fletcher Christian (1764-1793). Det er likevel mellom Bligh og Christian det avgjerande slaget skal stå.

I boka er hovudpersonen Roger Byam, ein fiktiv karakter lausleg bygd på kadetten Peter Heywood. Etter eit mislykka forsøk på å runde Sør-Amerika, set Bounty kursen gjennom India-havet, sør for Australia og New Zealand. I boka framstår Bligh alt no som den store syndaren, nådelaus i tukt og bortimot eksplosiv i huglynde. Det er fleire tilfelle av pisking, i filmen endåtil kjølhaling, og dei minimale matrasjonane tek ikkje mykje att på smaken. Ein liten anekdote gjer det nesten komisk: Skipslækjaren får ei ny snusdåse i gåve av mannskapet. Han spør seg kva treslag det kan tenkjast vera. Teak? Mahogny? Nei, blir han informert, ho er laga av saltkjøtet dei et til middag. Ti månader seinare når soga eit lysare kapittel, då skipet kjem til Tahiti. Der trivst dei alle. Kvinnene er høgst omgjengelege, strendene klåre og kosten noko betre. Men etter kvart er ærendet utførd, og heimferda kan byrja. Det er no det verkeleg spissar seg til mellom Bligh og Christian. Kapteinen blir meir og meir urimeleg i alskens skuldingar, staben meir og meir misnøgd, til det ein morgon endar i mytteri. Av mannskapet på noko over førti, tek berre eit fåtal aktivt del i opprøret. Resten er trufaste mot Bligh, men ikkje alle desse får høve til å dele lagnaden hans. Fire, derimellom Heywood, blir meir eller mindre ufrivillig haldne att mellom mytteristane. Atten går i livbåten med Bligh. Med seg får dei lite meir enn ein sekstant og eit lommeur. I eit område fullt av uvenlege innfødde, har ikkje kapteinen anna val enn å manøvrere den overfylte båten til då portugisiske Timor, 6700 kilometer unna. Denne heltedåden tek knappe to månader, og er heilt utan sidestykke i sjøfartshistoria.

Vel heime i England får Bligh sendt i veg ein leiteaksjon etter det stolne skipet. Straffa for mytteri er udiskutabelt dauden. Dette veit Christian. Dei fire som ikkje tok del i mytteriet, og eit par til som kanskje vonar sjå England att, blir verande på Tahiti. Langt seinare blir dei funne der, og førde heim til England som fangar. Eit par blir avretta, eit par provar uskulda si, og eit par, inkludert Heywood, blir dømde til dauden, men seinare synt nåde. Men Pandora finn ingen spor av Bounty. Fletcher Christian og dei åtte siste mytteristane er søkk borte. Ikkje før i 1814 får britane reie på saka. Då sigler to fregattar ved tilfelle forbi øya Pitcairn, oppdaga i 1767, men førd feil på kartet. Der råkar dei Thursday October Christian (1790-1831), son av Fletcher Christian, og mytteristen John Adams (1768-1829). Han er den sist i live av dei som nådde Pitcairn. Det var dit Bounty siglde, med mytteristane, seks tahitiske menn, elleve tahitiske kvinner og eitt spedbarn ombord. Øya var folketom, men god nok som heim for dei landflyktige. Så byrja nok ein tragedie. Krangel om kvinnene utvikla seg til regelrett krig mellom mytteristane og dei tahitiske mennene. I tillegg kom alkoholmisbruk og fleire tragiske daudsulykker. Då berre Adams og Young (1762-1800) var att av mennene, stilna det omsider. Dei skipa til eit fredeleg kristent samfunn. Young døydde av astma. Adams slapp tiltale då britane fann han.

Boka fortel at Heywood var med på eit av skipa som gjenoppdaga Pitcairn, dette er ikkje tilfelle. Eit anna moment å vurdere kritisk, er nettopp dette med Blighs natur og bakgrunnen for mytteriet. Dei lærde er usamde, men iallfall er det sikkert at britisk marine på denne tida var ein hard arbeidsplass. Bligh var ikkje naudsynlegvis strengare enn andre kapteinar, men hadde nok ein sterk vilje. Det skulle ferda til Timor saktens prove. Fletcher Christian var tilsynelatande minst like sjølvrådig, og konsekvensen vart altså som vi såg. Heldigvis, kan vi seia i dag, for omstenda rundt mytteriet er verkeleg det ultimate av eventyr og ei soge som framleis pirrar tanken. Ja, jamvel vi lèt oss altså fascinere.

En bølge i havet
veldig som en knust katedral
eller et sammenrast boligkvarter
sprøyter sin skjønnhet ut i den blinde natten
tusen sjømil av land ved Pitcairn
på en ensom klode i et ensomt univers
hvor intet menneske, ingen albatross kan se den
løfte de lenkede hender
og slynge forbannelsens rop
mot en avgrunn av stjerner.

Slik kan det også seiast, om diktaren Jacobsen får bryne seg på emnet. “Pitcairn”, heiter diktet. Øya ligg i det sørlege Stillehavet, ein stad imellom Påskeøya og Tahiti, og er i lag med dei folketome granneøyane Oeno, Henderson og Ducie den siste britiske kolonien i Stillehavet. Pitcairn er det sjølvstyrde området i verda med færrast innbyggjarar, per i år berre femti stykk. Mange har utvandra til den australske øya Norfolk, men dei gjenverande har stort sett etternamn som mytteristane. Restane av Bounty ligg på havbotnen like utom øya.

Ein del penible affærar har råka det vesle samfunnet, men inntil vidare ser det ut til å halde stand. Folket lever avsondra, det er ikkje ofte eit skip kjem forbi. Men vi bryr oss ikkje. Vi skal vitje Pitcairn. Vi tala med vår ven Gaustad om det, og han er med. Kanskje også Olsen, den unge aristokraten frå Hølonda. Skulle fleire vera interesserte, kan dei berre ta kontakt. Målet ligg for så vidt litt avsides til, og folk vil sikkert le av den svermariske tanken vår. Så skjer det heller ikkje på augneblinken. Men dét hadde vore ei oppleving, ikkje berre ein ferie. Vi får skrapa oss opp litt pengar med åra, planleggje godt og lenge. Idiotane fer til Syden og ligg på ei strand. Men tenk deg den fyrste skimten av Pitcairn i horisonten. Du har reist til New Zealand og sete på ein lastebåt i sju dagar, eller floge til Tahiti og vona finne skipsskyss derifrå. Så ser du dei stupbratte fjellsidene slynge seg ned mot Bounty Bay, det same synet som Christian såg. Og høgt  over havet hola hans, der han ein gong sat og grunna på einsemda si. “Tusen sjømil av land,” som diktaren skreiv. Det kan gå månader før eit nytt skip kjem, i mellomtida er du låst. Men kva gjer vel det? Øya er rett nok ikkje stor, men har overlevd alle tragiske lagnader som er komne i vegen hennar. Så får vi sjå då, om vi kan overleva Pitcairn.

Verdas verste fyr?

16 September, 2007

Det er godt å ha gode vener. Sist laurdag skulle vi møte to av dei. Det var gamle Gaustad, halvt frå heimegrenda og halvt frå Frøya, denne hausten gardist ved slottet, og John Gunnar Kristiansen, utelukkande frå Frøya. Sistnemnde figurer normalt under oppnamnet “verdas verste fyr”. Men ved kontinuerleg observasjon av Erlend Gaustad ein heil kveld, kan ein sanneleg spørja seg om rett mann sit på vervet. Denne gongen scora Gaustad iallfall det fyrste poenget.

Kreative som dei er, hadde gutane reversert rekkefylgja ved sjølve konseptet laurdagskveld. Klokka sju var dei ute på byen, i kjellaren King’s Cross. Vi entra lokalet og kika oss rådville rundt. Dei fanst iallfall ikkje framfor oss. Så gløtta vi over den vesle serveringsøya midt i lokalet, såg mange hovud, men ikkje deira. Dette hadde ei høgst naturleg forklåring, fann vi snart ut. Gaustad sat jo sjølvsagt i sin tradisjonelle positur, med panna i bordplata. No vel, han var ved medvit. Like etter var byturen over, dei tinga drosje opp til Kristiansens bustad. Den perifere plasseringa gjorde det vanskeleg for sjåføren å vita vegen i detalj, men han fekk instruksjonar frå vengen. Nede i gata spurde han kvar han skulle stogge; vi var på det tidspunktet like jamsides huset. “Ikkje her,” sa Kristiansen, “ikkje her heller …” Men nokre desimeter seinare: “Her!” Og sjåføren bråbremsa. Han vart byde betaling i naturalia, men takka nei.

Kristiansen kan verke som noko av ein skrulling, men sant å seia har han orden på livet sitt. Han er til dagleg rørleggjar, og bur i fyrsteetasjen i eit flott trehus, på innsida drapert i alle slag spanande materiale. Gardina av svartplast er vår personlege favoritt. Diverre hadde han nokre syrgjelege historier å fortelja. Han var glad vi og Gaustad kom denne kvelden, for den førre hadde han vore heilt åleine. Det vil seia, han venta vitjing, så han sette seg ned og drakk seg full. Men dei som sa dei skulle koma, kom aldri. Dei ringde ikkje eingong og informerte. Så vart han sitjande der då, mutters åleine. Men i kveld, i kveld var det planlagd storfest! Seks, sju stykk skulle det iallfall bli. Vel, vi var der, og Gaustad, og Kristiansen sjølv. I tillegg kom eksen hans innom. Men då var det òg slutt.

Eksen var faktisk ei rettleg pen jente, etter vårt skjønn litt for pen for verdas verste fyr. Men ho gjekk nok fyrst og fremst etter namnet hans. Før ho og John Gunnar kom i hop, var ho i lag med ein Trond Gunnar. Før det att ein John Martin, og endå lengre attende ein Idar Kim. Sjølve vanta vi diverre eit slikt namn. Men fest vart det likevel. Verdas verste fyr kunne skilte med tequila. Han hadde saltet, men vanta sitronen. Vi fylgde vår gamle politikk, å takke ja til alt som er gratis. Heilt utan rimelege grenser, sjølvsagt. Kristiansens spandérbukser var lange og romelege. Musikken heldt seg irsk, og verten briljerte med vakker dans. I kjend stil gjekk han og la seg like etterpå, då var klokka elleve.

“Slik er det kvar helg,” kunne Gaustad informere. I så fall får vi fleire høve til å studere den fascinerande øykulturen. Aktuelt skulle vi freista ein ny bytur, men prosjektet havarerte om lag halvvegs. Då var kvelden over. Frå denne eine vitjinga hugsar vi elles ikkje fleire detaljar enn dei nemnde. Men dei vil vi seint kunne gløyme!