Verdas verste fyr?

16 September, 2007

Det er godt å ha gode vener. Sist laurdag skulle vi møte to av dei. Det var gamle Gaustad, halvt frå heimegrenda og halvt frå Frøya, denne hausten gardist ved slottet, og John Gunnar Kristiansen, utelukkande frå Frøya. Sistnemnde figurer normalt under oppnamnet “verdas verste fyr”. Men ved kontinuerleg observasjon av Erlend Gaustad ein heil kveld, kan ein sanneleg spørja seg om rett mann sit på vervet. Denne gongen scora Gaustad iallfall det fyrste poenget.

Kreative som dei er, hadde gutane reversert rekkefylgja ved sjølve konseptet laurdagskveld. Klokka sju var dei ute på byen, i kjellaren King’s Cross. Vi entra lokalet og kika oss rådville rundt. Dei fanst iallfall ikkje framfor oss. Så gløtta vi over den vesle serveringsøya midt i lokalet, såg mange hovud, men ikkje deira. Dette hadde ei høgst naturleg forklåring, fann vi snart ut. Gaustad sat jo sjølvsagt i sin tradisjonelle positur, med panna i bordplata. No vel, han var ved medvit. Like etter var byturen over, dei tinga drosje opp til Kristiansens bustad. Den perifere plasseringa gjorde det vanskeleg for sjåføren å vita vegen i detalj, men han fekk instruksjonar frå vengen. Nede i gata spurde han kvar han skulle stogge; vi var på det tidspunktet like jamsides huset. “Ikkje her,” sa Kristiansen, “ikkje her heller …” Men nokre desimeter seinare: “Her!” Og sjåføren bråbremsa. Han vart byde betaling i naturalia, men takka nei.

Kristiansen kan verke som noko av ein skrulling, men sant å seia har han orden på livet sitt. Han er til dagleg rørleggjar, og bur i fyrsteetasjen i eit flott trehus, på innsida drapert i alle slag spanande materiale. Gardina av svartplast er vår personlege favoritt. Diverre hadde han nokre syrgjelege historier å fortelja. Han var glad vi og Gaustad kom denne kvelden, for den førre hadde han vore heilt åleine. Det vil seia, han venta vitjing, så han sette seg ned og drakk seg full. Men dei som sa dei skulle koma, kom aldri. Dei ringde ikkje eingong og informerte. Så vart han sitjande der då, mutters åleine. Men i kveld, i kveld var det planlagd storfest! Seks, sju stykk skulle det iallfall bli. Vel, vi var der, og Gaustad, og Kristiansen sjølv. I tillegg kom eksen hans innom. Men då var det òg slutt.

Eksen var faktisk ei rettleg pen jente, etter vårt skjønn litt for pen for verdas verste fyr. Men ho gjekk nok fyrst og fremst etter namnet hans. Før ho og John Gunnar kom i hop, var ho i lag med ein Trond Gunnar. Før det att ein John Martin, og endå lengre attende ein Idar Kim. Sjølve vanta vi diverre eit slikt namn. Men fest vart det likevel. Verdas verste fyr kunne skilte med tequila. Han hadde saltet, men vanta sitronen. Vi fylgde vår gamle politikk, å takke ja til alt som er gratis. Heilt utan rimelege grenser, sjølvsagt. Kristiansens spandérbukser var lange og romelege. Musikken heldt seg irsk, og verten briljerte med vakker dans. I kjend stil gjekk han og la seg like etterpå, då var klokka elleve.

“Slik er det kvar helg,” kunne Gaustad informere. I så fall får vi fleire høve til å studere den fascinerande øykulturen. Aktuelt skulle vi freista ein ny bytur, men prosjektet havarerte om lag halvvegs. Då var kvelden over. Frå denne eine vitjinga hugsar vi elles ikkje fleire detaljar enn dei nemnde. Men dei vil vi seint kunne gløyme!

3 Svar to “Verdas verste fyr?”

  1. Marthe, eksen. said:

    For en fantastisk observasjon av min kjære eks!
    Jeg bøyer meg i støvet for dere.

    You go, korporasjon! ;)


  2. einkvan said:

    Endeleg ei som ansar fleirtalet i oss. Eit drusteleg kvinnemenneske, det skjønar vi no. Og verdas verste fyr, han er kanskje ikkje så ille likevel? Vi har møtt han mange helger no, han og venen Mongo-Erlend. Dei er djupt originale i all si framferd, somtid litt dryge, men oftast berre godslege. Dei skapar noko, gjev av hjarto sine til alle ikring seg. Sei, Marthe, kva hadde du vore utan Kristiansen?


  3. Marthe, eksen. said:

    Eg hadde hatt ein kjæraste eg ikkje er for pen for, og ikkje ein eks eg er for pen for. :-)


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image