Eit tusentals sjømil og meir

19 September, 2007

Hittil har vi neglisjert to av dei fremste interessene våre, litteratur og verdsgeografi. Då passar det fint at vi nyleg las ei bok, og at boka dertil var utanlandsk. Ikkje berre utanlandsk, men beint fram internasjonal, på trass av tallause landegrenser, eit par, tri verdshav og stendig framande strender. Utrulege Mytteriet på Bounty, James Normann Hall og Charles Nordhoff tidleg på trettitalet. Oversett til norsk av sjølvaste Johan Borgen, mange gonger filmatisert og enno omdiskutert. Så er det òg eit meisterverk, men diverre blott til lyst og ingen stad på pensum. Synd, for det er dette vi likar lesa. Ikkje Ibsens såpeopera og Undsets endelause slektssoger.

Når det er sagt, er ikkje Mytteriet på Bounty ei feilfri bok. Historisk er det litt av kvart som skurrar. Men slik lyt det venteleg vera, skal verkelege hendingar nå ut til det store publikum. For å ta den famøse soga frå starten, om einkvan ikkje kan henne: Seint i 1787 legg det britiske skipet Bounty ut frå Spithead i England med kurs for Tahiti. Under leiing av kaptein William Bligh (1754-1817) skal ei stor mengd brødfrukttre hentast til Vest-India og bli billeg fôr for slavar. Styrmann John Fryer blir degradert og erstatta av den eigentlege andrestyrmannen, lunefulle Fletcher Christian (1764-1793). Det er likevel mellom Bligh og Christian det avgjerande slaget skal stå.

I boka er hovudpersonen Roger Byam, ein fiktiv karakter lausleg bygd på kadetten Peter Heywood. Etter eit mislykka forsøk på å runde Sør-Amerika, set Bounty kursen gjennom India-havet, sør for Australia og New Zealand. I boka framstår Bligh alt no som den store syndaren, nådelaus i tukt og bortimot eksplosiv i huglynde. Det er fleire tilfelle av pisking, i filmen endåtil kjølhaling, og dei minimale matrasjonane tek ikkje mykje att på smaken. Ein liten anekdote gjer det nesten komisk: Skipslækjaren får ei ny snusdåse i gåve av mannskapet. Han spør seg kva treslag det kan tenkjast vera. Teak? Mahogny? Nei, blir han informert, ho er laga av saltkjøtet dei et til middag. Ti månader seinare når soga eit lysare kapittel, då skipet kjem til Tahiti. Der trivst dei alle. Kvinnene er høgst omgjengelege, strendene klåre og kosten noko betre. Men etter kvart er ærendet utførd, og heimferda kan byrja. Det er no det verkeleg spissar seg til mellom Bligh og Christian. Kapteinen blir meir og meir urimeleg i alskens skuldingar, staben meir og meir misnøgd, til det ein morgon endar i mytteri. Av mannskapet på noko over førti, tek berre eit fåtal aktivt del i opprøret. Resten er trufaste mot Bligh, men ikkje alle desse får høve til å dele lagnaden hans. Fire, derimellom Heywood, blir meir eller mindre ufrivillig haldne att mellom mytteristane. Atten går i livbåten med Bligh. Med seg får dei lite meir enn ein sekstant og eit lommeur. I eit område fullt av uvenlege innfødde, har ikkje kapteinen anna val enn å manøvrere den overfylte båten til då portugisiske Timor, 6700 kilometer unna. Denne heltedåden tek knappe to månader, og er heilt utan sidestykke i sjøfartshistoria.

Vel heime i England får Bligh sendt i veg ein leiteaksjon etter det stolne skipet. Straffa for mytteri er udiskutabelt dauden. Dette veit Christian. Dei fire som ikkje tok del i mytteriet, og eit par til som kanskje vonar sjå England att, blir verande på Tahiti. Langt seinare blir dei funne der, og førde heim til England som fangar. Eit par blir avretta, eit par provar uskulda si, og eit par, inkludert Heywood, blir dømde til dauden, men seinare synt nåde. Men Pandora finn ingen spor av Bounty. Fletcher Christian og dei åtte siste mytteristane er søkk borte. Ikkje før i 1814 får britane reie på saka. Då sigler to fregattar ved tilfelle forbi øya Pitcairn, oppdaga i 1767, men førd feil på kartet. Der råkar dei Thursday October Christian (1790-1831), son av Fletcher Christian, og mytteristen John Adams (1768-1829). Han er den sist i live av dei som nådde Pitcairn. Det var dit Bounty siglde, med mytteristane, seks tahitiske menn, elleve tahitiske kvinner og eitt spedbarn ombord. Øya var folketom, men god nok som heim for dei landflyktige. Så byrja nok ein tragedie. Krangel om kvinnene utvikla seg til regelrett krig mellom mytteristane og dei tahitiske mennene. I tillegg kom alkoholmisbruk og fleire tragiske daudsulykker. Då berre Adams og Young (1762-1800) var att av mennene, stilna det omsider. Dei skipa til eit fredeleg kristent samfunn. Young døydde av astma. Adams slapp tiltale då britane fann han.

Boka fortel at Heywood var med på eit av skipa som gjenoppdaga Pitcairn, dette er ikkje tilfelle. Eit anna moment å vurdere kritisk, er nettopp dette med Blighs natur og bakgrunnen for mytteriet. Dei lærde er usamde, men iallfall er det sikkert at britisk marine på denne tida var ein hard arbeidsplass. Bligh var ikkje naudsynlegvis strengare enn andre kapteinar, men hadde nok ein sterk vilje. Det skulle ferda til Timor saktens prove. Fletcher Christian var tilsynelatande minst like sjølvrådig, og konsekvensen vart altså som vi såg. Heldigvis, kan vi seia i dag, for omstenda rundt mytteriet er verkeleg det ultimate av eventyr og ei soge som framleis pirrar tanken. Ja, jamvel vi lèt oss altså fascinere.

En bølge i havet
veldig som en knust katedral
eller et sammenrast boligkvarter
sprøyter sin skjønnhet ut i den blinde natten
tusen sjømil av land ved Pitcairn
på en ensom klode i et ensomt univers
hvor intet menneske, ingen albatross kan se den
løfte de lenkede hender
og slynge forbannelsens rop
mot en avgrunn av stjerner.

Slik kan det også seiast, om diktaren Jacobsen får bryne seg på emnet. “Pitcairn”, heiter diktet. Øya ligg i det sørlege Stillehavet, ein stad imellom Påskeøya og Tahiti, og er i lag med dei folketome granneøyane Oeno, Henderson og Ducie den siste britiske kolonien i Stillehavet. Pitcairn er det sjølvstyrde området i verda med færrast innbyggjarar, per i år berre femti stykk. Mange har utvandra til den australske øya Norfolk, men dei gjenverande har stort sett etternamn som mytteristane. Restane av Bounty ligg på havbotnen like utom øya.

Ein del penible affærar har råka det vesle samfunnet, men inntil vidare ser det ut til å halde stand. Folket lever avsondra, det er ikkje ofte eit skip kjem forbi. Men vi bryr oss ikkje. Vi skal vitje Pitcairn. Vi tala med vår ven Gaustad om det, og han er med. Kanskje også Olsen, den unge aristokraten frå Hølonda. Skulle fleire vera interesserte, kan dei berre ta kontakt. Målet ligg for så vidt litt avsides til, og folk vil sikkert le av den svermariske tanken vår. Så skjer det heller ikkje på augneblinken. Men dét hadde vore ei oppleving, ikkje berre ein ferie. Vi får skrapa oss opp litt pengar med åra, planleggje godt og lenge. Idiotane fer til Syden og ligg på ei strand. Men tenk deg den fyrste skimten av Pitcairn i horisonten. Du har reist til New Zealand og sete på ein lastebåt i sju dagar, eller floge til Tahiti og vona finne skipsskyss derifrå. Så ser du dei stupbratte fjellsidene slynge seg ned mot Bounty Bay, det same synet som Christian såg. Og høgt  over havet hola hans, der han ein gong sat og grunna på einsemda si. “Tusen sjømil av land,” som diktaren skreiv. Det kan gå månader før eit nytt skip kjem, i mellomtida er du låst. Men kva gjer vel det? Øya er rett nok ikkje stor, men har overlevd alle tragiske lagnader som er komne i vegen hennar. Så får vi sjå då, om vi kan overleva Pitcairn.

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image