Bridge og bridge, fru Blom

21 September, 2007

Den trufaste lesaren har bede oss om ei ny bridgespalte. Han veit til ei kvar tid kva vi gjer, jamvel at vi sist torsdag spela bridge mot Helmersen. Gode, gamle Helmersen, ein gjengangar i bulletinane. Denne gongen tykte vi ikkje han imponerte så overlag, og hadde eigentleg tenkt å skåne det renommerte namnet hans for omtale. Når makkeren vår til overmål var Vågekvalen, laut ein eventuell publikasjon nesten ha aldersgrense. Men folket skal få det folket vil ha - stort sett brød og sirkus.

I ei bisetning nemner vi ytterlegare to motstandarar denne nydelege aftanen på Heimdal. Dei har figurert langt sjeldnare i trykkeriet vårt, men er like fullt kapable til å produsere litt rør. Fylgjande er så klassisk at folk har gått lei:

Kxx
Ax
-
AKQJxxx

AQxxx
xx
AQxxx
x

Sør, elektriske Hans Noreng, opna i spar. Nord, Morten Tilset, melde kløver. Sør melde ruter, nord 2 hjarter som utgangskrav. Sør heldt fram i ruter, nord freista sparen, som sør letta til utgang. No kom 5 ruter, meint som exclusion. Den analysen er vi tvilande til, men pass i sør var vel heller inga pansermelding. Som Våge påpeikte, er dette ein av dei betre tilpassane exclusion-brukarar kan rekne med å ende på. Diverre var 7 grand temmeleg iskaldt. Litt skremmande at Våge sjølv har skrive Tilset - Norengs systemblekke. Same trykksak praktiserer venteleg også vi. Ved eitt høve gjekk det 1 spar frå oss og 2 spar inn frå Noreng. “Hjarter og kløver,” forklåra Tilset. Våge nikka seiande. Sjølv sat han med ess, dame sjette i kløver, og visste vel i grunnen kva som føregjekk. Det var no så, vi kom i 4 spar og gjekk ei beit. Ingen var sure for det. Like etter opna Tilset i hjarter, vi hadde ruter og spar. 2 hjarter, sa vi då. “Kva syner så dette?” ville Tilset vita. “Spar og kløver,” svara Våge, “det står i blekka.” Men han tok iallfall det vesle atterhaldet, ope og ærleg, at makker for så vidt kunne ha gløymd denne utgamle avtala. Når vi like etter vart dobla heim i 2 spar, verka Tilset nesten irritert. “Freistande å ropa,” sa han, “eg ville teke ut i 3 kløver med riktig forklåring.” Vel, veslegut, der får du neppe medhald. For Våge er tevlingsleiar!

Etter denne absurde runden var vi noko fortumla, men sette oss likevel ned til toppoppgjeret mot Brenne - Helmersen. Parkombinasjonen førekjem oss den raraste i moderne tid. Det er altså gjennomakademiske Brenne, som veg kvart minste småkort på gullvekt, og hasardspelar Helmersen, korpulent som fåe, openmynt og utilrekneleg. Saman spelar dei bridge. Eller bridge og bridge, den eine spelar somtid eit anna spel. Når Våge gjer just det same, kan resultata bli dei mest utrulege:

          K
          KQxxx
          xxx
          Q109x

832              754
Jxx               A10x
Qx                AKJ10xx
xxxxx          K

           AQJ1096
           xx
           xx
           AJx

Så vidt vi kan hugse var alle i sona, som nord opna Brenne i 2 hjarter. Det synte fort ein minor jamsides. Våge melde ruter, Helmersen spar og vi sjølve pass. Brenne lyfte til utgang. Våge reiste seg og dobla; de kjenner stilen. Ikkje så veldig lurt, sidan kontrakten står. Står som fjell, vil einskilde tilføye. Men høyr no, kva vi har å fortelja: Ruter dame ut. Denne stakk makker med esset. Helmers’ var longo ekstatisk, for han trudde kontrakten stod. Makker tok for ruterkongen sin og freista ein tridje ruter til potensiell høging. Om Helmersen bruka hatt no, ville han teke han av seg. Og reist seg. Og velta vomma framfor seg. Så triumferande daska han spar seks i bordet. “Ja, ja,” sa Brenne sympatisk, “det er seint på kvelden.” “Vel,” svara vi, “klokka er knapt nok ni.”

Men vi får ha ei viss forståing. Våge har jo vanlegvis åtte, sju i trumf for doblinga si. Så eit egg kan det neppe kallast. Fylgjande er nok nærare definisjonen:

             xx
             Qxx
             xx
             KQJxxx

-                        Qxx
AKxx                J10xx
KQJ109xx       x
xx                      A10xxx

               AKJ109876
               xx
               Axx
               -

Du er framleis sør og heiter Helmersen. Kanonar! Fort som lynet ligg 4 spar framfor deg. Vest, ein ikkje ukjend korporasjon, melder sakte og skjelvande 5 ruter. Pass og pass til deg. Du har laga deg trøbbel, for framleis er korta gode. Sjølvsagt kjempar du på femsteget. Pass og pass og dobling, fem hundre ut. Mot ingenting. Mot innscore, rettare sagt. Men Helmers er smørblid som før, akkurat slik vi ynskjer sjå han. Ein triveleg fyr. Ein merkeleg ein, men alt i alt ein kjernekar. Vi likar Helmers. Serleg på bilturen heim, då lika vi han verkeleg. For Stor-Ugge sette seg på vengen, og han var rasande sint. Makkeren hans hadde opna 1 spar på den skisserte given. 5 ruter kom det inn. “Eg måtte jo doble no!” kauka Uggeland. Den store syndaren var visstnok makker, som sjansa på 6 spar med sine ni stikk og temmeleg spanande blad. Fy fader, ein skal høyre mykje!

6 Svar to “Bridge og bridge, fru Blom”

  1. Kvalen said:

    Flott at den nye sida er oppe og går etter de vedvarende “store tekniske problem” på de gamle sidene.

    Må likevel påpeke at forfatteren har tatt noen “kunstneriske friheter”. Riktig nok kun i den edle hensikt å henge ut sin uskyldige makker og prøve å kamuflere egne egg.

    På et spill sjikaneres den geniale doblingen av 4sp. For å underbygge denne grunnløse kritikken har eks-melhusbyggen trikset med diagrammet og tegnet makkers hjJ blandt sine egne kanoner. I realiteten var eneste minuset med doblingen at hånda var for sterk, hadde han istedet byttet bort klK ville 4spX vært sjanseløs selv Double-dummy (og ikke bare i praksis, slik det var i virkeligheten).

    Litt overraskende ble det i en bisetning nevnt at forfatteren svindlet motparten da han feilmeldte Mikkels cue-bid (jeg hadde spilt med ham før og forklarte etisk at all erfaring tilsa at at det var kun minimale sjanser for at han faktisk hadde det meldingen viste). Han sensurerte imidlertid bort bakgrunnen for denne forklaringen. Eneste gangen denne kvelden vi prøvde ut den meget kompliserte Svartskog-konvensjonen kikket eks-melhusbyggen ned på ett ess og K9x i den avtalte trumf-fargen (makker hadde lovet 5). Han svarte 5sp (2 av 5 ess pluss trumfdamen i resten av verden) på 4NT. Til tross for en lang forklaring skjønte jeg aldri om det var 9′eren som ble “oppvurdert” til D eller om Melhus-Svartskog har andre svar enn i storbyen.

    Kvalen

    Artikkelforfatteren ne


  2. einkvan said:

    “Kunstnarisk fridom” er det openbert fleire som tek seg. Kan hende hadde du hjarter knekt der du dobla 4 spar, men så vidt korporasjonen kan hugse var kontrakten nedlegg lell. Ein kan alltids sysle med hundre teoretiske fordelingar, men litt av konseptet i bridge er å stelle seg andsynes dei korta ein faktisk har i hende.

    I John Våges snevre verd lyt ein venteleg ha akkurat trumf dame for å syne trumf dame. Vi unnlét å nemne dette spelet, då det eigentleg berre provar vår frå før velkjende genialitet. Vi skjøna på bordkjensla vår at makker truleg hadde trumfdama sjølv, og valde då meldinga 5 spar som eit slag serious slamtry. Tenkte det burde syne dei viktige mellomhonnørane i kløver, kanskje òg noko småsnacks i ruter. Alt i alt hadde vi maks for boda våre, men kontrakten makker plasserte oss i var likevel godt under 50%. K9x til Q10xxxx laut løysast med éin tapar, og dertil trongst ein konge i kutt. Slike tilhøve hadde Våge sjølvsagt ikkje brydd seg med å undersøkje, før han busa ut i Blackwood og deretter byrja håne makker. Lykkelegvis var ikkje Tilset - Noreng seine med å tråkke på kontrakten.

    Etter alle desse strabasane var han sylfrekk nok til pælme ytterlegare tretti sider tungrodd system opp i fanget vårt. Konvensjonen “Vågensohl”, som er Rubensohl heilt uendra og innførd til Noreg av ein ganske annan ein Våge, og deril italienske Gazzilli. Alt, naturlegvis, for å sjikanere makker viss han ein gong om tri år gløymer dette lågfrekvente flisespikkeriet og heller freistar melde litt praktisk. Men jarnvegsarbeidar Våge er byråkrat av natur; han spelar endåtil polsk kløver. Vel, seier vi - kom deg på toget til Polen!


  3. Kvalen said:

    Ex-melhusbyggens tilsvar minnet meg på et vers de skolerte leserne vil gjenkjenne som inspirert av Shakespeare’s “And Brutus is an honourable man”. Det er skrevet av Hilaire Belloc, og som tittelen gjenspeiler var bakgrunnen også den gang grunnløs sjikane av jernbanearbeidere.

    Ballade of gentlemanly Feeling and Railway Strikes

    Nothing is more ungentlemanly than
    Exaggeration, causing needless pain.
    It’s worse than spitting, and it stamps a man
    Deservedly with other men’s disdain.
    Weigh human actions carefully. Explain
    The worst of them with charity. Mayhap
    There were two sides to that affair of Cain,
    And Judas was a tolerable chap.


  4. Kvalen said:

    Fortsatt i samme forsonende stemning som da jeg skrev forrige innlegg kom jeg på et annet sitat som forklarer og unnskylder ex-melhusbyggen. George Bernard Shaw (1856-1950) beskriver i sin “Caesar and Cleopatra” et møte med en Melhusbygg. I det følgende forklarer han den sære varianten av Mikkels cue-bid og Svartskogs slemkonvensjon som artikkelen over referer til:

    “Pardon him Theodotus; he is a barbarian, and thinks that the customs of his tribe are the laws of nature.”


  5. einkvan said:

    Vi har ikkje eigentleg lyst til å øydsle god litteratur på villfaren argumentasjon som denne, men kom tilfeldigvis over ei lita regle hjå Ibsen. Ho skulle høve godt når ein fyrst driv og resiterer. Mor Åse:

    “Ja, en løgn kan endevendes,
    stases opp med brask og bram,
    kledes i en nygjort ham,
    så dens magre skrott ei kjennes.
    Det er det som du har gjort,
    laget alt så vilt og stort,
    uglet ut med ørnerygge
    og med alt det annet stygge,
    løyet likt og ulikt vekk,
    skrønet inn slik målløs skrekk,
    at en kjens ei ved til sist
    hva en lengst har hørt og visst!”


  6. Kvalen said:

    Til tross for mitt forsøk på forsoning ser det ut som om Melhus-pietisten har en litt annen virkelighetsoppfatning. Avslutter derfor foreløpig denne debatten med et sitat av William Blake:

    “Both read the Bible day and night,
    But thou read’st black where I read white.”


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image