Låg, lægre, lægst

28 September, 2007

Litt overraskande har ikkje den trufaste lesaren masa oss huda full om ny bridgespalte etter at vi torsdag kveld spela haustturnering med Haugen på Heimdal. Førre veke sat vi oppe til halv fem og gjenskapa soga om John Våges skandaløse vikaroppdrag. Til vederlag har Haugen sjølv uttrykt ei viss forventning om sjikane, og sanneleg kan det høve han godt.

Fyrst ein titt på den formidable bridgeterminologien, som for perifere lesarar kan tykkjest noko intern og heimesnikra. Denne landsens avkroken har fostra fram ei stor mengd spanande spelarar, som lykkelegvis har språklege like mykje som realfaglege evner. Det eine uttrykket rekk knapt nok å feste seg før eit nytt kjem i vinden. Vi hugsar termen “stekkanbla” frå barndomen. I skrivande stund veit vi ikkje nøyaktig kva han kjem av, men han skildrar gode kort. “Eg har jo stekkanbla,” seier ein og gliser. Eit meir slitesterkt omgrep er det klassiske “panser”, som også kan førekoma på andre omkverve. “Panser” er naturlegvis bra. Men står det i lag med nektingsadverbet, blir det tilsvarande negativt. Vi hugsar Ellestads ord om nokre kjøtkaker i Kragerø: “Det va’kke helt panser det her?” Og det snurrige andletet hans.

Nei, det er lite som er panser. Det meste er bortspel og påtråkk. Rett og slett “nake”. Ein er endåtil “naken” som spelar. Elendig, med andre ord, fullstendig avkledd. Våge har naturlegvis stor moro av slike ord. Han møtte ei blondine ved bordet på Lillehammer, diverre stinka ho i bridge. Han gneid seg i hendene og smilte som eit lam: “Om ho her var så naken fysisk som ho er i bridge …” De skjønar poenget. Men no er “nake” erstatta av ein ny term, adjektivet “låg”. Lågpanna lågmål av lægste klasse. Sist tysdag spela vi ein formiddagsrobber hjå Lindqvist. Kontrakten vart 4 spar på fylgjande kort:

AK109
K
KJ9xx
Kxx

J8xx
xxx
Axx
Axx

Aust hadde dobla kortfargebodet i hjarter, som sør fekk vi kløver ut til esset. Vi spela spar til tia som heldt, spar ess og spar konge som reinska trumfen. Deretter drog vi ruter til esset og ruter til knekten, som tapa til dama tynt tridje attom. Elleve stikk. No såg at vi at ruterkappen var vridbar for det tolvte, men rekna ikkje nettopp med kritikk. Akk, kor dumme vi er. Erik Berg og Åsmund Forfot parerte kontant og i kor: “Lågt.”

Når vi presenterer denne brutale ordbruken for lesarane, er det som ein relevant introduksjon til det lågmålet vi kvar veke opplever med Morten Haugen som makker. Han er nokså motbydeleg som person, men ved bridgebordet har han mange kvalitetar. Den viktigaste, vil vi seia, er evna til å heva makker. Kvar gong han fører korta i einkvan kontrakt, endar det med minus i haugevis. Om ikkje namna våre skal underskrive lista, lyt vi kæsje i dobbelt foll sjølv. Eit døme på kvar av delane, fyrst med Haugen i hovudrolla:

           xxx
           AQx
           AQ10xx
           AJ

AJ8                Q9
xxxxx            K
xx                   Kxxx
Qxx                K10xxxx

           K10xxx
           J109x
           Jx
           xx

Med ingen i sona opna aust i kløver. I ettertid ser vi at makker med sine fem panserpoeng hadde ei opplagt sparinnmelding, men det lét vi passere ved bordet. Iallfall gjekk det no 1 hjarter frå vest, tilfeldigvis John Våge, 1 grand frå oss, 2 kløver frå opnaren, 2 spar frå Haugen, 3 kløver frå Våge, 3 spar frå oss, pass, pass og sjølvsagt ei klaskedobling frå Vågekvalen. Litt meir aktuelt denne gongen, sidan kontrakten er beit frå taket. Men ein hundrelapp ut er neppe katastrofal, 4 kløver er høgst spelbart andre vegen. For å komplettere skjemdarverket sørva Våge kløverdama, som Haugen stakk med esset. Spar til nia som fekk halde stikket. Aust tok for kløverkongen, før han heldt fram med spar dame. No, Morten Haugen: Kven har trumfesset? Ikkje aust. Så la han då få for kjerringa, og la oss alle sjå kor godt han likar det. Men sjølv då Haugen stakk dama med kongen, Våge kom inn, tok for spar knekt og kunne svinge hjarter, vil vi kalle det lågt å ta kappen. Aust har sjeldan åtte honnørpoeng for fyrstehandsopninga si. 300 ut er ingen partevlingsscore, såpass veit jamvel vi. Sjå i staden her:

            x
            A10xx
            QJx
            K10xxx

Qx                  Axx
QJ                  K9xxxx
AK10xx         xxxx
Axxx              -

            KJ1098xx
            x
            x
            QJxx

Dette spelet er ei rein oppvisning i vår overlegne psykologiske skill. Vi møtte eit av dei meir rustne para i salen, med ingen i sona freista aust multi i opning. For oversynet har vi plassert oss sjølve i sør. No la vi oss provisorisk i busken, vest kravde med grand og aust svara eitkvart vi knapt såg på. Med naturleg autoritet planta vi 4 spar i bordet. Kross på rygg og pass rundt. Vi fekk ess, konge i ruter ut, den siste trumfa vi, spela hjarter til esset og drog ein trumf med velnøgd mine. Aust gjekk i boks, vi slo skuldrene ytterlegare ut, nynna litt listepop og kjekka oss fælt. Som venta susa han opp på esset og spela hjarter. Vi hadde lyst til å kleime ti, men la ned spar konge fyrst. Jau då, dama ramla. For å psyke ned stakkars aust tok vi jamvel den tridje trumfrunden, endå dette var siste spelet og kvelden gjekk mot enda. Då la han ein ruter. No var det som vi dansa der vi sat. Kløver dame til esset, kløver til steling, ei beit og 690 på oss. På oss. Ikkje den lusne Haugen.

Nei då, frå spøk til side. Vi har det riktig triveleg i selskap med denne nissen, “ein mann dei fleste kjenner på den futuristiske sveisen og det eksotiske målføret”. Han har sine sterke sider. Men han herpa lampa vår. Det kan vi aldri tilgje han.

2 Svar to “Låg, lægre, lægst”

  1. Haugen said:

    Det er godt du tek deg tida til å skildre korleis det går føre seg når me er ute og spelar bridge i tospann. Evt fleirspann.

    Det visar seg at einskilde er inne og smugles på resultata frå derre Heimdal bridgen, og det hender seg at dei kjem til meg med gloser som “Eg ser du gjer det skarpt på heimdal.” eller “Ser ut som du haldt i korta førre torsdag.” Det er slitsomt å måtta tola slik ufortjent smiger, eller gje seg ut på å forklara at eg nok ikkje tek fleire stikk enn dei som ligg og vakar heilt i overflata, aller helst nokre ferre.

    Greit då at eg i framtida berre kan visa til denne perifere utkanten av den vide verdsveven for å få skildra kva eg meinar.

    Her er ein velsigna med ein makker som klarar å trylle fram pluss frå sjølv dei tarveligste blader, og då heilt utan assistanse frå MRF. (Motstandaren Rett Fram).

    Rett nok bidreg underteikna, som omtalt tidlegare her på sida, med ein mest overnaturleg flaks. Og litt flaks kjem jo alltids godt med.

    Haugen med Hestehalen


  2. einkvan said:

    Innsynet ditt overraskar oss, unge Haugen. Det er sant som du seier, at resultata lyg. Vi meiner dei kunne avskaffa heile praksisen, berre spela for gleda ved det. Viktigast er kvaliteten på bridgen din, ikkje poenga du får i eitkvart rørefelt. Du haustar ufortent mange punkter på Heimdal, vi ufortent fåe. Spelar vi i lag blir det balanse i det, men jamt over er flaksen din eit kvalmande karakterdrag.

    Kven desse “einskilde” som smugles resultata er, står for oss som noko av eit mysterium. Viss dei deretter vender seg til deg og rosar innsatsen din, kan dei iallfall ikkje ha skjøna mykje bridge. Men dei om det, dei om det.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image