Ein pinne i melissen
13 September, 2007
Det er på høg tid å introdusere maskoten vår, sympatiske Benito. Han er av pinnedyrfamilien, phasmatodea, og dertil heilt autentisk. Ingen mann i pinnedrakt! For lesarar som ikkje deler den biologiske interessa vår, kan vi opplyse at pinnedyr, eller vandrande pinnar, er eit slag insekt utbreidd over store delar av verda, men serleg i tropiske strok. “Phasma” er gresk for eit fantom eller skrømt, og dette er nettopp det typiske ved pinnedyret og liknande artar: Mot ein høveleg bakgrunn vil det så å seia kverve. Eit tre, til dømes, for pinnedyret liknar bork - og sjølve liknar vi skog. På verdsbasis finst det over 2500 omtala artar, derimellom ein god del såkalla bladdyr, eller vandrande blad. Med føtene utstrekte kan sume pinnedyr nå ei lengd på oppimot 50 cm. Men vi er nøgd med den vesle Benito, dryge 15 om han legg seg flat. Han har seks bein, det fremre paret strekte ut forbi hovudet, og kan endåtil hengje i taket, opp ned som eit dovendyr.
Vi har han i ein luftig haldar ved kjellarglaset. Akkurat som mannen vi nemnde han etter, er Benito ein enkel og nøktern type. Han krev ikkje store merksemda. I skrivande stund har han sett seg i sjølve matfatet, den friske sitronmelissen vi dagleg vatnar. Eit fuktig miljø er naturlegvis påkravd. I tillegg skulle vi ynskt han noko meir lys enn det skitne vindauga byd på. Vi hadde ei ekstra lampe, som diverre ramla i golvet. Morten Haugen kom innom for å fikse henne, men visste ikkje eigentleg kva han dreiv med. No er det mørkare enn nokon gong før. Berre vår generelle godhug, den muntre hjartevarmen i heile kjellaren, held Benito provisorisk i live.
Mange lesarar er fanatiske dyrevener, og vil såleis vera kritiske til handsaminga av vår eigen maskot. Burde han ikkje leva i skogen, der han høyrer heime? Det kan saktens bli smått med sosialisering for eit pinnedyr i storbyen. Men av einkvan grunn er arten som skapa for einsemd. Han treng ikkje ein gong selskap ved formeiringa. Det fiksar pinnedyret sjølveseg, rett og slett ved jomfrufødsel. Av dette fylgjer at dei aller fleste pinnedyr er kvinnelege. Men inntil vi ser noko egg eller avkom, vel vi å tru at Benito er mann. Han verkar iallfall slik, så sakleg og konstruktivt som han jamt over oppfører seg.
Sjølve konseptet pinnedyr fascinerer oss. Det er eit uttrykk for heile det merkelege mangfaldet ved naturen. Kreativiteten kjenner ingen grenser! Vi tek oss i å tenkje på eit ordlaust tilvere som pinnedyr. Korleis opplever det verda? Kva bilete har Benito av miljøet i kjellaren? Kva forståing? Inga, vil fagfolk seia. Men vi er romantiske. Andre pinnedyr er kanskje primitive, men Benito har vi sjølve skolert i livsens kjellar. Han vakar over oss om natta. Han har det på g. Han er rett og slett ansvarsfull, den perfekte ven og maskot. Unn han nokre kjærlege tankar!
Korporasjonen på rekognosering
12 September, 2007
Då vi tilfeldigvis var i heimbygda sist måndag, kunne vi like gjerne stikke innom rådhuset og kaste setelen vår i den rosemåla valurna. Politikk er nokså trøyttande for åndsmenneske som oss; vi deltok mest for moro skuld. Ein treffer jo litt kjentfolk ved slike høve. Idiotane ser hundre fjernsynsdebattar og trur dei blir klokare. Vi, som i år er fyrstegongsveljarar, visste tidleg på nittitalet kor røysta vår ville gå. Sidan har vi ikkje tenkt på saka, og skal ei heller unne henne av den dyrebare spalteplassen vår.
No til poenget, det som folket venteleg har gledd seg til: Turen vår rundt i grannelaget. Jau, attende på gamle tomter plar vi alltid spasere oss ein snartur oppgjennom vegen. Vener, det var syrgjelege ting vi fekk sjå. Fjellet var som venta vått; det ligg jo i namnet. Men aldri har vi sett slike ovleg store vassmengder trekte inn i mosen på eitt einaste fjell. Optimistar som vi er, stilte vi i tyskor og dongeribrøker. Det fyrste vi gjorde, var å snåve raklange i eit djupt gjørmehol oppe ved Thalseth-heimen. Frå då av var vi gjennomblaute og forfrosne. Diverre vart ikkje tilhøva betre innover stigane. Det fanst ikkje slikt som tørre flekkar, og jamt over trødde vi tryggare oppe i lynget enn i sjølve fotefara. Då vi langt om lenge fekk stavra oss ned til Loddbekken, var det berre for å skli på nokre sleipe steinar og skitne oss ytterlegare til. Det iskalde brevatnet var ikkje mykje å lauge klede i. Det er vår ærlege meining at einkvan burde hute seg opp i skogen og få gjort noko med elendet. Sjølve greier vi oss alltids, men kva om ein krøpling eller pukkelrygg har eit ærend å utføre? Han ville ikkje overlevd.
Vi fann attende til ein dam vi frekventerte i barndomen. Meir som eit hol i myra, eigentleg, eit svart og gåtefullt vassauga mot den tunge himmelen. Ikkje råd å seia kor djupt det er. Vi kan tenkje oss slam der nede, meter etter meter utan teikn til gjennomsyn. Hadde ein berre eit lik å løyne … Derifrå ramla vi gjennom massiv granskog til ei fråflytt hytte nedi lia. Vi framførde Skrede-diktet “Gamal viking” for eit publikum av gnagarar og nedfallstre, før vi rasta på ein stubbe og åt nokre rotne villbringebær. Tytingen stod raud og frisk borti hogget, men han våga vi ikkje røre. Einkvan oppkjøparkop har sikkert eineretten no. Deretter gjekk vi til kjellaren. Det tok si tid.
Når vi trass i alle tragiske aspektar vel å fortelja dykk denne historia, er det for å illustrere ein viktig problematikk. Meir informasjon er tilgjengeleg i andre instansar.
Siste skimt av sol
11 September, 2007
Så var det over for i år. Vi avslutta sumarbridgen med to solitære botnar, nøgde oss med andreplassen og reiste skamfulle heim til kjellaren. Der kan ingen sjå oss. Gratulerer til Mælen, som med jamn stødig speling innkasserte ein velfortent siger til Orkladal. Om ikkje anna gav vi han det beste vi makta prestere av konkurranse, og fekk endåtil slått han innbyrdes den siste og avgjerande kvelden. Sjå på denne utgangen mot han og unge Høyem:
Qxx
xxxx
AQx
KQx
AJx
AKJx
xxx
J10x
For ein gongs skuld drog vi føremon av den feige veremåten vår. Som sør bruka vi den avtala firkorts hjarteropninga. Vest, Mælen sjølv, hoppa eit hakk i ruter. 3 grand er tilsynelatande toppkontrakten, men like fullt vart vi spelande 4 hjarter. Kløver tri kom ut til liten, esset og vår eigen knekt. Aust skifte den single ruteren sin opp i glefsa. Vi har ein sikker tapar i kvar av sidefargane, altså lyt vi finne trumfen. Men tek vi kappen og slepper vest inn, kjem det ruter til steling og det eine med det andre. Forresten trong jo ikkje aust, som tilsynelatande snusa på eit slikt scenario, naudsynlegvis ha fanget fullt av trumfhonnørar sjølveseg. Vi ottast ikkje den eine beita, men 200 ut har vi lærd er frykteleg. Så hjarter til ess og konge. Jaggu ramla ikkje dama attom. Vi plukka vekk den siste trumfen, spela kløverhonnørane som alle fylgde på, ruter ess og spar til kapp. Når denne gjekk, var det berre å daske ned spar ess og setja Mælen inn i ruter. Elleve stikk og kassa.
Prøv deg på eit utspel nokre straksar etter:
K1098x
Qxx
AQ109
x
Du opnar 1 spar i fyrste hand, høyrer 2 kløver til venstre, pass frå makker, 2 grand og lyft til 3 grand. Pass rundt. Rein gissing, naturlegvis, men fargen er iallfall desidert etter vårt skjøn. Spel ruter. Kombinasjonen kan verke udelikat, men sant å seia er han ganske sexy. Fordrar vi, som sannsynleg er, at makker faktisk har eit inntak etter denne sekvensen, er det feil nesten berre om speleførar har knekten og bordet kongen meir enn tridje. Frega er berre kva ruter du spelar. Esset kan sjølvsagt vera korrekt, men vil vel ofte gjera det lett å lasjere ein naudsynt runde. Og dama … Vel, ho funka ikkje denne gongen. Vi valde tia. Heile spelet:
Jx
KJx
Jxx
AKQxx
K1098x xxx
Qxx A10x
AQ109 xxxx
x xxx
AQx
xxxx
Kx
J10xx
Ruter ti kravde kongen, og sør freista omgåande ein hjarter til kongen. Sat esset framfor kunne vi for så vidt vera mogne innspelsmogne lenger uti. Men kongen kravde esset, og sparskift sikra andre beita i utgangen.
I tjue minutt var vi verkeleg på høgda. Men så kom ekteparet Klein til bordet. Sjølvgode som vi er, heldt vi både mann og kone for noko … urutinerte, iallfall førebels. Men teknikken vart for raffinert for landsens grobianar:
10xx
QJxx
QJ109x
Q
KJ9
AKxx
AKxx
Axx
Kritiske røyster vil nemne at utgang og slem har rimelege sjansar både i ruter og hjarter. Men i partevling treng ein ikkje alltid leite etter store bonusar. Som aust opna makkeren vår i ein lauvtynn kløver. Sør, herr Albert, valde no det konservative bodet 1 ruter. Opplysande doblingar, hadde kona klårgjort, var utelukka i det naturlege systemet deira. Sjølve sa vi pass, og husmora letta fredeleg til to. No gjekk det lynpass rundt. Herr Klein var noko mistruisk ved synet av blindemann, men tok då i alle fall elleve stikk. Denne glitrande førestillinga vart løna med ein middel. Ein middel. 6 hjarter hadde einkvan tråkla seg beit i, med’ gladsonestampen 5 kløver vår veg gjekk éi dobla beit. Vi sa ikkje meir den kvelden.
Mentale skoddebankar
9 September, 2007
For fyrste gong har vi spela ei heil bridgetevling utan å gjennomføre så mykje som eitt nemneverdig spel. Sist laurdag var det jubileum i Tåkeheimen, med noko over tretti par til start. Vi spela med den fenomenale Håkon Kippe, som naturlegvis leverte varane jamt og trutt. Sjølve tok vi dei opplagde stikka, knapt nok dei, og baud akkurat så konservativt, ofte direkte dårleg, som vanlegvis vi plar. Har du til dømes dama tridje, ess, kong sjette, knekten singel og knekt, ni tridje, melder du i fyrste omgang hjarter over makkers kløveropning. Så jumpar han til tri grand, og ditt neste bod er eigentleg ganske desidert: 4 kløver. Her har Kippe ein durabeleg god kløver og hald i dei to umelde. Med kløverane som inntak kan hjarteren fort stelast god og hentast, og resultatet blir plentyvis av stikk. Men vi sa pass, og overlét ein botnkontrakt til makker. Lykkelegvis kasta motparten feil, så vi slo alle neka i hjarterutgang med elleve. Men Gud skal vita vi vreid oss i stolen.
Når vi likevel unnar denne hendinga spalteplass, er det fyrst og fremst for å heidre det gode initiativet i den nedleggingstruga Tåkeheimen. Vi har no og då vitja den vesle klubben i kjellaren på 3B, og ynskjer gjerne gjera det igjen. Ikkje berre er vi glade i passiv tobakk og aktivt øl, vi likar dessutan dei karismatiske typane der nede. Samen Olsen, til dømes, overlækjar Melle og trynetøffe Skalmerås. Frå overetasjen sildrar det somtid Elvis, i pausane spelar ein mattis. Vel verd eit jubileum, altså, og sanneleg var det eit glimrande selskap dei skipa til, upåklageleg gjennomførd av tevlingsleiar Per Nordland. Kay Strand heldt ei inspirert tale, kona hans stod for traktementet. Eit arrangement som dette har naturlegvis ein sosial profil; jamt over reduserte nok det kvaliteten på bridgen. Men likevel hyggeleg at landslagsspelarane Grøtheim og Tundal fann vegen innom. Dei makta diverre ikkje hevde seg, men tenkte venteleg lagkamp gjennom heile tevlinga. Det vart vel i tillegg ein tanke tilfeldig kva ein fekk poeng på. Sjølve tråkka vi på ein redobla delkontrakt og noterte strøminus, medan motparten fekk pluss på ikkje å ta dei elleve sjølvsagde stikka i ein plankeutgang. Vi får likevel gratulere vinnarane, Sverre Johan Aal og Karl Monrad Lunna, knapt framfor Fredrik Simonsen - Petter Eide og Jørgen Molberg - Hans Noreng. Åsmund Forfot - Erik Berg tok fjerdeplassen, John Våge - Allan Livgård femte, vi sjølve ein skral sjette. Jørn Arild Ringseth var godt nøgd med ellevte.
Det er noko verre å presenterte vinnarane av den andre tevlinga - om kven som vart fullast - eller fortast full. Vi har naturlegvis våre kandidatar i minne, men dei greier seg venteleg utan kjendisstatus. Les mellom linene for meir informasjon. Med unnatak av oss sjølve vart ingen direkte utrivelege, og festen kunne såleis halde fram i baren. Der sat Helmersen med Cowboy-Laila på låret. Meir treng vi neppe fortelja!
Operadurak
7 September, 2007
Det hender vi rotar oss opp or kjellarholet for å møte folk. Vera sosiale, som det heiter. Men folk flest er ikkje berre sosiale, dei går over lik for å kalle seg kulturelle. Desse såkalla kulturelle er naturlegvis talentlause, skjønar korkje kultur eller noko anna dei driv med. Det er altså ikkje noko mål for oss, som i røynda er sjølve kultur-Noreg, å bli oppfatta som kulturelle av “åndseliten” i dette nisselandet. Det kunne såleis lett bli misforstått, då vi onsdag kveld gjekk på noko så aristokratisk som opera. Jau, det høyrde rett; opera. Rett nok ikkje i sjølve operaen, men på såkalla operapub. Øl og opera, med andre ord, ein spanande kombinasjon. Men om det ikkje alt er innlysande, lat oss klårgjera fylgjande: Vi gjekk ikkje for å verke “kulturelle”, vi gjekk for å høyre opera. Då vi faktisk likar opera.
Jau, dette har kanskje vore duld for hopen, men det musikalske godlyndet vårt er på ingen måte avgrensa til langeleik og slåttestev. Alt i barndomen verdsette vi den klassiske musikken. Vi dikta til Beethovens sjette, song til Chopins fantasiar, dansa i Stravinskijs ballettar. Det hugheile engasjementet er kanskje forbi, men enno kan vi ofte gle oss over ein liten Mozart-sonate eller Schubert-lied. Då ei gruppe songarar frå konservatoriet, inkludert vår ven Sverre Johan Aal, skulle opptre på Krambua i Trondheim, var vi så heldige å finne oss sjølve på tilskodarbenken. For å ha litt selskap drog vi med oss ei gruppe bridgespelarar, men spela ikkje bridge i ei slik stund. Nei, vi spela durak. Nokre lesarar er kanskje ukjende med denne russiske kunstforma, i så fall kan vi tilrå eit kurs hjå sekretariatet; sjå menyen for meir informasjon. Duraken sette liksom ein ekstra spiss på operaen, og operaen på duraken. Når vi i tillegg fekk meska oss med ein porsjon gratinert lauksuppe, var kvelden på alle vis fullkomen.
Vel, vi sat litt bakevja og kunne ikkje alltid sjå kven som song kva. Sverre Johan var fleire gonger framme på golvet og dramatiserte til versa han sjølv framførde. Dette, vil vi tru, som eit meir folkeleg innslag i ei kunstform mange stiller seg tvilande til. Håkon Bogen, til dømes, var tung å få drege med på operapub. Han frykta for øyro sine. John Våge kom som vanleg med upassande kommentarar, og Morten Haugen sat der med hestehalen og likna ein satanrockar. Hans Arne Forseth ville sikkert føretrekt kjellarmørkret på Fru Lundgreen. Men vi, kanskje også kontrabassisten Kippe, var naturlegvis i ekstase ved av lyden av Rusalkas song til månen, Cavaradossis tårnarie og Figaros ”Largo el factotum”. Som var ikkje dette nok, trødde ei yndig brunette til med vår personlege favoritt, Rosinas ”Una voce poco fa”, også det frå Barberaren i Sevilla. Her er det litt av ei av kvinne i verksemd: ”Io sono docile,” syng ho, i grunnen nokså fredeleg, men ved slutten av strofa kjem furienaturen i sanning til syne. ”- son rispettosa, sono obbediente, dolce, amorosa; mi lascio reggere, mi fo guidar!” Vi markerte det siste ordet med eit utropsteikn som neppe er autentisk, men iallfall er det ei høg og tydeleg uttale ho presterer. Meir analytiske skal vi ikkje freista vera, for vi kan ikkje terminologien. Vi likar berre lyden av det.
Endå så inspirerte som vi var av musikken, makta vi ikkje meir enn tridjeplass i duraken. Vel, delt tridje, med både Våge, lenge leiaren i tevlinga, og noko ustabile Haugen. Nybyrjaren Forseth, som rett nok hoppa inn midtvegs, tok ein overraskande fyrsteplass, delt med storfavoritt Håkon Bogen. Resultatet vart diverre underkjend av fleire deltakarar, og ei ny tevling er såleis på trappene ganske snart. Eit passande høve er kanskje neste operapub? Tiande oktober i hyrnet av Krambua - ver der.