Real contribution to human history
30 October, 2007
Ved nærare ettertanke var vi knappast ferdige med bursdagen. Som ledd i feiringa sette vi oss ned til eit tridje attersyn med favorittfilmen vår, De Palmas meisterverk Scarface. Vi har eigentleg mist interessa for film, og Herren skal vita vi sjeldan ser ein. Filmar, og mykje godt biletkunst generelt, er ved sin blotte eksistens eit hån mot skaparverket. Vi gjer likevel eit unnatak for Scarface. Av ymse grunnar, sjølvsagt, men mest av di han er kul - og berre difor uskjøneleg for dykk. Men det har seg slik, at denne omsynslause degoen Tony Montana, heilt inntil beinet ein forbrytar og hedonist, er ein av våre fremste rollemodellar. Vi deler ikkje Tonys genuine stil. Vi deler ikkje pengane, ikkje kona, kokainen, ikkje våpna eller noko. Vi er, kort godt, ingen gangster frå Cuba. Vi har altfor mykje vyrdnad, er altfor venlege og imøtekomande. Utan at nokon fortener det.
Vi kjem til å tenkje på ei velkjend scene. Tony har stige til makta, men psyken er så som så. Han, kona Elvira og kompanjongen Manny sit ein aftan i ein restaurant og et middag. Det vil seia, Elvie et inkje. Tony er rusa og utriveleg, men diskar likevel opp ein nydeleg tirade. Så halve lokalet høyrer det, sjølvsagt:
Tony: Is this it? That’s what it’s all about, Manny? Eating, drinking, fucking, sucking?
Manny: Come on, man.
Tony: Snorting? Then what? Tell me. Then what? You’re … You got a bag for a belly. You got tits, you need a bra. They got hair on them. You got a liver, and they got spots on it … And you’re eating this fucking shit, and you’re looking like these rich fucking mummies in here.
Manny: Come on. It’s not so bad. It could be worse.
Tony: Is this what it’s all about?
Manny: Forget it.
Tony: This what I work for? Tell me. Look at that. A junkie. I got a fucking junkie for a wife. She don’t eat nothing. Sleeps all day with them black shades on. Wakes up with a Quaalude …
Manny: Don’t pick on her, man.
Tony: And who won’t fuck me ’cause she’s in a coma. I can’t even have a kid with her, Manny. Her womb is so polluted, I can’t even have a fucking little baby with her.
Elvira: You son of a bitch. You fuck!
Manny: You shouldn’t talk like that.
Elvira: How dare you talk to me like that! What makes you so much better than me? What do you do?
Manny: Don’t worry.
Elvira: You deal drugs and you kill people. That’s wonderful, Tony. Real contribution to human history.
Tony: Go ahead. Tell everybody.
Elvira: You want a kid?
Tony: Tell the world.
Elvira: What kind of a father would you make? Gonna drive him to school in the mornings? Are you even gonna be alive by the time the kid goes to school? You don’t know how to be a husband!
Tony: Sit down before I …
Elvira: Do we ever go anywhere without having six thugs hanging around all the time? I have Nick “The Pig” as a friend. What kind of life is that? Can’t you see what we’re becoming, Tony? We’re losers. We’re not winners, we’re losers.
Tony: Go home. You’re stoned.
Elvira: I’m not stoned, you’re stoned.
Tony: Get her out of here. Come on.
Elvira: I’m not going home with you. I’m not going home with anybody. I’m going home alone. I’m leaving you. I don’t need this shit anymore.
Manny: Okay, but I’ll walk you out. I’ll take her home in a cab.
Tony: Let her go. Another Quaalude, she gonna love me again.
No forsvinn Elvira, Tony blir sitjande att. Mumiane stirar, helten reiser seg. Neste vers har vi ambisjonar om å kopiere:
Tony: What are you looking at? You’re all a bunch of fucking assholes. You know why? You don’t have the guts to be what you want to be. You need people like me. You need people like me so you can point your fucking fingers and say, “That’s the bad guy.” So what does thai make you? Good? You’re not good. You just know how to hide, how to lie. Me, I don’t have that problem. Me, I always tell the truth. Even when I lie. So say good night to the bad guy! Come on. The last time you gonna see a bad guy like this again, let me tell you. Come on. Make way for the bad guy. There’s a bad guy coming through! Better get out of his way!
Men fyrst lyt vi etablere vår meir kriminelle laupebane. Vi spekulerer på om korporasjonen Kjellaren kunne byrja eitkvart illegalt. Smugla våpen, seld noko dop. Det er der framtida ligg. Plattdansen vår dreg ikkje mykje folk. Ungdomsklubben er nedleggingstruga. Vi er kort og godt marginaliserte. Det same vart Montana til slutt, iallfall sosialt. Kona forlèt han. Så skyt han Manny, den nye ektemannen til syster si. Og systera skyt etter Tony. Men systera blir sjølv skoten, tilfeldigvis av ein leigemordar. Sant å seia er heile huset fullt av leigemordarar, sende etter Tony. Helten sjølv sit på kontoret sitt, gøymd bak eit fjell av kokain. Omsider tregar han på tinga. Men det velstrukturerte attentatet gjer han like fullt sint, han væpnar seg med rifle og granatkastar, snusar endå litt kokain, og byrjar endeleg ta til motmæle. Det er rørande å sjå kor mange buskmenn han får drepe. Men sjølve sjefsmordaren åtek bakfrå, og Tony er diverre ferdig. Han ramlar frå balkongen ned i fontena si, høveleg pryda med ein fargerik skulptur. Det er jordkloten. “The World is yours”, står det å lesa.
Derimot er ho neppe vår. Men inspirert av Tony (Tommy?) skal vi iallfall ikkje la oss sjanghaie meir. De kan for svingande byrja syne litt vyrdnad. Denne korporasjonen er enno full av raseri. Men de treng sjølvsagt nokre å gjera narr av. Vel, not any more. You’re all a bunch of fucking assholes. You know why? You don’t have the guts to be what you want to be. You need people like us, ein korporasjon å klamre dykk til. So what does that make you? Good? You’re not good. You just know how to hide, how to lie. We, we don’t have that problem. We, we always tell the truth. Even when we lie. So say good night to korporasjonen. Come on. Last time you gonna see a korporasjon like this.
Takk for i dag
30 October, 2007
Det kan vonarleg interesse lesarane at korporasjonen, sin tidlause natur til trass, fylde år sist måndag. Det vil seia, vi fylde år - men vi er Kjellaren i kjøt. Sjølve korporasjonen som institusjon har ikkje lange fartstida enno, det er såleis ikkje rom for noka heilskapleg evaluering av det korporative arbeidet. Men vi kan seia såpass: Det lovar ikkje godt.
28. oktober, den siste dagen i vårt så og så fleirsifra leveår, var ein grå og vindal sundag. Vi vakna tidleg, ikkje, som vi helst skulle ynskt, i bakrus og skam, men i noko av ei lamande frykt. Vi hugsar same dato året før, då inviterte vi eit trettitals vener til kottet vi budde i. Dei feira oss tilbørleg. Så tilbørleg, faktisk, at det kosta oss fleire møbel. Golvet var overstrødd av glasbrot, kakene smurde på veggen. Men vi hadde iallfall planar, store slike. Når vi no ser attende på eitt år, fram mot det neste, er det med ei ser blanding av angest og resignasjon. Inkje har vi utretta. Vel, vi har flaksa oss til nokre sigrar ved bridgebordet. Vi har sete på skulebenken og rula. Vi har endåtil fått nye vener. Men ein blir ikkje hugsa for slikt. Ein kan jamvel spørja seg: Er det naudsynt? Kva tener ei på heider? Ein høgst provisorisk byrgleik. Kjensla av å lykkast. Men om skuleborn i to tusen år har namnet ditt på pensum, kva hjelper det deg? De får aldri møte einannan. Døyr du er du daud. Det er endelaus distanse mellom deg og det jordiske. Heile det siste året har vi vasa vekk, spela bridge, drukke øl og sett i veggen. Det slår oss likevel, at “meir” meiningsfullt kan ein vanskeleg få det.
Utpå formiddagen tok vi bussen heim. Som venta var bygda aud. Vi såg ikkje menneske på vegen frå skysstasjonen, men om vi så gjorde, ville vi knappast kjenne dei. Det er fåe att av våre gamle barndomsvener. Vel, det er Grøtheim jr., han sit på eit loft og les Nietzsche. Men vi gjekk ikkje dit. Vi gjekk til besteforeldra våre og åt svinesteik. Dei er utgamle no, halvvegs blinde og lett forvirra. Dei fortalde oss om gardsnamn, om tørrhøy og gravferder, men endå var stemninga låg. Det tok til å regne, vi stilte oss i glaset og såg opp på Vassfjellet. Skog. Ingenting anna enn skog. Like utom oss, langs grøftene, gjekk pukkelryggen sundagstur i regnet.
Sjølve dagen, den 29., feira vi kjellaren. Åleine med Benito. Vi mottok nokre hyggelege gratulasjonar. “Fuck you all,” svara vi - og meinte det. Vi fekk litt spenn av ætta, men kjøpte ei kake og gjekk i minus. Ikkje ei kake heller, faktisk, meir som ei kjeks. Og kjeksa var aldri så tørr.
I kveldinga fekk vi valet: Vi kunne gjerne, som vi eigentleg hadde tenkt, gå og hengje oss i trappa. Alternativt var det bridge på Glufshaugen. Uvisst kvifor valde vi det siste. Bridgen gjekk sjølvsagt til helvete. Så freista vi drikke oss til gløymsle, men vart knapt nok påverka. Makker Lunna hadde finbroka på, einast til æra vår. “Takk,” sa vi, “men ingenting hjelper no.” Vel, kanskje noko. Vi fekk endeleg deklamert eit dikt. Det er lenge sidan sist, og røysta vår var mjuk der vi vandra mot kjellaren. Lagnaden i møte, som dei seier. Stein Mehren, ”Vi blir eldre”:
Vi spør ikke lenger så ofte
hvem vi er
Vi viser det
så andre kan vise oss
hva vi betyr for dem
- Vi blir eldre, kanskjetyngre
og kanskje mer fri alder
Det letter
å løsne litt på sin ungdom
Fortid og fremtid
synes å nærme seg, mentydes og leves bare i
nuet
søker ikke svar
men dypner i det som er
å være
spørsmålet etter en annengjennomstrømmer det som var
kommer og blir
og finner oss litt lettet
av å bli litt tyngre
mens vi forsøker å finne de andre
og kanskje lever litt av oss selv …
Blackout Basement inc.
24 October, 2007
Vi har atterfunne barnet i oss. Som venta er det kunstnarisk, eit skapande geni med finslipen teknikk. Vi har nemleg fått liv i vår gamle SNES-konsoll, Super Nintendo Entertainment System. Han tyktest defekt, men trong berre kjærleik. No susar vi fram som aldri før. Poker, dataspel, bridge og durak, alt er i grunnen flaks. SNES, derimot, tingar skillz. Utelukkande skillz - og difor rular vi.
Vi har ei stor mengd spel liggjande. Sume er sjølvsagt trøyttande, men dei som dug dug til gagns. Alle hugsar vel “Donkey Kong”, dei livlege apekattane som svingar seg i palmar. Vi vantar nummer tri, men ein og to er overveldande nok. Grafikken er rett nok ringare enn på seinare tids konsollar, men teiknekunsten er meir enn tilstrekkjeleg fargerik. No er det likevel ikkje utforminga ein fokuserer på, ein gjev seg opplevinga i vald, den konstante dynamikken, karakterane og humøret. Tenk berre på dei ville vognpassasjane, rideturar på nashorn og struts, symjing i korallrev. Ein favoritt er “Blackout Basement” i det originale “Donkey Kong Country”. Kremroc Industries er eit underleg selskap, og i tillegg til alskens oljefat, rullande dekk og uhumske skapnader som jamleg kjem i vegen, er lyset på berre helvta av tida. Elles spelar ein i mørker, sers problematisk i langflog over avgrunnen. Men inkje som ei rettleg utfordring.
“Blackout Basement” er vår eigen kjellar. Vi aktar sløyfe bridgen til føremon for SNES. Vi dreg gardinene føre, sløkkjer lyset og knuser telefonen. Deretter set vi oss og spelar. Mange av produkta har føremonen å vera sers vanedannande. Ein personleg favoritt er rollespelet “Lagoon”, som har told mykje hets frå vestlege spelarar. Det er nokså labyrintisk, og ikkje så beinast å fullføre. Men løna er ei lang rekkje landskapsidyllar, ein urovekkjande mystikk og herleg motiverande frustrasjon. Innan same sjanger er “Zelda”-spela meir folkelege. Vi eig nummer tri, rekna for det beste. Også dette eit langdrygt prosjekt, men vel verd sin pris i timar.
“Lagoon” og “Zelda” skjer i fugleperspektiv, men dei fleste spel er todimensjonale plattformvariantar. Eit av dei vakraste er eventyret “Castlevania IV”, om helten Simon Belmonts strabasiøse ferd innover Transilvanias irrgangar, like til oppgjeret med sjølvaste Dracula. Serleg lydbiletet er av sjeldsynt kvalitet, det har verdi som musikk, ikkje berre bakgrunn for handlinga. Tette, stilreine tonelag med sers varierande klang. Visuelt er det òg eit meisterverk, ein har verkeleg kjensla av å klatre oppover landskapet, frå borggarden gjennom holer, ruinar og skog til toppen av det veldige slottet. Sluttfasen er ei styrkeoppvisning i suggerande skrekkeffekt.
Sjølv det meir primitive har ein udiskutabel sjarm. Vi sit på alle dei viktigaste Mario-spela, inkludert dei tri fyrste, eigentleg til NES, vidare “Super Mario World”, nusselege “Yoshi’s Island” og ekstatiske “Mario Kart“. Genialt i sitt infantile einfelde. Serleg artig i tosemd, naturlegvis, men sjølve har vi fåe å spela med. Lesarane er såleis velkomne til ein aftan venskapeleg SNES, rett nok på kostnad av æra deira. Vi gjev ikkje ved dørene, men kan iallfall garantere god underhaldning. Enn så lenge takkar vi for merksemda, og avanserer no til vårt endelege blackout.
Vi glimtar til
22 October, 2007
Sist helg var det Proffen-cup på Heimdal. Vi hugsar Proffen frå vår fyrste tid i bridgen, og tykkjer tevlinga har vorte ein fin tradisjon. I år samla ho over førti par, som vanleg under Per Nordlands kyndige leiing. Makkeren vår var den før omtala Våge, ein mann vi har turnert nokså jamleg med den siste tida. Det var mange elendige par påmeldt, men ein del gode òg. Derimellom nokre av favorittane våre, så som svinet Svindahl, pusekatten Lerfald og villsauen Skalmerås. Diverre skuffa dei stort. Sjølve spela vi brukbart. Våge hadde òg sine stunder, men fekk det ikkje akkurat vanskeleg. Ingen gjorde rett imot oss. Vel, kanskje Simonsen i fylgjande utgang:
KQ9xx
xxx
KJ9x
x
J8xxx 10
KQ J10xxx
10x Qxxx
KTxx QJx
Ax
Axx
Axx
Axxxx
Som sør vart han førar i grand. Våge sørva ein norsk kløver, vi fekk for knekten og skulle helst vride hjarter så fort som mogleg. Men i staden spela vi kløver dame og ny kløver til esset. No kom ruter ess og ruter til kutt, vi var inne att og fekk omsider hjarteren i vinden. Fredrik stakk omgåande og merkte seg dama då ho ramla. Deretter to ståande ruter, Våge kasta hjarterkongen og ein spar. Spar til esset kravde tia vår. Kasta hadde sjølvsagt vore glimrande frå konge, dame tridje eller meir i hjarter, men etter ein sedvanleg stålboks drog Fredrik dei korrekte slutninga. Spar til nia gav ti stikk og heile kassa. Like etter møtte vi Helmersen og Auran, sistnemnde hyla slem etter Helmersens syltynne grandopning. Heller enn å kæsje våre fem ruterstikk, spela vi passivt ut, deretter vart vi pølseskvisa for det trettande. Nok ein botn. Så var det spel som dette:
Jx
Kxx
x
AQ10xxxx
Kx xxxx
Qxxx AJ10xxx
xxxx Kx
Kxx x
AQ10xx
-
AQJ10xx
J9
Sør opna i spar, Våge passa, nord melde 2 kløver og vi 3 hjarter. 4 ruter i sør, 4 hjarter frå Våge, dobling, pass og uttak i 5 ruter. Nord preffa spar og der døydde det. Som ein ser står 6 kløver, men ikkje mange var der. Sume gjekk endåtil beit. Mot 5 spar kom hjarter ut. Speleførar gjekk sløvt opp på kongen, dekt av esset og trumfa. No fylgde kløver knekt til dama, ruter til kutt og liten ruter til steling. Kongen ramla og sa sitt om sitsen. Spar knekt gjekk rundt til kongen. Så hadde han valet: Skal makker, som ein vanleg idiot alltid ynskjer, få den billege stelinga si? Eller kva med ein hjarter, som trumfmattar sør og faktisk beitar kontrakten? Han valde sjølvsagt det fyrstnemnde. Ein skal tru at makker vantar oversyn og blidgjera han fortast mogleg. Vi hadde diverre teljing, og kløverreturen sette sinnet vårt i kok. Så var speleførar overivrig - ho bad om esset! Kastar vi eit kort no, er ho inne i bordet og like ferdig som i utgangspunktet. Men ein augneblink etter kom ho på betre tankar. “Nei, vent!” ropa ho, og freista ein liten i staden. Lovkyndige Våge hevda i ettertid vi kunne kravd kortet spela, men aldri i verda om vi kranglar på slikt. Makker fortente minus.
Vi vann ikkje tevlinga på dette viset. Det kom nokre innscorar òg, for å seia det slik. Men makker var som vanleg utidig. Folk blir glade om dei tilfeldigvis får spurtpremie for ein god runde. Våge noterte to kassespel og såg ingen gevinst. Då ropa han like godt så alle høyrde det: “Leiar, er det slutt på spurtpremiane?” Nei då, Våge fekk eit krus - og skjemde oss ut for ålmugen. No vel, grunnlag fanst for mang ein spurtpremie. Fylgjande syner tendensen:
J9xx
Q8xx
Qxxx
x
10xx KQx
x KJ10x
J10x xxx
KQxxxx Jxx
A8x
A976
AKx
A10x
Utan bod imot fekk vi 4 hjarter i sør. Ruter knekt var eit godt utspel. Med opne kort finst det vel råd, men i praksis er det vanskeleg. Vi stakk på handa og freista ein trumf til dama, diverre stukke av kongen. Ny ruter sleppte vi til bordet og spela kløver til esset, kløver til steling og meir hjarter til handa. Vi tenkte leggje esset så lenge aust fylgde farge, for slepper vi trumfen kan vest i verste fall spela ny trumf på oss. Då blir vi ikkje eingong kvitt kløveren. Det var trass alt partevling, og i høgste grad skilnad på ei og to sonebeiter. Men aust var så venleg å hive på trumftia. Vel, vi stakk med framleis med esset og stal den siste kløveren. Det kunne vera aktuelt å freista ruter konge fyrst, men er lengda i vest kan aust stela lågt, ta for trumfknekten og drepe oss fullstendig. Så var vi inne i bordet og skulle heim på sparesset for å ende elendet. Men jaggu kom ikkje dama deisande på undervegs. No pressa ein trumf ut knekten, og sanneleg var aust fri for kløver. Ruterreturen tok vi oss av, plukka vekk trumfen og spela spar til nia. Ti mirakuløse stikk.
Vi kniva lenge med Kippe - Forfot. Men flaksen heldt seg då vi trong han som mest, og det kjendest som alt gjekk vegen. Så møtte vi Skalmerås i siste runde, og lika ikkje den spenstige utviklinga. Men det enda i eigen favør:
Kxxx
AKxx
10xx
10x
109 AQx
10xxx QJ9
AKQJ8xx 9x
- xxxxx
Jxxx
xx
x
AKQJxx
Som sør opna Våge i kløver. Skalmerås jumpa i 3 grand, som vi dobla i nord. Pass og pass og eit keisamt uttak i 4 ruter. Ytterlegare to passar, før Våge avslutta med 4 spar. Dette er i praksis takbeit, for aust har eit relativt opplagt kløverskift inne på fyrste trumfhonnøren. Men Skalmerås visst ikkje koss det sat, og freista ein spektakulær liten ruter ut. Vi ville sagt: “Ta for tia.” Makker nøgde seg med å “prøve” tia - endå han visste ho stod. Heimgang heldt til mykje pluss og ein hyggeleg fyrstepremie for unge oss. På andreplass fylgde far og son Jørstad, på tridje Kippe - Forfot, deretter Græsli - Bogø og Livgård - Simonsen. Gratulerer også til desse, som sikkert grusar oss neste gong.
Så drog vi ut og sola oss i vår nyvunne glans. Men vi greidde ikkje nyte det, så opprørde var vi over alle gratispoenga folk hadde pælma etter oss. Vi vil ikkje vinne slik. Men no kom altså den eine karakteren etter den andre og gratulerte. Det var Jørn Arild Ringseth og ti glas fjellbekk. Det var brørne Græsli på bytur med spriten. Lars Frøland med spriten på lomma. John Arthur Paulsen heilt oppi andletet vårt, han håna Våge i innfule ordelag. Svinet i svevn og Grude lett hysterisk. Der stod vi som sild i tønne og freista drikke øl. Men til sist drakk vi vatn, så gjekk vi heim og la oss.
Bakken til topps
21 October, 2007
Den andre av dei to lesarane, barndomshelten Gaustad, har med god grunn klaga på journalistikken vår den siste tida. Vi neglisjerer den eine helvta av publikum med dei endelause bridgeleksjonane våre. Det er altfor lite granskog, ingen bannskap og tradisjonell bonderomantikk på sida. Vi har overlate ein god ven til sin eigen nostalgiske transe. Vi tala med han på MSN her om dagen: “På ein skala frå éin til ti, kor primitivt er det å sitja mutters åleine og drikke jägermeister med Melhus Mannskor på stereoen?” “Direkte kultivert”, svara vi.
Vi vil likevel ikkje undergrava faresignala. Gaustad sende oss ein peikar, vi sender han vidare: http://halten.be/mGallery/index.php?c=webcam&style=min. Twenty four seven live update frå Halten i havgapet. Ein fin plass, sjølvsagt. Men Gaustad er avhengig. Han har tapa sitt sosiale liv til Halten. Vi drog for å vitje han sist laurdag. Han sat der då òg, klistra til skjermen. ”No,” sa han, ”no skjer det noko!” Men ingenting hende. Vinden heldt fram med å blåse, skure mot steinar på Halten.
Halten er eit lykkeland. Melhus òg, men ikkje for ein innflyttar. Vi kan skjøna frustrasjonen. For oss sjølve var det likevel sælt å vandre motbakken opp til Gaustads residens. Loddrett, ja, men heimkomsten forynga oss. Vi sprang som geiter, mildt mødde, endå mekrande. Og ølet smaka godt i Onsåslia. Huset var fullt av vener. Det var Robin Fiskvik og Daniel Lund, våre gamle leikekameratar. Så var det Agnar Thalseth, den ikkje ukjende telefonseljaren. Og så var det … Vel, det var kanskje nokre fleire, men vi fekk det ikkje med oss. Hadde nok med dei som var der, serleg Agnar. Ein personleg favoritt, det lyt vi seia. Så adstadig! I gamle dagar køyrde han moped, det vart for mykje til nervane. Men praktiske Agnar visste råd. Han snusa berre nokre djupe drag av bensintanken, så kjendest alt liksom betre. Interesserte kan finne han på Facebook. Men det er Thalseth utan fyrste h-en, han kom i skade for feilstave sitt eige etternamn.
Vi hadde alt vi trong, og dertil eit glimrande utsyn. Beint i svarte natta, men Melhus lyste i hjarta. “Vi kan finne einkvan fest,” sa Gaustad. Men vi fann ingen fest, vart berre verande i sofaen - og kosa oss glugg i hel. Søt musikk rann frå høgtalarane. Det var Atle og Gubben, Melhus Mannskor og Arnstein Martinsen. Men Gaustad var samstundes sint. Det er han til regel, på ålmugen, statsmakta, havet og ølet. Ingenting verkar som det skal. Alt er ein konspirasjon imot han. Det verste han veit er nettopp slike hygge som han denne gongen baud oss. Han vil helst ha det mørkt, mest mogleg heslig og utriveleg. “Folk er så helvetes glade, liksom. Forbanna idiotar, heile gjengen.” Då var det snakk om alle, de inkludert.
Slik blir han venteleg sitjande. Han er framleis velkomen på sume utestader i Trondheim, men trur ikkje det varar lenge. Verda har vendt seg imot han. Han byrjar bli lei av alt. Eller endå sintare, rettare sagt. Ved midnatt var samankomsten iallfall over. “Hut dykk til helvete ut,” sa han. Det gjorde han rett i. Vi fortener ikkje nærveret hans, men er så heldige somtid å få oppleva det. Vonarleg kan det halde fram, om Gaustad då lever nokre månader til. Han er freista til å hengje seg. “Men faen, eg vantar reip.”