Bakken til topps

21 October, 2007

Den andre av dei to lesarane, barndomshelten Gaustad, har med god grunn klaga på journalistikken vår den siste tida. Vi neglisjerer den eine helvta av publikum med dei endelause bridgeleksjonane våre. Det er altfor lite granskog, ingen bannskap og tradisjonell bonderomantikk på sida. Vi har overlate ein god ven til sin eigen nostalgiske transe. Vi tala med han på MSN her om dagen: “På ein skala frå éin til ti, kor primitivt er det å sitja mutters åleine og drikke jägermeister med Melhus Mannskor på stereoen?” “Direkte kultivert”, svara vi.

Vi vil likevel ikkje undergrava faresignala. Gaustad sende oss ein peikar, vi sender han vidare: http://halten.be/mGallery/index.php?c=webcam&style=min. Twenty four seven live update frå Halten i havgapet. Ein fin plass, sjølvsagt. Men Gaustad er avhengig. Han har tapa sitt sosiale liv til Halten. Vi drog for å vitje han sist laurdag. Han sat der då òg, klistra til skjermen. ”No,” sa han, ”no skjer det noko!” Men ingenting hende. Vinden heldt fram med å blåse, skure mot steinar på Halten.

Halten er eit lykkeland. Melhus òg, men ikkje for ein innflyttar. Vi kan skjøna frustrasjonen. For oss sjølve var det likevel sælt å vandre motbakken opp til Gaustads residens. Loddrett, ja, men heimkomsten forynga oss. Vi sprang som geiter, mildt mødde, endå mekrande. Og ølet smaka godt i Onsåslia. Huset var fullt av vener. Det var Robin Fiskvik og Daniel Lund, våre gamle leikekameratar. Så var det Agnar Thalseth, den ikkje ukjende telefonseljaren. Og så var det … Vel, det var kanskje nokre fleire, men vi fekk det ikkje med oss. Hadde nok med dei som var der, serleg Agnar. Ein personleg favoritt, det lyt vi seia. Så adstadig! I gamle dagar køyrde han moped, det vart for mykje til nervane. Men praktiske Agnar visste råd. Han snusa berre nokre djupe drag av bensintanken, så kjendest alt liksom betre. Interesserte kan finne han på Facebook. Men det er Thalseth utan fyrste h-en, han kom i skade for feilstave sitt eige etternamn.

Vi hadde alt vi trong, og dertil eit glimrande utsyn. Beint i svarte natta, men Melhus lyste i hjarta. “Vi kan finne einkvan fest,” sa Gaustad. Men vi fann ingen fest, vart berre verande i sofaen - og kosa oss glugg i hel. Søt musikk rann frå høgtalarane. Det var Atle og Gubben, Melhus Mannskor og Arnstein Martinsen. Men Gaustad var samstundes sint. Det er han til regel, på ålmugen, statsmakta, havet og ølet. Ingenting verkar som det skal. Alt er ein konspirasjon imot han. Det verste han veit er nettopp slike hygge som han denne gongen baud oss. Han vil helst ha det mørkt, mest mogleg heslig og utriveleg. “Folk er så helvetes glade, liksom. Forbanna idiotar, heile gjengen.” Då var det snakk om alle, de inkludert.

Slik blir han venteleg sitjande. Han er framleis velkomen på sume utestader i Trondheim, men trur ikkje det varar lenge. Verda har vendt seg imot han. Han byrjar bli lei av alt. Eller endå sintare, rettare sagt. Ved midnatt var samankomsten iallfall over. “Hut dykk til helvete ut,” sa han. Det gjorde han rett i. Vi fortener ikkje nærveret hans, men er så heldige somtid å få oppleva det. Vonarleg kan det halde fram, om Gaustad då lever nokre månader til. Han er freista til å hengje seg. “Men faen, eg vantar reip.”

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image