Vi glimtar til

22 October, 2007

Sist helg var det Proffen-cup på Heimdal. Vi hugsar Proffen frå vår fyrste tid i bridgen, og tykkjer tevlinga har vorte ein fin tradisjon. I år samla ho over førti par, som vanleg under Per Nordlands kyndige leiing. Makkeren vår var den før omtala Våge, ein mann vi har turnert nokså jamleg med den siste tida. Det var mange elendige par påmeldt, men ein del gode òg. Derimellom nokre av favorittane våre, så som svinet Svindahl, pusekatten Lerfald og villsauen Skalmerås. Diverre skuffa dei stort. Sjølve spela vi brukbart. Våge hadde òg sine stunder, men fekk det ikkje akkurat vanskeleg. Ingen gjorde rett imot oss. Vel, kanskje Simonsen i fylgjande utgang:

               KQ9xx
               xxx
               KJ9x
               x

J8xxx                  10
KQ                        J10xxx
10x                       Qxxx
KTxx                    QJx

               Ax
               Axx
               Axx
               Axxxx

Som sør vart han førar i grand. Våge sørva ein norsk kløver, vi fekk for knekten og skulle helst vride hjarter så fort som mogleg. Men i staden spela vi kløver dame og ny kløver til esset. No kom ruter ess og ruter til kutt, vi var inne att og fekk omsider hjarteren i vinden. Fredrik stakk omgåande og merkte seg dama då ho ramla. Deretter to ståande ruter, Våge kasta hjarterkongen og ein spar. Spar til esset kravde tia vår. Kasta hadde sjølvsagt vore glimrande frå konge, dame tridje eller meir i hjarter, men etter ein sedvanleg stålboks drog Fredrik dei korrekte slutninga. Spar til nia gav ti stikk og heile kassa. Like etter møtte vi Helmersen og Auran, sistnemnde hyla slem etter Helmersens syltynne grandopning. Heller enn å kæsje våre fem ruterstikk, spela vi passivt ut, deretter vart vi pølseskvisa for det trettande. Nok ein botn. Så var det spel som dette:

               Jx
               Kxx
               x
               AQ10xxxx

Kx                       xxxx
Qxxx                  AJ10xxx
xxxx                   Kx
Kxx                     x

              AQ10xx
              -
              AQJ10xx
              J9

Sør opna i spar, Våge passa, nord melde 2 kløver og vi 3 hjarter. 4 ruter i sør, 4 hjarter frå Våge, dobling, pass og uttak i 5 ruter. Nord preffa spar og der døydde det. Som ein ser står 6 kløver, men ikkje mange var der. Sume gjekk endåtil beit. Mot 5 spar kom hjarter ut. Speleførar gjekk sløvt opp på kongen, dekt av esset og trumfa. No fylgde kløver knekt til dama, ruter til kutt og liten ruter til steling. Kongen ramla og sa sitt om sitsen. Spar knekt gjekk rundt til kongen. Så hadde han valet: Skal makker, som ein vanleg idiot alltid ynskjer, få den billege stelinga si? Eller kva med ein hjarter, som trumfmattar sør og faktisk beitar kontrakten? Han valde sjølvsagt det fyrstnemnde. Ein skal tru at makker vantar oversyn og blidgjera han fortast mogleg. Vi hadde diverre teljing, og kløverreturen sette sinnet vårt i kok. Så var speleførar overivrig - ho bad om esset! Kastar vi eit kort no, er ho inne i bordet og like ferdig som i utgangspunktet. Men ein augneblink etter kom ho på betre tankar. “Nei, vent!” ropa ho, og freista ein liten i staden. Lovkyndige Våge hevda i ettertid vi kunne kravd kortet spela, men aldri i verda om vi kranglar på slikt. Makker fortente minus.

Vi vann ikkje tevlinga på dette viset. Det kom nokre innscorar òg, for å seia det slik. Men makker var som vanleg utidig. Folk blir glade om dei tilfeldigvis får spurtpremie for ein god runde. Våge noterte to kassespel og såg ingen gevinst. Då ropa han like godt så alle høyrde det: “Leiar, er det slutt på spurtpremiane?” Nei då, Våge fekk eit krus og skjemde oss ut for ålmugen. No vel, grunnlag fanst for mang ein spurtpremie. Fylgjande syner tendensen:

              J9xx
              Q8xx
              Qxxx
              x

10xx                   KQx
x                          KJ10x
J10x                    xxx
KQxxxx              Jxx

              A8x
              A976
              AKx
              A10x

Utan bod imot fekk vi 4 hjarter i sør. Ruter knekt var eit godt utspel. Med opne kort finst det vel råd, men i praksis er det vanskeleg. Vi stakk på handa og freista ein trumf til dama, diverre stukke av kongen. Ny ruter sleppte vi til bordet og spela kløver til esset, kløver til steling og meir hjarter til handa. Vi tenkte leggje esset så lenge aust fylgde farge, for slepper vi trumfen kan vest i verste fall spela ny trumf på oss. Då blir vi ikkje eingong kvitt kløveren. Det var trass alt partevling, og i høgste grad skilnad på ei og to sonebeiter. Men aust var så venleg å hive på trumftia. Vel, vi stakk med framleis med esset og stal den siste kløveren. Det kunne vera aktuelt å freista ruter konge fyrst, men er lengda i vest kan aust stela lågt, ta for trumfknekten og drepe oss fullstendig. Så var vi inne i bordet og skulle heim på sparesset for å ende elendet. Men jaggu kom ikkje dama deisande på undervegs. No pressa ein trumf ut knekten, og sanneleg var aust fri for kløver. Ruterreturen tok vi oss av, plukka vekk trumfen og spela spar til nia. Ti mirakuløse stikk.

Vi kniva lenge med Kippe - Forfot. Men flaksen heldt seg då vi trong han som mest, og det kjendest som alt gjekk vegen. Så møtte vi Skalmerås i siste runde, og lika ikkje den spenstige utviklinga. Men det enda i eigen favør:

               Kxxx
               AKxx
               10xx
               10x

109                       AQx
10xxx                  QJ9
AKQJ8xx            9x
-                            xxxxx

              Jxxx
              xx
              x
              AKQJxx

Som sør opna Våge i kløver. Skalmerås jumpa i 3 grand, som vi dobla i nord. Pass og pass og eit keisamt uttak i 4 ruter. Ytterlegare to passar, før Våge avslutta med 4 spar. Dette er i praksis takbeit, for aust har eit relativt opplagt kløverskift inne på fyrste trumfhonnøren. Men Skalmerås visst ikkje koss det sat, og freista ein spektakulær liten ruter ut. Vi ville sagt: “Ta for tia.” Makker nøgde seg med å “prøve” tia - endå han visste ho stod. Heimgang heldt til mykje pluss og ein hyggeleg fyrstepremie for unge oss. På andreplass fylgde far og son Jørstad, på tridje Kippe - Forfot, deretter Græsli - Bogø og Livgård - Simonsen. Gratulerer også til desse, som sikkert grusar oss neste gong.

Så drog vi ut og sola oss i vår nyvunne glans. Men vi greidde ikkje nyte det, så opprørde var vi over alle gratispoenga folk hadde pælma etter oss. Vi vil ikkje vinne slik. Men no kom altså den eine karakteren etter den andre og gratulerte. Det var Jørn Arild Ringseth og ti glas fjellbekk. Det var brørne Græsli på bytur med spriten. Lars Frøland med spriten på lomma. John Arthur Paulsen heilt oppi andletet vårt, han håna Våge i innfule ordelag. Svinet i svevn og Grude lett hysterisk. Der stod vi som sild i tønne og freista drikke øl. Men til sist drakk vi vatn, så gjekk vi heim og la oss.

4 Svar to “Vi glimtar til”

  1. Kvalen said:

    Lord Bowen (1835-1894):
    “The rain it raineth on the just
    And also on the unjust fella:
    But chiefly on the just, because
    The unjust steals the just’s umbrella.”

    Som alle med et minimum av lovkunnskaper kjenner til var spilleførers endring av kort ulovlig (§45C4), men som medlem av appellkomiteen følte jeg meg inhabil og forventet at makker ropte på bridgepolitiet. Før dette hadde jeg valget mellom pest eller kolera. Selvfølgelig visste jeg at spillefører hadde lengre ruter enn spar selv om hun åpnet 1 spar, og at trumfmatt dermed var et opplagt alternativ. Samtidig visste jeg at om jeg ikke ga makker stjelingen han ivret etter ville jeg bli hengt ut på verdensveven. Jeg så overskriften blinke for mitt indre øye; “Vi hadde fått enda flere beit om bare Kvalen hadde gitt oss den opplagte røffen”. Aktuelt vurderte jeg det å dytte kontrakten som det minste ondet, som artikkelen beskriver fikk vi jo uansett kastet mer enn nok poeng etter oss til å vinne turneringen. Uheldigvis hadde makker for en gangs skyld oversikt og kom bannende over bordet, og dermed ble spillet ble likevel mat for sjikane på verdensveven.

    På det siste spillet må jeg bare innrømme at jeg egget da jeg sa “Prøv tieren”. Min eneste og ganske patetiske unnskyldning er at forrige gang jeg var i en lignende poss (riktignok med Txxx i bordet mot singel tass) egget jeg like mye ved faktisk å si “Ta for tieren”, hvoretter MTH røffet:-(


  2. einkvan said:

    Paul Celan (1920-1970):

    “Med gløgg og agg, nekronymt,
    lenge før tiden,
    lar jeg glassriket, og ikke bare det,
    passere revy

    og ruller meg inn i et stivt seil, mastestrekt,
    tampene dypt i et ankers fortann,

    og brer over meg, mellom taljene, en navle,
    under fete stjerner
    i den rynkede elven
    de iser til,
    av rødhodet
    kork.”

    Om lag like relevant som Bowen-sitatet ditt, er vårt eige av Celan. Du brukar lyrikken som ein narkis brukar dop, tankelaust og utidig. Like usaklege er dine “formeiningar” om den korporative bridge, du trur ditt og datt og lyt i eininga bite det i deg. Det vil gagne deg om du “tenkjer” litt mindre og heller stoler på makkers genialitet.


  3. Kvalen said:

    “Many Inventions”:
    “He swathed himself in quotations
    - as a beggar would enfold himself
    in the purple of emperors.”

    Takk for det fine og selvforklarende diktet av Celan. Jeg må bare innrømme at litteraturkunnskapene mine er mangelfulle, men sitatet over viser forhåpentligvis en viss selvinnsikt? Skjønner godt at en som studerer litteratur på skattebetalernes regning med rette føler behov for å kritisere lyrikken til en stakkar som graver i jernbanepukken for å finansiere alkoholkonsumet sitt.


  4. einkvan said:

    Og kven betalar pukken? Vel, ikkje vi, som har nok med sjølvpålagd skatt, men samfunnet elles. Alt du gjev dei til vederlag er billeg fyllesjikane av den store helten deira, korporasjonen Kjellaren. Mannen i gata er glad, får han støtte eit tiltak som vårt. Og kvifor? Jo, han veit vi hånar Våge.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image