Blackout Basement inc.

24 October, 2007

Vi har atterfunne barnet i oss. Som venta er det kunstnarisk, eit skapande geni med finslipen teknikk. Vi har nemleg fått liv i vår gamle SNES-konsoll, Super Nintendo Entertainment System. Han tyktest defekt, men trong berre kjærleik. No susar vi fram som aldri før. Poker, dataspel, bridge og durak, alt er i grunnen flaks. SNES, derimot, tingar skillz. Utelukkande skillz - og difor rular vi.

Vi har ei stor mengd spel liggjande. Sume er sjølvsagt trøyttande, men dei som dug dug til gagns. Alle hugsar vel “Donkey Kong”, dei livlege apekattane som svingar seg i palmar. Vi vantar nummer tri, men ein og to er overveldande nok. Grafikken er rett nok ringare enn på seinare tids konsollar, men teiknekunsten er meir enn tilstrekkjeleg fargerik. No er det likevel ikkje utforminga ein fokuserer på, ein gjev seg opplevinga i vald, den konstante dynamikken, karakterane og humøret. Tenk berre på dei ville vognpassasjane, rideturar på nashorn og struts, symjing i korallrev. Ein favoritt er “Blackout Basement” i det originale “Donkey Kong Country”. Kremroc Industries er eit underleg selskap, og i tillegg til alskens oljefat, rullande dekk og uhumske skapnader som jamleg kjem i vegen, er lyset på berre helvta av tida. Elles spelar ein i mørker, sers problematisk i langflog over avgrunnen. Men inkje som ei rettleg utfordring.

“Blackout Basement”  er vår eigen kjellar. Vi aktar sløyfe bridgen til føremon for SNES. Vi dreg gardinene føre, sløkkjer lyset og knuser telefonen. Deretter set vi oss og spelar. Mange av produkta har føremonen å vera sers vanedannande. Ein personleg favoritt er rollespelet “Lagoon”, som har told mykje hets frå vestlege spelarar. Det er nokså labyrintisk, og ikkje så beinast å fullføre. Men løna er ei lang rekkje landskapsidyllar, ein urovekkjande mystikk og herleg motiverande frustrasjon. Innan same sjanger er “Zelda”-spela meir folkelege. Vi eig nummer tri, rekna for det beste. Også dette eit langdrygt prosjekt, men vel verd sin pris i timar.

“Lagoon” og “Zelda” skjer i fugleperspektiv, men dei fleste spel er todimensjonale plattformvariantar. Eit av dei vakraste er eventyret “Castlevania IV”, om helten Simon Belmonts strabasiøse ferd innover Transilvanias irrgangar, like til oppgjeret med sjølvaste Dracula. Serleg lydbiletet er av sjeldsynt kvalitet, det har verdi som musikk, ikkje berre bakgrunn for handlinga. Tette, stilreine tonelag med sers varierande klang. Visuelt er det òg eit meisterverk, ein har verkeleg kjensla av å klatre oppover landskapet, frå borggarden gjennom holer, ruinar og skog til toppen av det veldige slottet. Sluttfasen er ei styrkeoppvisning i suggerande skrekkeffekt.

Sjølv det meir primitive har ein udiskutabel sjarm. Vi sit på alle dei viktigaste Mario-spela, inkludert dei tri fyrste, eigentleg til NES, vidare “Super Mario World”, nusselege “Yoshi’s Island” og ekstatiske “Mario Kart“. Genialt i sitt infantile einfelde. Serleg artig i tosemd, naturlegvis, men sjølve har vi fåe å spela med. Lesarane er såleis velkomne til ein aftan venskapeleg SNES, rett nok på kostnad av æra deira. Vi gjev ikkje ved dørene, men kan iallfall garantere god underhaldning. Enn så lenge takkar vi for merksemda, og avanserer no til vårt endelege blackout.

4 Svar to “Blackout Basement inc.”

  1. Den faste lesar said:

    Jeg kan love Korporasjonen matching og vel så det i Mario Kart når jeg kommer på vitjing om noen uker.
    Trur faktisk jeg skal jeg gi deg forsprang uten at hever sjansene dine nevneverdig.


  2. einkvan said:

    Håhå, no er det sanneleg såpeglatt. Du veit ikkje kven du talar til, unge lesar. Vi kjøpte dette spelet i bursdagsgåve til bror vår, det var vel i 98 eller så. Han hadde sjølvsagt inga interesse av det, men vår eiga var større. Vi utmanøvrerte heile grannelaget, deretter skulen og bygda. I desse dagar står byen for tur. Køyrer helst med soppen, han minnar om oss sjølve. Vår taktiske skill er superior. Teknikken endå betre. Vi svingar perfekt. Vi dyttar deg i grøfta. Bu deg godt, seier vi.


  3. Den faste lesar said:

    98, sier du. Haha, jeg må le. Jeg har rula i dette spillet sia den gang du traska rundt i bleier. Soppen er ingen mætsj mot storheten Donkey Kong. Visst er han junior, men likefullt altfor senior for deg, din sopp.


  4. einkvan said:

    “Storheten”, det har du heilt rett i. Den apen er så feit at bilen knapt ber han. Null kontroll whatsoever, inga fart, ingen stil, kort og godt talentlaust. Heldig viss du slår frk. Princess med gullhåret.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image