Takk for i dag
30 October, 2007
Det kan vonarleg interesse lesarane at korporasjonen, sin tidlause natur til trass, fylde år sist måndag. Det vil seia, vi fylde år - men vi er Kjellaren i kjøt. Sjølve korporasjonen som institusjon har ikkje lange fartstida enno, det er såleis ikkje rom for noka heilskapleg evaluering av det korporative arbeidet. Men vi kan seia såpass: Det lovar ikkje godt.
28. oktober, den siste dagen i vårt så og så fleirsifra leveår, var ein grå og vindal sundag. Vi vakna tidleg, ikkje, som vi helst skulle ynskt, i bakrus og skam, men i noko av ei lamande frykt. Vi hugsar same dato året før, då inviterte vi eit trettitals vener til kottet vi budde i. Dei feira oss tilbørleg. Så tilbørleg, faktisk, at det kosta oss fleire møbel. Golvet var overstrødd av glasbrot, kakene smurde på veggen. Men vi hadde iallfall planar, store slike. Når vi no ser attende på eitt år, fram mot det neste, er det med ei ser blanding av angest og resignasjon. Inkje har vi utretta. Vel, vi har flaksa oss til nokre sigrar ved bridgebordet. Vi har sete på skulebenken og rula. Vi har endåtil fått nye vener. Men ein blir ikkje hugsa for slikt. Ein kan jamvel spørja seg: Er det naudsynt? Kva tener ei på heider? Ein høgst provisorisk byrgleik. Kjensla av å lykkast. Men om skuleborn i to tusen år har namnet ditt på pensum, kva hjelper det deg? De får aldri møte einannan. Døyr du er du daud. Det er endelaus distanse mellom deg og det jordiske. Heile det siste året har vi vasa vekk, spela bridge, drukke øl og sett i veggen. Det slår oss likevel, at “meir” meiningsfullt kan ein vanskeleg få det.
Utpå formiddagen tok vi bussen heim. Som venta var bygda aud. Vi såg ikkje menneske på vegen frå skysstasjonen, men om vi så gjorde, ville vi knappast kjenne dei. Det er fåe att av våre gamle barndomsvener. Vel, det er Grøtheim jr., han sit på eit loft og les Nietzsche. Men vi gjekk ikkje dit. Vi gjekk til besteforeldra våre og åt svinesteik. Dei er utgamle no, halvvegs blinde og lett forvirra. Dei fortalde oss om gardsnamn, om tørrhøy og gravferder, men endå var stemninga låg. Det tok til å regne, vi stilte oss i glaset og såg opp på Vassfjellet. Skog. Ingenting anna enn skog. Like utom oss, langs grøftene, gjekk pukkelryggen sundagstur i regnet.
Sjølve dagen, den 29., feira vi kjellaren. Åleine med Benito. Vi mottok nokre hyggelege gratulasjonar. “Fuck you all,” svara vi - og meinte det. Vi fekk litt spenn av ætta, men kjøpte ei kake og gjekk i minus. Ikkje ei kake heller, faktisk, meir som ei kjeks. Og kjeksa var aldri så tørr.
I kveldinga fekk vi valet: Vi kunne gjerne, som vi eigentleg hadde tenkt, gå og hengje oss i trappa. Alternativt var det bridge på Glufshaugen. Uvisst kvifor valde vi det siste. Bridgen gjekk sjølvsagt til helvete. Så freista vi drikke oss til gløymsle, men vart knapt nok påverka. Makker Lunna hadde finbroka på, einast til æra vår. “Takk,” sa vi, “men ingenting hjelper no.” Vel, kanskje noko. Vi fekk endeleg deklamert eit dikt. Det er lenge sidan sist, og røysta vår var mjuk der vi vandra mot kjellaren. Lagnaden i møte, som dei seier. Stein Mehren, ”Vi blir eldre”:
Vi spør ikke lenger så ofte
hvem vi er
Vi viser det
så andre kan vise oss
hva vi betyr for dem
- Vi blir eldre, kanskjetyngre
og kanskje mer fri alder
Det letter
å løsne litt på sin ungdom
Fortid og fremtid
synes å nærme seg, mentydes og leves bare i
nuet
søker ikke svar
men dypner i det som er
å være
spørsmålet etter en annengjennomstrømmer det som var
kommer og blir
og finner oss litt lettet
av å bli litt tyngre
mens vi forsøker å finne de andre
og kanskje lever litt av oss selv …
Leave a Reply