Lauvset tok det heim

14 October, 2007

Vi hugsar eit loftsrom i Lauvsetvegen. Veggene var dekte av plakettar og diplom, skåpa av medaljar. Her lærde vi bridge. Den verkelege pådrivaren var sonen i huset, Frode, som gjekk i klassa vår. Vi spela ofte i friminutta på barneskulen, men var eigentleg ringare enn dei andre gutane. Ein gong ha’ vi ess, konge tridje i ruter, så vi melde sjølvsagt sorten over opninga til høgre. Då fekk vi huda full. Junior hadde temperament, den gongen som no. Han har sidan avslutta sin personlege karriere, men inspirerte oss til framsteg. Den store ressursen er likevel i far hans, Glenn. Det ser vi tydeleg i dag. Han har vunne både innan- og utanlands sidan barndomen vår, det er like fullt gledeleg å gratulere med det aller gjævaste, sjølve skalpen over skalpar: VM-gull. Helgemo, Helness, Brogeland, Sælensminde og Tundal; dei er alle meir enn gode. Men sjølve heia vi på Grøtheim, Grøtheim frå grannelaget. Han og ingen annan.

Som vanleg haglar sjikanen. Dei klagar over grukkinga. Så er det motspelet. Og føringa. Så har han uflaks med systemet og går nokre sonebeiter. Dobla. Mot ingenting. Men vi seier: Kva så. Grøtheim er ikkje som lesarane. Vedgå det: Han rular – de sug. Big time. Vi blir kvalme av grandhaiinga og hawaiidoblingane dykkar, heile det uendelege partevlingsmaset. Nei, sakte og skjelvande skal det framleis vera. Nest etter Aa er Grøtheim den fremste utøvaren av slik sport. Vi takkar han for dét. Han syner dykk kva bridgen handlar om.

Årets VM gjekk av stabelen i Kina, i sjølvaste storbyen Shanghai. Der trur vi det er kult. Det er der vi skulle vore, ikkje i kråkelandet Noreg. Når det er sagt, var det stas berre å fylgje sendingane på nettet. Noreg gjekk sterkt ut i dei innleiande rundane, hadde vel sine kritiske periodar, men rulla inn på fjerdeplass til kvartfinale mot Kina. Det gjekk greitt, og heller ikkje Nederland i semien baud på vesentlege vanskar. Italia var longo ute etter skivebom mot Sør-Afrika, attende stod USA. Zia, Rosenberg, Garner, Katz, kva dei no kallar seg. Vi hadde trua. Med god grunn, skulle vi meine, for marginane vart til sist nokså store.

Glenn reiser heim med bridgens gjævaste trofé i bagasjen. Heile Noreg jublar. Vi, derimot, tek det som nok ein siger til Lauvset. Han har prova kvar hegemoniet ligg. Nei, det er ikkje i Kjellaren. Det er langt oppi bakken i ei utgamal grend. Vi gler oss til neste vitjing, då skal vi gratulere han personleg. Vi skal setja oss på sofaen og beda om ein is, kanskje sjikanere Våge litt. Er vi riktig heldige, får vi jamvel avtala ein sumarbridge.

Opp i Otta

11 October, 2007

Vi har eigentleg slutta spela bridge. Ein gong trudde vi oss talentfulle og hadde store ambisjonar, no er vi med mest for jentene og ølet - og dei gode historiene. Vi vågar oss ut i nokre kosetevlingar no og då, sånn som denne helga med songaren Aal. Det var ein lang tur til kulturhuset på Otta, men Karl Morten Lunna fekk oss atter trygt i hamn. Vi drog dit utan serskilde målsetjingar, berre allment nyfikne, noko blåøygde og uforskamma trivelege i all vår framferd. Det same kan seiast om makker. Vi var rett og slett ikkje budde på alt det nye som møtte oss i ein stor og framand by. Samstundes fanst det kjenningar. Det var Simonsen, som “underheldt” også på denne bilturen, Ukkelberg med ein kryptisk bart, Aasan med katten og Bårseth med skuggehuva. Ikkje minst vår korporative medarbeidar, Tor-Ove Reistad frå Askim.

Laurdagen var det partevling. Vi låg som vanleg og vaka på trøysteslause plasseringar, for til sist å ramle ned på ein lusen premie. Eit og anna feilskjer kom sjølvsagt til overflata. Dette tek vi på uflakskappa, resten på skamlaus motstand. Motparten bruka støtt så underlege system, både ein og to og tri gonger klaskemelde vi på basis av vår eiga tolking, når avtala i realiteten var ei heilt anna. Så vart det leiar og leven og sveltihel, dobla beiter og punkter ut. Men vi tok det med fatning, slik vi alltid gjer. Heller ikkje makker var den som larma. Han song sine salmar til Gud. Og vi sa: “Herren gav og Herren tok, Herrens namn vere lova.” Om ikkje anna for ein fin tur.

Den trufaste lesaren, nemnde Reistad, trilla inn til siger i den store partevlinga. Han og Fredrik Simonsen, eit udregeleg, men dyktig par. Det ryktast at sjølvaste tabloidpapiret VG vil omtala den vesle flaksgrisen, og serleg prestasjonane i underståande spel. Men då vi sjølve var mellom motstandarane som slengde kontrakten etter han, hevdar vi ha same rett til den fine soga. Våre vitjarar er likevel ikkje dei som saumfer riksavisene.

           10xxx
           x
           Ax
           Kxxxxx

Qx                 Jxxxx
xxx               QJ109
KQxxx         Jx
QJ10            xx

           AK
           AKxxx
           109xx
           Ax

Som sør opna Reistad i hjarter, over makkers spar jumpa han i grand, som vart letta til utgang. No hadde vi som vest den føremonen at ruter var umeldt, altså sørva vi den sorten - og heldigvis ein liten ein. Makkers knekt tok fyrste stikk, før ein ny ruter såg ut til å drepe bordet. Det fekk diverre sin påskemorgon. Reistad spela ein hjarter, og dukka makkers niar. Då vi ikkje stakk over byrja det faktisk likne. Makker vreid spar til esset, før hjarter ess og ein ny hjarter sende han inn igjen. No var han brått i brennpunktet. Det verka tilforlateleg å spela nok ein spar, men sjå kva som hende med oss: På fjerde hjarteren kunne vi alltids kaste ein liten ruter. Men skulle vi ikkje avvikle kløverhaldet, laut vi av med honnør på den siste. Då kunne Reistad godspela tia. Ni stikk i det tungtrødde prosjektet. Kor ligg så løysinga for forsvaret? Jo, kløveren lyt sjølvsagt i vinden. Det held når aust er inne andre gongen. Skvisen blir broten med kommunikasjonslina i kløver . Likevel, all honnør til den trufaste lesaren. Han løyste oppgåva pent og var kan hende ein verdig vinnar av tevlinga. Gratulerer også til Hagen - Morken, som tok andreplassen, og Kippe - Berg på tridje.

Sjølve var vi nøgde med pluss. No som det sosiale og koselege har vorte altoverskuggande for oss, hasta vi i staden til restauranten Pillarguri, der folket samla seg på laurdagskvelden. Gjævt for oss av kjellarætt. Der var var brørne Græsli med sin vanlege heimbrent, Håkon Kippe i engasjert fistel og Kjell-Ove Helmersen gladlynt som fåe. Når slike karar brakar i hop på same dansegolv, er det rikeleg å observere for ein lærevillig korporasjon. I så måte var det stas med onkel Roy, ein namngjeten, men oss hittil framand storspelar. Han skuffa litt i tevlinga, men kompenserte på andre måtar. Like overtydd i doktrinen, sjølvsagt: “Eg er ein av verdas beste,” sa han. Ja, så er han vel det.

Vi har likevel ikkje helse til slikt. Det vart tidleg kveld i hytta, som vi og makker delte med vinnarparet. Dei hoverte fælt over resultatet, men dagen etter fekk vi trødd dei ned på jorda att. I neste tevling var lagkameratane nemleg oss. Det kunne aldri gå bra. Lagnamnet sa seg sjølv, ein frase frå vår ungdoms litteratur: “Sakte og skjelvande”, heitte det. Simonsen grukkar, vi skjelv. Ja, vi spela faktisk i ytterjakka - og endå fraus vi. Men temperaturen steig ved samanlikning:

            Axxx
            J97x
            Q6
            A10x

KQ7x               J10x
Qxx                 K10x
97                    K10432
xxxx               Kx

            9x
            A8x
            AJ85
            QJ8x

Etter å ha synt høvesvis kløver, hjarter og spar, heiste det Reistad - Simonsen seg sjølve opp i 3 grand. Det vil seia, Simonsen inviterte hardt, Reistad aksepterte hardare - og fann seg sjølv i nok ei kattepine. Unge Høyem spela ruternia ut, i beste fall eit “uheldig” val. Dama tok med seg kongen og esset. Kløver dame gjekk rundt til kongen. Ny ruter frå aust, Skauns Jøran Aunan. Åtta felte sjua. Så kom dei to kløverstikka i bordet, sidan hjarter til åtta og dama. Spar konge låg omsider på bordet, men no var det longo for seint. Reistad lasja ein runde, og stakk neste spar med esset. Hjarter til esset og kløverstikket, stakkars Jøran var i klemme. Hjarter konge og ruter laut han halde, altså forsvann sparen. No kom han inn på hjarteren, berre for å avslutte opp i rutersaksa, absurde 10-4 framfor J-5.

Dette var for mykje for oss, og i siste kamp parerte vi med eit illsint stortap. Barndomsheltane frå Gauldalen landa såleis på fyrste, Reistad - Simonsen på sjette. Då hadde vi gjort vår obligatoriske skade, og byrja endeleg smile att. Bilturen nordover var direkte triveleg. Men det kunne ikkje Reistad for, han drog heim til Austlandet. Der får han drive sporten sin, tilsynelatande upåverka av bygdenorsk formalisme. Men berre vent - han skal tidsnok skjelve som oss.

Ein skillaboj ved bordet

2 October, 2007

“Godt bydd + godt spellt. Av meg ofc.” Håkon Bogen var heime i Haparanda og spela krinsmeisterskap denne helga. Han og makker Johansen hadde tittelen i lomma, men rauk på ein smell i siste kamp. I ettertid er ikkje Bogen måtehalden i skuldfordelinga: “Eg brilliert - LAn og de anneran derimot …” Spesifikt om makker: ”La meg sei d sånn, vakke nå pluss å hennt der.” Og lagkameratane: ”Ingen vessta om dem brukt svakhet eller styrk nårr dama låg fjerde i bore og essn kommut.” I morgon byrjar krinsserien i Trondheim, der spelar han med Johansen på lag med Haugen og Våge. Om desse tri: ”Hallgammel kar som ikke kan durrak - og ein me langt hår som heller ikke kan d - siste karn sin durrakkskills trur eg vi kan la gå unemnt.” Dette er språkbruk i vår ånd. Bogen seier sanninga. Vi bestemte oss for å ta ein aftan med han og undersøkje dei grenselause evnene. Som han sjølv formulerte det: ”Eg må ofc brillier me min skills. Du e på bærtur -  innrømm d.”

Kvar måndag spelar ungdomen kort på Glufshaugen. Noko overraskande nådde makker lokalet sånn cirka i tide. Så fylgde dei gamle instruksane om systemet. Eller system og system, fru Blom, vi har sett søppelplassar med betre struktur. Iallfall sette vi oss og byrja. Ganske straks ein meldeprøve:

KQxx
KJ
xx
QJ98x

Du sit i andre hand ugunstig sone, han til høgre opnar i kløver. Bodet er ditt. Vi ville vald ein keisam pass, men Bogen melde spar. No heiste motparten seg opp i hjarter på tristeget, men vi, som ikkje skjøna teikninga, tråkka på stikk i hopetal. Det vart berre 100 på bok. ”Himmel og hav,” konstaterte Bogen, “du hakke my skills.” Sant nok, kanskje. Men det hadde ikkje resten av salen heller. Makker var åleine om fylgjande resultat:

            xx
            KJ1098
            Qx
            Axxx

QJ                  AK10xx
Axxx             Qxx
xxx                x
Kxxx             QJ10xx

            98xx
            x
            AKJ10xxx
            x

Han sat sør med alle i sona.  Aust opna i spar, så spørst det kva steg ein no skal byde på. Vi har faktisk litt sans for det aktuelle valet, pragmatisk framstilt av Bogen sjølv: “Akkurat passe,” kalla han det, 4 ruter. Det gjekk raudlapp og pass rundt. Spar dame ut, og no eit tvilsamt kløverskift. Esset og spar, aust susa opp og freista trumfen sin. Så vart det likevel sparsteling i bordet. Men berre éi. Ikkje så farleg, rett nok. Vest kalkulerte ikkje med firkorts spar i sør, og gløymde hoppe på med esset ved fyrste hjartersørv. Inga imponerande førestilling i mot, men den beste plussen skapar ein or ingenting. Bogen var ikkje nettopp forbausa over eige resultat: ”Hakke lagt ett feil kort på ei uke. Ok, 2-3, men ikke fleir. Pluss at eg kan skryt av en doblingsstatistikk som få andre kan skryt a. Hakke dobla heim på 250 spell, estimer eg. Og dobla sånn 30+ beite.” Kvifor kan vi skjøna av fylgjande spel. Bogen doblar, men makkeren hans tek alle stikka:

J9xx
QJ108xxx
x
x

Ingen i sona, du vel å passe i opning. 2 grand til venstre, båe minor. Pass frå makker, nestemann jumpar til 4 spar. Ja vel, vil dei fleste tenkje - og stille vente på neste melding. Men no freista Bogen ei dobling! Han hadde fort eit trumfstikk, det skal seiast. Tenk dykk vonbrotet på hi sida: Vi sat med ess, kong, ess, kong i lågfargane og høyrde makker doble 4 spar. Noko etter førde vi 100, eitt hundre, poeng på bok. ”Måse,” sa vi tørt. Men makker svara oss nådelaust: ”Du som e måsn!”

Like fullt var det triveleg å spela. Ikkje minst ved durakbordet etterpå, der heile ”eliten” var samla. Før nemnde Våge, til dømes: ”Han toppa ikke akkurat rankingen over å va go.” Bogen spelar lynkjapp bridge, tilsvarande langdryg durak. Som oss hadde han uflaks denne gongen, men bruka oversynet til velfunderte kommentarar. Bridgen var prega av same uglid, ekle sitsar og duglaus talon. Men vi og Bogen i kombinasjon - eit kulare par skal ein leite lenge etter. Kanskje har vi sjølve grooven, men Bogen har sanneleg skillzn. Saman eig vi bordet. Eller som makker sjølv ville sagt det: ”EG rula.”

Plenty skilling wasted

1 October, 2007

Vi våga oss opp or kjellaren også denne helga. Nok ei tevling var i kjømda, denne gongen Namsos-cup med Åsmund Forfot. Frå krinsen stilte elles Haugen - Kippe, Livgård - Berg, Lindqvist - Tøndel og Lunna - Simonsen, dei sistnemnde våre utkåra sjåførar. Bilturen var triveleg, men så var det også slutt. Forfot var sint på oss, vi var sinte på Forfot. Kippe var sint på Haugen, vi var sinte på både Kippe og Haugen. Simonsen er generelt sint, vi var sinte på Simonsen - og serleg Livgård. Livgård truga oss med bank, som han alltid gjer. Vi truga Livgård med bank. Jørn Arild Ringseth banka salen etter tur og orden, Lorentz Bjarne Nitter banna og svor. Tor Eivind Grude overfall oss med endelaust snikksnakk. På toppen av det heile fekk vi fylgjande blad:

K9x
QJ108xxxx
Ax
-

Vi tenkte tidleg: “This is not a no trump deal.” Serleg over makkers sparbod. Vi byrja i hjarter, som diverre kunne innehalde ein veiklyft i spar. På 2 spar, i poss nesten obligatorisk, laut vi gjenmelde hjarteren. 3 spar frå makker. No hadde vi litt trøbbel, men valde ein mystisk 4 kløver. 4 hjarter på hi sida, ekte cue. No skal vi ta vår hatt og melde 6 hjarter, men i staden valde vi det endå meir mystiske 5 kløver. Gjer det vanskeleg for makker, som dei seier. Han fortener det. No skjøna han at dette var cue, men lyfte like fullt til 6. Vi slo kjapt av i hjarter, men angesten greip oss ein augneblink etter. Kva var eigentleg trumf her? Makker gjekk i boks - og kom opp med … 6 grand! Mot

AQxxxx
Kx
xx
AKx

var ikkje handa vår ein optimal storleik. Som vanleg er med vår grenselause uflaks, fann motparten det diabolske ruterutspelet. Då vart det beiter i hopetal og rein botn. Dei andre flira og spytta på oss. “Idiotar,” sa dei. Men i eitt av femti spel var vi nesten gode:

            Qxx
            Axx
            Axx
            J10xx

10xx              Ax
xx                  KQJ109x
Jxx                Kxxxx
Kxxxx           -

           KJxxx
           xx
           Q10
           AQxx

Vi sat i aust og opna i hjarter. 1 spar inn, pass frå makker, 2 hjarter som god lyft, 3 ruter frå oss, 3 spar i sør, pass og pass. No hadde vi disiplin nok til å passe ut, siste sjanse til innscore. Makker sørva sin høgste hjarter, speleførar stakk med esset og freista ein spar. Vi susa opp på esset og spela hjarter ni. Deretter tia. No skulle nok sør skjøna teikninga og trumfa med knekten, men ho kasta rutertaparen. Makker var med på notane, trumfa og gav oss kløverstelinga. Ei beit gav masse poengs.

Dette eine spelet kunne likevel ikkje berge oss frå nederlaget, som kosta makker 200 skilling og haugevis av ære. Den naive jævelen hadde vedda på ei plassering framfor Lunna, endå han veit kor elendige vi er i partevling på bortebane. Svare - Dyrkorn vann suverent framfor Buchmann - Althe, med Kippe - Haugen på desidert sisteplass. Etter dette makkverket av ei førestilling skulle vi setja oss i bilen og høyre på fyllerøret hans Simonsen i ytterlegare tri timar. Så kom vi heim og slapp ikkje unna han der heller. Jaggu bra det snart er jul.