Roleg no, sailorboy
28 November, 2007
Vi har før nemnd Simonsen, ein fyr i grannelaget. Sers ufyseleg type. Like fullt er han makkeren vår i den lokale krinsserien, der vi spelar for det namngjetne Lunna-laget: Forfot, Lunna, Aal og vi. Dette har gått overraskande bra, med unnatak av den fyrste kampen mot Molberg - Aa. Vi la eit par egg, og Fredrik var sjølvsagt over oss: “Kva driv du med, makker? Du er jo heilt sjuk. Å Herre Gud. Din jåte. Eg krev startkontingenten attende. Tevlingsleiar!” I baren same kveld, i bilen dagen etter, kvar som helst og når som helst - han slutta aldri klage. Over ein månad seinare oppretta han ei ny nettside om denne serskilde kampen. Rommet.trykker.com - styr unna. Vi rangerer Simonsen som den desidert mest utrivelege spelaren på laget, med Forfot på sterk andreplass. Aal kan òg vera ram, Lunna er stort sett blid. Men vi, vi er alltid nøgde. Ikkje eitt vondt ord til korkje makker eller motstandarar. Dette uforskamma godlyndet bryt ned psyken deira, og er vel så effektivt som konstant munnbruk. Då vi likevel trødde på denne finurlege utgangen i sist krinskamp, var det fyrst og fremst for å disiplinere makker:
KQ102
QJ7x
xxx
Jx
9873 Jxx
A109xx xx
K QJ10x
xxx KQ97
Ax
K8
Axxxx
A108x
Vi sat vest og gav i gunstig sone. Pass frå oss, pass, pass til Kristiansen i sør, som opna i grand. No gjekk vi innpå med 2 hjarter, båe major. Nord straffedobla, men sør alerterte og melde 3 ruter over 2 spar i aust - som for så vidt var kostbart nok. 3 grand i nord og dobling frå Simonsen, type Hawaii. Ja vel, vi produserte spar sju i utspel. I teorien har speleførar fire sparstikk, to i hjarter, eitt i ruter og to i kløver, men kan vel ikkje klandrast for å freista spar ti i fyrste stikk. Knekten og esset. No fylgde kløver til knekten, ingen dårleg plan. Makker stakk og spela ny spar til kongen i bordet. Kløver til tia gjekk bra, kløver ess og hjarter konge. Den stakk vi like godt, og godspela omsider sparkvisten vår. No skal Fredd ha ros, han spela prikkfritt. Hjarter dame og spar, som makker kasta ruter dame på. Vi var inne i fylgjande poss:
-
Jx
xx
-
- -
109x -
K J107
- K
-
-
Axx
10
No var det jo berre å gje bordet for hjarterknekt, makker kastar ruter og får dei to siste. Men vi såg ein variant: Ruter konge fyrst. Den lasjerte Fredd. No kom hjarter ti. Og Simonsen? Jo, han var skvisa sund! Ho, ho, ho, 750 ut.
“Ja,” spurde vi makker, “er du høg i hatten no? Dobla utgang - i hus!” Nei då, han tagna kjapt; såg of course ikkje possen. Langt ut i neste spel informerte vi om skvisen vi sjølve hadde utsett han for. Då klikka han, just som venta. Men kva er moralen? Makker sug, og sug faktisk dobbelt opp så sint som han er. Lær av oss, du, din jåte!
Ja, du er nøtt
21 November, 2007
I levande tradisjon frå den gamle sida presenterer korporasjonen Kjellaren si årlege juletevling. Mange vil hugse spaninga dei førre åra, når det aldri var klårt før i siste stund kven vinnaren vart. Vi samla ikkje akkurat nokon herskare av innsendarar, men dei fåe som deltok gjorde det med ettertrykk. Det var nivå på spørsmåla, ikkje fjaset ein vanlegvis ser i såkalla kunnskapstevlingar. Ein arbeidde for svara, fann dei ikkje berre ved eit stikkordsøk på Google. Så også i år, endå vi no har revidert konseptet litt. Det blir ei “julereise” á la den i Adressa. Geografi er framleis hovudinteressa vår, som ei julegåve unnar vi oss ein dagstur rundt i verda. Vi byrjar éin stad, flytter oss meir eller mindre logisk i terrenget, gjev ei ny nøtt på neste stad, held fram til ein tridje, osb. Poenga deler vi ut vilkårleg, men innsendaren med den største samanlagtscoren har vunne. Alle skal delta. De har inga tid å miste, så kom i gang.
1. Vi byrjar på heimleg grunn. I det fyrste ekteskapet hadde ei kvinne minst to søner. Men desse og ektemannen vart drepne av kongen, som i sin tur gav kvinna til ein velkjend hovding. Ho eggja sin nye husbond til opprør, og langt om lenge tok han henne på ordet. I lag med svogeren valda han kongen banesår. Kvart år blir det feira ein vikingfestival til minne om trikløveret. På kva gard?
2. Vi reiser søraustover til ein by som er fjerde størst i landet han ligg i. Han har tradisjonelt hatt ein stor minoritet av framandlandsk opphav, men denne fekk det tøft under tysk okkupasjon i den andre verdskrigen. Av kjende namn kan vi like fullt nemne ein hylla målar, som brukar fleire heimlege tema i kunsten sin. Andre gjennomgangssymbol er kyr, tre, hanar, spelemenn og vindaugo. Kva heiter byen?
3. Vi held fram i same retning, og lyt eigentleg opp i rømda for å finne rota til oppgåva vår. Klokka var 07.40 då det store hende, det ville tilsvara kringom 5.0 på Richters skala. På bilete ser ein oftast knekte tre. Kva heiter området?
4. Vi gjer ei bråvending sørover til eit lite land med mykje fjell. Det høgste av desse har hatt fleire, til dels nokså politiske namn opp gjennom soga, men er i dag oppkalla etter ein serskild konge i eit større dynasti på 800-talet. Den same mannen er gjenstand for ein 40 meter høg skulptur i hovudstaden. Kva heiter fjellet?
5. Vi gjer ytterlegare ein svipptur sørover, no til sju små atollar med tilhøyrande øyar ein stad i havet. Det eksilerte folkeferdet har kjempa ein hard kamp for å få returnere til heimstaden, men står førebels utan nemneverdige resultat. Ein tridje part har plassert ein militærbase på hovudøya, også dette er høgst kontroversielt. Kva blir øyane kalla?
6. Så er vi atter inne på den austlege ruta, og bøyer oss i støvet for neste skode. Eit land med større landskapsvariasjon skal ein leite lenge etter, frå subtropisk skog i sør til himmelhøge fjell i nord. Det er minimalt utvikla, men bruttonasjonalproduktet uroar ikkje dei tradisjonsmedvitne innbyggjarane. Bruttonasjonallykka, derimot, meiner dei er høg. Kva heiter hovudstaden?
7. Seinare same dag fylgjer vi ei lang og voluminøs elv ned gjennom fleire ulike land. Ein aktuell stoggestad langs elvelaupet er hovudstaden i ein innlandsstat. Der kan vi skoda ein gyllen stupa, eit symbol for nasjonen som heilskap. Kva heiter byen?
8. På tid å vende nordover, vi vågar oss innom ein relativt eksotisk by med noko mellom to og tri millionar innbyggjarar. Vi overnattar i ein konstruksjon påbyrja i 1987, avslutta fem år seinare - berre delvis fullførd. Huset er like fullt det høgste i byen, nokså markant med den spesielle forma si. Kva heiter det?
9. Vi kjem med båt til neste stoggestad. Det dreier seg om den vestlegaste staden i landet han tilhøyrar. Vel, teknisk sett ein av dei austlegaste. You dig, som dei seier. Veret er så som så, ein reknar med mellom åtte og ti klåre dagar i året. Men ikkje for det, her har store ting hendt. Det tok eit års tid å fordrive dei uvelkomne framande. I år 2000, derimot, budde 20 menneske der. Kva heiter øya?
10. Sjå her, vi nærmar oss sivilisasjonen. Denne småbyen ligg nordaust i provinsen han tilhøyrer. Han er like fullt kalla hovudstad, men dette er sjølvsagt berre tull. Spøken spelar på ei elv i regionen, tilfeldigvis med eit “fredeleg” namn. Sume vil kanskje hugse ein kul tenåringsserie produsert kring tusenårsskiftet. Han har namnelikskap med byen vi vitjar, men ikkje meir enn det. Vel, kvar er vi?
11. Nei, vi svingar over grensa og like inn i grannelandet, til nok ein småby som knappast har mykje å skryte av. Men ein viktig artist kom herifrå. Han skreiv ei låt ein trur omhandlar opphaldet under ei bru i heimbyen, der han visstnok pla sova om nettene ein gong i ungdomen. Det kan verke som låta er den siste på plata ho skriv seg frå, men ventar ein i stille ei god stund, fylgjer ein løynd song med opprivande vokal. Det skulle seia dykk nok, kva heiter byen?
12. “By the time I get to …” denne byen, skal kvinna i songen visstnok stå opp og finne lappen den mannlege songaren har etterlate henne. Ferda går vidare i eit tempo mange har funne urealistisk, men som likevel har gjort songen populær. Coverversjonane er tallause, vår personlege favoritt finst på ei reindyrka coverplate frå 1986. Men altså, kva heiter byen i fyrste vers?
13. Raskt sørover no, vi passerer fleire grenser og finn oss sjølve på fastlandet. Like fullt, her ligg den største byen i verda som vantar vegforbinding. Ein kan for så vidt sigle oppover på ei av elvene, eventuelt ta fly, men vi kjem sjølvsagt til fots. No vel, kva heiter byen?
14. Vi kjenner oss meir og meir heime og kan ikkje snu. Lenger søraust ligg favorittøyane våre. Eller, øyar og øyar, dei er vel meir som skjer. Men vi er nøgde, får vi sitja eit bel og studere skarvane. Og vandrealbatrossen! Den sistnemnde er kanskje penare, men fekk ikkje skjera kalla opp etter seg. Då veit de kva dei heiter.
15. Det gjekk litt over stokk og stein no, vi får vende oss oppover att. Ein har lenge leita etter ein gullslegen gjenstand av akasietre. Han er sagt å ha fantastiske eigenskapar, men eksistensen er temmeleg omstridd. Om han faktisk finst, kan ein aktuell gøymestad vera eit lite kapell i landet vi no vitjar. Den serskilde byen ligg 2130 meter over havet, kva heiter han?
16. Vi kjem til å tenkje på vatn, ein ferskvassdukkert kunne gjort seg i heita. Så vi stikk innom ein innsjø eit godt stykke unna, og blir faktisk litt vonbrotne. Sist vi var der, for ca. 6000 år sidan, var arealet oppimot 400.000 m2, no er 1500 att. Men det som enno finst er iallfall overlag viktig, sjølve hovudkjelda til vatn for fire omkringliggjande nasjonar. Kva heiter sjøen?
17. Vi har rota fælt no, lyt vedgå det. Det blir ei krøkkut rute over nok eit verdshav, før vi finn oss sjølve like tyrste som vi nettopp var. Ein avsidesliggjande liten by her er likevel nær det geografiske midtpunktet i landet. I byen bur over 2000 amerikanarar, kring ein tridjedel av dei er tilsette ved ein satelittstasjon i nærleiken. Det er namnet på denne vi skal fram til.
18. Vår store fascinasjon for avsidesliggjande øyar bringer oss til nokre vulkanske slike ca. 70 mil søraust for nasjonen dei tilhøyrer. Den vulkanen som siste hadde utbrot, er 402 meter høg. Det interessante er, at grev vi eit hol gjennom jorda loddrett ned frå desse øyane, kjem vi ut på nordkysten av Frankrike. Vi spør: Kva heiter øyane? Då skjønar de teikninga, og vi nyttar nettopp denne ruta til å nærme oss heimtraktene att.
19. Fyrst skal vi berre innom ei gamal venninne i nærleiken. Ho har nesten same fornamn som ein av Jerry Seinfelds mange kjærastar, men driv i ein annan bransje sjølv. Ho bur i landet ho er ifrå, heilt ute på pynten i hovudstaden. Når ho klagar over kjølda i heimlandet, er det likevel berre metaforisk. Endå meir kjend er den atypiske skildringa av ein såkalla zombie. Kvar kjem kunstnaren frå?
20. Apropos kunst, vi stoggar og helsar på ein stor kunstnar mellom frukttre langt inni fjorden. Vel, han er daud no, men mykje av kunsten omhandla nettopp naturen på heimstaden hans. Kirsebær- og epletre, til dømes, ikkje minst slike småting som verkty og kattar. Kva heitte bygda han budde i?
Då var vi nesten heime, og kan unne oss ein øl i skuggen av Trøndelag. Sjølve har vi god tid. De, derimot, lyt venlegast ha posta svara før nyttårsaftan. Adressa er som før, gamaldans@hotmail.com.
1. premie: Ein heilaftan for to i kjellaren.
2. premie: 10.000 kroner.
3. premie: Ei t-skjorte signert sekretariatet.
Trøystepremiar til beste hundredel.
For ytterlegare informasjon, ring opplysninga. Lykke til, og tru ‘kje det nyttar å jukse. Kjellaren ser dykk.
Einkvan divisjon
14 November, 2007
Etter den langdryge SNES-tevlinga passa det godt å avreagere med litt hyggebridge. Høvet, som sagt, fyrste spelehelg i den øvre stikkvegringsklassa, populært kalla andredivisjon. Makker var som vanleg Våge, ikkje vesentleg mindre flintskalla og sylfrekk no enn før. Men kjem vi over bordet med ei varsam påpeiking av makkers tallause stålegg, er han hårsår som fåe. Det skal ikkje mykje kritikk til for å gje han bakoversveis. Takk til Kjetil Krogh for store humoristiske bidrag i ingressen.
Det var generelt mest kjentfolk å sjå, nokre relativt tilreisande. Pulja er for så vidt jamn, men fire lag lyt altså rykkje ned, eitt einskild opp. Sjølve har vi Kippe - Berg og Noreng - Tilset å samarbeide med. Det treng ikkje bli ein total fiasko. Etter fyrste spelehelg leier lurendreieren Hornslien og makker Høyem, Einar Asbjørn Brenne, Bjørn Morten Mathisen og vår alles kjære Lerfald. Sistnemnde er som kjent ein favoritt, men vi trefte han diverre ikkje i baren laurdagskvelden. Det gjer oss vondt, for andredivisjonen har sjeldan sett ein kulare mann. Det laut eventuelt vera vi. Vel, Preben Mørk er òg nokså kul. Elles er mange på dette “nivået” for kvasiintellektuelle og liksomgode til verkeleg å briljere. Dei fleste har berre flaks.
Våge diska som vanleg ei opp ei lefse system vi aller helst skulle sluke rått. Men vi manna oss opp og bad han stogge. Endå den sunne fornuften vår har fått kritikk frå mange hald, er han normalt nok til å sikre plusscore. Ein gong heldt vi fylgjande:
AK
Axx
Qx
AKJ10xx
Vi klaska no berre 2 kløver og tenkte kanskje freista granden etterpå. Men når det gjekk 2 ruter inn og to passar, hadde vi ikkje andre alternativ enn å gjenmelde opningsfargen. Vi visste jo sjølvsagt ikkje kva makkers pass tydde. No lyfte han til 4 kløver, som iallfall var kryptisk. Men vi hadde eit brukbart hjarterfragment, så vi freista denne fargen og vona makker skulle passe. Men nei då, Våge jumpa plutseleg til kløverslem. Mot
QJxx
x
Kxx
9xxxx
høvde det glimrande. Berre to par hadde funne slemmen, det andre diverre motstandarane i ope rom, Bogen - Johansen. Men godt meldt av Våge, det skal han ha. Også den andre storscoren kopierte samane glatt:
AKx
AKJxx
AJ10xx
-
QJ108x
xxx
K
Axxx
Det er vel ikkje desidert rett å melde storeslem i spar, men sanneleg har han gode sjansar. Viss ikkje ruteren skulle ordne seg, kan ein falle ned på hjarterfinessen. Eventuelt, som vi sjølve gjorde etter kløverutspel, stela tri kløver i bordet med kommunikasjon på ruter konge og ei rutersteling. Deretter trumfar ein seg heim på ruter, og får sine 13 så lenge trumfen sit beint og ruteren ikkje blir overstolen. Og boda? Heilt etter nasen. Makker opna i 2 kløver, vi svara 2 spar, han letta eit hakk, då freista vi grand, makker cua kløver, vi ruter, han spurde etter ess, deretter kongar og parkerte oss i sju. Bogen, derimot, splintra kløver etter 2 kløver - 2 spar. Då Johansen no cua ruter, planta han ganske enkelt storeslem i disken. Litt meir groovy enn Våge, med andre ord. No vart det mykje sjølvskryt; den nemnde fornuften heldt ikkje alltid fram til målstreken. Så er ikkje makker naudsynlegvis forsynt med det heilt store han heller:
K
Qxx
Axx
Q10xxxx
Axx
AKxxxxx
KJ
x
Som sør opna Våge i hjarter. Ein av fåe avtaler vi har gjort, er å differensiere lyftane etter majoropningar. Ein enkel lyft syner såleis 8-11. Denne gongen hadde vi kanskje litt i overkant, men samstundes er det relativt stramt å krevja til utgang med dei lause flisene. Så kan du sitja sør igjen, og kjapt freista konstruere nokre tenkjelege hender hjå makker. Gje han
x
xxx
Axx
xxxxxx
og 6 hjarter er framleis ein panserslem. Er det ein ting Våge vantar, lyt det vera den korporative fantasien. Han jumpa til utgang og reiv seg i “håret” ved synet av blindemann. “8-11,” sa vi, “har vi ikkje 11 punkter?” Men også denne slemmen melde berre to par, ingen av dei i vår kamp. Andredivisjon? Vel, det kan ikkje iallfall ikkje finnast nokon lægre.
Så ei av fåe prøver vi sjølve vart sette på. Vi skuffa diverre stort.
Jxx
Qxxxx
KJ109
x
Du er i gunstig sone. Det går 1 spar frå makker, 2 kløver inn og turen er din. Sume har føreslått ei negativ dobling, sjølve sa vi 2 spar. Aktuelt vart det kanskje gale, men det godtek vi. 3 kløver frå nestemann, pass og grand frå innmeldaren. Jekk rundt, og du har utspelet. Tri fargar er aktuelle. I spar veit ein vi har tilpass, og haldet treng sjølvsagt ikkje vera dobbelt for å freista 3 grand. Men det kan like gjerne haste med å kæsje ein raudfarge. Vi tykte vi hadde staselege ruterhonnørar og sørva knekten. Då hadde speleførar ni takstikk. Uflaks, kan ein sjølvsagt seia. Men vi kallar det eit egg. Logikken er enkel: Det finst inga beit i ruter. Vi har aldri fem ruterstikk å hente. Hjarteren, derimot, har det riktige stikkpotensialet. Der kan beita finnast - og der fanst ho. No vart det 600 ut.
Men dette er keisamt. Fyrst i siste kamp råka vi på eit interessant lag, den famøse Bjørkan-konstellasjonen. Ingmund Bjørkan, Kjetil Krogh, Kay Robert Brastad, Fredrik Simonsen og vår eigen Reistad. Men vi fekk ikkje eingong møte lesaren. Panserlista til trass, leiinga benka oss etter fyrste halvrunde. No har vi benka oss sjølve, benka oss framfor dataen til neste helg. Då kjem idolet på skjermen, sjølvaste Grøtheim i fyrstedivisjon. Endeleg litt bridge å sjå. Vi avsluttar med Bjørkan i aksjon. Bridge eller ei; det kallar iallfall på låtten:
xxx
KJxxx
Axxx
x
Jxx Q
10xx Axx
Qxx Jxx
Jxxx AKQxxx
AK109xx
Qx
Kxx
9x
Vi sat sør i ugunstig sone og høyrde makker passe, Bjørkan opna 1 kløver framfor oss. Vi melde spar, vest pass og nord 3 kløver, kortfarge. No kom det 3 grand på spardama singel. Trikset er gamalt, så vi melde 4 spar som vi fyrst tenkte. Pass og pass og Ingmund i fokus på nytt. Det verkar ikkje urimeleg å passe, ein har longo fullførd soga si. Men helten nøla ikkje lenge - 5 kløver. Og ja - han fiksa innspelet for tri beit. 500, sjukleg lønsamt mot 620. Er det rart vi aldri vinn?
Korporativ dominans
14 November, 2007
“Jeg kan love Korporasjonen matching og vel så det i “Mario Kart” når jeg kommer på vitjing om noen uker. Trur faktisk jeg skal jeg gi deg forsprang uten at det hever sjansene dine nevneverdig.” Vi presenterte SNES-konsollen vår i nøkterne ordelag, like raskt var den faste lesaren på plass med sedvanlege trugslar og ovstore ord. Men i våre øyro var det søt musikk. Vi ynskjer ikkje nokon vondt, men inkje er artigare enn å undervise ein ung jypling som kjem ned i kjellaren og trur han er noko. Vel, Reistad er for så vidt både det eine og det andre. Men god i SNES? Knappast. Trur faktisk vi kunne gjeve han forsprang utan å heva sjansane hans nemneverdig.
Vi har tidlegare hatt Petter Eide på vitjing, det var sjølvsagt triveleg. Han åtte oss fullstendig i “Street Fighter II” og “Super Mario”, med’ vi sjølve kanskje hadde overtaket i disiplinar som “Mario Kart” og “Donkey Kong”. No har vi langt betre høve til å praktisere i kvardagen, så inkje skal seiast på Eides innsats. Han busa iallfall ikkje ut med slike løfte som Reistad. Sistnemnde kom altså til byen for å spela andredivisjon i bridge. Men dette var mest eit påskot, den store hendinga fekk kjellaren hyse. Vi inviterte jamvel publikum, i fyrste omgang Haugen og Simonsen. Vidare Bogen, som er ein gamal storleik i alle slag TV-spel. Men han byrjar bli sliten. Fredrik hadde ansvar for traktementet, og diska opp ein lekker middag av lokale ingrediensar. Haugen kom stort sett med nasevise kommentarar, utan at det gagna korkje tevlinga eller humøret. Men alt det der var likesælt, Reistad skulle fyrst og fremst ut å briljere med sine sjølverklærte skillz.
Så vi sette i gong. Vi køyrde konsekvent med soppen, Reistad vekselvis med sjimpansen og skilpadda. Likeins skifte vi mellom ulike tevlingsvariantar. Lesaren dominerte på dei lettare felta, så som leikegrinda “Mushroom Cup”. Der vanta vi rett og slett røynsle, for vi spelar ikkje vanlegvis i B-klassa. Dessutan var Reistad suveren i nærkamp, såkalla “Battle Mode”. Men dette vart keisamt i lengda, så vi auka farta nokre nivå. 100 og 150 kubikks “Star Cup” høvde oss betre. Der rula vi kort og godt. Medan Reistad vaka i bakenden, susa vi inn til den eine sigeren etter den andre. Det er fullt av overraskingar i “Mario Kart”, kunsten er å takle dei, halde hovudet kaldt og aldri sjå til sides. Reistad er ein lunefull spelar, valdsamt engasjert og full av fiksfakseriar. Mange av triksa var sci-fi for oss. Men ein treng ikkje vera kreativ for å vinne. I lengda tener ein på soliditet, den stille og stødige køyringa, blotta for fantasi og krumspring. Reistad, som hevda ha meir rutine enn oss, vil vonarleg læra med åra. Førebels vantar han tyngd.
Innimellom slaga vart det tid til sosiale aktivitetar, så som den finurlege tokampvarianten i “Super Mario Bros. 3”. Her var det ymse kven som vann, men vi og Reistad var omlag jamgode. Dei tri andre sleit. Bogen og Simonsen synte likevel visse talent, og vonarleg vil dei returnere til nye utfordringar seinare. Kjellaren høver godt som møtestad for arbeidslaus ungdom. “The place to be”, det er det han blir kalla no. Vi veit ikkje heilt, det finst nok andre stader ein med føremon heller kan vera. Med sine mange sitjeplassar, sitt eige bibliotek og sin eigen private kokk, har likevel kjellaren potensiale som levande underhaldningsetablissement i byen og nærmiljøet. Med visse opplagde unnatak er han open for alle, også dei som søkjer sjelesorg. Vi som likevel berre stirer i veggen, har ikkje vondt av litt avveksling no og då. Endå så utrivelege som folk til regel er, ynskjer vi dei velkomne.
Den trufaste lesaren blir likevel ikkje å sjå før neste divisjonshelg. I mellomtida kan han studere sin mandarin i ro og mak, drive dank på MSN og nilesa Wikipedia. Vi gler oss storleg over den livsfilosofiske attityden hans. Men akkurat “Mario Kart”, det er nok ikkje Reistads idrett.
Ein ven i naud
8 November, 2007
Seinast i førre artikkel fornya vi løftet om ikkje å engasjere oss i politikk. Vel, politikk er éin ting, raseri ein heilt annan. I kveld såg vi ein dokumentar om Vest-Sahara på NRK2. Dei evneveike lesarane har sjølvsagt ikkje peiling på Vest-Sahara, så tillat oss å informere: Landet ligg på nordvestkysten av Afrika og er i praksis mest sand. Då spanjolane etter Berlin-konferansen i 1884 la området under seg, møtte dei strid motstand frå innbyggjarane, i hovudsak nomadiske kamelrøktarar. Men i realiteten var saharawiane sjølvsagt sjanselause. Greitt nok, same lagnad råka dei fleste afrikanske nasjonar på den tida. Spania gav seg i 1975, då var Franco gamal. Men tru ‘kje det hjelpte saharawiane. Nei, grannelanda Mauritania og Marokko fekk overdrege eigedomen. Mauritania kasta handkledet inn litt seinare, men Marokko har halde okkupasjonen fram til i dag - og gjer ikkje teikn til å gje seg.
Marokko, nok eit erkemuslimsk patriarkat utan nemneverdig respekt for menneskerettane. Kong Hassan 2. har teke seg store fridomar i det okkuperte landet. Den 6. november 1975 sende han 350000 marokkanarar i veg på “Den grøne marsjen”, rakt over grensa til Vest-Sahara. Der har dei halde seg, og er no i suverent fleirtal. Berre den inste og skrinnaste luten er saharisk. Dit er urfolket drive, gøymd bak ein diger mur. Misforstå ikkje, vi har ingen prinsipiell aversjon mot murar. Ein mur gjer ofte susen. Men denne serskilde muren er symbol på ein arabisk imperialisme korporasjonen ikkje kan tolerere. Tvert imot, vi klikkar mentalt. Tenk berre på dama til Haugen, halvt saharisk. Ei helvetes bra skreppe. Og så kjem desse korrupte khatbøndene og okkuperer landet hennar!
Det er med sorg vi ser favoritten USA støtte Marokko. Elles er SN nokså eintydig: Okkupasjonen er ulovleg. Over 80 land har vedkjent saharisk sjølvstende, og Den demokratiske republikken Vest-Sahara (populært SADR), er fullverdig medlem av Den afrikanske unionen. Men kva gjer verdssamfunnet? Absolutt inkje. Hadde det ikkje vore fare også for saharawiane, ville vi tilrådd atomkrig mot heile jævla Marokko. Alt anna tykkjest hjelpelaust. Militsen Polisario er i realiteten paralysert i ørkentilveret. I augneblinken er det jamvel våpenkvile. Nybyggjarane strøymer framleis til nordfrå, og ei førespegla folkerøysting har Marokko naturlegvis sabotert. Tilhøva blir stendig vanskelegare for dei eksilerte, kulturen marginalisert i dei okkuperte områda.
Vest-Sahara er eit land med stort potensiale. Innimellom sanddynene ligg dei rike fosfatleia ved Bu Craa, og kysten har langt større fiskeførekomstar enn til dømes Marokko. I tillegg skal det finnast olje, men den næringa er òg på utviklingsstadiet enno. For saharawiane er det likesælt, dei veit likevel kor pengane går: Rett i lomma på okkupanten. Vel, han og Europa, derimellom nordmenn som forlystar seg på saharisk sokkel. Vi trur vi spyr. Ein gong dreiv vi innsamlingsaksjonar for våre vener i Vest-Sahara, no har vi heilt mist trua. Like lite som motstandskamp i den tørrbrende ørkenen, nyttar idealisme i gamle Noreg. Men lat det vera sagt: Kjellaren støttar Polisario og eit kvart fredeleg folks rett til fridom. Det inkluderer slike som jødar og tibetanarar, men ikkje kven som helst. Vi veit kva undertrykking er - og kven som fortener det.