Einkvan divisjon

14 November, 2007

Etter den langdryge SNES-tevlinga passa det godt å avreagere med litt hyggebridge. Høvet, som sagt, fyrste spelehelg i den øvre stikkvegringsklassa, populært kalla andredivisjon. Makker var som vanleg Våge, ikkje vesentleg mindre flintskalla og sylfrekk no enn før. Men kjem vi over bordet med ei varsam påpeiking av makkers tallause stålegg, er han hårsår som fåe. Det skal ikkje mykje kritikk til for å gje han bakoversveis. Takk til Kjetil Krogh for store humoristiske bidrag i ingressen.

Det var generelt mest kjentfolk å sjå, nokre relativt tilreisande. Pulja er for så vidt jamn, men fire lag lyt altså rykkje ned, eitt einskild opp. Sjølve har vi Kippe - Berg og Noreng - Tilset å samarbeide med. Det treng ikkje bli ein total fiasko. Etter fyrste spelehelg leier lurendreieren Hornslien og makker Høyem, Einar Asbjørn Brenne, Bjørn Morten Mathisen og vår alles kjære Lerfald. Sistnemnde er som kjent ein favoritt, men vi trefte han diverre ikkje i baren laurdagskvelden. Det gjer oss vondt, for andredivisjonen har sjeldan sett ein kulare mann. Det laut eventuelt vera vi. Vel, Preben Mørk er òg nokså kul. Elles er mange på dette “nivået” for kvasiintellektuelle og liksomgode til verkeleg å briljere. Dei fleste har berre flaks.

Våge diska som vanleg ei opp ei lefse system vi aller helst skulle sluke rått. Men vi manna oss opp og bad han stogge. Endå den sunne fornuften vår har fått kritikk frå mange hald, er han normalt nok til å sikre plusscore. Ein gong heldt vi fylgjande:

AK
Axx
Qx
AKJ10xx

Vi klaska no berre 2 kløver og tenkte kanskje freista granden etterpå. Men når det gjekk 2 ruter inn og to passar, hadde vi ikkje andre alternativ enn å gjenmelde opningsfargen. Vi visste jo sjølvsagt ikkje kva makkers pass tydde. No lyfte han til 4 kløver, som iallfall var kryptisk. Men vi hadde eit brukbart hjarterfragment, så vi freista denne fargen og vona makker skulle passe. Men nei då, Våge jumpa plutseleg til kløverslem. Mot

QJxx
x
Kxx
9xxxx

høvde det glimrande. Berre to par hadde funne slemmen, det andre diverre motstandarane i ope rom, Bogen - Johansen. Men godt meldt av Våge, det skal han ha. Også den andre storscoren kopierte samane glatt:

AKx
AKJxx
AJ10xx
-

QJ108x
xxx
K
Axxx

Det er vel ikkje desidert rett å melde storeslem i spar, men sanneleg har han gode sjansar. Viss ikkje ruteren skulle ordne seg, kan ein falle ned på hjarterfinessen. Eventuelt, som vi sjølve gjorde etter kløverutspel, stela tri kløver i bordet med kommunikasjon på ruter konge og ei rutersteling. Deretter trumfar ein seg heim på ruter, og får sine 13 så lenge trumfen sit beint og ruteren ikkje blir overstolen. Og boda? Heilt etter nasen. Makker opna i 2 kløver, vi svara 2 spar, han letta eit hakk, då freista vi grand, makker cua kløver, vi ruter, han spurde etter ess, deretter kongar og parkerte oss i sju. Bogen, derimot, splintra kløver etter 2 kløver - 2 spar. Då Johansen no cua ruter, planta han ganske enkelt storeslem i disken. Litt meir groovy enn Våge, med andre ord. No vart det mykje sjølvskryt; den nemnde fornuften heldt ikkje alltid fram til målstreken. Så er ikkje makker naudsynlegvis forsynt med det heilt store han heller:

K
Qxx
Axx
Q10xxxx

Axx
AKxxxxx
KJ
x

Som sør opna Våge i hjarter. Ein av fåe avtaler vi har gjort, er å differensiere lyftane etter majoropningar. Ein enkel lyft syner såleis 8-11. Denne gongen hadde vi kanskje litt i overkant, men samstundes er det relativt stramt å krevja til utgang med dei lause flisene. Så kan du sitja sør igjen, og kjapt freista konstruere nokre tenkjelege hender hjå makker. Gje han

x
xxx
Axx
xxxxxx

og 6 hjarter er framleis ein panserslem. Er det ein ting Våge vantar, lyt det vera den korporative fantasien. Han jumpa til utgang og reiv seg i “håret” ved synet av blindemann. “8-11,” sa vi, “har vi ikkje 11 punkter?” Men også denne slemmen melde berre to par, ingen av dei i vår kamp. Andredivisjon? Vel, det kan ikkje iallfall ikkje finnast nokon lægre.

Så ei av fåe prøver vi sjølve vart sette på. Vi skuffa diverre stort.

Jxx
Qxxxx
KJ109
x

Du er i gunstig sone. Det går 1 spar frå makker, 2 kløver inn og turen er din. Sume har føreslått ei negativ dobling, sjølve sa vi 2 spar. Aktuelt vart det kanskje gale, men det godtek vi. 3 kløver frå nestemann, pass og grand frå innmeldaren. Jekk rundt, og du har utspelet. Tri fargar er aktuelle. I spar veit ein vi har tilpass, og haldet treng sjølvsagt ikkje vera dobbelt for å freista 3 grand. Men det kan like gjerne haste med å kæsje ein raudfarge. Vi tykte vi hadde staselege ruterhonnørar og sørva knekten. Då hadde speleførar ni takstikk. Uflaks, kan ein sjølvsagt seia. Men vi kallar det eit egg. Logikken er enkel: Det finst inga beit i ruter. Vi har aldri fem ruterstikk å hente. Hjarteren, derimot, har det riktige stikkpotensialet. Der kan beita finnast - og der fanst ho. No vart det 600 ut.

Men dette er keisamt. Fyrst i siste kamp råka vi på eit interessant lag, den famøse Bjørkan-konstellasjonen. Ingmund Bjørkan, Kjetil Krogh, Kay Robert Brastad, Fredrik Simonsen og vår eigen Reistad. Men vi fekk ikkje eingong møte lesaren. Panserlista til trass, leiinga benka oss etter fyrste halvrunde. No har vi benka oss sjølve, benka oss framfor dataen til neste helg. Då kjem idolet på skjermen, sjølvaste Grøtheim i fyrstedivisjon. Endeleg litt bridge å sjå. Vi avsluttar med Bjørkan i aksjon. Bridge eller ei; det kallar iallfall på låtten:

             xxx
             KJxxx
             Axxx
             x

Jxx                      Q
10xx                    Axx
Qxx                      Jxx
Jxxx                    AKQxxx

             AK109xx
             Qx
             Kxx
             9x

Vi sat sør i ugunstig sone og høyrde makker passe, Bjørkan opna 1 kløver framfor oss. Vi melde spar, vest pass og nord 3 kløver, kortfarge. No kom det 3 grand på spardama singel. Trikset er gamalt, så vi melde 4 spar som vi fyrst tenkte. Pass og pass og Ingmund i fokus på nytt. Det verkar ikkje urimeleg å passe, ein har longo fullførd soga si. Men helten nøla ikkje lenge - 5 kløver. Og ja - han fiksa innspelet for tri beit. 500, sjukleg lønsamt mot 620. Er det rart vi aldri vinn?

3 Svar to “Einkvan divisjon”

  1. Kvalen said:

    “Når jeg en gang dør håper jeg det blir mens jeg sover fredelig, som min onkel Jack.
    Ikke skrikende i panikk, som passasjerene hans.”
    Jack Hardy

    Det var da en overraskende snill reportasje om vår felles egging. Du nevner passende 4hj-stålegget mitt (der 6hj var kabal), mens det nesten kan virke som du skryter av makker der jeg meldte 6kl. For de uinnvidde må jeg opplyse at denne tilsynelatende makkerskryten selvfølgelig var ironisk. Selv om 6kl var en brukbar vurdering skjønner vel alle at jeg selvsagt burde meldt 4hj istedet for 4kl tidligere.

    Med unntak av Ingmund synes jeg forresten at du skryter altfor lite av motparten. F.eks. var Birger Lykke god da han etter å ha åpnet 1ru i sonen spratt til 6ru neste runde (makker hadde i mellomtiden levert en oppmuntrende pass av 2ru, Mikkels). Makker Preben (som aktuelt hadde 3 stikk i ruterkontrakt) hadde helgas lengste grukk før han passet, og dermed var det bare å claime 12 stikk uavhengig av utspill.

    Er også fristet til å kommentere det som i en tidligere artikkel ble kalt “30 sider blytungt system”, og her “ei lefse system vi aller helst skulle sluke rått”. For de uinnvidde dreier det seg om 5 sider med gigantisk skrift (Vågensohl (TM) og Gazzilli, Word-fil mailes ved henvendelse til undertegnede). Av disse 5 sidene med system-genialitet ble 4 strøket av artikkelforfatteren straks han så dem, helgas diskusjon gikk på om også siste side skulle strykes.


  2. einkvan said:

    “På bordet lå en nydeleg voksduk hvor det var malt en rød og blå ørn, og så var det malt en kant rundt det hele.”
    Mark Twain.

    Du har rett i at 4 hjarter nok var eit meir optimalt bod enn 4 kløver, men fot kan gå for hose denne gongen. Du henta deg iallfall brukbart inn då du spratt i slem. Det same gjorde Birger Lykke, men utan å imponere så veldig. Vi lika Mørks hånlege skoggerlått: “Eg skjønar ingenting, eg … He, he, he.” Men han skjøna nok til å passe, noko som ikkje kan seiast om deg til dømes der du dobla Mørk i 4 spar. Han kommenterte det i krinskampen på tysdagen, med same hånlege lått: “Såg han ikkje kven som skulle spela?” Ein mann i vår ånd. Merk forresten at vi var sympatiske nok til ikkje å kommentere kontrakten 3 kløver, som fauk heim då du trudde det hasta å ta for trumfesset. Ein hyggelegare makker skal ein leite lenge etter. Men vi set strek ved det minste teikn til system, for vi veit at du gløymer det lell.


  3. Kvalen said:

    “They who sin with caution, whilst concealed,
    Grow impudently careless, when revealed.”
    Susannah Centlivre

    Siden du nevner doblingen av 4sp; Selvfølgelig så jeg hvem som skulle spille, og visste at Preben hadde minst 15 gode for å strekke seg til en invitt etter at makkeren hadde meldt 2/1. Men jeg egget og glemte å kikke over bordet på hvem som skulle spille ut…


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image