Korporativ dominans
14 November, 2007
“Jeg kan love Korporasjonen matching og vel så det i “Mario Kart” når jeg kommer på vitjing om noen uker. Trur faktisk jeg skal jeg gi deg forsprang uten at det hever sjansene dine nevneverdig.” Vi presenterte SNES-konsollen vår i nøkterne ordelag, like raskt var den faste lesaren på plass med sedvanlege trugslar og ovstore ord. Men i våre øyro var det søt musikk. Vi ynskjer ikkje nokon vondt, men inkje er artigare enn å undervise ein ung jypling som kjem ned i kjellaren og trur han er noko. Vel, Reistad er for så vidt både det eine og det andre. Men god i SNES? Knappast. Trur faktisk vi kunne gjeve han forsprang utan å heva sjansane hans nemneverdig.
Vi har tidlegare hatt Petter Eide på vitjing, det var sjølvsagt triveleg. Han åtte oss fullstendig i “Street Fighter II” og “Super Mario”, med’ vi sjølve kanskje hadde overtaket i disiplinar som “Mario Kart” og “Donkey Kong”. No har vi langt betre høve til å praktisere i kvardagen, så inkje skal seiast på Eides innsats. Han busa iallfall ikkje ut med slike løfte som Reistad. Sistnemnde kom altså til byen for å spela andredivisjon i bridge. Men dette var mest eit påskot, den store hendinga fekk kjellaren hyse. Vi inviterte jamvel publikum, i fyrste omgang Haugen og Simonsen. Vidare Bogen, som er ein gamal storleik i alle slag TV-spel. Men han byrjar bli sliten. Fredrik hadde ansvar for traktementet, og diska opp ein lekker middag av lokale ingrediensar. Haugen kom stort sett med nasevise kommentarar, utan at det gagna korkje tevlinga eller humøret. Men alt det der var likesælt, Reistad skulle fyrst og fremst ut å briljere med sine sjølverklærte skillz.
Så vi sette i gong. Vi køyrde konsekvent med soppen, Reistad vekselvis med sjimpansen og skilpadda. Likeins skifte vi mellom ulike tevlingsvariantar. Lesaren dominerte på dei lettare felta, så som leikegrinda “Mushroom Cup”. Der vanta vi rett og slett røynsle, for vi spelar ikkje vanlegvis i B-klassa. Dessutan var Reistad suveren i nærkamp, såkalla “Battle Mode”. Men dette vart keisamt i lengda, så vi auka farta nokre nivå. 100 og 150 kubikks “Star Cup” høvde oss betre. Der rula vi kort og godt. Medan Reistad vaka i bakenden, susa vi inn til den eine sigeren etter den andre. Det er fullt av overraskingar i “Mario Kart”, kunsten er å takle dei, halde hovudet kaldt og aldri sjå til sides. Reistad er ein lunefull spelar, valdsamt engasjert og full av fiksfakseriar. Mange av triksa var sci-fi for oss. Men ein treng ikkje vera kreativ for å vinne. I lengda tener ein på soliditet, den stille og stødige køyringa, blotta for fantasi og krumspring. Reistad, som hevda ha meir rutine enn oss, vil vonarleg læra med åra. Førebels vantar han tyngd.
Innimellom slaga vart det tid til sosiale aktivitetar, så som den finurlege tokampvarianten i “Super Mario Bros. 3”. Her var det ymse kven som vann, men vi og Reistad var omlag jamgode. Dei tri andre sleit. Bogen og Simonsen synte likevel visse talent, og vonarleg vil dei returnere til nye utfordringar seinare. Kjellaren høver godt som møtestad for arbeidslaus ungdom. “The place to be”, det er det han blir kalla no. Vi veit ikkje heilt, det finst nok andre stader ein med føremon heller kan vera. Med sine mange sitjeplassar, sitt eige bibliotek og sin eigen private kokk, har likevel kjellaren potensiale som levande underhaldningsetablissement i byen og nærmiljøet. Med visse opplagde unnatak er han open for alle, også dei som søkjer sjelesorg. Vi som likevel berre stirer i veggen, har ikkje vondt av litt avveksling no og då. Endå så utrivelege som folk til regel er, ynskjer vi dei velkomne.
Den trufaste lesaren blir likevel ikkje å sjå før neste divisjonshelg. I mellomtida kan han studere sin mandarin i ro og mak, drive dank på MSN og nilesa Wikipedia. Vi gler oss storleg over den livsfilosofiske attityden hans. Men akkurat “Mario Kart”, det er nok ikkje Reistads idrett.
Leave a Reply