Ja, du er nøtt
21 November, 2007
I levande tradisjon frå den gamle sida presenterer korporasjonen Kjellaren si årlege juletevling. Mange vil hugse spaninga dei førre åra, når det aldri var klårt før i siste stund kven vinnaren vart. Vi samla ikkje akkurat nokon herskare av innsendarar, men dei fåe som deltok gjorde det med ettertrykk. Det var nivå på spørsmåla, ikkje fjaset ein vanlegvis ser i såkalla kunnskapstevlingar. Ein arbeidde for svara, fann dei ikkje berre ved eit stikkordsøk på Google. Så også i år, endå vi no har revidert konseptet litt. Det blir ei “julereise” á la den i Adressa. Geografi er framleis hovudinteressa vår, som ei julegåve unnar vi oss ein dagstur rundt i verda. Vi byrjar éin stad, flytter oss meir eller mindre logisk i terrenget, gjev ei ny nøtt på neste stad, held fram til ein tridje, osb. Poenga deler vi ut vilkårleg, men innsendaren med den største samanlagtscoren har vunne. Alle skal delta. De har inga tid å miste, så kom i gang.
1. Vi byrjar på heimleg grunn. I det fyrste ekteskapet hadde ei kvinne minst to søner. Men desse og ektemannen vart drepne av kongen, som i sin tur gav kvinna til ein velkjend hovding. Ho eggja sin nye husbond til opprør, og langt om lenge tok han henne på ordet. I lag med svogeren valda han kongen banesår. Kvart år blir det feira ein vikingfestival til minne om trikløveret. På kva gard?
2. Vi reiser søraustover til ein by som er fjerde størst i landet han ligg i. Han har tradisjonelt hatt ein stor minoritet av framandlandsk opphav, men denne fekk det tøft under tysk okkupasjon i den andre verdskrigen. Av kjende namn kan vi like fullt nemne ein hylla målar, som brukar fleire heimlege tema i kunsten sin. Andre gjennomgangssymbol er kyr, tre, hanar, spelemenn og vindaugo. Kva heiter byen?
3. Vi held fram i same retning, og lyt eigentleg opp i rømda for å finne rota til oppgåva vår. Klokka var 07.40 då det store hende, det ville tilsvara kringom 5.0 på Richters skala. På bilete ser ein oftast knekte tre. Kva heiter området?
4. Vi gjer ei bråvending sørover til eit lite land med mykje fjell. Det høgste av desse har hatt fleire, til dels nokså politiske namn opp gjennom soga, men er i dag oppkalla etter ein serskild konge i eit større dynasti på 800-talet. Den same mannen er gjenstand for ein 40 meter høg skulptur i hovudstaden. Kva heiter fjellet?
5. Vi gjer ytterlegare ein svipptur sørover, no til sju små atollar med tilhøyrande øyar ein stad i havet. Det eksilerte folkeferdet har kjempa ein hard kamp for å få returnere til heimstaden, men står førebels utan nemneverdige resultat. Ein tridje part har plassert ein militærbase på hovudøya, også dette er høgst kontroversielt. Kva blir øyane kalla?
6. Så er vi atter inne på den austlege ruta, og bøyer oss i støvet for neste skode. Eit land med større landskapsvariasjon skal ein leite lenge etter, frå subtropisk skog i sør til himmelhøge fjell i nord. Det er minimalt utvikla, men bruttonasjonalproduktet uroar ikkje dei tradisjonsmedvitne innbyggjarane. Bruttonasjonallykka, derimot, meiner dei er høg. Kva heiter hovudstaden?
7. Seinare same dag fylgjer vi ei lang og voluminøs elv ned gjennom fleire ulike land. Ein aktuell stoggestad langs elvelaupet er hovudstaden i ein innlandsstat. Der kan vi skoda ein gyllen stupa, eit symbol for nasjonen som heilskap. Kva heiter byen?
8. På tid å vende nordover, vi vågar oss innom ein relativt eksotisk by med noko mellom to og tri millionar innbyggjarar. Vi overnattar i ein konstruksjon påbyrja i 1987, avslutta fem år seinare - berre delvis fullførd. Huset er like fullt det høgste i byen, nokså markant med den spesielle forma si. Kva heiter det?
9. Vi kjem med båt til neste stoggestad. Det dreier seg om den vestlegaste staden i landet han tilhøyrar. Vel, teknisk sett ein av dei austlegaste. You dig, som dei seier. Veret er så som så, ein reknar med mellom åtte og ti klåre dagar i året. Men ikkje for det, her har store ting hendt. Det tok eit års tid å fordrive dei uvelkomne framande. I år 2000, derimot, budde 20 menneske der. Kva heiter øya?
10. Sjå her, vi nærmar oss sivilisasjonen. Denne småbyen ligg nordaust i provinsen han tilhøyrer. Han er like fullt kalla hovudstad, men dette er sjølvsagt berre tull. Spøken spelar på ei elv i regionen, tilfeldigvis med eit “fredeleg” namn. Sume vil kanskje hugse ein kul tenåringsserie produsert kring tusenårsskiftet. Han har namnelikskap med byen vi vitjar, men ikkje meir enn det. Vel, kvar er vi?
11. Nei, vi svingar over grensa og like inn i grannelandet, til nok ein småby som knappast har mykje å skryte av. Men ein viktig artist kom herifrå. Han skreiv ei låt ein trur omhandlar opphaldet under ei bru i heimbyen, der han visstnok pla sova om nettene ein gong i ungdomen. Det kan verke som låta er den siste på plata ho skriv seg frå, men ventar ein i stille ei god stund, fylgjer ein løynd song med opprivande vokal. Det skulle seia dykk nok, kva heiter byen?
12. “By the time I get to …” denne byen, skal kvinna i songen visstnok stå opp og finne lappen den mannlege songaren har etterlate henne. Ferda går vidare i eit tempo mange har funne urealistisk, men som likevel har gjort songen populær. Coverversjonane er tallause, vår personlege favoritt finst på ei reindyrka coverplate frå 1986. Men altså, kva heiter byen i fyrste vers?
13. Raskt sørover no, vi passerer fleire grenser og finn oss sjølve på fastlandet. Like fullt, her ligg den største byen i verda som vantar vegforbinding. Ein kan for så vidt sigle oppover på ei av elvene, eventuelt ta fly, men vi kjem sjølvsagt til fots. No vel, kva heiter byen?
14. Vi kjenner oss meir og meir heime og kan ikkje snu. Lenger søraust ligg favorittøyane våre. Eller, øyar og øyar, dei er vel meir som skjer. Men vi er nøgde, får vi sitja eit bel og studere skarvane. Og vandrealbatrossen! Den sistnemnde er kanskje penare, men fekk ikkje skjera kalla opp etter seg. Då veit de kva dei heiter.
15. Det gjekk litt over stokk og stein no, vi får vende oss oppover att. Ein har lenge leita etter ein gullslegen gjenstand av akasietre. Han er sagt å ha fantastiske eigenskapar, men eksistensen er temmeleg omstridd. Om han faktisk finst, kan ein aktuell gøymestad vera eit lite kapell i landet vi no vitjar. Den serskilde byen ligg 2130 meter over havet, kva heiter han?
16. Vi kjem til å tenkje på vatn, ein ferskvassdukkert kunne gjort seg i heita. Så vi stikk innom ein innsjø eit godt stykke unna, og blir faktisk litt vonbrotne. Sist vi var der, for ca. 6000 år sidan, var arealet oppimot 400.000 m2, no er 1500 att. Men det som enno finst er iallfall overlag viktig, sjølve hovudkjelda til vatn for fire omkringliggjande nasjonar. Kva heiter sjøen?
17. Vi har rota fælt no, lyt vedgå det. Det blir ei krøkkut rute over nok eit verdshav, før vi finn oss sjølve like tyrste som vi nettopp var. Ein avsidesliggjande liten by her er likevel nær det geografiske midtpunktet i landet. I byen bur over 2000 amerikanarar, kring ein tridjedel av dei er tilsette ved ein satelittstasjon i nærleiken. Det er namnet på denne vi skal fram til.
18. Vår store fascinasjon for avsidesliggjande øyar bringer oss til nokre vulkanske slike ca. 70 mil søraust for nasjonen dei tilhøyrer. Den vulkanen som siste hadde utbrot, er 402 meter høg. Det interessante er, at grev vi eit hol gjennom jorda loddrett ned frå desse øyane, kjem vi ut på nordkysten av Frankrike. Vi spør: Kva heiter øyane? Då skjønar de teikninga, og vi nyttar nettopp denne ruta til å nærme oss heimtraktene att.
19. Fyrst skal vi berre innom ei gamal venninne i nærleiken. Ho har nesten same fornamn som ein av Jerry Seinfelds mange kjærastar, men driv i ein annan bransje sjølv. Ho bur i landet ho er ifrå, heilt ute på pynten i hovudstaden. Når ho klagar over kjølda i heimlandet, er det likevel berre metaforisk. Endå meir kjend er den atypiske skildringa av ein såkalla zombie. Kvar kjem kunstnaren frå?
20. Apropos kunst, vi stoggar og helsar på ein stor kunstnar mellom frukttre langt inni fjorden. Vel, han er daud no, men mykje av kunsten omhandla nettopp naturen på heimstaden hans. Kirsebær- og epletre, til dømes, ikkje minst slike småting som verkty og kattar. Kva heitte bygda han budde i?
Då var vi nesten heime, og kan unne oss ein øl i skuggen av Trøndelag. Sjølve har vi god tid. De, derimot, lyt venlegast ha posta svara før nyttårsaftan. Adressa er som før, gamaldans@hotmail.com.
1. premie: Ein heilaftan for to i kjellaren.
2. premie: 10.000 kroner.
3. premie: Ei t-skjorte signert sekretariatet.
Trøystepremiar til beste hundredel.
For ytterlegare informasjon, ring opplysninga. Lykke til, og tru ‘kje det nyttar å jukse. Kjellaren ser dykk.
25 November, 2007 at 15:41
Ja, dette var radige greier. Du kunne no gjort spørsmåla såpass vanskelege at ein i minsto laut tenkje seg om.
27 November, 2007 at 17:47
Ingen vits, ville fyrst og fremst teste refleksane dykkar.