Roleg no, sailorboy

28 November, 2007

Vi har før nemnd Simonsen, ein fyr i grannelaget. Sers ufyseleg type. Like fullt er han makkeren vår i den lokale krinsserien, der vi spelar for det namngjetne Lunna-laget: Forfot, Lunna, Aal og vi. Dette har gått overraskande bra, med unnatak av den fyrste kampen mot Molberg - Aa. Vi la eit par egg, og Fredrik var sjølvsagt over oss: “Kva driv du med, makker? Du er jo heilt sjuk. Å Herre Gud. Din jåte. Eg krev startkontingenten attende. Tevlingsleiar!” I baren same kveld, i bilen dagen etter, kvar som helst og når som helst - han slutta aldri klage. Over ein månad seinare oppretta han ei ny nettside om denne serskilde kampen. Rommet.trykker.com - styr unna. Vi rangerer Simonsen som den desidert mest utrivelege spelaren på laget, med Forfot på sterk andreplass. Aal kan òg vera ram, Lunna er stort sett blid. Men vi, vi er alltid nøgde. Ikkje eitt vondt ord til korkje makker eller motstandarar. Dette uforskamma godlyndet bryt ned psyken deira, og er vel så effektivt som konstant munnbruk. Då vi likevel trødde på denne finurlege utgangen i sist krinskamp, var det fyrst og fremst for å disiplinere makker:

                KQ102
                QJ7x
                xxx
                Jx

9873                      Jxx
A109xx                xx
K                           QJ10x
xxx                       KQ97

                Ax
                K8
                Axxxx
                A108x

Vi sat vest og gav i gunstig sone. Pass frå oss, pass, pass til Kristiansen i sør, som opna i grand. No gjekk vi innpå med 2 hjarter, båe major. Nord straffedobla, men sør alerterte og melde 3 ruter over 2 spar i aust - som for så vidt var kostbart nok. 3 grand i nord og dobling frå Simonsen, type Hawaii. Ja vel, vi produserte spar sju i utspel. I teorien har speleførar fire sparstikk, to i hjarter, eitt i ruter og to i kløver, men kan vel ikkje klandrast for å freista spar ti i fyrste stikk. Knekten og esset. No fylgde kløver til knekten, ingen dårleg plan. Makker stakk og spela ny spar til kongen i bordet. Kløver til tia gjekk bra, kløver ess og hjarter konge. Den stakk vi like godt, og godspela omsider sparkvisten vår. No skal Fredd ha ros, han spela prikkfritt. Hjarter dame og spar, som makker kasta ruter dame på. Vi var inne i fylgjande poss:

                -
                Jx
                xx
                -

-                          -
109x                   -
K                        J107
-                         K

               -
               -
              Axx
              10

No var det jo berre å gje bordet for hjarterknekt, makker kastar ruter og får dei to siste. Men vi såg ein variant: Ruter konge fyrst. Den lasjerte Fredd. No kom hjarter ti. Og Simonsen? Jo, han var skvisa sund! Ho, ho, ho, 750 ut.

“Ja,” spurde vi makker, “er du høg i hatten no? Dobla utgang - i hus!” Nei då, han tagna kjapt; såg of course ikkje possen. Langt ut i neste spel informerte vi om skvisen vi sjølve hadde utsett han for. Då klikka han, just som venta. Men kva er moralen? Makker sug, og sug faktisk dobbelt opp så sint som han er. Lær av oss, du, din jåte!

7 Svar to “Roleg no, sailorboy”

  1. Ivar said:

    Forsynte meg med 10 stikk på spelet eg, men diverre i 1NT. For ein gongs skuld hadde ikkje makker til å overmelde…


  2. einkvan said:

    Å få ti stikk er vel ca. like sjukt som å stogge i delkontrakt. Ikkje veit eg kva grandintervall de brukar, men lagkameratane våre agiterer iallfall for 14-16-grandar. Greitt nok, då lyt ein venteleg invitere på 9 og ta imot på 15. Men nei då, 1 grand og Stayman, 2 ruter og 2 hjarter for majorpref. Så kom dei i sparkontrakt då, på 4-2-tilpassen. Hallo! Her snakkar vi soneutgang i lagkamp, kan det skade å freista han? Men Lunna - Forfot toler ikkje gå ei beit. “Nei då, vi tek den sikre plussen på tosteget. 24 punkter og masse tiarar, kva gjer vel det? Her skal det limast.” Gud hjelpe oss!


  3. Jooooooooohansen said:

    Lett å stoppe i 2NT


  4. Kvalen said:

    Artig spill, tydeligvis mange som ville prøve seg i 2sp, enten den ene eller andre veien (vi var også en stund i 2spX Ø/V).

    Om spillefører gjør rett i spar (må spille mot oddsen etter innmeldingen) og deretter gjør alt rett kan han nok få 9 stikk i NT. Forundrer meg egentlig ikke at Ivar fikk kastet 10 etter seg, den flakskallen.

    Korporasjonen forbigår i stillhet at han dyttet kontrakten flere ganger. Selv var jeg så heldig å spille med en makker (en kar med futuristisk hårsveis…) som ikke led av samme stikkvegring, han lasjet selvfølgelig hjK. Kontrakten (3NTX) og posisjonen var tilsvarende, forskjellen var at spillefører hadde lasjet en ruter (makker fortsatte med spar) og deretter spilte kløver til åtteren som han fikk for (tilsynelatende enda bedre start enn mot deg). Om du stikker andre hjerteren og frir deg med kløver (ruK blir lasjet) må spillefører spille meget godt for å slippe unna med en bet. Makker gjorde det egentlig enklere for ham (for å klare seg med en bet) når han lasjet også andre hjerteren, men en unøyaktighet fra spillefører ga oss likevel 500 på bok.


  5. einkvan said:

    Vi trur det var mang ein “unøyaktighet” frå speleførar ved dykkar bord. Vi skal vedgå at ein lasj i det aktuelle scenariet hadde vore optimalt, men det var ikkje nettopp openbert å halde fram med ruter konge inne på hjarter ess. Vi ana ikkje stort om ruterfargen, for makkers dobling såg ut som galskap same koss det sat. Så, når denne blir lasjert, skal vi liksom spela kløver opp. Kunne ikkje speleførar hatt ess, ni att? Vel, vi vedgår det var éi sliten beit i kontraken, men to, det har ingenting med bridge å gjera. Så kjem du likvel inn her og føredreg som om spelet var vakkert på dykkar bord. “Makker [...] lasjet også andre hjerteren.” Himmel og hav, han får det til! Og du med den låttelege doblinga di. Det er jaggu ikkje grenser for flaks einskilde har.

    Vi får gratulere Johansen, godt stogga av deg òg. 3 grand står fjellstøtt, men går i praksis beit i “A-pulja” i Trondheimsserien. Vi skal hugse dette til neste partevling: Ver så dum som råd er, fyrst då spelar du “med salen”.


  6. Kvalen said:

    “Vi ana ikkje stort om ruterfargen, for makkers dobling såg ut som galskap same koss det satt.”

    Du følger tydeligvis prinsippet at når makker har doblet antar du at han ikke har verdier til å forsvare denne aksjonen. Det logiske neste steg er å tenke ut en måte å straffe idioten på, konkret ved å finne en måte (helst litt diskret) å dytte på prosjektet, og hva kan være mer passende enn å sørge for at makker skvises for disse stikkene han trodde han hadde. Det viser seg utrolig ofte at idioten som doblet ikke klarer å bete prosjektet på egen hånd, særlig når du har vist verdier i meldingsforløpet. Siste steg er å henge ut makker for doblingen på verdensveven.

    Forrige gang makkeren ble hengt ut for doblingen var i divisjonsartikkelen, også der “glemte” du å nevne hvem som kastet stikk etter Preben i 4spX, mens makker ble hengt ut for doblingen. Denne gang er det Simonsen som får unngjelde når han gjerne ville hente beter til dobbel takst.

    Men har jo sett før at du ikke liker å spille motspill mot dobla kontrakter, det var jo ikke tilfeldig at du fikk tilnavnet “DJ-Skjetne”… Regner med at påtråkkene kun er for at makker skal slutte å doble, og dermed fjerne det belastende ekstra presset i disse spillene.


  7. einkvan said:

    Vrøvl. Doblingar er greitt nok, så lenge grunnlaget er der. Men du og mange med deg har ein manisk trong til å doble alt som “kanskje” er ei beit.

    Vi blir stendig håna for dei to spela der vi heldt dame, knekt sjette i det som tyktest bli trumf, men ingen er serleg interesserte i vår versjon av soga: Den fyrste gongen hadde makker opna, vi sat utelukkande med kløverboka. Etter litt om og men hamna motparten i 2 kløver, som neppe var toppkontrakten deira veg. I staden for å jage dei over i noko betre, passa vi gladeleg og noterte ei stroken beit. Trur jamvel det lét seg vinne, om ein tidleg skjøna sitsen. Den andre gongen gjekk det òg opning frå makker, sjølvsame Simonsen, og 2 kløver innpå framfor oss. Igjen hadde vi null og niks, men dame, knekt sjette i kløver. Ja vel, vi sa pass, og då makker i sistehand dobla opp att, greidde vi ikkje anna enn passe, endå det fort kunne stå. Men no kom sistemann på banen med ei panisk redobling, det gjekk pass frå makker og uttak i 2 spar. Pass og pass til Fredrik, som hadde ein brukbar fjortenpunktar. 3 grand låg i disken fortare enn svint. På 17 og misfit var ikkje det nettopp suksess. Men vår feil, sekskorts trumf bak speleførar er naturlegvis ikkje nok til å doble. Ein haug lause kløverhonnørar framfor grandopnaren, derimot, eller ess, knekt syl femte i trumf framfor ein speleførar i verdsklasse, det er sjølvsagt rikeleg.

    Nei, vi doblar sjeldan, det skal seiast. Av dette fylgjer at vi ofte hentar beit, for speleførar finn ikkje dei serskilde variantane doblingar ofte impliserer. Men når vi doblar, då treng vi ikkje leite i blinde etter beita, bite naglar og plagast. Då er det fleire takbeit, og scorar som verkeleg monnar litt. Ikkje 100 mot 50 med Gud veit kva i innsats.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image