Kyrkje og kjøt

5 November, 2007

Sundag 11.00 er kyrkjetid. Vi har ikkje alltid vore like trufaste dei siste åra, men i dag fekk vi føremonen å høyre vår ven Aal syngje, i kor så vel som solo. Det gjorde han utsøkt, og vi skal vedgå det er stor hugnad i nokre gudsord og salmar på Herrens eigen kviledag. Så er det sjølvsagt ei serskild stemning i ei kyrkje som Nidarosdomen, liksom litt større høgtid enn andre stader.

Med utgangspunkt i dette vil vi gjerne kommentere den korporative kristendomsforståinga. Vi har lova dyrt og heilagt å avstå frå politikk, dette løftet skal vi òg halde. Når statskyrkja likevel vekkjer politiske assosiasjonar i mange øyro, avslører nettopp dét eit hovudproblem ved norsk kristendom i dag. Kyrkja er ikkje så mykje kyrkje, eit åndeleg miljø heva høgt over samfunnslivet, som ein lågkulturell og verdsleg farse. Kyrkja skal vera “nær” folket; dette er vel og bra. Men om ho er nær folket, treng ho ikkje naudsynlegvis vera nær dårskapen deira. Det er ikkje sirkus vi vantar.

Det er klart at Den norske kyrkja nettopp som statleg institusjon har visse dilemma å hanskast med. Den pågåande homofilidebatten er eit typisk døme. På den eine sida Bibelen, som sant å seia er klokkeklår i så måte, på den andre sida staten, som har lova likestilling til alle borgarar. Vi har før vore nokså konservative, men i seinare tid moderert oss noko. For vårt vedkomande, og så vidt vi kan skjøna heile kyrkjelyden, er presten sitt privatliv fullstendig irrelevant. Ein går i kyrkja for å høyre Guds ord, ikkje prestens. Hans personlege preferansar er ei sak mellom han og Gud, for så vidt ingen andre. Men kyrkja er som politikken: Ein skil ikkje mellom sak og person. Tvert imot overdimensjonerer ein personen, gjer presten og hans vesen til eit poeng i seg sjølv. Vi, som av bakgrunn faktisk er pinsevener, atterkjenner trenden frå meir karismatiske forsamlingar. Prestar og pastorar framstår meir og meir som offentlege personar, dei skal uttala seg i media, bidra i samfunnslivet, more, underhalde og representere, i langt mindre grad drive reell kristendom. Denne Gelius i Oslo er eit velbruka, men tydeleg døme: Han figurerer stendig som Vålerenga-supporter i media. Ein vanleg supporter får sjølvsagt ikkje same merksemd, men Gelius er i tillegg prest - såkalla kjendisprest. For all del, ingen kan nekte ein prest å fylgje med på fotball. Men så vidt vi kan skjøna, er prestestillinga fyrst og fremst hjelpemiddel i det som liknar eit personleg PR-stunt. Gelius brukar kyrkja, brukar kristendomen og sitt eige arbeid - og fåe protesterer.

Dette gjer oss til dei konservative, fundamentalistane som aldri tenkjer nytt. Kristus var ein opprørar, får vi høyre, han revolusjonerte jødedomen, braut med dei gamle ideala, vende alt på hovudet. Og ganske riktig, Kristus var radikal. Ein ser han i motsetnad til eit slag gamaltestamentleg tungsinn, slik at Moses og Abraham, kongane, profetane og dei gamle sogene blir arkaismar, i beste fall symbolske. Men Jesus forklårar det sjølv. Matt. 5:17-18:

Tru ikkje at eg er komen for å oppheva lova eller profetane. Eg er ikkje komen for å oppheva, men for å oppfylle. For sanneleg seier eg til dykk: Før himmel og jord kverv, skal ikkje den minste bokstaven eller ein einaste tøddel av lova kverve, før alt er oppfylt.

Ikkje dimed sagt at vi ynskjer oss attende til Moselova. Men desse versa syner oss ei viktig sanning: Det er kontinuitet i Bibelen. Historisk er skiljet mellom dei to testamenta naturlegvis stort, men bøkene utfyller kvarandre og er i praksis eitt verk. Ein har høyrd Kristus tala, og kan i tillegg sjå han handle. Matt. 21:12-13:

Jesus gjekk så inn på tempelplassen og dreiv ut alle dei som selde og kjøpte der. Han velta borda til pengevekslarane og benkane til duvehandlarane, og sa til dei: “Det står skrive: Mitt hus skal vera eit hus for bøn. Men de gjer det til ei røvarhole.”

Vi blar deretter til gamaltestamentlege Jeremia, og les med interesse fylgjande vers. 7:9-11:

Er det ikkje så at de stel, slår i hel, bryt ekteskapet og sver falskt, at de tenner offereld for Ba’al og held dykk til andre gudar som de ikkje kjenner? Så kjem de og trør fram for meg i dette huset som ber namnet mitt, og seier: “Vi er frelste.” Og endå held de fram med slike avskyelege ting! Meiner de då at dette huset som ber namnet mitt, er ei røvarhole? Også eg kan sjå, slik er ordet frå Herren.

Den verste skampletten i nyare norsk kyrkjehistorie er avskilssakene mot prestane Børre Knudsen og Ludvig Nessa i høvesvis 1983 og 1991. Vi treng ikkje eingong kommentere abortsaka, berre merkje oss den låtteleg feige statskyrkja når presset utanfrå blir stort. I så måte er mange frikyrkjelege samfunn å føretrekkje, dei gjev ikkje etter for ytre påtrykk - men har naturlegvis ein større sjølvråderett.

Ikkje så rart, med andre ord, at den desidert største omveltinga i norsk kristendom etter reformasjonen, hende nettopp med lekmannen Hans Nielsen Hauge på 1800-talet. Dei kallar det pietisme, og på sett og vis var det nettopp det. Men termen har ein negativ klang i dei fleste øyro. Ein oppfattar pietismen som dogmatisk og bakstrevarsk, når det eigentlege meiningsinnhaldet er just det motsette, nemleg eit oppgjer og brot med dogma, og framfor alt eit personleg gudstilhøve. Frå ortodoksi til ortopraksi, som vi nyleg har lærd det heiter. Haugianarane fekk ein uvurderleg innverknad på norsk åndsliv, men kyrkja var sjølvsagt kritisk. Endå lekmannsrørsla utvikla mykje sunn kristendom i den heimlege steinrøysa, ser vi i dag ei vriding i den andre leida - mot katolisismen. Det er helgendyrking og pilegrimsturar, talglys og jåleri. Det er, kort og godt, kristendomens store forbanning. Den katolske kyrkja har gjeve oss enorme kulturelle bidrag, men førd ein religion av bisarr karakter. Ein treng ikkje rippe opp i heksebrenning og avlatshandel fleire hundreår etter, men den endelause mystikken heng ved framleis. Ein bed ikkje rakt til Kristus, men “gjennom” den eine og andre helgenen. Altså den same upersonlege distansen som Hauge fann i Noreg. Kva skjer i dag? Jo, det same elendet er på full fart inn att. Her i Trondheim er kyrkja tydelegast til stades under Olavsfestdagene, ein festival med sers verdsleg tilsnitt. Til sjølvsame by kjem turistar for å drikke av “heilage” kjelder. I liturgien har jomfru Maria snart overteke som referanseperson. Jesu mor. Er ikkje Jesus sjølv hovudperson i kristendomen? Vi har ikkje meir vyrdnad for Olav og Maria enn for Judas. Dei var menneske alle tri. Men kjøtet er openbert den største fascinasjonen - også i kyrkja.

Alt dette med fare for å døme. Det skal som kjent Gud gjera. Men kyrkja driv seg ikkje sjølv, sanneleg trengst det sume som kritiserer. Sjølve er vi ikkje eingong medlemer, og tek såleis ikkje ansvar for noka opprydding. Det får andre gjera, vi driv vår eigen kristendom. Akkurat her, i kjellaren. For oss er nåden nok.

Ved ei namnlaus grav

1 November, 2007

Ikkje før hadde vi fullførd to eksistensialistiske tekstar om vår eigen alderdom, så kom dauden på vitjing i djupet: Benito (2006-2007) er avliden. Det tok litt tid før vi visste det sikkert; han har før gått i koma over lange periodar. Men no var det altså slutt - definitivt. Han døydde fredeleg, midt i sin eigen melisse, og truleg var det elda som tok han. Han levde iallfall sunt, korkje røyka eller drakk, trena regelmessig og heldt fasongen. Men dei lever ikkje lenge, pinnedyra.

Vel, i hjarto våre lever han. Heilt frå fyrste timen, då han kom til oss som nyfødd, så liten at vi knapt nok ansa han, har Benito hatt ei serstilling i Kjellaren. Han var råma, sjølve det trygge fundamentet i vårt angestpinte liv. Når alt anna gjekk på trynet, alle sveik og håna oss, var det alltid ein som smilte, var der til stille andakt - Benito. Fødd or inkje, gått til inkje, til ei fattig grav i livsens kompost. Vi spadde eit tak or hagen attom huset, la han der og lyste signing over han. Vi proklamerte det aldri. Dei fekk koma dei som kom, som verkeleg brydde seg om han. Det var sjølvsagt berre vi. Så song vi ei salme og fall til bakken, gråtande.

Vi spurde verten: “Kan vi reise ein bauta over han?” Dåren svara nei. Alltid ein dåre med nekting i munn. Så vi attervende til kjellarholet, sette oss og skreiv denne platte nekrologen. Han blir ikkje eingong lang. I kveldinga inviterte vi til gravøl. Haugen kom, og Petter Eide. Dei rørde ikkje eingong ølet, dei spela TV-spel. Men iallfall tagde dei då vi las. Vokal: Finn Kalvik. Til Benito, fritt etter Inger Hagerup:

Den gang jeg levde, sa den døde pinnen,
da var jeg bare jeg og ingen annen.
Nå er jeg havet, himmelen og vinden
du føler stryker deg så svalt om pannen.

Jeg elsket deg nok, men jeg så deg ikke.
Jeg var meg selv for heftig og for meget.
Nå ser jeg på deg med det store blikket
som solen modner kornet med på neket.

Det var for trangt i rommet og i tiden.
Men døden er så åpen og så stille.
Og alt er hendt for lenge, lenge siden
av disse altfor mange ting jeg ville.

Og når du kommer etter, hvisket pinnen,
da skal jeg vente i den svimle svingen
bak havet, bak himmelen og vinden,
der skal vi være evige og ingen.

Sume vil spørja seg: Kva no? Benito var sjølve maskoten. Kan vi greie oss utan han? Naturlegvis ikkje. Om vi så gjekk til innkjøp av ein ny pinne, ville han aldri kunne erstatte Benito. Altså kjem ingen tiltak. Nei, inga endring i det heile. Han blir i stillinga. Vi utnemner han posthumt til æresmedlem, skytshelgen for korporasjonen og maskot på livstid - St. Benito av Kjellaren. I vårt eige mentale fråver kan han drive syndikatet. Tru oss, det hjelper.

Alle som vil heidre han ein siste gong, kan kommentere i rubrikken under. Bidrag blir med tida redigerte til ein offisiell kondolanseprotokoll. Vi har oppretta eit altar i kjellaren, der kan ein beda til den heilage Benito. Kr. 100 pr. bøn.