Du heilage jul
25 December, 2007
Så kom då jula til avgrunnen òg. Vi har ikkje tal på alle dei klementinane vi har ete i det siste, men bittert smaka dei i alle fall. Så er det peparkaker då, fattigmenn og fiken. Det legg seg som skodde i hugen vår. Jau, vi har verkeleg avreagert denne veka, etter ein lang og strabasiøs haust med vedvarande komplikasjonar. Så skal pliktene gjerast, grauten kokast og gåvene handlast. Gleda ved å gje er essensen i jula; helst gjev vi katten. Men dei som forventa det, dei fekk sine tilmålte smular. Det inkluderte då korkje lesaren eller Bogen. Folk flest skal vera glade vi toler tryna deira, serleg no i jula. At gåver kjem i andre leida, derimot, skjønar vi ovleg godt. Heile året har vi rula - lat det då, om ikkje anna, synast under juletreet.
Dei fleste gåvene har lokalt opphav, men eit høgdepunkt er alltid sendinga frå Trengereid. Der bur Hofsæthers, ein stor familie av lodd- og skinnseljarar, som vi lærde i kjenne i ungdomen ein gong. Kvar jul får vi pakke derifrå, i år var det jakke og brok. Rimeleg gildt, det skal seiast. Så opna vi kortet, og kva las vi der? Vel, folkens, lykka er forgjengeleg: Vi har mist fleire vener. Benito hugsar de, han døydde i november. Like etter, fekk vi vita, fylgde Fana-bonden, sjølve godkaren. Kjeldresskledd og nedsnødd, men ikkje utan sjarm. Daud av elde, knappe 90 år. Rolfen, ein ufeilbarleg fotballtippar, daud av kreft. Og Myramunken, kjend som Spritreven? Midt i sin beste alder, sprek som ei fjellgeit, ramla ned trappa og slo seg i hel. Tygg litt på den, nidingar. Det er jaggu ingen spøk vera oss. Vi kjenner nesten alle, og alle vil kjenne oss. Vi bind oss til dei. Så, når dei plutseleg forsvinn, sit vi der som dårar med skjegget i postkassa. Apropos postkasse, om ei veke er det nyttårsaftan. Vi har motteke eitt, eit einaste eitt, løysingsforslag til julereisa. Ivar Berg har svara oss. Malvin Gimse har freista, men såg ikkje lyset. Alle andre, som vi tok det for gjeve ville støtte denne saka, dei sit og nektar. Gjer ingenting, fjasar jula vekk for seg sjølve og oss. Slangar og ormeyngel! Det er ei skam.
Grev vi litt djupare i den korporative julesnøen, finn vi mang ei interessant gåvepakke. Serleg lika vi nokre bøker, dei fekk vi av den gamle mor vår. Islandsk etterkrigslyrikk, det blir spanande. Med meir. Haugen har skulda oss for fåe og låge bokmeldingar, men no skal vi rettleg briljere. Berre vent. Så var det luggar og lakris, og ein ny dingseboms til kameraet. Om mogleg skal vi gle dykk med bilete, vi får sjå kva teknikken tillèt. Ikkje minst fekk vi nokre stålar, eit viktig bidrag til den slunkne kassa. Det held til salt i kaka også neste år.
Når denne epistelen kjem noko seint på trykk, har det sine naturlege årsaker. Vi feira julaftan i familiære sfærar, just som folk flest. Det balla på seg med ribber surkål. No, dagen etter dagen, har vi derimot god tid. Tid nok, faktisk, til å tenkje på folket, våre mange fans og groupies. Vi byd inn til juletrefest i kjellaren femte juledag, gratis inngang. Du og dine er hjarteleg velkomne. Vi takkar for oss i denne omgang, med ynskje om ei gledeleg jul til alle lesarar - beint ut dumme som ofseleg feite. Så rundar vi av med eit høveleg vers. Frå Jem Finer og Shane MacGowan, “Fairytale of New York”:
You’re a bum,
you’re a punk,
you’re an old slut on junk,
lying there almost dead on a drip in that bed.
You scumbag, you maggot,
you cheap, lousy faggot -
Happy Christmas, your arse,
I pray God it’s our last.
Julebord i bua
18 December, 2007
Jula er visstnok julebordsesong. Sjølve er vi lite røynde med den slags stell, men vart like fullt inviterte då studentbridgeklubben sist laurdag baud til lag på Krambua. Med noko over tjue kroner på konto, kunne ikkje klubben nettopp dekkje utgiftene. Men jamvel vi slo på stortromma og unna oss ein juletallerken, om ikkje anna i godt lag.
I forkant var vi hjå Grude, der fekk vi tid til ein juledurak. Verten sjølv deltok, men utviste ein skremmande mangel på etikette. Dette blir hovudmoment på neste kurskveld. Bogen og Johansen spela som vanleg, vi hadde uflaks og scora heller labert. Så ramla både det eine og andre av kjentfolk inn døra, staseleg kledde og greier og greier. Eide, Berg, Liv- og Nilsgård, den same gamle regla. Langt om lenge byrja turen bort til bua, der julestemninga stod i taket. Vel, sume gjorde alt dei kunne for å spolere henne, men det var inga overrasking. Forfot hadde åtvara på førehand, det skal han iallfall ha. Vi hamna sjølvsagt like jamsides grisen, men bestemte oss for ikkje å la han øydeleggje.
Det var elles eit langt og fullteikna bord. Dei aller fleste vi forventa å møte, innfann seg i sedvanlege positurar. Så fekk dei maten og breidde seg ytterlegare ut. Sjølve tok vi den klassiske ribba, nokre fåe pinnekjøt og endå færre lutefisk. Dei om det. Godt smaka det iallfall, vi hadde sjølvsagt sveltefora oss ein månad i forvegen. Grude, derimot, åt sitt daglege spann julegraut berre timar tidlegare. Endå var ho yndig i kjole, det same kan seiast om skreppene generelt. Andreas Gran, til dømes, hadde med seg miss Kvikkjokk 99, ho briljerte jamt over. Eit naturleg midtpunkt, såpass kan vi seia. Lunna kom òg med frua, likeins Krogh. Søte par. Aal og Kippe, derimot, stilte einsame. Så var det Forseth, Guttormsen og det selskapet der, Espen Lindqvist, Fredd Kristiansen og fleire moromenn. Dessutan eit par lovande nybyrjarar, det vart nok ein lærerik aftan for desse. I grunnen ikkje mykje vi sakna, anna kanskje eit slagsmål. Lindqvist gjorde for så vidt tillaup då vi sjikanerte fotballaget hans, men tagna kjapt for eit rettleg Skalmerås-tryne. Apropos Skalmerås, hans fråver var trykkjande heile kvelden. Dette kan arrangementskomiteen med føremon leggje seg på minne, ei slik tilstelling tek aldri heilt av utan Tommy. Men ikkje for det, det kom mange fine bidrag undervegs. Ivar Berg las Sande på hugsen, broren Erik og Livgård parerte med noko meir vulgære produksjonar. Sånn skal det venteleg vera, kva veit vi.
Slik heldt det fram ei lang stund, og godt var det. Så tok det slutt, godt var det òg. Vi nøysame treng fyrst og fremst askesen vår fram mot julaftan. Når vi likevel skriv denne reportasjen, er det for å blidgjera dei som utevart, så som lesaren og Haugen. Sistnemnde var på oss tidleg sundag morgon, med førespurnad om slarv frå det store julebordet. Men vi lyt altså skuffe han, alt gjekk føre seg i rimelege former. Nettopp difor passa det oss godt, vi stortreivst i den dunkle bua. Ingen musikk som overdøyvde samtala, ingen diskokuler og endå mindre ecstasy. Framfor alt: Fåe framande. Vi likar folk vi kjenner, som vi veit kor vi har. Ta Kippe, til dømes: Vi kunne føresagt at Kippe kom til å innta kengurupositur; det gjorde han òg. Ingen skitne overraskingar. Lat dykkar eiga jul bli likeins, full av staute tradisjonar.
You tacky thing, you put them on
10 December, 2007
Sist onsdag var det nok ein operapub, vi møtte mannsterke opp for å høyre han Aal. Vi rula duraken og Aal podiet, så det gjekk opp i opp. Då vi kom heim snakka vi litt med lesaren om dette med musikk. Det er klart at musikk spreier glede. Aal er ein musikalsk føregangsmann i bridgemiljøet, og hadde visstnok assistert lesaren i hans personlege sitarkarriere. Han kunne jamvel hugse visse rykte, om at Haldis Guttormsen, Håkon Kippe og nemnde Aal ein gong tenkte få i stand eit band. Då såg vi stjerner.
Den neste vi konsulterte var Håkon Bogen, som nesten uoppfordra informerte om sin eigen musikalitet. “Vissta ikke du at eg har erfaring som musiker? Fleire års erfaring.” “Som kva?” spurde vi, han bad oss gisse. “Trompetist?” Nei, det var det ikkje. “Jobben som eg hadd e den vektigste av dem all. Overall, og spesielt ve enkelte anledninge.” Vi freista igjen: “Dirigent?” “Nisse,” sa han då. Eit tridje val: “Saftblandar?” No var han openbert lei. “Eg spellt i korps +++. På 17.mai f.eks., kven har den vektigste jobben?” “Faneberaren!” sa vi entusiastiske. “Iddiot,” svara han. Då gjekk lyset opp for oss: “Trommeslagaren!” “Korrekt,” kom det omsider. “Jauda, ha spellt skarptromm aleina på 17.mai. 50% av toge e solo. Eg eid ofc. Så spellt eg i nå skulebann. Der spelltes d ofc slagverk. Spellt populærmusikk, d som va “in”.” Vi bad han spesifisere: “Klassikern, Pink Floyd, duveit lessn e vørtn spelt, ja. Men skulebanne opptredd berre sånn på nån forestillinge. På skula ofc. Så va d jo klassiker at d speltes julmusik på barnskulen ofc. Kven mått spell da?” Vi svara som seg høyr og bør: “Du ofc.” “Go som eg e, ja. Nån e go. Andre e d ikke.”
Kippe kan kontrabassen og vi sjølve pipeorgelet. Det er altså fullt opp av musikalsk kompetanse i den lokale bridgen. Då tenkjer vi fylgjande: I ei tid der meir og meir skjer framfor PC-skjermen, er det overmåte viktig at menneske kjem saman til sosiale aktivitetar. Viss Guttormsen, Kippe og Aal gjorde suksess på eiga hand, burde ikkje då alle byens spelarar, under kyndige leiing av ein korporasjon som vår, kunne arbeide saman i eit massivt storband? Såleis promotere både bridgen og oss sjølve. Denne tanken har vi sysla mykje med, og no er han finslipen nok til å gjennomførast. Med Dølle Duck plassert trygt framfor podiet, venlegast ynsk velkomen The Øystein Lerfald Wannabe Gypsy Orchestra:
Dirigent: Øystein Lerfald
Vokal: Sverre Johan Aal, Odd Roar Græsli
Kor: Haldis Guttormsen, Rosa Mary Holdø, Morten Haugen
Dans: Roy Kristiansen
Slagverk: Håkon Bogen
Sitar: Tor-Ove Reistad
Banjo: Aksel Hornslien
Mandolin: Trond Olsen
Kontrabass: Håkon Kippe
Balalaika: David Ueland, Hans Arne Forseth
Erhu: Arvid Måkestad
Cello: Kåre Bogø
Viola da gamba: Kjell Helmersen
Sag: Åsmund Forfot, Oddbjørn Dyrkorn
Langeleik: Gerd Aa, Erik Eide
Lutt: Øyvind Sletvold
Harpe: Sissel Sneve, Robert Olsen
Klaver: Harald Michalsen
Synthesizer: Villiam Ovesen, Svein Skagestad
Pipeorgel: Vi, Olav Ellestad
Xylofon: Baard Olav Aasan
Didgeridoo: Erling Nardo Dahl
Trompet: Per Nordland
Blokkfløyte: Tommy Skalmerås, Fredrik Simonsen
Klarinett: Lars Arthur Johansen, Kjell Olav Gisnås
Kam: Preben Mørk, Allan Livgård
Lurk: Petter Eide, Reidar Bårseth
Marakas: Lorentz Bjarne Nitter
Kastanjettar: Lars Wilhelm Kvarsvik, Ole Arild Berset
Tamburin: John Våge, Ivar Berg
Triangel: John Arthur Paulsen, Jørn Arild Ringseth
Dragspel: Espen Lindqvist
Vindharpe: Tone Gangstad
Glas: Simon Cope
Lirekasse: Olav Ukkelberg
Vaskebrett: Karl Morten Lunna
Dersom nokre no kjenner seg utestengde, er det rein gløymsle frå vår side. Alle er sjølvsagt velkomne i den storfamilien bandet vårt skal bli. Skaff deg eit instrument og hiv deg på. Eller kom utan instrument, for den del. Men ta med mor di. Ein viss stil er forresten òg føretrekt, farga hår og glitrande klede. Fyrste øving fredag i kjellaren, auditorium HB96 (det vesle). Vi satsar på litt samkøyring fyrst, så byrjar konserteringa vonarleg til nyttårs. Førebels litt usikkert kva musikk vi skal spela, men venteleg klassisk pop. Vel møtt!
Bridge med ein …
5 December, 2007
Vi har før nemnd Grøtheim, ein kis i heimbygda. Ganske bra bridgespelar òg. Fæl til å spekulere, men ikkje utan teft. I haust vann han ei tevling i Kina, og no har bridge-Noreg så smått lagt merke til denne spesi typen. Han fekk såleis førespurnad om eit lite representasjonsoppdrag i hovudstaden, men vanta makker. Han høyrde med Orgen og Stavs og dei andre typane oppi hogget, men det kræsja med klubbkveld på Berkåk. Då ringde han oss til slutt, vi takka velvillig ja. Så fekk vi høyre om feltet …
Toralv Maurstad, Carl Ivar Hagen, Ivar Dyrhaug … Vi trudde vi kjende kvar bidige bridgespelar i landet, så dukkar hei dundre oss desse tri framande opp i salen. “Noobs,” tenkte vi, og ville helst reise heim. Vi driv ikkje rørebridge. Men, men, var ein fyrst komen så langt, fekk ein venteleg unngå skandale og fullføre prosjektet. Berre 14 spel lell, og makker var som sagt brukbar. Etter kvart skjøna vi jamvel føremålet; det var nemleg eit valdsamt presseoppbod kring desse tri nybyrjarane. Forbundet hadde sikkert stelt det til som eit PR-stunt i rekrutteringskampanjen. Men oss, korporasjonen framfor nokon, vill dei ‘kje tala med. Det var då vi fekk lyst til å rule. Noobs‘n lyt tuktast. Dei gamle er framleis eldst.
Så tok vi plass mot denne Dyrhaug. Han var temmeleg ivrig, til og med då Grøtheim trekte boka si opp av hatten: The Viking Precision Club. Han fekk henne med seg heim. Sjølve sver vi til naturlege metodar, og tvinga makker til det same. Då fekk han testa sin sunne fornuft; vår var som venta intakt:
10
Ax
Axxx
Qxxxxx
AQx
Kxx
KQJ10xx
A
Glenn sat nord og ville opna i lagtevling. Med sine 10 punkter sa han likevel pass. Så gjekk det pass til oss i sør, vi hadde for så vidt òg nokre alternativ. 2 grand, som ein annan freista, var rett nok ikkje mellom dei. Nei, vi fall ned på 1 ruter, 12-19 punkter og 3+ ruter. No melde makker 3 spar, det tolka vi som naturleg og gjekk i 4 ess i Blackwood. Makker hadde to, vi rekna med sparkongen i tillegg og la han i 7 ruter, som verka tryggast. Bordet sjokkerte oss, men heldt til heimgang.
Kx
Axx
AQx
KJ109x
J 108xx
KJ109xx xx
10xx Kxxx
Axx xxx
AQ9xxx
Qx
Jxx
Qx
Vi sat vest i ugunstig sone og opna 2 hjarter. Det hadde vi til. Opning 2 ruter ville typisk synt den same handa med ein hjarter og sju punkter mindre, eitt av fåe innslag Grøtheim fekk adoptere frå sin heimesnikra kråkkløver. No gjekk det 2 grand inn frå Dyrhaug, før 4 spar frå makkeren avslutta meldingsforlaupet. Dei hadde fått det på rette handa, men det hjelpte ikkje stort. Vi sørva ein ruter. Den skulle speleførar så klart bruka esset på, men la ein liten og sleppte makker inn. Han vreid oppskriftsmessig hjarter, som gjekk til dama, kongen og esset. Spar konge som felte knekten og spar til … dama. I dette tilfellet var det meir enn mogleg å gisse sitsen, men sør hadde trumfreduksjonen som naudløysing. Vel, vi fekk sjå på dét. Han heldt upresist fram med ein hjarter. Det stikket laut vi for så vidt få lell, men sjå kva som hende no: Vi spela nok ein ruter for å maltraktere bordet. No kom hjarteren til steling og kløver dame til esset vårt. Ein siste ruter drap planen. Han hadde framleis tri trumf på neven, og laut såleis stela tridje kløveren og gje makker på spar ti. Éi utruleg beit.
Det var med andre ord ikkje umogleg å få punkter i dette selskapet, lell om nokre deltakarar haia ganske aktivt. Hagen, til dømes, heldt fylgjande hand:
AKxxx
Jxxx
AQ
Kx
1 spar tykkjest aktuelt, men Hagen talde 17 og opna 1 grand. No melde makkeren spar og Hagen gjekk i utgang. Det stod. Men han uffa seg i ettertid: “Skulle kanskje prøvd granden …” Jau, det ville Siv gjort! Også Maurstad hadde lærd nokre partevlingstriks:
xxx
Axx
Qx
AJ98x
Makker opnar 1 spar i fyrste hand, alle i sona. Pass og din tur. Sjølve melde vi 2 kløver, som i realiteten kravde til utgang. Over 2 spar frå makker hoppa vi til 4. Mot
AQxxxx
K
AJx
Qxx
stod det faktisk slem. Sparen sat jamt med kongen i kutt. Men Maurstad får stilpoenga. Skal ein fyrst brenne slemmen, kan ein like godt brenne utgangen òg. Han passa 1 spar. 230 og 680 er same saka.
Etter ein velfortent siger gjekk vi på restaurant med Grøtheim og studerte hovudstaden. Ein merkeleg by, det lyt vi seia. Heime kjem kelneren til bordet og tek opp tinging, her sat vi ein halvtime og glana før vi freista gå til kassa. Men middag vart det, ein utsøkt kylling og ymse attåt. Vi takka for maten og sidan for oss. Så får vi sjå om Dyrhaug kan relea neste gong.
Kalervosonen Kullervoinen
4 December, 2007
Vi har øydsla vekk ein del tid dei siste dagane. Ein blir ofte sitjande å vasa same kor store planar ein har, og plutseleg er det leggjetid på nytt. Så ville ein kanskje trudd at korporasjonen hadde hendene fulle midt i julestrida, men sant å seia har vi ikkje det heller. Like gjerne som noko anna, kan vi skrive litt på sida vår, glede dykk og aktivisere oss sjølve. Vi hadde såleis førebudd ein storstilt julekalender, à la dei på fjernsynet, men skjøna vi vanta krefter. Skal sjå om vi ikkje får skrive litt ekstra mykje fram mot jul, men nokon kalender blir det altså ikkje. Så ta det med ro.
Vel nede i kjellaren chillar vi med ei god bok og eit stort glas sider. Det mørknar i vindauga, vi tenner nokre lys og lener oss attende. Det er inga ny bok, vi har lese henne før. Men ei serskild soge kallar på merksemda vår, dreg oss over fjell og vidder til skogane i Finland. Kullervo, hugsar de han? Son av Kalervo den gamle. I storverket Kalevala, omsett til norsk av Anders Lange Fliflet. Det som heilskap har vi omtala før. Men de kjenner ikkje Kullervo, endå så viktig han er. Han skil seg ut i boka, er ingen gjennomgangsfigur som Väinämöinen og Ilmarinen. Forteljinga står nesten åtskilt frå dei store linene, men er neppe inkludert tilfeldig.
Ein typisk karakter i litteraturen er den “tragiske helten”, den evnerike og dyktige som fell for eigne djevlar og ytre omstende. Alle kjenner Oidipus. Kullervo går det likeins. Han er lagnadsbunden til elende, fødd i hat og vreide. Far hans var bror til Untamoinen, ein herskesjuk barbar. Han brenn ned Kalervos gard og tek kona hans til fange. Det verkar på oss som Kalervo er daud. Kullervo fødest til fangenskap. Namnet tyder “hermann”, han tykkjest skikka til det. Ovleg sterk og velbygd, dugeleg i arbeid og venta bli storkar. Men destruktiv frå fyrste stund. Han kved som knestor gut:
“Fyrst eg fær litt større styrke, noko meir med kraft i kroppen
hemner eg at dei felte far min, volde mor mi tårin mange.”
Untamoinen ser ættarbanen sin. Han gjer alt for å drepe Kullervo, hiv han på sjøen, brenn han og heng han, men guten er usårleg. Så freistar han ale han opp etter beste skjønn på garden sin, men Kullervo står imot. Alt han tek i øydelegg han, og blir snart sendt vidare til Ilmarinen. Der skal han tene som gjetar. Men husfrua er ei vrang kvinne, ho bakar stein i Kullervos brød. På dette knekkjer kniven hans, det eine han har etter far sin. Atter ser helten raudt. Han hiv husfrua til bjørnane, og tenkjer seg i veg for å drepe Untamoinen. Han klagar til maktene:
“Gode Gud i himilhøgdi, aldri meir so må du skapa
noko barn so armt og einslegt, eit som er so heilt åleine,
like farlaust, like morlaust, like hjelpelaust på jordi,
som du heve skapt meg arme, heve gjort meg lykkelause,
som må liva lik ein lunde millom måsar på eit havskjer!
Soli skin’e då på svòla, for gråspurven stig’e gryet,
gledast fær kvòr fjukand fuglen, eg må aldri skoda soli,
aldri røyne ei solrenning, ikkje minste glytt av glede.”
Men akkurat då, når alt er som svartast, møter han ei kvinne. Ho fortel han at foreldra lever, dei sit åleine ein stad i Lappland. Han går og går og finn dei til slutt. Gleda er stor ved attersynet, men nye farar truger. Mora fortel om syster hans, som Kullervo aldri har møtt. Ho forsvann i øydemarka ein gong for lenge sidan. Så ein dag er han ute og arbeider på markene, der råkar han ei ukjend møy “prydd med koparspenne”. Han vil ha henne opp i sleden sin. Ho nektar, men Kullervo lokkar med gull. Slik held tragedien fram. Møya er hans eiga syster, det får han vita for seint. Når ho skjønar kva som har hendt, spring ho i veg og kastar seg i fossen. Kullervo mæl på det gamle:
“Mykje betre ha’ det vore eg var aldri fødd og fostra,
var kje komen hit i heimen, ha’ kje gjenge her på jordi.
Den gong sikta dauden gale, råka ikkje rett den venda
som han drap kje meg med same då eg var tvo nettar gamal.”
Han møter forståing hjå foreldra, som vil han skal gøyme seg og sidan attervende. Dei er glade i guten sin. Men:
“Ikkje reiser eg som rømling, gjev meg kje i veg til gøyme.
Eg gjeng fram mot Tuonis tanngard, gjev meg av til Daudens dyrnar,
dreg i veg å vitje valen, der dei sterke kjempun stupar.
Enn stend Untamo på føtan, illmennet er enn i livet,
faderssåri er uhemnde, moderstårin ubetalde;
heller ikkje hev eg gjeve løn for slikt, eg sjølv fekk lide.”
Han ser altså rota til tragedien, er bitrare no enn før, men rår ikkje med eigne kjensler. Så fer han i veg og utslettar Unto-ætta. Ved heimkomsten er mor, far og dei andre syskena hans longo daude. Då drep han seg sjølv der systera drap seg. Vismannen Väïnämöinen får avslutte:
“Ikkje skal den ætt som kjem’e, lata ein liten få si fostring
hjå ein duglaus, framand huslyd, folk som fostrar vrangt og vride!
Barnet som er vitlaust vogga, guten som er fostra gale,
fær kje sidan lag til fata, veks seg ei til vit og visdom
hoss lenge han enn liver, hoss stor han vert i styrke.”
Vi tykte det var viktig de fekk høyre denne soga. Ikkje berre er det basis i finsk kultur, meisterleg attgjeve på eit høveleg telemål, men òg ålment, slikt som vil gjenta seg i nye former gjennom all framtid. Han er uråd å oppdaga, men Kullervo finst i mennesket. Likevel - no er det altså jul. Lat oss heller nyte Kalevala som rein underhaldning, kanskje med ribba i omnen. Ha ei fin høgtid vidare.