Kalervosonen Kullervoinen
4 December, 2007
Vi har øydsla vekk ein del tid dei siste dagane. Ein blir ofte sitjande å vasa same kor store planar ein har, og plutseleg er det leggjetid på nytt. Så ville ein kanskje trudd at korporasjonen hadde hendene fulle midt i julestrida, men sant å seia har vi ikkje det heller. Like gjerne som noko anna, kan vi skrive litt på sida vår, glede dykk og aktivisere oss sjølve. Vi hadde såleis førebudd ein storstilt julekalender, à la dei på fjernsynet, men skjøna vi vanta krefter. Skal sjå om vi ikkje får skrive litt ekstra mykje fram mot jul, men nokon kalender blir det altså ikkje. Så ta det med ro.
Vel nede i kjellaren chillar vi med ei god bok og eit stort glas sider. Det mørknar i vindauga, vi tenner nokre lys og lener oss attende. Det er inga ny bok, vi har lese henne før. Men ei serskild soge kallar på merksemda vår, dreg oss over fjell og vidder til skogane i Finland. Kullervo, hugsar de han? Son av Kalervo den gamle. I storverket Kalevala, omsett til norsk av Anders Lange Fliflet. Det som heilskap har vi omtala før. Men de kjenner ikkje Kullervo, endå så viktig han er. Han skil seg ut i boka, er ingen gjennomgangsfigur som Väinämöinen og Ilmarinen. Forteljinga står nesten åtskilt frå dei store linene, men er neppe inkludert tilfeldig.
Ein typisk karakter i litteraturen er den “tragiske helten”, den evnerike og dyktige som fell for eigne djevlar og ytre omstende. Alle kjenner Oidipus. Kullervo går det likeins. Han er lagnadsbunden til elende, fødd i hat og vreide. Far hans var bror til Untamoinen, ein herskesjuk barbar. Han brenn ned Kalervos gard og tek kona hans til fange. Det verkar på oss som Kalervo er daud. Kullervo fødest til fangenskap. Namnet tyder “hermann”, han tykkjest skikka til det. Ovleg sterk og velbygd, dugeleg i arbeid og venta bli storkar. Men destruktiv frå fyrste stund. Han kved som knestor gut:
“Fyrst eg fær litt større styrke, noko meir med kraft i kroppen
hemner eg at dei felte far min, volde mor mi tårin mange.”
Untamoinen ser ættarbanen sin. Han gjer alt for å drepe Kullervo, hiv han på sjøen, brenn han og heng han, men guten er usårleg. Så freistar han ale han opp etter beste skjønn på garden sin, men Kullervo står imot. Alt han tek i øydelegg han, og blir snart sendt vidare til Ilmarinen. Der skal han tene som gjetar. Men husfrua er ei vrang kvinne, ho bakar stein i Kullervos brød. På dette knekkjer kniven hans, det eine han har etter far sin. Atter ser helten raudt. Han hiv husfrua til bjørnane, og tenkjer seg i veg for å drepe Untamoinen. Han klagar til maktene:
“Gode Gud i himilhøgdi, aldri meir so må du skapa
noko barn so armt og einslegt, eit som er so heilt åleine,
like farlaust, like morlaust, like hjelpelaust på jordi,
som du heve skapt meg arme, heve gjort meg lykkelause,
som må liva lik ein lunde millom måsar på eit havskjer!
Soli skin’e då på svòla, for gråspurven stig’e gryet,
gledast fær kvòr fjukand fuglen, eg må aldri skoda soli,
aldri røyne ei solrenning, ikkje minste glytt av glede.”
Men akkurat då, når alt er som svartast, møter han ei kvinne. Ho fortel han at foreldra lever, dei sit åleine ein stad i Lappland. Han går og går og finn dei til slutt. Gleda er stor ved attersynet, men nye farar truger. Mora fortel om syster hans, som Kullervo aldri har møtt. Ho forsvann i øydemarka ein gong for lenge sidan. Så ein dag er han ute og arbeider på markene, der råkar han ei ukjend møy “prydd med koparspenne”. Han vil ha henne opp i sleden sin. Ho nektar, men Kullervo lokkar med gull. Slik held tragedien fram. Møya er hans eiga syster, det får han vita for seint. Når ho skjønar kva som har hendt, spring ho i veg og kastar seg i fossen. Kullervo mæl på det gamle:
“Mykje betre ha’ det vore eg var aldri fødd og fostra,
var kje komen hit i heimen, ha’ kje gjenge her på jordi.
Den gong sikta dauden gale, råka ikkje rett den venda
som han drap kje meg med same då eg var tvo nettar gamal.”
Han møter forståing hjå foreldra, som vil han skal gøyme seg og sidan attervende. Dei er glade i guten sin. Men:
“Ikkje reiser eg som rømling, gjev meg kje i veg til gøyme.
Eg gjeng fram mot Tuonis tanngard, gjev meg av til Daudens dyrnar,
dreg i veg å vitje valen, der dei sterke kjempun stupar.
Enn stend Untamo på føtan, illmennet er enn i livet,
faderssåri er uhemnde, moderstårin ubetalde;
heller ikkje hev eg gjeve løn for slikt, eg sjølv fekk lide.”
Han ser altså rota til tragedien, er bitrare no enn før, men rår ikkje med eigne kjensler. Så fer han i veg og utslettar Unto-ætta. Ved heimkomsten er mor, far og dei andre syskena hans longo daude. Då drep han seg sjølv der systera drap seg. Vismannen Väïnämöinen får avslutte:
“Ikkje skal den ætt som kjem’e, lata ein liten få si fostring
hjå ein duglaus, framand huslyd, folk som fostrar vrangt og vride!
Barnet som er vitlaust vogga, guten som er fostra gale,
fær kje sidan lag til fata, veks seg ei til vit og visdom
hoss lenge han enn liver, hoss stor han vert i styrke.”
Vi tykte det var viktig de fekk høyre denne soga. Ikkje berre er det basis i finsk kultur, meisterleg attgjeve på eit høveleg telemål, men òg ålment, slikt som vil gjenta seg i nye former gjennom all framtid. Han er uråd å oppdaga, men Kullervo finst i mennesket. Likevel - no er det altså jul. Lat oss heller nyte Kalevala som rein underhaldning, kanskje med ribba i omnen. Ha ei fin høgtid vidare.
Leave a Reply