Bridge med ein …

5 December, 2007

Vi har før nemnd Grøtheim, ein kis i heimbygda. Ganske bra bridgespelar òg. Fæl til å spekulere, men ikkje utan teft. I haust vann han ei tevling i Kina, og no har bridge-Noreg så smått lagt merke til denne spesi typen. Han fekk såleis førespurnad om eit lite representasjonsoppdrag i hovudstaden, men vanta makker. Han høyrde med Orgen og Stavs og dei andre typane oppi hogget, men det kræsja med klubbkveld på Berkåk. Då ringde han oss til slutt, vi takka velvillig ja. Så fekk vi høyre om feltet

Toralv Maurstad, Carl Ivar Hagen, Ivar Dyrhaug … Vi trudde vi kjende kvar bidige bridgespelar i landet, så dukkar hei dundre oss desse tri framande opp i salen. “Noobs,” tenkte vi, og ville helst reise heim. Vi driv ikkje rørebridge. Men, men, var ein fyrst komen så langt, fekk ein venteleg unngå skandale og fullføre prosjektet. Berre 14 spel lell, og makker var som sagt brukbar. Etter kvart skjøna vi jamvel føremålet; det var nemleg eit valdsamt presseoppbod kring desse tri nybyrjarane. Forbundet hadde sikkert stelt det til som eit PR-stunt i rekrutteringskampanjen. Men oss, korporasjonen framfor nokon, vill dei ‘kje tala med. Det var då vi fekk lyst til å rule. Noobs‘n lyt tuktast. Dei gamle er framleis eldst.

Så tok vi plass mot denne Dyrhaug. Han var temmeleg ivrig, til og med då Grøtheim trekte boka si opp av hatten: The Viking Precision Club. Han fekk henne med seg heim. Sjølve sver vi til naturlege metodar, og tvinga makker til det same. Då fekk han testa sin sunne fornuft; vår var som venta intakt:

10
Ax
Axxx
Qxxxxx

AQx
Kxx
KQJ10xx
A

Glenn sat nord og ville opna i lagtevling. Med sine 10 punkter sa han likevel pass. Så gjekk det pass til oss i sør, vi hadde for så vidt òg nokre alternativ. 2 grand, som ein annan freista, var rett nok ikkje mellom dei. Nei, vi fall ned på 1 ruter, 12-19 punkter og 3+ ruter. No melde makker 3 spar, det tolka vi som naturleg og gjekk i 4 ess i Blackwood. Makker hadde to, vi rekna med sparkongen i tillegg og la han i 7 ruter, som verka tryggast. Bordet sjokkerte oss, men heldt til heimgang.

               Kx
               Axx
               AQx
               KJ109x

J                              108xx
KJ109xx                xx
10xx                       Kxxx
Axx                         xxx

              AQ9xxx
              Qx
              Jxx
              Qx

Vi sat vest i ugunstig sone og opna 2 hjarter. Det hadde vi til. Opning 2 ruter ville typisk synt den same handa med ein hjarter og sju punkter mindre, eitt av fåe innslag Grøtheim fekk adoptere frå sin heimesnikra kråkkløver. No gjekk det 2 grand inn frå Dyrhaug, før 4 spar frå makkeren avslutta meldingsforlaupet. Dei hadde fått det på rette handa, men det hjelpte ikkje stort. Vi sørva ein ruter. Den skulle speleførar så klart bruka esset på, men la ein liten og sleppte makker inn. Han vreid oppskriftsmessig hjarter, som gjekk til dama, kongen og esset. Spar konge som felte knekten og spar til … dama. I dette tilfellet var det meir enn mogleg å gisse sitsen, men sør hadde trumfreduksjonen som naudløysing. Vel, vi fekk sjå på dét. Han heldt upresist fram med ein hjarter. Det stikket laut vi for så vidt få lell, men sjå kva som hende no: Vi spela nok ein ruter for å maltraktere bordet. No kom hjarteren til steling og kløver dame til esset vårt. Ein siste ruter drap planen. Han hadde framleis tri trumf på neven, og laut såleis stela tridje kløveren og gje makker på spar ti. Éi utruleg beit.

Det var med andre ord ikkje umogleg å få punkter i dette selskapet, lell om nokre deltakarar haia ganske aktivt. Hagen, til dømes, heldt fylgjande hand:

AKxxx
Jxxx
AQ
Kx

1 spar tykkjest aktuelt, men Hagen talde 17 og opna 1 grand. No melde makkeren spar og Hagen gjekk i utgang. Det stod. Men han uffa seg i ettertid: “Skulle kanskje prøvd granden …” Jau, det ville Siv gjort! Også Maurstad hadde lærd nokre partevlingstriks:

xxx
Axx
Qx
AJ98x

Makker opnar 1 spar i fyrste hand, alle i sona. Pass og din tur. Sjølve melde vi 2 kløver, som i realiteten kravde til utgang. Over 2 spar frå makker hoppa vi til 4. Mot

AQxxxx
K
AJx
Qxx

stod det faktisk slem. Sparen sat jamt med kongen i kutt. Men Maurstad får stilpoenga. Skal ein fyrst brenne slemmen, kan ein like godt brenne utgangen òg. Han passa 1 spar. 230 og 680 er same saka.

Etter ein velfortent siger gjekk vi på restaurant med Grøtheim og studerte hovudstaden. Ein merkeleg by, det lyt vi seia. Heime kjem kelneren til bordet og tek opp tinging, her sat vi ein halvtime og glana før vi freista gå til kassa. Men middag vart det, ein utsøkt kylling og ymse attåt. Vi takka for maten og sidan for oss. Så får vi sjå om Dyrhaug kan relea neste gong.

Et Svar to “Bridge med ein …”

  1. Spit said:

    Visst fanden kunne ein skimte kjentfolk i innslaget på frukost-TV. Kjendisane var sers audmukje på eigne vegner, men C.I. Hagen viste iallfall glimt av forståing da reportaren spurde om han hadde gode kort: “Det kan jeg ikke si, for nå skal vi straks begynne å melde.”
    Eg trur Darwin P. Erlandsen hadde hatt nokre velvalde ord både til arrangementet og reportaren.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image