Julebord i bua
18 December, 2007
Jula er visstnok julebordsesong. Sjølve er vi lite røynde med den slags stell, men vart like fullt inviterte då studentbridgeklubben sist laurdag baud til lag på Krambua. Med noko over tjue kroner på konto, kunne ikkje klubben nettopp dekkje utgiftene. Men jamvel vi slo på stortromma og unna oss ein juletallerken, om ikkje anna i godt lag.
I forkant var vi hjå Grude, der fekk vi tid til ein juledurak. Verten sjølv deltok, men utviste ein skremmande mangel på etikette. Dette blir hovudmoment på neste kurskveld. Bogen og Johansen spela som vanleg, vi hadde uflaks og scora heller labert. Så ramla både det eine og andre av kjentfolk inn døra, staseleg kledde og greier og greier. Eide, Berg, Liv- og Nilsgård, den same gamle regla. Langt om lenge byrja turen bort til bua, der julestemninga stod i taket. Vel, sume gjorde alt dei kunne for å spolere henne, men det var inga overrasking. Forfot hadde åtvara på førehand, det skal han iallfall ha. Vi hamna sjølvsagt like jamsides grisen, men bestemte oss for ikkje å la han øydeleggje.
Det var elles eit langt og fullteikna bord. Dei aller fleste vi forventa å møte, innfann seg i sedvanlege positurar. Så fekk dei maten og breidde seg ytterlegare ut. Sjølve tok vi den klassiske ribba, nokre fåe pinnekjøt og endå færre lutefisk. Dei om det. Godt smaka det iallfall, vi hadde sjølvsagt sveltefora oss ein månad i forvegen. Grude, derimot, åt sitt daglege spann julegraut berre timar tidlegare. Endå var ho yndig i kjole, det same kan seiast om skreppene generelt. Andreas Gran, til dømes, hadde med seg miss Kvikkjokk 99, ho briljerte jamt over. Eit naturleg midtpunkt, såpass kan vi seia. Lunna kom òg med frua, likeins Krogh. Søte par. Aal og Kippe, derimot, stilte einsame. Så var det Forseth, Guttormsen og det selskapet der, Espen Lindqvist, Fredd Kristiansen og fleire moromenn. Dessutan eit par lovande nybyrjarar, det vart nok ein lærerik aftan for desse. I grunnen ikkje mykje vi sakna, anna kanskje eit slagsmål. Lindqvist gjorde for så vidt tillaup då vi sjikanerte fotballaget hans, men tagna kjapt for eit rettleg Skalmerås-tryne. Apropos Skalmerås, hans fråver var trykkjande heile kvelden. Dette kan arrangementskomiteen med føremon leggje seg på minne, ei slik tilstelling tek aldri heilt av utan Tommy. Men ikkje for det, det kom mange fine bidrag undervegs. Ivar Berg las Sande på hugsen, broren Erik og Livgård parerte med noko meir vulgære produksjonar. Sånn skal det venteleg vera, kva veit vi.
Slik heldt det fram ei lang stund, og godt var det. Så tok det slutt, godt var det òg. Vi nøysame treng fyrst og fremst askesen vår fram mot julaftan. Når vi likevel skriv denne reportasjen, er det for å blidgjera dei som utevart, så som lesaren og Haugen. Sistnemnde var på oss tidleg sundag morgon, med førespurnad om slarv frå det store julebordet. Men vi lyt altså skuffe han, alt gjekk føre seg i rimelege former. Nettopp difor passa det oss godt, vi stortreivst i den dunkle bua. Ingen musikk som overdøyvde samtala, ingen diskokuler og endå mindre ecstasy. Framfor alt: Fåe framande. Vi likar folk vi kjenner, som vi veit kor vi har. Ta Kippe, til dømes: Vi kunne føresagt at Kippe kom til å innta kengurupositur; det gjorde han òg. Ingen skitne overraskingar. Lat dykkar eiga jul bli likeins, full av staute tradisjonar.
Leave a Reply