Du heilage jul

25 December, 2007

Så kom då jula til avgrunnen òg. Vi har ikkje tal på alle dei klementinane vi har ete i det siste, men bittert smaka dei i alle fall. Så er det peparkaker då, fattigmenn og fiken. Det legg seg som skodde i hugen vår. Jau, vi har verkeleg avreagert denne veka, etter ein lang og strabasiøs haust med vedvarande komplikasjonar. Så skal pliktene gjerast, grauten kokast og gåvene handlast. Gleda ved å gje er essensen i jula; helst gjev vi katten. Men dei som forventa det, dei fekk sine tilmålte smular. Det inkluderte då korkje lesaren eller Bogen. Folk flest skal vera glade vi toler tryna deira, serleg no i jula. At gåver kjem i andre leida, derimot, skjønar vi ovleg godt. Heile året har vi rula - lat det då, om ikkje anna, synast under juletreet.

Dei fleste gåvene har lokalt opphav, men eit høgdepunkt er alltid sendinga frå Trengereid. Der bur Hofsæthers, ein stor familie av lodd- og skinnseljarar, som vi lærde i kjenne i ungdomen ein gong. Kvar jul får vi pakke derifrå, i år var det jakke og brok. Rimeleg gildt, det skal seiast. Så opna vi kortet, og kva las vi der? Vel, folkens, lykka er forgjengeleg: Vi har mist fleire vener. Benito hugsar de, han døydde i november. Like etter, fekk vi vita, fylgde Fana-bonden, sjølve godkaren. Kjeldresskledd og nedsnødd, men ikkje utan sjarm. Daud av elde, knappe 90 år. Rolfen, ein ufeilbarleg fotballtippar, daud av kreft. Og Myramunken, kjend som Spritreven? Midt i sin beste alder, sprek som ei fjellgeit, ramla ned trappa og slo seg i hel. Tygg litt på den, nidingar. Det er jaggu ingen spøk å vera oss. Vi kjenner nesten alle, og alle vil kjenne oss. Vi bind oss til dei. Så, når dei plutseleg forsvinn, sit vi der som dårar med skjegget i postkassa. Apropos postkasse, om ei veke er det nyttårsaftan. Vi har motteke eitt, eit einaste eitt, løysingsforslag til julereisa. Ivar Berg har svara oss. Malvin Gimse har freista, men såg ikkje lyset. Alle andre, som vi tok det for gjeve ville støtte denne saka, dei sit og nektar. Gjer ingenting, fjasar jula vekk for seg sjølve og oss. Slangar og ormeyngel! Det er ei skam.

Grev vi litt djupare i den korporative julesnøen, finn vi mang ei interessant gåvepakke. Serleg lika vi nokre bøker, dei fekk vi av den gamle mor vår. Islandsk etterkrigslyrikk, det blir spanande. Med meir. Haugen har skulda oss for fåe og låge bokmeldingar, men no skal vi rettleg briljere. Berre vent. Så var det luggar og lakris, og ein ny dingseboms til kameraet. Om mogleg skal vi gle dykk med bilete, vi får sjå kva teknikken tillèt. Ikkje minst fekk vi nokre stålar, eit viktig bidrag til den slunkne kassa. Det held til salt i kaka også neste år.

Når denne epistelen kjem noko seint på trykk, har det sine naturlege årsaker. Vi feira julaftan i familiære sfærar, just som folk flest. Det balla på seg med ribber surkål. No, dagen etter dagen, har vi derimot god tid. Tid nok, faktisk, til å tenkje på folket, våre mange fans og groupies. Vi byd inn til juletrefest i kjellaren femte juledag, gratis inngang. Du og dine er hjarteleg velkomne. Vi takkar for oss i denne omgang, med ynskje om ei gledeleg jul til alle lesarar - beint ut dumme som ofseleg feite. Så rundar vi av med eit høveleg vers. Frå Jem Finer og Shane MacGowan, “Fairytale of New York”:

You’re a bum,
you’re a punk,
you’re an old slut on junk,
lying there almost dead on a drip in that bed.
You scumbag, you maggot,
you cheap, lousy faggot -
Happy Christmas, you arse,
I pray God it’s our last.

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image