Fyrste sundag i advent, vi tenner grana og tenkjer på Kristus. Skulle gjerne tenkt meir på han, sunge salmar og lese vers, der finst det mykje å læra. Lell har vi storleg skuffa; vi bruka hausten i anna lag. Vel, Kingo fanst på pensum. Men langt mindre enn Håkon jarl, ymse berserkar og tallause æser. Den tids nordmenn var eit villfare folk reint religiøst, men endå i det eldste av heidendom finst mange fine stykke som har halde seg glimrande. Eit vi las på originalspråket, var den kjende soga om Balders daud. Vi er faktisk overlag interesserte i mytologien, og skal difor gje dykk ein liten repetisjon av denne heilt spesielle og usedvanleg viktige hendinga. Serleg artig var det å få henne på eksamen, representert ved eit utdrag av Snorres Gylfaginning. Vart kos då, nesten som på barneskulen att. Men så langt hugsar ikkje de, vi får ta det frå starten.

Odins son Balder, det næraste vi kjem ein norrøn Kristus. Lysare og fagrare var ingen ås, langt mindre noko menneske. Alle heldt Balder høgt, alle forutan éin: Odins blodsbror Loke, jotun av opphav, men rekna mellom æsene. Skal vi fullføre den kristne analogien, er Loke sjølve djevelen, for det meste lystig og harmlaus, men heilt utan hemningar. Balder tek til å drøyme, “drauma stóra ok hættliga um líf sitt”. Æsene uroar seg og går saman for å tenkje. Dei vil at alle ting - “eldr ok vatn, jarn og allskonar malmr, steinar, jǫrðin, viðirnir, sóttirnar, dýrin, fuglarnir, eitr, ormar,” - skal sverja ikkje å skade han. Og dette gjer dei; ingen vil Balder vondt - anna framleis den eine, Loke Lauvøyson. På skjemt byrjar æsene skyte på Balder, kaste stein og hogge han, men allting prellar av. Loke ser det og går til Frigg, “ok brá sér i konu líki,” - kledd i kvinneham. Han spør om det verkeleg er slik, at alle ting har gjeve dette løftet. Nei, seier Frigg, det finst ein liten misteltein vestom Valhall ein stad. “Sá þotti mér ungr at krefja eiðsins.”

Loke handlar raskt. Han riv opp mistelteinen og lagar ei pil av han. Så finn han Hod, Balders blinde bror, som står i utkanten av leikarringen, gjer ingenting. Loke spør om ikkje han òg vil delta, han kan få pila, så skal Loke sjølv syne han kvar Balder er. Og Hod, uvitande om faren, skyt. Balder døyr.

“En Óðinn bar þeim mun verst þenna skaða sem hann kunni mesta skyn hversu mikil aftaka ok missa ásunum var í fráfalli Baldrs.” Altså, Odin, den visaste av æsene, skjønar best kor lagnadstung hendinga skal bli. Ho varslar ragnarok. Men enno kan inkje hemnast, “þar var svá mikill griðastaðr.” Det vil seia, Valhall er fristad.

Nanna, kona til Balder, døyr av sorg. Dei blir brende i lag. Æsene sender Hermod, ein annan av brørne hans, ned i dødsriket for å freista hente han. Men Hel er vrang: Berre om alle ting, menneske som dyr, daudt som levande, alt det som i si tid sverja skåne han, no græt for Balder, skal han atter få fridom. Så byrjar dei då, går frå hus til hus og plante til plante. Allting græt. Men høgt på eit berg sit ei gamal kvinne, gygra Tokk. Eller, om ein vil, Loke i endå ein ham. Han seier kaldt:

“Þokk mun gráta
þurrum tárum
Baldrs bálfarar.
Kviks né dauðs
nautka ek karls sonar:
haldi Hel þvi er hefir.”

“Tokk mun gråte / tørre tårer / for Balders bålferd. / Levande, daud, / eg elska han ikkje. / La Hel halde det ho har.” 

Det gjorde ho. Odin får sonen Våle med jotunkvinna Rind, han skal drepe Hod. Slik er skikken. Men Loke får òg betala: Dei bind han i tarmane til sonen Narve, langt unna folk i Utgard. Der skal han liggje til domedag. Ein orm drøyper eiter mot panna hans, kona Sigyn sit jamsides med eit fat. Ho held det mellom Loke og ormen, så blir han ikkje treft. Men kvar gong ho vender seg og tømer det, råkar eiteren Loke. Då rykkjer han til så jorda skjelv. Og Balder? Han sit i Hel og attervender aldri - ikkje før etter Ragnarok, på ei ny jord. Då har han bror sin med seg, endeleg sjåande. Der endar då soga.

Jau då, berre le

2 December, 2007

Ja, så var jula komen på nytt. Dette kravde feiring, tenkte Kjellaren. Men som vanleg når klovnane feirar, endar andre opp med låtten. Denne fyrste adventshelga var eit ekstra skremmande døme.

Fredagen drog vi ned til Kristiansen for nokre kjappe brus i sofakroken. Vi var lova både jenter og song, men songen var gaul og jentene løgn. No vel, verten kompenserte med sitt eige vinnande vesen. Og Gaustad var der, som vanleg permittert frå miltæret. Etter kvart gjekk vi ut “på livet“. Men ikkje før ha’ vi freista éin utestad, så pælma dei oss vidare til neste. Sjarmøren Kristiansen briljerte, men endå mange kvinner vart varme av nærveret hans, rakk han ikkje meir enn gripe etter dei, som oftast hardt. Ein kveld som vanleg.

Nok om det, neste dag var det divisjonsspeling i dameeliten, ein gyllen sjanse for unge oss. Vi vart med Eide og trefte dei i baren. Berre panserbabes der, for å seia det slik. Inkludert Åsmund Forfot. Vi var verkeleg på hogget og spela jamvel interesserte då egga kom for dagen. “Jau, det er klart, dame, knekt kunne jo sete singel … Nei då, 1700 var ikkje unaturleg på dei korta der …” Utan suksess. Så vi gjekk og trefte Gaustad i staden. Verdas verste fyr var nok ein gong med, og dessutan ein tridje Erlend, den såkalla Mongo-Erlend frå Inntian. Fyren har hovud som ei pære, derav namnet. Men han skjemst ikkje sjølv, og presenterer seg jamvel som Mongo-Erlend for framande. Vel, vi resignerte heilt og forlova oss med denne fyren. Vårt eige kjønn er ikkje vidare definert, så det kan vi gjera utan nemneverdig trøbbel. Gaustad er forlovar, Feiten toastmaster og Kristiansen prest. Bryllaup på Titran, flesk og ball til middags.

Mongoen kjende sterkt for å feire hendinga. Vi gjekk på familiestaden Mormors, der kjøpte han vin. Men det kom ikkje oss til gode. Han drakk rett av flaska og heldt henne fast, eit triks lærd av Kristiansen. Men staben uglesåg oss, så vi flytte oss heller vidare - til Credo, ein fasjonabel stad i hjarta av Trondheim. Diverre litt for fasjonabel, den blyge mongoen gøymde seg under bordet i Kristiansens fang. For så vidt bra, så slapp han bli kasta ut. Men oss som ektefeller skuffa han. Vi freista bli kvitt han etterpå, då velta han Gaustad og dengde oss i veggen. Deretter hyla han, høgt og klårt som på holmane heime. Vi sprang for livet.

I skrivande stund er vi tvilande til heile ekteskapet. Vi veit rett og slett ikkje om mongoen er den rette for oss. Han har mange kvalitetar, men kommunikasjonen oss imellom funkar dårleg. Vi seier éin ting, han gjer det motsette. Vel, vi tek jula til hjelp. Kan hende han gløymer oss.