Ja, du er nøtt: Sluttord
1 January, 2008
Korporasjonen Kjellaren vakna tidleg fyrste nyttårsdag, utkvilt og motivert for nok eit arbeidsår. Vi er byrge når vi proklamerer, at her vart ikkje éi krone bruka på rakettar og krimskrams, ei heller sendt til fattige og halte - alt gjekk i klubbkassa. Nyttårsaftan feira vi spartansk, romjula likeins. Vi er fyrst og fremst kvardagsmenneske, og gler oss til å byrja arbeide igjen.
Which reminds us, sume har arbeidd i jula òg. I går såg vi endeleg fruktene. Ytterlegare fire svarsett vart sende inn til nøttekomiteen vår, som høveleg innan fristen. Dette gler oss storleg. Vi frykta den same fadesen no som før, der Berg og Reistad berre hadde gudane å tevle med. Men i 2007, mot alle odds, gav folket sin respons. Menneske av kjøt og blod, som dei seier. Dette bar svara preg av, men innsatsen var langt betre enn ein kunne venta i Noreg av i dag. Folk har ein tendens til å resignere ved den minste utfordring, men her har dei verkeleg stått på og gjort ein innsats. Utanom Berg, då sjølvsagt, som tok det meste på refleksen. Det blir likevel spanande, for her kan allting skje.
I tillegg til nemnde Berg, bonden frå Meldal, og den austlandske sinologen Reistad, svara fire blad Grude. Vesle Tor Eivind og mor Marian samarbeidde og sende eitt sett. Mora bruka rutinen, guten datakunnskapen. Eller som Marian sjølv sa det: “Han ha såtti å søkt på datann og bala, mens e ha såtti å sitt og sagt “Sjå på dæ, sjå på dæ, sjækk dæ, sjækk dæ …” D e han som ha vårri datamainnen.” Eit anna sett kom frå Hilde Grude Borgos, kusina til Liv Marit, og ektemannen hennar, Jan Terje Kvaløy. Hyggeleg med nokre nye andlet. Sist, men ikkje minst, kreka Bogen inn eit svar. Over MSN, sjølvsagt, han orka ikkje anna. Vi hadde ikkje heilt trua, men han meinte det vart enkelt: “Så e eg ganske så go åsså da, såe … binok mang rette. Me mindre du diskopp sånn der spm om ett eller anna idiotisk om ett eller anna hattifnattland, Usbekistan ellernå. Høgste fjelle der, f.eks., da e man på tynn is.” Men som han sa: “Regnme d deles ut stilpunkter òg.” Ja, kanskje det, kanskje det!
Som vanleg tek vi ein systematisk gjennomgang av spørsmåla, ser på svara til dei einskilde og oppsummerer avslutningsvis. Noko var smått diffust, vi skal freista forklåre så pedagogisk som mogleg.
Spm. 1: Egge. Garden ligg i Steinkjer. Olve på Egg var ein kjend mann, han gifte seg med Sigrid Toresdotter, men vart ulykkelegvis drepen. Av sjølvaste heilag Olav, som i god kristen tradisjon gav kvinna ein ny ektemann, Kalv Arneson. Han og svogeren, Tore Hund, valda kongen banesår på Stiklestad. Fullt fortent. Dette visste alle, med unnatak av Bogen. Han svara blankt.
Spm. 2: Vitebsk. Målaren var Marc Chagall, ein personleg favoritt. Jøde er han òg. Her var det mange forslag. Frå Grude-ætta kom Wrocław i Polen og Šiauliai i Litauen, der vi faktisk har vore. Reistad freista Odessa, det likna ikkje sanninga. Bogen svara blankt. Berre Berg hadde rett, han tek såleis leiinga.
Spm. 3: Tunguska. Interessant hending, det der, og alle skjøna teikninga. Vel, Bogen svara blankt.
Spm. 4: Ismoil Somoni-toppen. Litt varierande stavemåtar her, men vi godkjenner det meste. Fjellet ligg iallfall i Tadsjikistan. Bogen svara blankt, han heng litt etter no. Dei andre visste kva dei dreiv med. Reistad får stilpoeng for kyrillisk.
Spm. 5: Chagos-arkipelet. Desse yndige øyane har ei interessant soge, vi er overlag spente på framtida. Bogen svara blankt, resten hadde rett.
Spm. 6: Thimpu. Vi spurde etter hovudstaden i Bhutan. Med unnatak av Bogen, som svara blankt, visste alle kva det handla om. Men Reistad var kjapp og skreiv “Bhutan”. Vel, vi lèt tvilen koma han til gode, det var nok berre slurv.
Spm. 7: Vientiane. Elva var Mekong, stupaen heitte Pha That Luang. Bortsett frå Bogen, som svara blankt, hadde alle riktig svar.
Spm. 8: Ryugyong Hotel. Eit staseleg, men aldri heilt fullførd bygg sentralt i Pyongyang. Reistad og Berg svara aldeles korrekt, men Grude-ætta laut ha trudd det var byen vi spurde etter. “Pyongyang”, svara dei. Når vi godkjende Reistad sitt svar på spm. 6, lyt vi vel akseptere dette òg. Men vi likar det ikkje.
Spm. 9: Attu, AL. Vi skulle rimelegvis til Aleutane, den lange øygruppa i det vest- eller austlege Alaska, alt etter som ein ser det. Datolina ligg i lendet. Berre Bogen svara blankt, dei andre tok det glatt.
Spm. 10: Dawson Creek. “The Capital of the Peace” ligg nær Peace River i British Columbia, men har ingen samanheng med ungdomsserien Dawson’s Creek. Dette visste publikum, som vanleg bortsett frå Bogen. Reistad var diverre litt upresis, og føydde til genitivs-s-en i svaret sitt. Det gjev minus i mergen.
Spm. 11: Aberdeen, WA. Kurt Cobain laga songen “Something in the Way” om opphaldet under brua, på plata Nevermind blir låta fylgd av den uannonserte “Endless, Nameless”. Dette visste Reistad og Berg, men båe Grude-konstellasjonane var diverre på villspor. Dei skreiv “Grand Rapids”, heimbyen til Anthony Joseph Kiedis i Red Hot Chili Peppers. Dei har då to feil og éin tvilsam, Reistad berre éin feil, men dertil to tvilsame. Bogen er i trøbbel, han svara blankt på nytt. Berg tykkjest usårleg så langt.
Spm. 12: Phoenix, AZ. Vår før omtala favorittartist Nick Cave covra den kjende songen “By the Time I Get to Phoenix” på plata Kicking Against the Pricks. Her trødde Bogen til: “Vavel på 12/13 ellernå. Føniksn.” Det visste nok dei andre òg, så han stikk ikkje veldig ifrå. Men gratulerer til Bogen, eit velfortent punkt ærleg opparbeidd.
Spm. 13: Iquitos. Byen ligg midt i den peruanske regnskogen, heilt utan vegforbinding. Det fann dei fleste ut av. Men ikkje Bogen, som retretterte til sine sedvanlege blankliner.
Spm. 14: Shag Rocks. Denne fall seg vanskeleg. Ekteparet Borgos og Kvaløy påpeikte som sant er, at øya Cormorant Island strengt teke er kalla opp etter skarv, men vi spurde etter “øyar”, altså fleirtal. Så føreslo dei Crozet-øyane og Macquarie, som strengt teke har same namn som to skarvartar. Men i dette høvet er fuglane oppkalla etter øyane, ikkje motsett. Crozet og Macquarie var personar. Det som burde avslørd oss, var nok bruken av ordet “skjer”, som kom etter kvart. Macquarie, til dømes, er ei nokså stor øy. Shag Rocks, derimot, er verkeleg skjer, berre nokre svarte steinar midt på havet. Reistad var heilt på bærtur, han svara “Tristan da Cunha”. Berre Berg greidde prøva, Bogen passa på nytt.
Spm. 15: Axum. Vi leitte etter paktarken, som nokre etiopiske kristne hevdar ha ståande i eit kapell nettopp i Axum. Det visste alle, sikkert Bogen òg. Han svara like fullt blankt, venteleg for å tøffe seg.
Spm. 16: Tsjadsjøen. “1500 m2”, skreiv vi, altfor kjapt. Det skal sjølvsagt vera km2, noko det velutdanna ekteparet Grude Borgos Kvaløy var kjappe med å påpeike. Vi bed om orsaking. Men bortsett frå Bogen, som svara blankt, hadde alle rett. Det forventa vi strengt teke.
Spm. 17: Pine Gap. Her var vi i den australske ørkenen, nær småbyen Alice Springs. Satellittstasjonen heitte altså Pine Gap, det visse dei fleste. Men Reistad, stakkar, hyla “Smolensk”. Vi veit ikkje kor han tok det frå, men feil var det iallfall. Dette kan bli alvorleg for lesaren, for no ligg han meir eller mindre likt med kystsamane. Bogen svara blankt.
Spm. 18: Antipode-øyane. Det finst så mange antipodar, men berre desse har namn etter posisjonen. Bogen svara blankt, resten trefte blink.
Spm. 19: Ballybricken. Men vi godkjenner Limerick, som ligg i nærleiken. Ei litt hard nøtt, di meir det gler det oss at så mange greidde henne. Alle, faktisk, bortsett frå Bogen, som i kjend stil svara blankt. Artisten var rimelegvis Dolores O’Riordan, tidlegare frontfigur i The Cranberries.
Spm. 20: Ulvik. Denne skuffa oss litt, vi trudde Olav Hauge var ein kjend mann, ikkje berre for Ivar. Men både Grude-ætta og Reistad svara “Jølster”, som rett nok òg har nokre frukttre, men fåe lyrikarar å skilte med. Bogen kompletterte lista med sitt nittande blanke felt.
Dette gjev fylgjande utsyn: Både Reistad og familien Grude hadde fire feil og eitt upresist svar, så dét går opp i opp. Men Reistads halvfeil på spm. 10 gjer at resultatet likevel tippar i Grudes favør. Dei tek då andreplassen, med 16 poeng eit godt stykke attom Ivar Berg, som ikkje berre hadde tjue rette, men dertil briljerte med ei stor mengd ekstraopplysningar. Reistad tek tridjeplassen, medan Bogen, trass i tallause stilpoeng, definitivt underskriv lista. Altså: Berg får gevinsten sin som lova, ein heilaftan i kjellaren med valfritt fylgje. Når det gjeld andrepremien, dei 10.000 kronene, har vi noko av eit problem. Det vart jo ikkje éin, men fire om denne vesle summen. Skulle vi delt han mellom dei, ville ikkje den einskilde fått stort meir enn smular. Det blir difor inga utbetaling. Gryna går opp i … spinninga. Men heider og ære, det får dei plenty av - Hilde og Jan Terje, Tor Eivind og Marian. Og skulle dei forville seg til Trondheim, er dei sjølvsagt velkomne til ein pow-wow i kjellaren. Reistad mottek ei t-skjorte, signert sekretariatet med staseleg skrift.
Korporasjonen Kjellaren vil ynskje dykk alle godt nytt år, og takke deltakarane så mykje for innsatsen. De har imponert. Velkomen attende i påska, til nye nøtter og blanke ark.
2 January, 2008 at 08:41
Er nokon overraska? Neppe! Ein er da ikkje ein ekte scolasticus for inkje.
Eg lyt likevel vedgå at Shag Rocks ikkje kom av seg sjølv; det tok litt tid å komma på at engelsk faktisk har TO ord for ein skarve fugleart.
Reistad: Du skuffa meg verkeleg no.