Sei A, sei B

9 January, 2008

Vi har spela vårt av julebridge, men er godt nøgde når dei meir ordinære tevlingane no byrjar på att. Heimdal og Stud er godt i gang, og seinast i går var det krinskamp. Vi tenkte stå over fyrste halvrunde, då Forfot insisterte på å spela. Men utpå ettermiddagen ringde han og hevda lide av svevnløyse. “Så de får vikariere,” sa han. “Kanskje eg kjem til andre helvta.” Som sagt, så gjort; vi stilte gladeleg opp.

Motstandaren var det dyktige Livgård-laget, med ankerparet Livgård - Eide ved vårt bord i fyrste halvrunden. Allan “Baywatch” Livgård er nesten like populær som oss sjølve, vi sette oss difor i lukka rom, utom rekkjevidde for autografjegerane. Makker var Simonsen, framleis rasande etter spelinga kvelden før, der vi tråkka på ein utgang. Så kom fylgjande thriller, då tagde han endeleg:

AQJ
xx
AJ108x
AQ3

xx
AQ
96
KJ109862

Som nord opna makker i 1 ruter, vi melde 2 kløver med plan om å gjenta fargen. No kom jumpet til 3 grand, vi fylgde planen. Over vår 4 kløver kontrollmelde makker ruter og vi hjarter, før Blackwood og ein storeslemsinvitt parkerte oss i 6. Ruter sju ut frå Livgård. Vi spurde kva utspel dei bruka, og fekk det forventa svaret: “Kryptiske.” Tidlegare den kvelden hadde Eide underspela eit ess og sørva tia frå konge, knekt, ti fjerde, medan Livgård spela dama frå konge, dame, knekt femte. Så ingen ana kva rutersjua var. Visse teoriar kan ein like fullt produsere: Singel eller dobbel, det var det fyrste som slo oss. Båe delar verkar originalt etter storeslemsinvitten, men ser ein litt på tilhøva, er ruter nokså kritisk. Spar, til dømes, kan ein berre sleppe, om han ryk til kongen kaste ein ruter på spar og stela god ruteren med hjarteravkast. Det funkar jamvel med 4-2-sits. No kan ein derimot ikkje ta nokon sparkutt utan risiko for kjapp beit. Ein skal løyse ruteren med éin tapar og fire stikk, og spar ess kan ein trengje som inntak i bordet. Som vi skal sjå, blir hjarterkappen neppe noka løysing.

Vi bestemte oss for å tru på utspelet, altså anten singel eller dobbel. Fylgjeleg sit båe honnørane bak. I fyrstnemnde tilfelle er det dumt å sleppe ruteren, så vi stakk med esset i fyrste stikk. Vi la ned trumfesset og spela trumf til knekten. Han sat rundt. Så ruter ni til liten, liten og dama. Hjarter i skift. Korleis spelar du no? Jo, planen ser rimeleg ut: Opp på esset og trumf til dama, ruter knekt som får sigle om han ikkje blir dekt. I så fall er du føkka: Det var nemleg eit eksklusivt utspel, ruter sju frå konge, sju, liten. Det skapa ein illusjon vi saktens var fanga i. Heldigvis gjekk det annleis i praksis, for han stakk med kongen på ruter ni mot bordet. No kom sparen i vinden, og vi lika oss heller dårleg: Kva var så dette for lureri? Sjua frå kongen dobbel eller konge, dame fjerde? Vi satsa på det fyrste, stakk med esset og drog ruterknekt. Heldigvis kom dama på, vi kleima tolv.

Vi var langt frå feilfrie i denne kampen, men Livgårds ruterkonge skuffa mest. Er ein kul nok til å finne utspelet, bør ein greie å fylgje opp. Som rimeleg er, gjekk han rett heim etterpå. Inga feiring etter slike egg. Forfot, derimot, sat i baren, underleg kvikk til svevnlaus å vera. Øl drakk han òg, den jævelen, smilte og flira og kosa seg stort. Då vi konfronterte han med dobbeltmoralen, flira han berre meir. Så lat det med ein gong vera sagt: Dette året blir just som det førre, berre sintare. Vi skal sjikanere det utysket halvt i hel. Det same gjeld Simonsen - og Haugen! Kort sagt, eit helvetes år.

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image