Ein uheldig mix
13 January, 2008
Det er ikkje mange dagane sidan vi sjikanerte Allan Livgård. No kan vi derimot gratulere, høgt og tydeleg, han og makker Bodil Nyheim Øigarden med andreplass i det prestisjetunge KM mix. Ingmund Bjørkan og Hilde Meland fylgde eit stykke etter, medan vinnarane Reidun Bogen og Ivar Ræder var fullstendig usårlege. Vi ana ikkje at Reidun, Håkons eldre syster, hadde instinktet i seg. Men ein skal visst ikkje kimse av nokon i denne ætta.
Vi, derimot, gjekk på ein stygg smell. Makker Gerd Rakne spela stort sett stødig, men vart kanskje litt passiv i det lange laup. Vi kompenserte med eit par drastiske overmeldingar, førde korta suboptimalt og betala ut 800. Det var likevel ei nitriveleg tevling, med mang ein hyggeleg passiar i og mellom rundane. Fleire kjende mixstorleikar deltok, så som noregsmeistrane Sissel Sneve og Kjell Helmersen, dei tidlegare krinsmeistrane John Arthur Paulsen og Liv Marit Grude, Tåkeheimens Haldis Guttormsen og Hans Arne Forseth, gamlemor Aa og barnebarnet John Vegard og velkjende Ivar Berg og Tove Stoen. Ingen av desse nådde heilt opp, men bidrog til ei morosam oppleving. Det hjelpte at Simonsen var bortreist, Haugen heldt seg heime og Forfot, som visstnok hadde sett ein tusenlapp på korporativ siger, ikkje fanst å sjå. Vi er leie for tapet vi påførde han, men tykkjer ikkje han burde drive hasardspel i utgangspunktet. Vi har ikkje eingong nokre hender å presentere, utom kanskje den der Ivar spela inn Helmersen. Men ved nærare ettertanke innser vi, at dette potensielt kunne lesast som eit hån av Helmersen, noko vi absolutt vil unngå. Som han sa til oss då vi treftest denne føremiddagen: “Eg blir så glad når eg ser dykk.” Dette i motsetnad til våre meir jamaldra “vener”, som nyttar eit kvart møte til å rundjule oss - verbalt, vel å merkje. Men til saka: Korta var flate og keisame, dessutan skjemst vi og ynskjer ikkje utdjupe. Som vanleg er innan bridgen, var tevlinga i grunnen uinteressant sett i høve til den store etterfesten.
Som så ofte var det nettopp Livgård som inviterte, godt hjelpt av sambuaren Petter Eide, medan tridje innbyggjar i huset, Simonsen, altså var bortreist, sikkert i protest. Han er, som de veit, lite “festleg” av seg. Det vart etter kvart nokså folksamt i lokalet, men aldri slik at vi miste oversynet. Det var nokså lett å fylgje tråden i Våges utbroderingar, skjøna Paulsens aggresjon og Kroghs vitsar, lell om dei sistnemnde ofte krev litt tankegang. Han slo i bordet med ein ny ein: Fotballspelaren Vidar Riseth har ein far tilknytt blindeforbundet. Kva heiter denne? Jo, Harald Riseth. Vidare heldt Guttormsen ein liten leksjon frå sin eigen ungdom, då ho fungerte som ein slags stilfull junkie i det lokale bridgemiljøet. Paulsen, derimot, kommenterte karrieren som styrkelyftar, noko vi lydde sers ihuga til. Det store samtaleemnet er likevel bridgen, og mange spel frå fjern og nær fortid skulle dissekerast inntil det motbydelege. Eitt av dei som valda mest furore, var fylgjande med Morten Haugen i hovudrolla:
J10
Q108xxx
Kx
xxx
Det skriv seg frå Heimdal sist torsdag, der vi sjølve var Haugens makker. Oppgåva er heilt enkel: Makker opnar 1 spar i ugunstig sone, pass og din tur. Kva byd du? Haugen valde ein veiklyft i spar, 2 hjarter, med den uheldige konsekvensen at vår eigen soneutgang i hjarter forsvann til føremon for motparten sin doble minortilpass. Vi forsvara Haugen og kalla det eit kult bod, men folket elles var nådelause i kritikken. 1 grand, meinte dei, heitte sjølvsagt bodet. Det meiner vi òg, men gjorde det vi kunne for å reinvaske han. Til inga nytte, altså. “Haugen sug,” det var alt vi høyrde heile kvelden. Stakkars Haugen, som alle skal sjikanere. Denne gongen var han heldigvis fråverande, og får neppe vita kva som vart sagt. Med mindre, sjølvsagt, einkvan legg det ut på nettet.
Det var med ei viss misnøye vi innsåg, at festen for vår del var helvetesdømd nesten før han byrja. Med oss hadde vi nemleg ei flaske vin, gjeve oss av Studentenes BK som symbol på vår såkalla flaks. Dette oppfatta vi som ein hyggeleg gest, men skjønar no kva utspekulerte baktankar styret hadde: Dei vil ha oss i fortaping. Vinen smaka svovel, men vår sparsame natur hindra oss i pælme han ut stoveglaset, som vi kunne ha lyst til. Alt skulle drikkast. Fylgjeleg tok vi tidleg kveld, vakna tilsvarande tidleg, sette oss og skreiv dette rælet. Vi gjev oss ikkje så lett! Nei då, vi gler oss allereie til neste fest. Då skal vi klikke mentalt og pælme alle ut vindauga.
Leave a Reply