Nån sugd
23 January, 2008
“Regnme du har kontroll over dine oppgava førr turn.” Håkon Bogen var nådelaus som organisator framfor den store feriereisa - denne gongen til Bergen. Der gjekk “Stortevlinga” av stabelen, eit umåteleg populært og profesjonelt arrangement. Nivået, iallfall i den øvste pulja, burde skremme jyplingar som oss. Men makker Bogen, jyplingen framfor nokon, verka ikkje nemneverdig nervøs: “Eg ejo i slage,” konstaterte han kaldt. “Du e klar over mine brilliante resultata i d siste? Eg vart nommer to to gang i Bodø, ja. Og kva hadd eg på klubbkvelln på Mo samme uka? 67,5, ja. Etter at makker spellt bort 2 hjerter dobla sistespelle. Ka hadd eg før der? Siger i julebridgen på Mo.” Med ein slik ufeilbarleg makker, kva var då “våre” oppgåver? Jo, han hadde ingen koffert. Korporasjonen laut bera bagasjen hans som sin eigen. Men fyrst og fremst, meinte Bogen, laut vi trene, ikkje naudsynlegvis i fellesskap med han, ettersom det altså er vi som sug og han som rular.
Men greitt nok, det verka jo lovande. Vi tenkte ikkje i utgangspunktet ta denne turen, men makker kunne jamvel skilte med innlosjering. Han har nemleg ei syster, synte det seg, midt i byen. Vi har tidlegare omtala Reidun, men dette var altså ei anna ei. Susanne, heitte ho. Ho og sambuaren har ein eittromskåk i eitkvart bustadkompleks, der fanst det plass på golvet. Håkon, som gjerne gjer seg vanskeleg, røpa ikkje mange detaljar kva utflykta vedkom. Men vi, vart vi førespegla, hamna venteleg på steingolv. “Sjøl tar eg parketten,” proklamerte han. I realiteten var det langt ifrå så ille, vi fekk parkett båe to. Etter flyturen, som han skjønsamt guida oss gjennom, venta vi ein time på syster Susanne nede ved bryggekanten i Bergen by. Det er interessant å merkje seg, at Reidun, det desidert eldste av Bogen-syskena, òg er klårt snøggast. Men når Susanne fyrst kom, kom ho godt. Alt var tilrettelagd, informerte ho: Cola, snacks, sjokolade og chilinøtter var longo innkjøpt, men trongst det òg is, hadde sjappa på hjørnet lykkelegvis døgnope. Som venta var - is trongst. Noko over midnatt bar det ned i kiosken, i neste augneblink hadde Håkon konsumert ein halv liter belgisk sjokoladeis. Vi freista vi òg, men makta knapt ein fjerdedel. Neste morgon, då han krøkte seg opp or parketten og helsa på verda, var det resolutt og ivrig: “Eg treng brus.”
Brus vart det. Så kunne ein omsider spankulere bort til spelelokalet, eit fasjonabelt hotell i hjarta av byen. Vi stilte altså i meisterpulja, som samla 68 par. Ein del storspelarar, men òg mange grøne. Når det er sagt, byrja vi nokså grønt sjølve òg. Etter åtte spel hadde vi nesten hundre minus, men så snudde trenden:
10x
Q10xx
AQ10
QJxx
Bogen heldt desse korta. Han høyrde 1 ruter til høgre, sa pass sjølv, 1 spar, pass frå makker, hopp til 3 kløver frå opnaren, gjenmelding 3 spar og deretter 3 grand. Trur du det står? Det høyrer med til soga at motstandarane var to damespelarar. Makker var sjølvsagt tvilande til kompetansen deira, og heiv på ei hawaiidobling. Blålappen kom like fort, jekk rundt og hjarter ut. Ulykkelegvis dukka bordet opp med gåande sjukort spar og eit sideinntak, tolv stikk og 2200 ut. “Standard,” meinte Bogen, og kalkulerte med strøminus. Det vart ikkje eingong dét! Spelet var ein feildublett, med 55% som resultat. Litt tur lyt ein ha. Dei fylgjande rundane nærast hagla plussen inn, til ein brått var heilt i toppen av lista. Det hjelpte sjølvsagt å møte nokre noobcakes, så som “verdsmeister” Geir Helgemo. Han spela ein normal 1 grand, der salen fekk kringom åtte stikk. Geir tok fem. Helness kom til bordet og forhøyrde seg etter runden. “Er det muli å få så lite stikk?” spurde han skrattande. Så møtte vi Helness sjølve, og brende ein opplagd slem. Nokre points gav det likevel, for han dobla oss i 5. Tor “1050” Helness, det er det vi skal kalle han no. Ein tridje landslagsspelar, Boye Brogeland, egga ikkje fullt så hardt. Kona hans, derimot … “Vakke nå pluss å hennt der,” som makker ville sagt. Det vil seia, vi henta plussen, ho henta minus.
Salen var generelt fullspekka av alle slag “stjerner”. Det var jamvel henta inn utlendingar, sikkert for å heva nivået nokre hakk. Men vi vart ikkje overtydde. Serleg dei danske damespelarane saug nokså loddrett. Så møtte vi nokre bulgarar, dei bruka sterkkløver. Eller kråkkløver, som vi oftast kallar det. Med rette, skal vi saktens sjå:
AKx
QJx
AQ10xxx
x
Du høyrer 1 kløver til høgre. Det er anten ein vanleg 15-17-grand eller 16+. Gunstig sone. Kva no? Bogen har spela nok mot austeuropearar til å skjøna teikninga. Kjem motparten tidleg nok på banen, er dei ettertrykkjeleg føkka over slike opningar. Jo høgare, jo betre. Valet fall på 3 ruter, rein sperr. Neket bak laut doble med majorhanda si, og over 3 spar frå makkeren lyfte han pliktskuldigast til utgang, ettersom opnaren i realiteten framleis kunne ha nesten kva som helst. Hadde Bogen vore verkeleg kul, ville han sjølvsagt dobla denne hasardiøse kontrakten. Motparten hadde knapt nok majoriteten av honnørpoenga, og tri gonger trumf ut røska vekk det meste av voner. Men 200 var ikkje langt frå kassa.
Vi skal likevel ikkje kanonisere makker. Mot storleikane Ekren - Bentzen, til dømes, skulle han freista føre korta:
-
AQ10x
J9xxx
K10xx
10xxx KQJxxxx
xxx Jxx
xx Kx
Axxx Q
Ax
Kxx
AQxx
J98x
Det gjekk opning 3 spar i blodsona i aust. Bogen sat sør og passa førebels, som nord dobla vi opp i sistehand. Med den aktuelle fordelinga hadde pass vore optimalt, for 3 spar var opptil fleire beiter. Men Bogen melde 3 grand, greitt nok. Spar kom ut, det var relativt kritisk. Utspelet gjekk til knekt og lasj, i neste stikk kongen til esset. Så spørst det kva tankar ein gjer seg. Vi, som er nokså keisame av oss, ville fort freista ruterkappen. Om han ryk går du fire beit, men det får så vera. Bogen, derimot, tenkte leger enn som så. Kontrakten såg temmeleg normal ut, tykte han. Etter som aust alt var markert med heile 6 honnørpoeng for blodsonebodet sitt, hadde han sikkert ikkje ruterkongen i tillegg. No fekk Bogen trua: Dersom heile salen tok ruterkappen og gjekk fire beit, vart det bra om han berga med tri. Ut frå dette resonnement skulle han no kæsje sine seks stikk og pakke saman. Det fordra hjarteren i boks, og sjølvsagt, tenkte Bogen, var lengda framfor bordet. Så han tok for hjarter ess, spela liten til kongen og liten til tia. Diverre sat knekten bak. Bentzen tok dei fem resterande sparstikka og spela liten ruter. Opp på esset. No fekk Ekren for kløveresset sitt, før Bentzen tok den femte beita på ruter konge, som frå byrjinga sat dobbel i kapp. Kontrakten var altså ubeiteleg, men beit vart det i hopetal. “Standard,” meinte framleis Bogen.
Dette var forresten ikkje einaste gongen makker trødde feil i føringar. Han trudde trumfen sat skeivt i ein iskald 5 kløver, og fekk hakeslepp då spekulasjonane synte seg gale. Tri beit. Ein annan utgang var dødsdømd frå byrjinga, men éi beit vart fire med Bogen ved roret. I 4 spar, derimot, var han flink: Dei overtydande boda narra motparten frå å doble. 250 ut var ingen katastrofe, dei fleste vart hekta mange steg lægre.
Til slutt eit spel med oss sjølve i hovudrolla. Det gjekk vesentleg betre:
KQ
Axx
xxx
98xxx
xx J10x
K9xx Jxx
Jx AK10xxx
Q10xxx K
A98xxx
Q10x
Qx
AJ
Boda var nokså enkle: Som sør opna vi 1 spar, 1 grand frå makker, 2 ruter innpå og 2 spar frå oss, som avslutta meldingsforlaupet. Vest sørva ruterknekten, aust stakk over og freista kløver konge. Det var dårleg motspel. No stakk vi med esset, spela spar til konge, dame og ruter mot handa, som vanta snøgge inntak. Aust kom inn. Ein hjarter derifrå ville halde oss på ni, noko som for så vidt ser greitt ut. Ein har tilsynelatande tri topptaparar og eit ekkelt hjarterval for åtte eller ni. Men vest spela ny ruter, vi trumfa med nia og tok ut siste trumfen. Kløver knekt sleppte vest inn. Han tyktest føkka. Hjarter blir til favør og kløver ti etablerer to hjarteravkast. Løysinga ligg sjølvsagt i ein liten kløver; då har vi framleis hjartertapar. Men den stakkars tosken vona vel makker hadde hjarterdama, hjarter vart iallfall spela. Knekten og esset, før trumf til botnen enkelt skvisa han i kløver og hjarter. Ti stikk til bokføring. Brent utgang, men OK score i partevling.
Eitt godt spel heldt likevel ikkje til pallplass, vi nøgde oss med knappe middels. Rakettane Tor Bakke - Jim Høyland vann framfor Thomas Carlsen - Thor Erik Hoftaniska, med Baard Olav Aasan - Geir Enge på ein hyggeleg tridjeplass. Med unnatak av innflyttaren Stor-Ugge, greidde ingen frå den korporative omgangskrinsen å hevde seg. Nei, sant å seia saug også dei, just som Bogen. Lesaren, til dømes, drog heim i skam. Han vann ikkje eingong festen. Når det er sagt, var det som vanleg triveleg å møte att nokre gamle kjenningar. Skalmerås, til dømes, tok oss med på restaurant. Erik Eide skraut av skorne våre. Alle brørne hans var der, Harald i lag med Måkestad, siderkongen. Nokon sider vart det likevel ikkje. Derimot brus, is og meir brus. Ei helg i lag med Bogen, det tek på helsa. Ikkje fekk vi sova heller. Parketten takla vi fint, det var verre med kaklinga: “Hør her, mister, ein kul ein eg hadd på nettet.” “Såg du kossn eg eid i 3 spar?” “E man kul, så e man kul. E man dåli, så e man dåli.” “No ska du lær.” Ikkje eingong på heimturen heldt han kjeft. Skravla gjekk samanhengande heilt til Trondheim. Sanneleg møtte vi ikkje att han neste dag òg, då på Glufshaugen. “Nån sugd,” fastslo han, “deriblant ikke eg.”
Leave a Reply