Verdas verste krins?
29 January, 2008
For n-te gong har vi og Våge spela tevling, no var det krinsmeisterskapen i Midt-Trøndelag. Vi tenkte ikkje eigentleg unne det nokon tekst, men “einskilde” var som vanleg på pletten og masa. Det vil då seia Våge. Ein annan av våre svorne bidragsytarar, Jan Emil Græsli frå Flåklypa, ymta òg frampå: “Grattis m KM-seier, dog skuffande at d vantar referat hjå kjellaren.” Sånn, då fekk vi sagt det: Korporasjonen - Kvalen gjekk nok ein til topps. I fjor var marginane mikroskopiske, i år noko større. Vi leidde ikkje heile vegen, men hadde i grunnen planlagd å vinne. Fylgjeleg vann vi. På gamal vane, sant å seia. Med såpass mange “storspelarar” på startstreken, hadde vi iallfall gledd oss til å kjempe litt, jobbe for poenga. Men av 19 rundar fekk vi minus i éin, og det var den runden vi ikkje egga. Elles konsumerte vi og makker eitt stålegg i snitt per runde, men gjekk likevel i pluss då motparten parerte med tri, kanskje jamvel fire på si kappe. Dette blir såleis ingen lystig reportasje, men eit tankevekkjande skråblikk på ein krins i forfall.
“Korleis kjennest det,” spurde Grude, “å vera meister i Noregs beste krins?” Då lo vi godt. Midt-Trøndelag er ein kul krins, såpass kan vi seia. Sjølv i ei lita tevling som KM, finst det mang ein ivrig og interessant samtalepartnar. Nokre er meir karismatiske enn andre, så som Skalmerås og Paulsen. Desse bidrog i serleg grad til ei amper og engasjert stemning i lokalet, og skal ha all slags takk for dét. Så, når det verkeleg spissar seg til, reddar Våge enkelt situasjonen. Den infernalske bablinga hans kan passivisere sjølv rabiate deltakarar. I pausane er det durak, på kveldstid øl. Bula Macbeth samla ein heil herskare bridgespelarar laurdagskvelden, med verdsmeister Geir Helgemo i spissen. Hans heilage nærver hindra likevel ingen i å te seg som dei plar, Våge like frenetisk, Bogen like kald og Ringseth like tyrst som før. Byen Trondheim og ei tevling som krinsmeisterskapen, er ein populær samlingsstad for alle slag nomadiske hillbillies. Sjølve stilte vi altså med ein vestlending, Paulsen med ein same, Tøndél med ein søring og Geo med ein fiskar. Bridgehuset er ein kosmopolitisk arena, ein smeltedigel for ulike sedvanar. Dette kjem til syne i bridgen: Søringen Lindqvist har ein ganske annan stil enn til dømes fiskaren Skalmerås. Men garanterer dette mangfaldet nokon serskild kvalitet? Tilsynelatande ikkje.
Nei, vi er djupt såra og vonbrotne over feltet denne helga. Dei kan ikkje ha gjort mykje rett. Ei heller har det stort å seia kva ein gjer, for resultata på dei andre borda er likevel absurde og ueigna for samanlikning. Det er såleis fånyttes å skrive om spel, alle fornuftig poeng blir overskugga av sci-fi-soger. Av forretningsmessige årsaker skal de likevel få eit døme, vonarleg til gaman:
A10x
Jx
Jx
AKQ965
Kxx QJxx
AK8 Q9xx
98 Q7xx
J10742 8
xxx
107xx
AK10xx
3
Det ligg ikkje i vår natur å sjikanere dei ufrivillig morosame, men Jørn Arild “King Kong” Ringseth er dyktig nok til å tole det. Her gjekk han heilt av skaftet. Våge sat nord og var gjevar i gunstig sone, han melde 1 grand. Vi freista Stayman, fekk to ruter og jekka ned. Det var no Ringseth kom på banen: Doblar. Eit tvilsamt tiltak når bordet er markert med major, men OK. Osvald Bogø plukka ut i 2 hjarter. Vi dobla sjølvsagt, og hadde nok sagt oss nøgde med dei fåe hundrelappane prosjektet ville kosta. Men Ringseth hadde andre planar: “Spæll sjøl,” heiter det, ein skal alltid spela sjølv. Her hadde han ein finfin femkortsfarge førebels umeldt; den laut på banen. Sjølv vi, som er konservative kva straffedoblingar vedkjem, kan skjøna makkers lynøks over 3 kløver. 1400 inn. 2 ruter var fort toppkontrakten vår veg.
Når makker stålegga, derimot, skjedde det så konvensjonelt at vi vel å spara dykk. Vi kunne nemnd ein 3 grand frå Stud måndagen, der kombinasjonen K10x til AJx gav tapar, endå motparten, aktuelt vi, spela rett opp i han. Men gratulerer til Våge lell, han vann då iallfall KM. På andre fylgde Molberg - Lund, deretter Aasan - Kippe. Fjerde og siste NM-plass er meir usikker, ettersom tallause feildublettar stendig var i sving. Men tilsynelatande blir det Simonsen, godt hjelpt av makker Lunnsa. For Ragnar Fraas, derimot, var det ei tung tevling. Han ser vi neppe på Lillehammer. For oss er det likesælt, vi skal fyrst og fremst kule han der nede. Sitja i baren med Helness, Roy og ein temperert sherry, med’ vi utan avbrot sjikanerer heimkrinsen vår. “Fy fader,” skal vi seia, “de skulle sett kva som hender der oppe i Trøndelag.”
Leave a Reply