Hahaha, veldig gøy
6 February, 2008
Vårt sjølvkritiske vesen til trass: Gjer Kjellaren ein einaste feil, skal publikum alltid hundse oss, salte såra og gni det inn. Sist krinskamp var ein suboptimal affære. Vi tråkka på ein delkontrakt og øydsla vekk sju stikk i ein vi sjølve spela. Når dette likevel var barnemat mot det definitive egget, seier det sitt om dimensjonane. Men motspelarar Tommy Skalmerås - Steinar Aa hadde plenty medkjensle der dei sat og kæsja, jamvel makker tok det fint. Dei skjøna vel, som vi sjølve saktens gjorde, kva emosjonell påkjenning dette serskilde spelet var for ein stakkars korporasjon. Sjeldan har vi plagdest slik. Kva var det då som hende? Vi greidde leggje det bak oss på dei fylgjande spela, og vann faktisk kampen 17-13. Men vi får ikkje dimed gå i fred. Lesaren, Livgård og fleire, alle er frampå og grev: “Kjem det ingen artikkel?” Skriv vi ein sjeldan gong om eit av dei mange kule spela våre, er dei sjølvsagt fullstendig uinteresserte. Men eit stålegg frå Korporasjonen? Hurra! Det smertar oss ofseleg å rippe opp i saka, men kva gjer vi ikkje for folket. Kos dykk. Le dykk skakke av ulykka vår.
AKJ
K98x
Axx
A109
Du sit i ugunstig sone. Det går pass og pass, du vel 1 kløver i opning, 3 ruter innpå frå Tommy Skalmerås, pass og pass og din tur. Ein heslig poss. Passen blir for tam, ettersom makker godt kan ha ein del verdiar utan naudsynlegvis å melde på tristeget i blodsona. I ettertid er vi aldeles samde med kritikarane: Doblar. Makkers tri i major får ein jekke ned og vera nøgd. Men vi talde punkter, såg på fordelinga og melde grand. Det var beint fram lågt, så dårleg som handa eigentleg er. No dobla sperremeldaren, utsynet mørkna ytterlegare. Heilt krise vart det då makker redobla. For no visste vi ikkje lenger kva som føregjekk. Kan han verkeleg ha kort til å redoble 3 grand naturleg etter to innleiande passar? Neppe. Men om det no verkeleg er for uttak, som vi av bitter røynsle mistenkte, kva har han då? Båe major kan han ikkje ha, då byd han 4 ruter. Når han heller ikkje tek ut i kløver, har han fort sekundærstønad i sorten og ein majorfarge, den varianten vurderte vi. I så fall kan vi melde 4 ruter eller 4 hjarter, som makker får preffe til spar med handa han aktuelt hadde.
xxxxx
10x
10xx
Qxx
Det hadde berga oss. 4 spar var 500, tri IMP tapa når 3 grand gjekk fire udobla beit på andre bordet. Men som de skjønar, valde vi det katastrofale: Pass. Stort meir vil vi helst sleppe seia, for spelet gneg oss enno. I staden oppsummerer vi, kort og konsist, med ein lågmælt haiku:
To tusen to
kosta gildet. Som å vakne naken
midt i ei myr.
Leave a Reply