Opp og ned er like langt
13 February, 2008
Så er seriemeisterskapen endeleg over for i år, og vi i kjellaren har “gleda” å oppsummere det heile for publikum. Ein har då som vanleg spela i fire divisjonar, med fleire og fleire meir og meir folkelege puljar di lenger ned ein kjem. Vi gratulerer Morten Haugen med ein finfin sjuandeplass i tridjedivisjon på Sjøåsen, Per Nordland med opprykk i Trondheim. Well done. Litt meir imponerande trass alt, er nok namdalslaget Ringseth sin siger i den aller høgste pulja, fyrstediv i hovudstaden. Gratulerer til Jørn Arild Ringseth, Per Arne Flått, Espen Lindqvist, Petter Tøndel, Ragnar Davidsen og Frode Nybo med gullet, suverent framfor fleire verds- og noregsmeistrar, såkalla ekspertar, gamle ringrevar og slitne kverulantar. Sterkt.
For oss var det andredivisjon som galdt, og vi skal ikkje skryte på oss nokon stor innsats der. Heller ikkje makker glitra. Men når alle andre var omlag like dårlege eller endå verre, heldt det til pallplass og mykje heider. Heimdalslaget Hornslien vann og får spela fyrstedivisjon til neste år, vi gratulerer også desse: Bjørn Morten Mathisen, Einar Asbjørn Brenne, Øystein Lerfald, Aksel Hornslien og Olav Arve Høyem. Våre vener Reistad og Simonsen var så uheldige å rykkje ned, lykke til på Sjøåsen.
Det er like fullt ei triveleg tevling, for folk ein ikkje elles ser så mykje til, kjem i hopetal til byen og morar seg. Bridgen byrja fyrst på laurdag, men Reistad susa inn fredag formiddag for å freista SNES-en. Vi unnar ikkje denne happeningen nokon eigen artikkel denne gongen, for spelinga var såpass nedrig at ingen eigentleg ynskjer vita det. Men Lunnsa, Fraas og Bartnes stakk òg innom, dei hadde jamvel kjeksar med seg. Eide og Simonsen kom etter oppmoding, Bogen på eige initiativ. E man kul, så inviter man seg sjøl. Det vart altså nokså trongt i kjellaren, men det korporative hjarteromet var som vanleg grenselaust. Lunnsa køyrde oss til byen etterpå, der ein betre middag vart innteken på fasjonable Monte Cristo. Så skulle Grude, mest til ære for Reistad, baka kake til selskapet. Kaka var god, det vart ein triveleg aftan i Fraas og Ebergs stilfulle residens. Der fekk ein fylgje fyrstedivisjonen på opptil fleire dataskjermar samstundes. Håkon Kippe gjekk som vanleg i fistel, no med selskap av barndomshelten Aasan. Det vanka ikkje mange godord til oss andre, som nok helst burde vald ein annan hobby.
Vi var vakne og på plass til nattkampen. Alt der byrja egginga. Her fekk vi sjansen til å briljere, men vasa det som vanleg vekk:
KQ9x
Q
Qxxxxxx
x
Vi høyrde makker opna 1 grand. No byrja vi med Stayman, men det fanst ingen firkorts major. Vi melde ruter. Då svara makker 3 hjarter, cue, og vi, som ikkje hadde store trua på slem, melde 3 grand som ein mogleg stoggestad. No hadde vi iallfall presentert nokre alternativ, og var godt nøgde då vi såg makker plukke ut i 4 ruter. Det var sikkert bra, tenkte vi, å unngå granden. Så vi lyfte berre til 5. Men stogg no ein augneblink og lyd til makkers bodgjeving: Han melde 4 ruter, ikkje 4 kløver. Ergo er han utan kløvercue, og handa vår har vakse frå hundehus til slott. I ettertid ser vi kva vi burde gjort, rett og slett freista Blackwood. Har makker fire essverdiar, er 6 ruter nesten garantert nedlegg.
Axx
AJx
AK9x
Jxx
Var sjølvsagt akkurat det han hadde. Berre eitt par nådde slemmen, det var Aasan - Enge. Sistnemnde jumpa rett i 5 ruter etter Stayman, då lyfte makker på pansertilpassen. Den praktiske lina funka altså godt, men også vi hadde sjansen.
Vel, lat oss no ikkje bli sjølvopptekne. Når ein spelar på lag med andre, er det interessant å studere også deira innsats. Både Noreng - Tilset og Kippe - Berg trona over oss på butlaren, men Kippe hausta likevel ikkje skryt for alt han gjorde. Fylgjande tok kaka:
A98x
Kx
A98
Axxx
Det held vel til grandopning. Når makker lyfter til 4 grand, kvant, kva held det til då? Jo, ein enkel pass. Men Kippe hadde andre planar. Dårlege grandkort, tenkte han, og skulle freista finne fargeslem. Han baud 5 kløver. Erik Berg, som heldt ein flat sekstenpoengar, tykte ikkje han kunne anna enn lyfte. 6 kløver trong berre kløveren 3-3, spardama høgst dobbel i kapp og fire stikk på kongen dobbel til ess, dame, ni fjerde. Slik sat det uheldigvis ikkje; to beit.
Uflaks er naturlegvis eit stort problem mellom gode spelarar; det sit ikkje alltid som ein trur. Inkje å gjera med det, trøyst dykk med det. Vi rundar av med eit anna spel i klassa “uheldig”, observert på åskodarbenken laurdag ettermiddag:
Kx
KQx
AQ10xx
K10x
xx
A10x
Kxxx
AQxx
Sjølve stod vi altså over denne kampen, og fekk såleis ikkje sjansen til å egge. Bogen - Johansen, derimot, synte til fulle kva dei er gode for. Som sør opna Johansen i 1 kløver, og lyfte makkers 1 ruter til 2. No kom kvasibodet 2 spar, forklåra som “dårleg spar” eller liknande. 3 ruter synte vel ein ordinær minimum, men Bogen kika vidare på slemmen med endå eit kvasibod, 3 hjarter. Nok fekk vera nok, tenkte Johansen, og freista stogge i 3 grand. Pass rundt. Spar dame ut var ei dårleg byrjing, serleg med esset bak kongen. Motparten tok sine seks stikk. Nice lead, får ein seia, for kløveren sat fint. Det var anten sju eller tolv stikk i kontrakten. Men om ein fekk det i nord … var tolv stikk plutseleg iskalde. Det vart då òg resultatet i lukka rom, 6 grand i hus.
Med dette eventyret takkar vi for laget, og ynskjer alle lesarar lykke til i neste sesongs seriemeisterskap. Det er alltids nokre måsar ein kan gruse, høgt eller lågt i einkvan divisjon.
Leave a Reply