Æveleg sjakk

20 February, 2008

“Einskilde” har etterlyst meir variert journalistikk på denne sida, og faktisk truga med boikott om vi ikkje etterkjem krava. Kjellaren er naturlegvis ikkje avhengig av lesarane; i grunnen skriv vi akkurat kva vi vil når vi vil det. I god kristen tradisjon skal vi likevel glede våre medmenneske, og presenterer såleis ein tekst om bridgens rake motsetnad - brettspelet sjakk.

Vi har inga djup forståing av denne idretten. Sjakken fordrar mykje av utøvaren, ein intens konsentrasjon vi er relativt framande for. Bridge er mest ein vanesak. Like fullt les vi sjakken i avisene, for alle desse sylskarpe sovjetarane har ein stil vi ovundrar. Kramnik, Morozevich, Mamedyarov, Aronian … Lista er uendeleg. Men nye namn kjem òg til, Noregs Magnus Carlsen er vel fremst i så måte. I vår eigen omgangskrins finst ingen av hans kvalitet, men til vederlag to svorne Carlsen-fans: Våre gamle vener Erlend Gaustad og Frode Grøtheim. Fyrstnemnde har lenge spela sjakk som hobby, hovudsakleg på nett, eventuelt live mot lågpanna motstand. Ved reint tilfelle trefte han ein gong John Våge, jarnvegsarbeidaren kjend fyrst og fremst for sine bridgemerittar, men i ungdomen visstnok ein habil sjakkspelar. I fjor vår stilte vi lokale til disposisjon for ein spanande oppvisningsmatch, Erlend Gaustad - John Våge. Dei spela berre eitt parti, det enda remis etter stålegg frå båe sider. Gaustad, openbert misnøgd med resultatet, skulda på vesentleg alkoholinntak både før og undervegs i kampen. Han har difor masa om revansj, eit ynskje Våge oppfylte nokre veker attende.

Vi var nok ein gong arrangørar, men flytte no det heile til eit offentleg stelle. Såleis, tenkte vi, kunne spelarane få den merksemda dei kanskje fortener. Ikkje dimed sagt at noko stort publikum flokka seg kring bordet, men triveleg var det i alle fall. Før nemnde Grøtheim, ein nybyrjar ivrigare enn dei fleste, heldt seg typisk nok heime. Men Gerhard Henning var der, like frå Olsen-garden på Hølonda, dertil Åsmund Forfot og Baard Olav Aasan. Båe desse har visstnok sjakkrøynsler. Aasan spela jamvel eit parti mot Gaustad, det enda uavgjort. Men den verkelege spaninga skulle ikkje no avgjerast med eitt einaste slag. Gaustad føreslo blitz, fleire korte parti, og hadde til dette serskilde høvet kjøpt ei flunkande ny klokke, “Kramniks Choice”. Fem hundre spenn kosta herlegdomen, som diverre var for avansert til å fungere i lengda. Men speling vart det like fullt. Det fyrste partiet tok Gaustad heim, rett nok etter eit feiltrekk oversympatiske Våge motvillig lét han reversere. Det neste vart remis, og Gaustad var alt i gang med orsakingane: “Eg byrjar bli ør i hovudet,” hevda han, og hadde for syns skuld teke nokre øl. Men vi har sett han lys vaken og oppegåande etter atten halvlitrar, og kjøper ikkje utan vidare alt han seier. Det var i alle fall ei kurve i bratt fall, for det siste partiet tapa han så det song. Då stod det i praksis uavgjort. Dei avslutta med nokre uhøgtidelege “analyseparti”, utvikla etter kritiske stillingar i dei føregåande partia. Kanskje tel ikkje resultata derifrå, men Gaustad vart iallfall nedsabla. Dette endå han hadde proklamert siger på førehand.

Våge gjekk derimot nøgd ut or matchen. Han hadde ikkje spela sidan førre gongen dei møttest, men tok det på rutine og soliditet. Gaustad godtek ikkje utan vidare nederlaget, og har allereie byrja fabulere om nok eit returoppgjer.

Då, lova han, skal Grøtheim koma. Han er ingen velrøynd spelar, men studerer sjakk nærast på heiltid. Det har han tid til der han sit, stillsleg mediterande på loftet i Lauvsetvegen. Vi var innom den unge grisen her om dagen, og trur de sanneleg ikkje han baud oss på sjakk. Vi hadde ikkje samvit til anna enn akseptere, men overtydde ikkje nettopp med spelinga vår. Teoristerk som han no er vorten, lét ikkje Grøtheim seg imponere av vår engelske opning. Nei då, han feia oss av brettet. Men litt tid tok det faktisk. Som han sa: “De fekk til eit sluttspel, fall ikkje innleiingsvis, som eg vel hadde venta.” Kva gjev de oss? No når vi fyrst har høve, syner vi til Grøtheims eminente heimeside, http://sofagrisen.net. Merkeleg nok er det enno ukommentert, det faktum at han slo oss.

Sjakken har inga framtid i det korporative idrettslaget, men kan iallfall gjera nytta si som avveksling frå bridgen. Vi gler oss til neste oppvisningsmatch, der alle lesarar naturlegvis er ynskte mellom publikum. Kven sug minst: Gaustad eller Våge? Enno er frega open.

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image