Lykke til: Sluttord

31 March, 2008

Så er påska uomtvisteleg over. Vi skal difor oppsummere kvissen vår, påskereisa, som denne gongen samla heile seks deltakarar. Utruleg artig.

Vi gjer ikkje denne gongen nokon gjennomgang av kvart einskilde spørsmål, for resonnementa blir i alle høve for kompliserte for gjennomsnittsmannen. Vi har fått fleire klagar på vanskegraden, men ikkje nettopp eintydige. Dei fleste synst vi overdriv, at lista med føremon kunne lege hakket lægre. Kva det då har seg at Ivar Berg, ein landsens moltegaid, nok ein gong gav oss fasiten i hende, det skjønar ikkje vi. For all del, han har brukbare skills. Men det har andre òg, vil dei. Her lyt øvast - og arbeidast. Ein vinn ikkje slike tevlingar på gamal vane, men eit ivrig og nyfike syn på tilveret. Vi lagar ikkje desse nøttene så mykje for å plaga dykk, som for å læra dykk eitkvart. Her er mykje kunnskap, grev ein berre djupt nok.

Dette som ei skjennepreike ikkje til deltakarane, men til dei som aldri deltok, som gav seg nesten før dei byrja. Det var mykje grums i dei svarsetta vi faktisk fekk, men det var då iallfall noko. Vi ser på fasit:

1. Rampart, AL. Ein “census-designated” tettstad. Songen var “Pink Bullets” av den korporative favoritten The Shins.

2. Chihuahua. Hunden heiter det same. I songen “Cocaine Blues” fekk Johnny Cash trøbbel i Ciudad Juárez.

3. Ushuaia. Ølet er Beagle-øl, byen modellert etter Djeveløya i Fransk Guiana.

4. Sala y Gomez. Det korporative ferieparadiset.

5. Hereheretue. Den gamle stavinga var vesentleg kulare: Héréhérétué.

6. Heard-øya og McDonald-øyane. Dei tilhøyrer Australia.

7. Tsumeb. Sjøane er Otjikoto og Guinas.

8. Kinshasa. “The Rumble in the Jungle” var òg i vår ånd. For ikkje å nemne presidenten, Mobutu Sese Seko.

9. Mogadishu. Iman vart gift med Bowie. Den fallerte astronauten var Major Tom, representert i høvesvis “Space Oddity” og “Ashes to Ashes”.

10. Shibam. “Manhattan of the Desert”, eit høgdepunkt mellom Jemens sanddyner.

11. Thiruvananthapuram. For eit nydeleg namn.

12. Ürümqi. Litt uklår spørsmålsformulering, men vi skulle altså Xinjiang Uyghur.

13. Kolyma. Ei hyggeleg elv i det austre Sibir. Vegen var “Beinvegen”, bygd over mang ein menneskeknokkel.

14. Krosshaugen. Han ligg i Litauen. Vi freistar ikkje den eigentlege stavinga, men har faktisk vore der.

15. Gripsholms slott. Ein runestein, dette. Vi seier ikkje meir.

Vi byrjar med fyrste innsendar, brødreparet Græsli frå Singsås. Deira deltaking var ei hyggeleg overrasking, vi har ikkje tidlegare sett nokon stor straum av svarbrev frå dalføra i innlandet. Men vi likar Singsås, og vonar brørne kjem sterkt attende sidan. Dei gjorde diverre ikkje nokon stor suksess denne gongen, med totalt to av femten riktige. Dei greidde Chihuahua-spørsmålet, og hadde openbert peiling på spetaklet i jungelen. Men som Janinj sjølv skreiv: “Fem rætt kjæm te å feires mæ polka og karsk.” Vi blir vonarleg inviterte.

Så var det Våge, som svara i Våge-stil. Det vil seia, han svara ikkje berre, men utbroderte framgangsmåte og irrelevante ekstraopplysningar. Høyr til dømes på åtta, som tydelegvis var ei favorittnøtt: “Her trodde jeg først presidenten var Ilyumshinov (president både i verdenssjakkforbundet FIDE og i den russiske republikken Kalmykia), da den lite flatterende beskrivelsen av ham stemte godt og det også i sjakk er sjelden at noen gjenvinner VM-tittelen. Men at matchen mellom de to verdensmestrene i 2006, som den korrupte presidenten fikk kjøpt til hovedstaden Elista, skulle henvise til bushen? Aha, nei, det var selvfølgelig enda mer planke, nemlig “Rumble in the jungle” i Kinshasa, Zaïre! Floyd Patterson var vel den eneste før Cassius Clay (synes det er mye kulere navn enn Ali!) som gjenvant tittelen?” Enklare kan det ikkje seiast. Men Våge var brukbar og hadde faktisk fire rette, nummer 2, 8, 9 og 15 - og for så vidt berre éin feil, nummer 6. Resten Våga han ikkje svara på.

Eit vel så hyggeleg bidrag kom frå Austlandet, småbyen Hamar nær Løten. Der bur Eide-familien. Så mange som det er av dei, kunne ein kanskje forvente fleire svarsett. Men Mats freista iallfall, og skal ha heider for det. Han briljerte ikkje hundre prosert, men blinka inn nummer 2, 5 og 9. Serleg femma var gledeleg sjå. Hereheretue er så visst ingen stor flekk på verdskartet. Det er altså von for ungdomen, sjølv i landets meir belasta provinsar. Mats skal bli skodespelar, og har såleis hovudrolla i den korporative oppsetjinga av My Fair Lady under sumarens festspel.

Så, ikkje mange minutta før fristen utlaup, kom eit heller uventa tilskot frå Rauland i Telemark, Fôrseth frå Fôrseth-garden. Vi har lenge visst at denne ølkjennaren ikkje er tapa bak ein stall, og det fekk vi endeleg prov på. Nummer 2, 3, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12 og 13 gjekk i hus, ein veldig sterk prestasjon. Det blir likevel eit vonbrot for storbonden: “Siktar meg inn på fjerdeplassen,” hevda han - men den gong ei. “Premiane freista vel i mindre grad.” Om løna for andreplass, tri dagars kibitzing av den korporative parfinalen, skriv han brutalt: “Det hadde no sikkert vore underhaldande å sitja på ein stol og sjå på egginga og høyre sarkastiske kommentarar frå Kvalen, men eg føretrekkjer å leggje mine eigne egg på det lægste bordet i Patton. Der får eg i det minste sitja i ro.”

Men vi kjem altså ikkje utanom: Vinnaren, i år som i fjor og året før der, er Ivar Berg frå Meldal. Det kom ikkje heilt på auto; Krosshaugen, til dømes, var ei hard nøtt. Men tala talar for seg, femten svar i hus. Vi gratulerer Ivar Berg med suveren siger. Premien er vel heller ingen nedtur, ei kveldstevling med Kjellaren på Rica Grand Quality Collection SAS Clarion Hotell Lillehammer komande sumar. Det er Bergs eige ansvar fortlaupande å forsyne oss med alkohol, dette trass i forbodet.

På andre kom altså Fôrseth. Tridjeplassen var dei meir tvist om, men det lengste strået trekte Våge-kvalen. Han får då gleda å by oss middag - og det i tillegg til alt han vanlegvis spanderer. Vi kjenner oss lystne på noko ekstra fancy den kvelden. Trøystepremiane, høvesvis 2000 og 7000 kroner, går til Mats Eide og brørne Græsli. Gratulerer òg til desse. Korporasjonen Kjellaren vil takke for all venleg deltaking. På attersyn til jul.

Amsterdamned

17 March, 2008

Ja, då er vi altså attende. Som dei fleste sikkert har observert, var innsatsen heller linn i Amsterdam. Erik Berg drygde ikkje lenge då vi sundag ettermiddag logga på MSN: “Ja,” sa han, “da e d berre å levér ei offentle beklagels. Skjæmmast kan du.” Så ille er det faktisk, vi kjenner oss audmjuka framfor heile nasjonen. Det var stort sett måsar vi tapa for der nede, og slikt skal sjølvsagt ikkje skje på rekninga til forbundet. Vi vil no gje eit lite resymé, og såleis kanskje avsløre kva som gjekk gale.

Det fyrste punktet er nok òg det viktigaste: Nån sugd. Det vil seia, alle sugd i grunnen. Nokre sugd meir enn andre, og sjølve sugd vi nok mest av alle. Det vitnar butlaren om. Men også dei andre kunne henta vesentleg meir punkts enn dei faktisk gjorde. Det var stort sett eventyrstund ved samanlikning, og sogene hadde sjeldan nokon lykkeleg slutt. Slemmar brende, slemmar overmelde, utgangar bortspela, utgangar påtrødde … Lista er altfor lang til å rømast her. Vi kan einast gje dykk døme, med det fylgjande som eit absolutt høgdepunkt:

             Kxx
             109x
             Q9xxxx
             x

A1098x              Jxxx
-                          QJ8xx
A10xxx              -
AKx                    Q1098x

             Q
             AKxxx
             KJ
             Jxxxx

Bogen sat sør, han opna 1 hjarter etter to passar. 2 hjarter innpå frå tyskaren, pass frå Johansen og 4 spar i aust. No fylgde eit resonnement litt over vår forstand, men iallfall kom ei sløyfe i sør. Hawaii, det vedgjekk han. Vest redobla. Kanskje tvilsamt med motparten i stampesona, men han visste iallfall det stod. Bogen var tilsvarande sikker i saka: Her laut det flyktast. Det einaste momentet han ikkje kalkulerte med, var makker Johansen – som gjekk i stålboks på hi sida av skjermen. Då trauet returnerte med pass, var det heile longo for seint: Bogen tok ut i 5 kløver, fekk preffen til 5 hjarter og vart dobla der. Etter dårleg motspel slapp han med 500, men tevlingsleiar kom rimelegvis og justerte resultatet. 1480 slo jamvel Sikora, som faktisk vann veslemomp i spar.

Så skulle vi sjølve vurdere korta:

Axxxx
xxx
AKQ
xx

Du opnar 1 spar, makker melder 2 kløver. Du svarar fort 2 grand, som makker lyfter til 4, kvant. Legg du på? To små kløver, 13 punkter heilt utan mellomkort … Vi våga ikkje. Men det spørst om ikkje det var gale. Ess er godkort, her har vi fire. Mot makkers

K10
AQJ
10xx
AKJ10x

var slemmen iallfall panser. Nok eit nedrig resultat. Det skal likevel ikkje vera nokon tvil om, at den norske kontingenten på ein god dag kunne slått samtlege lag vi møtte i Nederland. Det var som vanleg mange kule spel undervegs, men dei gode tankane vart alltid utskjemde av tallause stålegg. Sjå på dette:

-
xxxx
AKJ9x
xxxx

Mot høvesvis Island og Austerrike freista både vi og Bogen eit gamalt triks. Bogen heldt handa over, og høyrde venstre motstandar opna multi. Pass frå Johansen og 4 kløver frå nestemann, som bad opnaren melde majoren. Det var no Bogen presenterte ruteren, ingen dårleg idé med makker på lead i gunstig sone. Det fylgde 4 spar, og etter innmeldinga var ikkje Johansen sein om å doble. 500 på bok, der salen stort sett hadde spela 4 spar udobla. Med alt anna enn ruter ut var det då òg ni takstikk. Sjølve hadde vi ringare blad:

AKJ9x
J10x
xxx
xx

Ingen i sona, vi passa i opning. No gjekk det 1 kløver og 3 hjarter innpå frå makker, 4 hjarter cuebid frå nestemann. Ja, kva utspel vil ein ha her? Sjølvsagt spar. 4 spar vart byde, i den tru at 5 hjarter neppe var nokon katastrofe om motparten skulle koma til å doble oss. Det gjorde dei ikkje, 5 kløver frå opnaren avslutta meldingsforlaupet. Men makker, som hadde ess, dame sjuande i hjarter og to småe spar, ville lette på hjarteressen fyrst. “Sjå bordet,” som dei seier. Speleførar fekk òg sjå bordet, han kleima sine tretten. Spar ville sjølvsagt beita.

Lesaren Reistad var ein lystig fylgjesven. Vi skal sjå han briljere mot Polen – og det framfor verda på Bridge Base Online:

            106x
            xx
            Jxxxx
            K8x

K5x                       9x
10x                       AJ9x
AQxx                    K10xx
109xx                   Axx

              AQJ8x
              KQxxx
              -
              QJx

Som aust opna Jan Sikora 1 kløver. 1 spar innpå frå Reistad i sør, 1 grand frå Piotr Nawrocki, 2 spar frå Ivar Berg og 4 spar frå Reistad. Ein sjanserik kontrakt, men daudfødd med beste motspel. Vest sørva kløver ni, som gjekk til liten, esset og vaken avblokkering i sør. Sikora heldt fram med det kritiske, ein ruter som Reistad stal. No spurde og grov han om utspelet, rett nok på si side av skjermen. Nawrocki burde likevel skjøna teikninga: På liten kløver frå sør, lyt han sjølvsagt i med tia. Men det hende ikkje. Kløveren gjekk til åtta, eit essensielt ekstrainntak i bordet. No fekk han drege to gonger hjarter mot handa, det heldt til heimgang. Dei to kampane mot Polen var forresten døme på kor greitt det tidvis kan vera, ingen stålegg der. Hadde ein halde i korta elles òg, kunne det saktens vorte bra.

Ein får glede seg over dette, og ikkje minst den fine turen. Amsterdam var ei ny røynsle for unge oss, og sjølv om heile staden ved fyrste augekast kan fortone seg flat og inkjeseiande, har han eitt og anna interessant å byde på. Van Gogh-museet var kult, serleg Millais-utstillinga i kjellaren. Vi kunne skrive mykje om henne, men lesarane er neppe interesserte. Dei vil nok heller høyre sladder. Der har vi diverre lite å koma med, då alt gjekk fredeleg for seg. Jødane vann tevlinga med knapp margin føre Nederland, på tridje fylgde skulelaget til Polen. Som de veit er polakkane våre personlege favorittar. Ja, etter den resultatmessige fadesen i Holland, vurderer vi faktisk overgang til det polske landslaget. Dei legg ikkje mange stålegg, men har like fullt eit avslappa høve til alkoholen. Dei sette seg i baren stort sett kvar kveld, viss dei då ikkje drakk den polske importspriten på rom. Den einaste som kunne hamle opp med nivået, var vel eigentleg vår eigen Berg. Verdsmeister Nowosadzki, kva sa han då Ivar kom til happy hour 21.33? “Mister Berg, you’re three minutes late!”

Vi mengjer oss ikkje utan vidare med folket, men teigen var generelt full av gamle kjenningar. Dei andre skandinavane er jamt over hyggelege, serleg Island imponerte oss. Når det er sagt, er det alltid godt vera heime att, serleg til vekelang påskeferie. Så får vi berre orsake nederlaget. Dei som likevel vil konfrontere oss direkte, kan gjera det på Berkåk fyrstkomande onsdag. Der avsluttar vi altså vår norske proffkarriere og emigrerer til Warszawa.

Lykke til

8 March, 2008

Det er usedvanleg lenge sidan vi har skrive noko no, men tru ‘kje av den grunn at ting har endra seg. Maset er likeins som før. Vi rekk ikkje vakne om morgonen før måsane er på oss: “Kjellaren sug.” Implisitt: Gje oss oppdateringar. Lesaren er sjølvsagt first in line, der han sit i hovudstaden og overvakar oss. No vel, fyrstkomande sundag reiser både vi og han til Amstel-dammen, då kan ein kanskje få fred for akkurat slik kritikk. Men inntil då gjev vi Reistad det han, og sikkert mange med han, har venta lengst på: Korporasjonen Kjellarens nyleg oppspadde påskenøtter. Vi gjer ei verdsreise som sist, men denne gongen vonarleg for vanskeleg til å svara på. Good luck, suckers.

1. Vi byrjar midt i øydemarka, for mest mogleg optimalt å forvirre dykk: Denne vesle staden har nokså spesiell status i nasjonen han tilhøyrer. Skulle ein omsetja namnet til norsk, ville det bli eit slag forsvarsvegg, bygd på jordforhøging. I ein song av eit velkjend amerikansk indieband, kastar den omtala personen noko heller abstrakt over slike byggverk. OK, kva heiter staden?
2. Vi reiser sørover. Ein hund, ein by, ein delstat. Namnet skjemmer ingen. Hunden er uaktuell for vår del. Men fylgjande skal ein merkje seg: Byen, som altså er hovudstad i og ber same namn som delstaten, er ikkje den største byen i delstaten. Dét er derimot ein endå meir kjend by, noko lenger nord. I ein song vi trur de kan ha høyrd, enda flykta brått og nådelaust der. No vel, det var fyrstnemnde by vi skulle fram til. Kva heiter han?
3. Dei sigla det kjende skipet i relativt smalt farvatn. På sørsida ligg ei øy, der er no ein by. I denne byen, tru det eller ei, bryggjer dei øl. Ølet har namn etter skipet. For ein god del år sidan, då dei liksom byrja laga byen til der nede, var det delvis etter mønster frå ei kjend øy på nordaustkysten av kontinentet. Same business der oppe, liten trivsel om ein hamna i uføret. Men altså, kva by er det tale om?
4. No gjer vi bråvending vestover. Her er vi øvst på fjellet. 3500 meter høgt, seier dei, men vi trur det ikkje før vi får sjå det. Det meste ligg nemleg under vatn. Og vatn er alt vi ser, det er langt til neste kyst. Reknar vi øya, som rett nok er folketom, til eit større kulturfellesskap, ligg ho iallfall ved yttergrensa av dette, i eine hjørnet av triangelet. Men ingen gjestmild stad, altså. Einaste ferskvasskjelda er ein dam av regnvatn på austsida. Kva heiter øya?
5. Atollen er tridelt. Berre den søraustlege av hovudøyane har permanent busetjing. Inne mellom øyane ligg lagunen, åtskilt frå storhavet av eit breitt rev. Det artigaste med heile greia, tykkjer vi, er namnet: Med stavinga til den gamle kolonimakta sette det faktisk rekord, på verdsbasis, kva eit visst symbol vedkom. Det var fem av det - på elleve bokstavar. No er vel alle meir eller mindre avvikla, men vi spør like fullt: Kva atoll?
6. Vi held fram vestover, men inn i eit nytt hav no. Langt sør i dette. Reknar vi desse øyane i einskap med landet dei tilhøyrer, ligg faktisk det høgaste fjellet i nemnde land akkurat her. Det dreier seg om ein aktiv vulkan, noko landet elles berre har ein til av - og han ligg på granneøya. Sistnemnde har hatt nokre utbrot i det siste, det fyrste av desse tidleg på 90-talet. Då hadde han lege der inaktiv i 75.000 år, så sanneleg var det dags. Men nok om dét: Kva heiter øyane?
7. Så er vi endeleg på fastland att. Ein gruveby dette, langt nord i landet han ligg i. Men utruleg nok har dei litt å skryte av: To serskilde små sjøar, mellom anna. Dei er gamle, så gamle at ein sereigen fiskeart har rukke utvikle seg i den eine av dei. Det er elles vanskeleg å vita kor djupe dei er, for dei greinar seg ut til store holesystem langt under bakken. Ned i den eine av desse sjøane, den grunnaste, pælma tyskarane ein masse greier ved retretten etter fyrste verdskrigen. Men til saka: Kva by ligg dei ved?
8. Vi svingar nordover no. Det er tvilsamt om presidenten i dette landet fortener mange godord, han skapa iallfall ingen vokster. Men han diska opp skilling nok til ei hyse eit historisk idrettsarrangement. Det gjekk av stabelen i hovudstaden, endå namnet på hendinga syner til bushen -  som rett nok pregar det meste av landet. Det var to utøvarar: Ein verdsmeister og ein tidlegare verdsmeister. Sistnemnde gjenvann tittelen. Det har ikkje mange greidd innan denne greina. Men altså: Kva by skal vi fram til?
9. På austsida av kontinentet ligg ein annan by. Han ikkje mange verdsstjerner å skilte med. Men éi er fødd der, ho gifte seg 36 år gamal med ein nokså innovativ europeisk artist. Han slo for alvor igjennom med ei heller melodramatisk musikalsk romferd. Hovudpersonen i denne soga figurerte i ein ny song eit drygt tiår seinare, då som ein falma rusmisbrukar. Men altså, kva by kom fyrstnemnde kvinne frå?
10. Eit ein gong todelt land er bortimot fritt for skyskraparar. Dei skryt likevel på seg nokre midt i øydemarka. Vel, det er tvilsamt om dei når høgda til vanlege skyskraparar. Men denne vesle byen der høghusa ligg, er utvilsamt å rekne for ein hovudattraksjon i landet. Han står jamvel på ei liste no. Vi spør, kva heiter han?
11. Langt austover no. Ein “eviggrøn” by, hevda einkvan som sidan vart skoten. Kva veit vi, det lange namnet gjer det vanskeleg berre å tenkje på byen. Men ein gamal stad, det er det, sjølvaste jødekongen skal ha sendt skipa sine ditover. Ein kystby, nesten synst i landet. Og delstaten! Stort likare blir det ikkje der til lands. Men nok om det, kva heiter byen?
12. Så dreg vi nordover. Vi er langt frå havet her, men like fullt i ein storby. Hovudstaden, faktisk, i den autonome regionen. Området rundt er heller sterilt, men her finst iallfall nokre fruktbare flekkar. Jau, og så fjella attom, på sørsida. Dei nasjonale mynda vil gjerne utvikle denne delen av landet, vi får sjå om dei lykkast. Kva by er vi i?
13. Endå lenger nord no, nordaust. Frå fjella renn ho ned i havet, denne lange, fjerntliggjande elva. Når det er sagt, er ho frosen djupt nedover frå oktober til mai. Området ikring har fått namn etter henne. Det er jamt over ugjestmildt, noko mangt eit menneske ufrivillig har kjend på kroppen. Dei oppdaga gull, det var saka. Ute ved kysten, eit godt stykke sør for kjelda til elva, ligg byen ein kan kalle sentrum i regionen. Frå han til ein annan by, også eit godt stykke unna, bygde dei stakkars jævlane ein veg. Så mange døydde og vart liggjande der, at heile vegen i dag er rekna for minnesmerke. Men altså, kva heitte elva?
14. Så gjer vi noko av eit langflog vestover, til ein haug. Dei estimerer kringom 50.000 av dei: Mange er treskorne, men ymse materiale finst nok. I tillegg er det statuettar, ikon og alle slag effektar, eit levande vitnesbyrd om den seigliva nasjonale religionen. Så er det òg lang tid sidan prosjektet tiltok, vi estimerer bortimot 180 år. Serleg etter andre verdskrigen vart staden viktig, dei valfarta dit i fredsam protest. Kvar er vi?
15. Endå lenger vest: Dei drog, står det, til den muslimske verda - som sjølvsagt hadde eit namn. Det namnet blir ikkje bruka lenger, men kjem det av det ein helst trur, kan vi likevel skjøna meininga. Der borte var det verkeleg sus i serken. Dei søkte gull og gav ørnene føde - iallfall biletleg. Men så døydde dei diverre. Mora lét reise monumentet, som rett nok tykkjest heidre berre eitt av dei to nemnde mannsnamna. Ved kva slott, jamsides ein innsjø, står soga å lesa?

Dei sjenerøse premiane i sist tevling skapa berre ufred. Vi jekkar oss no ned nokre hakk, og byd dykk fylgjande for innsatsen - alt til distribusjon under sumarens bridgefestival:

1. premie: Ei kveldstevling med korporasjonen. Aftanen endar i Speidarhuset. Ta med alkohol.
2. premie: Fremste publikumsplass gjennom heile parfinalen - på ein stol bak oss. Heiarop påkravd.
3. premie: Middag med korporasjonen i Lillehammer sentrum. Du spanderer.

Svara sender ein som vanleg til gamaldans@hotmail.com, helst i rimeleg tid etter påske. Prøv og skjerp dykk.