Lykke til

8 March, 2008

Det er usedvanleg lenge sidan vi har skrive noko no, men tru ‘kje av den grunn at ting har endra seg. Maset er likeins som før. Vi rekk ikkje vakne om morgonen før måsane er på oss: “Kjellaren sug.” Implisitt: Gje oss oppdateringar. Lesaren er sjølvsagt first in line, der han sit i hovudstaden og overvakar oss. No vel, fyrstkomande sundag reiser både vi og han til Amstel-dammen, då kan ein kanskje få fred for akkurat slik kritikk. Men inntil då gjev vi Reistad det han, og sikkert mange med han, har venta lengst på: Korporasjonen Kjellarens nyleg oppspadde påskenøtter. Vi gjer ei verdsreise som sist, men denne gongen vonarleg for vanskeleg til å svara på. Good luck, suckers.

1. Vi byrjar midt i øydemarka, for mest mogleg optimalt å forvirre dykk: Denne vesle staden har nokså spesiell status i nasjonen han tilhøyrer. Skulle ein omsetja namnet til norsk, ville det bli eit slag forsvarsvegg, bygd på jordforhøging. I ein song av eit velkjend amerikansk indieband, kastar den omtala personen noko heller abstrakt over slike byggverk. OK, kva heiter staden?
2. Vi reiser sørover. Ein hund, ein by, ein delstat. Namnet skjemmer ingen. Hunden er uaktuell for vår del. Men fylgjande skal ein merkje seg: Byen, som altså er hovudstad i og ber same namn som delstaten, er ikkje den største byen i delstaten. Dét er derimot ein endå meir kjend by, noko lenger nord. I ein song vi trur de kan ha høyrd, enda flykta brått og nådelaust der. No vel, det var fyrstnemnde by vi skulle fram til. Kva heiter han?
3. Dei sigla det kjende skipet i relativt smalt farvatn. På sørsida ligg ei øy, der er no ein by. I denne byen, tru det eller ei, bryggjer dei øl. Ølet har namn etter skipet. For ein god del år sidan, då dei liksom byrja laga byen til der nede, var det delvis etter mønster frå ei kjend øy på nordaustkysten av kontinentet. Same business der oppe, liten trivsel om ein hamna i uføret. Men altså, kva by er det tale om?
4. No gjer vi bråvending vestover. Her er vi øvst på fjellet. 3500 meter høgt, seier dei, men vi trur det ikkje før vi får sjå det. Det meste ligg nemleg under vatn. Og vatn er alt vi ser, det er langt til neste kyst. Reknar vi øya, som rett nok er folketom, til eit større kulturfellesskap, ligg ho iallfall ved yttergrensa av dette, i eine hjørnet av triangelet. Men ingen gjestmild stad, altså. Einaste ferskvasskjelda er ein dam av regnvatn på austsida. Kva heiter øya?
5. Atollen er tridelt. Berre den søraustlege av hovudøyane har permanent busetjing. Inne mellom øyane ligg lagunen, åtskilt frå storhavet av eit breitt rev. Det artigaste med heile greia, tykkjer vi, er namnet: Med stavinga til den gamle kolonimakta sette det faktisk rekord, på verdsbasis, kva eit visst symbol vedkom. Det var fem av det - på elleve bokstavar. No er vel alle meir eller mindre avvikla, men vi spør like fullt: Kva atoll?
6. Vi held fram vestover, men inn i eit nytt hav no. Langt sør i dette. Reknar vi desse øyane i einskap med landet dei tilhøyrer, ligg faktisk det høgaste fjellet i nemnde land akkurat her. Det dreier seg om ein aktiv vulkan, noko landet elles berre har ein til av - og han ligg på granneøya. Sistnemnde har hatt nokre utbrot i det siste, det fyrste av desse tidleg på 90-talet. Då hadde han lege der inaktiv i 75.000 år, så sanneleg var det dags. Men nok om dét: Kva heiter øyane?
7. Så er vi endeleg på fastland att. Ein gruveby dette, langt nord i landet han ligg i. Men utruleg nok har dei litt å skryte av: To serskilde små sjøar, mellom anna. Dei er gamle, så gamle at ein sereigen fiskeart har rukke utvikle seg i den eine av dei. Det er elles vanskeleg å vita kor djupe dei er, for dei greinar seg ut til store holesystem langt under bakken. Ned i den eine av desse sjøane, den grunnaste, pælma tyskarane ein masse greier ved retretten etter fyrste verdskrigen. Men til saka: Kva by ligg dei ved?
8. Vi svingar nordover no. Det er tvilsamt om presidenten i dette landet fortener mange godord, han skapa iallfall ingen vokster. Men han diska opp skilling nok til ei hyse eit historisk idrettsarrangement. Det gjekk av stabelen i hovudstaden, endå namnet på hendinga syner til bushen -  som rett nok pregar det meste av landet. Det var to utøvarar: Ein verdsmeister og ein tidlegare verdsmeister. Sistnemnde gjenvann tittelen. Det har ikkje mange greidd innan denne greina. Men altså: Kva by skal vi fram til?
9. På austsida av kontinentet ligg ein annan by. Han ikkje mange verdsstjerner å skilte med. Men éi er fødd der, ho gifte seg 36 år gamal med ein nokså innovativ europeisk artist. Han slo for alvor igjennom med ei heller melodramatisk musikalsk romferd. Hovudpersonen i denne soga figurerte i ein ny song eit drygt tiår seinare, då som ein falma rusmisbrukar. Men altså, kva by kom fyrstnemnde kvinne frå?
10. Eit ein gong todelt land er bortimot fritt for skyskraparar. Dei skryt likevel på seg nokre midt i øydemarka. Vel, det er tvilsamt om dei når høgda til vanlege skyskraparar. Men denne vesle byen der høghusa ligg, er utvilsamt å rekne for ein hovudattraksjon i landet. Han står jamvel på ei liste no. Vi spør, kva heiter han?
11. Langt austover no. Ein “eviggrøn” by, hevda einkvan som sidan vart skoten. Kva veit vi, det lange namnet gjer det vanskeleg berre å tenkje på byen. Men ein gamal stad, det er det, sjølvaste jødekongen skal ha sendt skipa sine ditover. Ein kystby, nesten synst i landet. Og delstaten! Stort likare blir det ikkje der til lands. Men nok om det, kva heiter byen?
12. Så dreg vi nordover. Vi er langt frå havet her, men like fullt i ein storby. Hovudstaden, faktisk, i den autonome regionen. Området rundt er heller sterilt, men her finst iallfall nokre fruktbare flekkar. Jau, og så fjella attom, på sørsida. Dei nasjonale mynda vil gjerne utvikle denne delen av landet, vi får sjå om dei lykkast. Kva by er vi i?
13. Endå lenger nord no, nordaust. Frå fjella renn ho ned i havet, denne lange, fjerntliggjande elva. Når det er sagt, er ho frosen djupt nedover frå oktober til mai. Området ikring har fått namn etter henne. Det er jamt over ugjestmildt, noko mangt eit menneske ufrivillig har kjend på kroppen. Dei oppdaga gull, det var saka. Ute ved kysten, eit godt stykke sør for kjelda til elva, ligg byen ein kan kalle sentrum i regionen. Frå han til ein annan by, også eit godt stykke unna, bygde dei stakkars jævlane ein veg. Så mange døydde og vart liggjande der, at heile vegen i dag er rekna for minnesmerke. Men altså, kva heitte elva?
14. Så gjer vi noko av eit langflog vestover, til ein haug. Dei estimerer kringom 50.000 av dei: Mange er treskorne, men ymse materiale finst nok. I tillegg er det statuettar, ikon og alle slag effektar, eit levande vitnesbyrd om den seigliva nasjonale religionen. Så er det òg lang tid sidan prosjektet tiltok, vi estimerer bortimot 180 år. Serleg etter andre verdskrigen vart staden viktig, dei valfarta dit i fredsam protest. Kvar er vi?
15. Endå lenger vest: Dei drog, står det, til den muslimske verda - som sjølvsagt hadde eit namn. Det namnet blir ikkje bruka lenger, men kjem det av det ein helst trur, kan vi likevel skjøna meininga. Der borte var det verkeleg sus i serken. Dei søkte gull og gav ørnene føde - iallfall biletleg. Men så døydde dei diverre. Mora lét reise monumentet, som rett nok tykkjest heidre berre eitt av dei to nemnde mannsnamna. Ved kva slott, jamsides ein innsjø, står soga å lesa?

Dei sjenerøse premiane i sist tevling skapa berre ufred. Vi jekkar oss no ned nokre hakk, og byd dykk fylgjande for innsatsen - alt til distribusjon under sumarens bridgefestival:

1. premie: Ei kveldstevling med korporasjonen. Aftanen endar i Speidarhuset. Ta med alkohol.
2. premie: Fremste publikumsplass gjennom heile parfinalen - på ein stol bak oss. Heiarop påkravd.
3. premie: Middag med korporasjonen i Lillehammer sentrum. Du spanderer.

Svara sender ein som vanleg til gamaldans@hotmail.com, helst i rimeleg tid etter påske. Prøv og skjerp dykk.

4 Svar to “Lykke til”

  1. Ivar said:

    Premiane freistar eigentleg ikkje, så eg lurer på om eg skal sleppe til einkvan annan denne gongen. Men det kan jo alltids vera at eg tek meg bryet med å stelle til ein fasit ein kveld i påska.


  2. einkvan said:

    Vi skal sjå om ikkje hovmodet står for fall denne gongen. God påske.


  3. Ivar said:

    Somme kallar det hybris, eg kallar det sjølvinnsikt.


  4. einkvan said:

    Omsider slo vi framandordet opp i boka: “Den synd å heve seg i overmot over de begrensninger gudene har satt for menneskene.” Men vi trur ikkje på gudar, berre Gud, og ei heller nokre serskilde “grenser” for menneska, iallfall ikkje kva påskekviss vedkjem. Med litt kløkt overkjem ein hindra. No røpar vi inkje før fristen er ute, men Berg har iallfall favorittstempel. Kven kan måle seg? Berre time will show.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image