Lykke til: Sluttord

31 March, 2008

Så er påska uomtvisteleg over. Vi skal difor oppsummere kvissen vår, påskereisa, som denne gongen samla heile seks deltakarar. Utruleg artig.

Vi gjer ikkje denne gongen nokon gjennomgang av kvart einskilde spørsmål, for resonnementa blir i alle høve for kompliserte for gjennomsnittsmannen. Vi har fått fleire klagar på vanskegraden, men ikkje nettopp eintydige. Dei fleste synst vi overdriv, at lista med føremon kunne lege hakket lægre. Kva det då har seg at Ivar Berg, ein landsens moltegaid, nok ein gong gav oss fasiten i hende, det skjønar ikkje vi. For all del, han har brukbare skills. Men det har andre òg, vil dei. Her lyt øvast - og arbeidast. Ein vinn ikkje slike tevlingar på gamal vane, men eit ivrig og nyfike syn på tilveret. Vi lagar ikkje desse nøttene så mykje for å plaga dykk, som for å læra dykk eitkvart. Her er mykje kunnskap, grev ein berre djupt nok.

Dette som ei skjennepreike ikkje til deltakarane, men til dei som aldri deltok, som gav seg nesten før dei byrja. Det var mykje grums i dei svarsetta vi faktisk fekk, men det var då iallfall noko. Vi ser på fasit:

1. Rampart, AL. Ein “census-designated” tettstad. Songen var “Pink Bullets” av den korporative favoritten The Shins.

2. Chihuahua. Hunden heiter det same. I songen “Cocaine Blues” fekk Johnny Cash trøbbel i Ciudad Juárez.

3. Ushuaia. Ølet er Beagle-øl, byen modellert etter Djeveløya i Fransk Guiana.

4. Sala y Gomez. Det korporative ferieparadiset.

5. Hereheretue. Den gamle stavinga var vesentleg kulare: Héréhérétué.

6. Heard-øya og McDonald-øyane. Dei tilhøyrer Australia.

7. Tsumeb. Sjøane er Otjikoto og Guinas.

8. Kinshasa. “The Rumble in the Jungle” var òg i vår ånd. For ikkje å nemne presidenten, Mobutu Sese Seko.

9. Mogadishu. Iman vart gift med Bowie. Den fallerte astronauten var Major Tom, representert i høvesvis “Space Oddity” og “Ashes to Ashes”.

10. Shibam. “Manhattan of the Desert”, eit høgdepunkt mellom Jemens sanddyner.

11. Thiruvananthapuram. For eit nydeleg namn.

12. Ürümqi. Litt uklår spørsmålsformulering, men vi skulle altså Xinjiang Uyghur.

13. Kolyma. Ei hyggeleg elv i det austre Sibir. Vegen var “Beinvegen”, bygd over mang ein menneskeknokkel.

14. Krosshaugen. Han ligg i Litauen. Vi freistar ikkje den eigentlege stavinga, men har faktisk vore der.

15. Gripsholms slott. Ein runestein, dette. Vi seier ikkje meir.

Vi byrjar med fyrste innsendar, brødreparet Græsli frå Singsås. Deira deltaking var ei hyggeleg overrasking, vi har ikkje tidlegare sett nokon stor straum av svarbrev frå dalføra i innlandet. Men vi likar Singsås, og vonar brørne kjem sterkt attende sidan. Dei gjorde diverre ikkje nokon stor suksess denne gongen, med totalt to av femten riktige. Dei greidde Chihuahua-spørsmålet, og hadde openbert peiling på spetaklet i jungelen. Men som Janinj sjølv skreiv: “Fem rætt kjæm te å feires mæ polka og karsk.” Vi blir vonarleg inviterte.

Så var det Våge, som svara i Våge-stil. Det vil seia, han svara ikkje berre, men utbroderte framgangsmåte og irrelevante ekstraopplysningar. Høyr til dømes på åtta, som tydelegvis var ei favorittnøtt: “Her trodde jeg først presidenten var Ilyumshinov (president både i verdenssjakkforbundet FIDE og i den russiske republikken Kalmykia), da den lite flatterende beskrivelsen av ham stemte godt og det også i sjakk er sjelden at noen gjenvinner VM-tittelen. Men at matchen mellom de to verdensmestrene i 2006, som den korrupte presidenten fikk kjøpt til hovedstaden Elista, skulle henvise til bushen? Aha, nei, det var selvfølgelig enda mer planke, nemlig “Rumble in the jungle” i Kinshasa, Zaïre! Floyd Patterson var vel den eneste før Cassius Clay (synes det er mye kulere navn enn Ali!) som gjenvant tittelen?” Enklare kan det ikkje seiast. Men Våge var brukbar og hadde faktisk fire rette, nummer 2, 8, 9 og 15 - og for så vidt berre éin feil, nummer 6. Resten Våga han ikkje svara på.

Eit vel så hyggeleg bidrag kom frå Austlandet, småbyen Hamar nær Løten. Der bur Eide-familien. Så mange som det er av dei, kunne ein kanskje forvente fleire svarsett. Men Mats freista iallfall, og skal ha heider for det. Han briljerte ikkje hundre prosert, men blinka inn nummer 2, 5 og 9. Serleg femma var gledeleg sjå. Hereheretue er så visst ingen stor flekk på verdskartet. Det er altså von for ungdomen, sjølv i landets meir belasta provinsar. Mats skal bli skodespelar, og har såleis hovudrolla i den korporative oppsetjinga av My Fair Lady under sumarens festspel.

Så, ikkje mange minutta før fristen utlaup, kom eit heller uventa tilskot frå Rauland i Telemark, Fôrseth frå Fôrseth-garden. Vi har lenge visst at denne ølkjennaren ikkje er tapa bak ein stall, og det fekk vi endeleg prov på. Nummer 2, 3, 6, 7, 8, 9, 10, 11, 12 og 13 gjekk i hus, ein veldig sterk prestasjon. Det blir likevel eit vonbrot for storbonden: “Siktar meg inn på fjerdeplassen,” hevda han - men den gong ei. “Premiane freista vel i mindre grad.” Om løna for andreplass, tri dagars kibitzing av den korporative parfinalen, skriv han brutalt: “Det hadde no sikkert vore underhaldande å sitja på ein stol og sjå på egginga og høyre sarkastiske kommentarar frå Kvalen, men eg føretrekkjer å leggje mine eigne egg på det lægste bordet i Patton. Der får eg i det minste sitja i ro.”

Men vi kjem altså ikkje utanom: Vinnaren, i år som i fjor og året før der, er Ivar Berg frå Meldal. Det kom ikkje heilt på auto; Krosshaugen, til dømes, var ei hard nøtt. Men tala talar for seg, femten svar i hus. Vi gratulerer Ivar Berg med suveren siger. Premien er vel heller ingen nedtur, ei kveldstevling med Kjellaren på Rica Grand Quality Collection SAS Clarion Hotell Lillehammer komande sumar. Det er Bergs eige ansvar fortlaupande å forsyne oss med alkohol, dette trass i forbodet.

På andre kom altså Fôrseth. Tridjeplassen var dei meir tvist om, men det lengste strået trekte Våge-kvalen. Han får då gleda å by oss middag - og det i tillegg til alt han vanlegvis spanderer. Vi kjenner oss lystne på noko ekstra fancy den kvelden. Trøystepremiane, høvesvis 2000 og 7000 kroner, går til Mats Eide og brørne Græsli. Gratulerer òg til desse. Korporasjonen Kjellaren vil takke for all venleg deltaking. På attersyn til jul.

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image