Ei lykt for vår Fot

19 April, 2008

Som dei fleste veit, sit ikkje skryten altfor laust i kjellaren. Det vi no skal skrive er såleis ganske eineståande, ein reinhekla hyllingsartikkel til ein mann i nærleiken - men ingen kven som helst. Mannen med mange namn, så mange at vi ikkje greier nemne dei: Åsmund Forfot.

Vi har skrive om han før, for fyrste gong på den gamle sida vår. Det var ikkje berre skryt han fekk. Ei heller i haust, etter Namsos-cup. Når vi no så plutseleg fornyar melodien, er det sjølvsagt ikkje utan baktankar: Forfot har lova oss - lova verda - ein blogg om livet sitt - http://uthuset.trykker.com. Peikaren er enno inaktiv. Men alt som skal til, informerte han, er ei hylling i Kjellaren. Den prisen godtok vi. Romet, Heimen, Garasjen, dei er dyktige nok. Vel … Heimen sug. Garasjen er tom. Romet … Vi finn ikkje ord for Romet. Men like fullt: Det er sunt å skrive. Mennesket har eit instinktivt uttrykksbehov, og nettopp språket er inkje dårleg talerøyr.

Forfot, trur vi, har mangt å formidle. Det ser vi på MSN, der han somtid kontaktar oss: “Smør frukost t Reistan no.” “Nei, gomme e gomme for di her jævla søringan.” “Ber du meg, Karl og Marius på kaffe og småkaker?” “D bli blodpøls. Mått kast kjøttkakan, dæm va sur.” Og meir typisk: “Bli med på øl no.” Den får vi stendig. Forfot er ølglad, så klart. Han er sosial av den gamle skulen. Ein typisk live-figur. Lyt sjåast live. Mimikken, gestikken, stilen - når han tenner seg ein røyk. Det blir ikkje heilt det same over internett. Då vi fyrste gongen fann han på MSN, var vi beint ut overraska. Men det var ikkje tiltenkt, synte det seg. Som han skreiv: “Fått reparert PCn min først nu, å me den følge den her jævla MSN.” Eit nydeleg standpunkt. Protesten er ein rosa font, ikkje utan samanheng med hans feminine hått.

Men språket, altså, imponerer oss. Forfot har eit fyldig ordtilfang. Han er og blir ein mentor for jyplingar som oss. Vi har før kreditert han iallfall eitt nyord. Det vil seia, ei rekontekstualisering. Det var då “låg”, inkjekjønn “lågt”, kom i stand. Vi veit ikkje akkurat kven opphavsmannen var, men bruken stod Forfot for. No er ordet ein klassikar. Men eit omgrep vi faktisk kan prove kjem frå Forfot, er det vel så nyttige “smal”, inkjekjønn “smalt”. Han vitja oss ein gong. Vi sat som vanleg og spela SNES. Seinare same dag, då vitjinga var over, las vi med interesse: “Kjellaren var smal.” Dette i seg sjølv er sjølvsagt ikkje nytt. Alle veit kva “smal” reint fysisk er. Den metaforiske dimensjonen er også openberr: Ein har smale filmar, smale festivalar, smale ditt og smale datt. Men det nye her var kombinasjonen: Kjellaren er uomtvisteleg smal, kva breidde vedkjem. Det er ikkje mange meter vi boltrar oss på. Men i tillegg, tykte altså Forfot, smal reint åndeleg. Smal i konkret forstand, smal metaforisk - i eitt og same ord! Glimrande, meinte vi. Nytta av ein bridgespelar, var neste bruksområde openbert. “Smalt,” seier vi no, serleg om bridge. Smale bod, smalt førd. Men òg om andre ting. Oftast metaforisk, så klart, men minnet om Forfots innovative språkreising er ein inspirasjon for alle.

Vi ser ikkje Åsmund fyrst og fremst som bridgespelar. Serleg, altså, av di han kan så mykje anna. For bridgen får han kjeft. Serleg sambuaren, elskverdige Eberg, er ramsalt og sint. Godt då, at Forfot kompenserer på anna vis. Den vesle kåken deira er velhalden, rein og pen og fortreffeleg traktert. Forfot vaskar og Forfot lagar mat. Jamvel oss har han invitert. Og viss nokon lurar - ja, vi fekk det vi kom for: Kjøttkak. Blodpøls var aprilsnarr, men kjem visst på bordet til sumars ein gong. Det gler vi oss til. Å vera hjå Forfot er alltid ei frygd. Er det ikkje middag han byd på, så er det karsk. Eller “kark”, som han sjølv seier. Men også karken, kjend som ein heller … lågpanna drikk, konsumerer han med stil. Forfot blir aldri over seg, korkje lystig eller grim. Han har sin sjarm, sin distinktive stil. Ein mann i arbeid, for all del, men også ein roleg mann. Det er så, vi har hatt våre konfliktar. I krinsserien, til dømes, der han ikkje nettopp briljerte. Som Romet skreiv: “Denne halvskallede, halvfeite lille grisen er vel den hvor ordet usympatisk ikke er nytt i hans selvbiografi.” Men dét er berre delvis sant. For det meste er han blid. Forfot er cool. Han dyrkar sin fjernsynssport, sin kark og sine vener. Dei nære ting, kort og godt. Dei skal ein trå.

Som ein heller statisk, iallfall flegmatisk del av miljøet gjennom mange år, er han no ein høgvyrd mann. Ein vi har lit til. Det lever han høgt på. Sjå no til dømes til hausten: VM for universitetslag. Noreg sender sjølvsagt folk. Men som alltid trengst ein coach. Kven høver betre, spør vi oss, enn sindigheita sjølv? Så no er han med. Blir Svinet i tillegg captain, stiller Noreg saktens sterkt. Vi har longo byrja gle oss. Landet er Polen, byen Łódź. Karken skal med. Det er klart det blir stas.

Orsak

15 April, 2008

Midt-Trøndelag krins har vanta noka verkeleg stortevling dei siste åra. For det som enno blir arrangert, er interessa jamt over dalande. KM par og lag, til dømes, er snevre nisjetevlingar. Det var såleis eit prisverdig initiativ av Barius Martnes og Studentenes BK, prosjektet som sist helg gjekk av stabelen i Huset: Trondheim Cup samla 44 par, med Ivar Berg og Allan Livgård som dyktige tevlingsleiarar. Vi var sjølve aktive i ryddeprosessen, og flytte jamvel stolar undervegs. Ein stor takk til oss.

Til makker fekk vi Simonsen, ein fyrig sigøynar med ofseleg skjegg. Feltet roma fleire storleikar, men som vanleg mange noobs. Dei to samfunnsklassane vart heldigvis segregerte, med sistnemnde gruppe i overetasjen, “eliten” under. Stemninga vart deretter. Jo meir skills dei (hevdar dei) har, di meir utrivelege er folk. Vi såg det til fulle i runden mot Bogen, Simonsens likemann i ukritisk sjølvskryt. Der fekk Fredrik gjennomgå. Då vart han sint og kjefta, med’ Bogen berre lo.

               1086
               10xxx
               Q9xxx
               x

932                           AQ4
AQxx                       KJxx
10xx                         xx
xxx                           KQJx

                KJ75
                x
                AKJ
                A10xxx

Vi sat aust i blodsona. Nord, Håkon Bogen, var gjevar og passa. Vi opna 1 grand. No gjekk det pass og pass, før Bogen på nytt fekk sjansen. Ein sjanse, veit vi, han oftast nyttar. No hadde han inga god melding tilgjengeleg, men valet fall på 2 kløver, båe major. Makker Livgård spratt i utgang, som vår makker Simonsen i kjend stil hawaiidobla. Kontrakten verkar slitsam, men sjå kva som hende: Ut kom ein trumf. Vi ville føkke opp stelingane så godt som mogleg, så vi stakk med esset og spela ny trumf. Han vart sleppt til tia. Kløver til esset, kløver til steling, ruter til esset … og når sparen og ruteren båe sat jamt, ti stikk til bokføring. Ein uverkeleg score. Uflaks, kan ein seia, men vi tråkka på kontrakten. Dukkar vi utspelet er festen over.

Fylgjande spel var eit heitt samtaletema. Vi var sjølve i eksklusivt selskap, berre fire par fann den opplagde storeslemmen, derimellom to verdsmeistrar. Resten, derimot, lyt ha kråka noko frykteleg.

xxx
KQx
AKxx
Kxx

A
AJ10xx
x
AQJ10xx

Som sør opna Fredrik 1 kløver. Vi melde 1 spar, som anten syner ruter eller grand. No var Simonsen tvungen til å reversere. Det bør han vel strengt teke gjera om det går 1 kløver - 1 ruter òg, men det er ei anna sak. 3 kløver sette trumfen, 3 hjarter synte femkort. Vi repeterte kløveren, makkers cua ruter, vi hjarter, før Blackwood kom på banen. 5 hjarter, to ess, 5 grand, 7 grand. Relativt enkelt. Gratulerer til Bogen, som òg fekk pluss på spelet. 6 hjarter var ein panserkontrakt, berre hakket mindre safe enn storemomp i grand.

Apropos verdsmeister, vi sat imot Våge på nemnde spel. Han møtte verdsmeisteren same dag, og var heller stolt av noteringa; 1380. Dei fleste kjenner scoren, men vi presiserer for dei meir urutinerte: 2 ruter redobla pluss fire. Utom sona. Sjølvaste Helgis tok sjansen på ei utspelsdobling, men KQxx var knappast nok til å beite - sjølv med ruter ut. Våge meinte vi burde omtala dette, og no har vi altså gjort det. Eit nydeleg spel.

Jau då, nydelege spel var det flust av. I par tok vi fjerdeplassen, like bak Holmen - Syversen på tridje og Bogen - Livgård på andre. Verdsmeister Helgemo vann soleklårt, godt hjelpt av Stoffersen. Dagen etter var det endå verre. Lagkameratar Livgård - Eide spela brukbart, medan våre gladspel stort sett utgjekk. Så passa vi ned eit cuebid, heller ikkje dét var rette medisinen. Det heldt til femteplass, bak Marianne (Noreng - Våge, Svendsen - Harding) på fjerde. Lag “Tøsse” (Nilsen - Lindgren, Tøsse - Fiplingdal) vann knipe, med “Midt-Trøndelag Flyers” (Haugen - Helmersen, Kjørstad - Uggeland) på andre og “Kaiser Soze” (Brogeland - Lindqvist, Ringseth - Berg) på tridje. Gratulerer.

Sjølve kan vi einast orsake. Spelinga vår er på absolutt botnnivå i desse dagar. Men vi freistar hygge oss, og greier det sånn høveleg. Neste sjanse er nyttårsfesten, arrangert som seg høyr og bøyr i slutten av månaden. Tevling og pizza. Vi kjem. Gjer de?