Orsak

15 April, 2008

Midt-Trøndelag krins har vanta noka verkeleg stortevling dei siste åra. For det som enno blir arrangert, er interessa jamt over dalande. KM par og lag, til dømes, er snevre nisjetevlingar. Det var såleis eit prisverdig initiativ av Barius Martnes og Studentenes BK, prosjektet som sist helg gjekk av stabelen i Huset: Trondheim Cup samla 44 par, med Ivar Berg og Allan Livgård som dyktige tevlingsleiarar. Vi var sjølve aktive i ryddeprosessen, og flytte jamvel stolar undervegs. Ein stor takk til oss.

Til makker fekk vi Simonsen, ein fyrig sigøynar med ofseleg skjegg. Feltet roma fleire storleikar, men som vanleg mange noobs. Dei to samfunnsklassane vart heldigvis segregerte, med sistnemnde gruppe i overetasjen, “eliten” under. Stemninga vart deretter. Jo meir skills dei (hevdar dei) har, di meir utrivelege er folk. Vi såg det til fulle i runden mot Bogen, Simonsens likemann i ukritisk sjølvskryt. Der fekk Fredrik gjennomgå. Då vart han sint og kjefta, med’ Bogen berre lo.

               1086
               10xxx
               Q9xxx
               x

932                           AQ4
AQxx                       KJxx
10xx                         xx
xxx                           KQJx

                KJ75
                x
                AKJ
                A10xxx

Vi sat aust i blodsona. Nord, Håkon Bogen, var gjevar og passa. Vi opna 1 grand. No gjekk det pass og pass, før Bogen på nytt fekk sjansen. Ein sjanse, veit vi, han oftast nyttar. No hadde han inga god melding tilgjengeleg, men valet fall på 2 kløver, båe major. Makker Livgård spratt i utgang, som vår makker Simonsen i kjend stil hawaiidobla. Kontrakten verkar slitsam, men sjå kva som hende: Ut kom ein trumf. Vi ville føkke opp stelingane så godt som mogleg, så vi stakk med esset og spela ny trumf. Han vart sleppt til tia. Kløver til esset, kløver til steling, ruter til esset … og når sparen og ruteren båe sat jamt, ti stikk til bokføring. Ein uverkeleg score. Uflaks, kan ein seia, men vi tråkka på kontrakten. Dukkar vi utspelet er festen over.

Fylgjande spel var eit heitt samtaletema. Vi var sjølve i eksklusivt selskap, berre fire par fann den opplagde storeslemmen, derimellom to verdsmeistrar. Resten, derimot, lyt ha kråka noko frykteleg.

xxx
KQx
AKxx
Kxx

A
AJ10xx
x
AQJ10xx

Som sør opna Fredrik 1 kløver. Vi melde 1 spar, som anten syner ruter eller grand. No var Simonsen tvungen til å reversere. Det bør han vel strengt teke gjera om det går 1 kløver - 1 ruter òg, men det er ei anna sak. 3 kløver sette trumfen, 3 hjarter synte femkort. Vi repeterte kløveren, makkers cua ruter, vi hjarter, før Blackwood kom på banen. 5 hjarter, to ess, 5 grand, 7 grand. Relativt enkelt. Gratulerer til Bogen, som òg fekk pluss på spelet. 6 hjarter var ein panserkontrakt, berre hakket mindre safe enn storemomp i grand.

Apropos verdsmeister, vi sat imot Våge på nemnde spel. Han møtte verdsmeisteren same dag, og var heller stolt av noteringa; 1380. Dei fleste kjenner scoren, men vi presiserer for dei meir urutinerte: 2 ruter redobla pluss fire. Utom sona. Sjølvaste Helgis tok sjansen på ei utspelsdobling, men KQxx var knappast nok til å beite - sjølv med ruter ut. Våge meinte vi burde omtala dette, og no har vi altså gjort det. Eit nydeleg spel.

Jau då, nydelege spel var det flust av. I par tok vi fjerdeplassen, like bak Holmen - Syversen på tridje og Bogen - Livgård på andre. Verdsmeister Helgemo vann soleklårt, godt hjelpt av Stoffersen. Dagen etter var det endå verre. Lagkameratar Livgård - Eide spela brukbart, medan våre gladspel stort sett utgjekk. Så passa vi ned eit cuebid, heller ikkje dét var rette medisinen. Det heldt til femteplass, bak Marianne (Noreng - Våge, Svendsen - Harding) på fjerde. Lag “Tøsse” (Nilsen - Lindgren, Tøsse - Fiplingdal) vann knipe, med “Midt-Trøndelag Flyers” (Haugen - Helmersen, Kjørstad - Uggeland) på andre og “Kaiser Soze” (Brogeland - Lindqvist, Ringseth - Berg) på tridje. Gratulerer.

Sjølve kan vi einast orsake. Spelinga vår er på absolutt botnnivå i desse dagar. Men vi freistar hygge oss, og greier det sånn høveleg. Neste sjanse er nyttårsfesten, arrangert som seg høyr og bøyr i slutten av månaden. Tevling og pizza. Vi kjem. Gjer de?

4 Svar to “Orsak”

  1. 800 said:

    Det var da en sjeldent ydmyk Schjetne. Godt å se at slike følelser også finnes i Kjelleren!


  2. Kvalen said:

    “Jeg har sagt det tusen ganger før, og nå sier jeg det for tredje og siste gang.”
    Kjell Magne Bondevik

    “Dei fleste kjenner scoren, men vi presiserer for dei mer urutinerte.”
    Korporasjonen

    Forfatteren er som kjent ganske ung og urutinert, men det er forhåpentligvis en trøst at også hans store politiske idol har uttalt seg litt “uheldig”. De rutinerte leserne vet selvfølgelig at scoren for 2ruXX +4 er 1360 og ikke 1380.


  3. Ivar said:

    Som TL opplevde eg helgas høgdepunkt da eg fekk stryke TO spel i same kamp: Først hadde paret i ope rom vridd eit spel, og sidan det allereie var spela i lukka, laut det strykast (-1 til båe lag). Ein spelar som skal få vera anonym, skulle ned for å kjefte på lagkameratane for feilen, og kika i same slengen på lista så enda eit spel laut strykast (denne gongen 3 imp til fi). Darwin P. Erlandsen hadde nok hatt ein treffande kommentar på lager!


  4. einkvan said:

    Det vart mykje å svara på. Men til alle kan vi seia: Den audmjuke attityden gjeld ikkje fyrst og fremst oss sjølve. Jau, vi har spela dårleg. Men det har andre òg. Vi er audmjuke på alles vegner. Når vi bed om orsak, er det kollektivt, for oss, for dykk, for alle. Ei bøn om tilgjeving.

    Fråsegna vi blir siterte på, impliserer ingenting kva vår eigen rutine vedkjem. Ja, vi er urutinerte. Men ikkje av den grunn at vi bomma tøysescoren. 1360 eller 1380, vi er fyrst og fremst glade for aldri å ha sett han. Ikkje før no, altså, med verdsmeisteren involvert. Ein skulle tru de kunne spara oss, vi er framleis born.

    TL Berg lyt vi korrigere: Lagkameratar som er dumme nok til å vri eit pansergladspel, skal per definisjon kjeftast på. Står ikkje det i boka? Å studere lista var kanskje ikkje naudsynt, men dei fekk då iallfall ein lærepenge. Sin eigen medisin, som det heiter. All ære til makker.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image