Ei lykt for vår Fot

19 April, 2008

Som dei fleste veit, sit ikkje skryten altfor laust i kjellaren. Det vi no skal skrive er såleis ganske eineståande, ein reinhekla hyllingsartikkel til ein mann i nærleiken - men ingen kven som helst. Mannen med mange namn, så mange at vi ikkje greier nemne dei: Åsmund Forfot.

Vi har skrive om han før, for fyrste gong på den gamle sida vår. Det var ikkje berre skryt han fekk. Ei heller i haust, etter Namsos-cup. Når vi no så plutseleg fornyar melodien, er det sjølvsagt ikkje utan baktankar: Forfot har lova oss - lova verda - ein blogg om livet sitt - http://uthuset.trykker.com. Peikaren er enno inaktiv. Men alt som skal til, informerte han, er ei hylling i Kjellaren. Den prisen godtok vi. Romet, Heimen, Garasjen, dei er dyktige nok. Vel … Heimen sug. Garasjen er tom. Romet … Vi finn ikkje ord for Romet. Men like fullt: Det er sunt å skrive. Mennesket har eit instinktivt uttrykksbehov, og nettopp språket er inkje dårleg talerøyr.

Forfot, trur vi, har mangt å formidle. Det ser vi på MSN, der han somtid kontaktar oss: “Smør frukost t Reistan no.” “Nei, gomme e gomme for di her jævla søringan.” “Ber du meg, Karl og Marius på kaffe og småkaker?” “D bli blodpøls. Mått kast kjøttkakan, dæm va sur.” Og meir typisk: “Bli med på øl no.” Den får vi stendig. Forfot er ølglad, så klart. Han er sosial av den gamle skulen. Ein typisk live-figur. Lyt sjåast live. Mimikken, gestikken, stilen - når han tenner seg ein røyk. Det blir ikkje heilt det same over internett. Då vi fyrste gongen fann han på MSN, var vi beint ut overraska. Men det var ikkje tiltenkt, synte det seg. Som han skreiv: “Fått reparert PCn min først nu, å me den følge den her jævla MSN.” Eit nydeleg standpunkt. Protesten er ein rosa font, ikkje utan samanheng med hans feminine hått.

Men språket, altså, imponerer oss. Forfot har eit fyldig ordtilfang. Han er og blir ein mentor for jyplingar som oss. Vi har før kreditert han iallfall eitt nyord. Det vil seia, ei rekontekstualisering. Det var då “låg”, inkjekjønn “lågt”, kom i stand. Vi veit ikkje akkurat kven opphavsmannen var, men bruken stod Forfot for. No er ordet ein klassikar. Men eit omgrep vi faktisk kan prove kjem frå Forfot, er det vel så nyttige “smal”, inkjekjønn “smalt”. Han vitja oss ein gong. Vi sat som vanleg og spela SNES. Seinare same dag, då vitjinga var over, las vi med interesse: “Kjellaren var smal.” Dette i seg sjølv er sjølvsagt ikkje nytt. Alle veit kva “smal” reint fysisk er. Den metaforiske dimensjonen er også openberr: Ein har smale filmar, smale festivalar, smale ditt og smale datt. Men det nye her var kombinasjonen: Kjellaren er uomtvisteleg smal, kva breidde vedkjem. Det er ikkje mange meter vi boltrar oss på. Men i tillegg, tykte altså Forfot, smal reint åndeleg. Smal i konkret forstand, smal metaforisk - i eitt og same ord! Glimrande, meinte vi. Nytta av ein bridgespelar, var neste bruksområde openbert. “Smalt,” seier vi no, serleg om bridge. Smale bod, smalt førd. Men òg om andre ting. Oftast metaforisk, så klart, men minnet om Forfots innovative språkreising er ein inspirasjon for alle.

Vi ser ikkje Åsmund fyrst og fremst som bridgespelar. Serleg, altså, av di han kan så mykje anna. For bridgen får han kjeft. Serleg sambuaren, elskverdige Eberg, er ramsalt og sint. Godt då, at Forfot kompenserer på anna vis. Den vesle kåken deira er velhalden, rein og pen og fortreffeleg traktert. Forfot vaskar og Forfot lagar mat. Jamvel oss har han invitert. Og viss nokon lurar - ja, vi fekk det vi kom for: Kjøttkak. Blodpøls var aprilsnarr, men kjem visst på bordet til sumars ein gong. Det gler vi oss til. Å vera hjå Forfot er alltid ei frygd. Er det ikkje middag han byd på, så er det karsk. Eller “kark”, som han sjølv seier. Men også karken, kjend som ein heller … lågpanna drikk, konsumerer han med stil. Forfot blir aldri over seg, korkje lystig eller grim. Han har sin sjarm, sin distinktive stil. Ein mann i arbeid, for all del, men også ein roleg mann. Det er så, vi har hatt våre konfliktar. I krinsserien, til dømes, der han ikkje nettopp briljerte. Som Romet skreiv: “Denne halvskallede, halvfeite lille grisen er vel den hvor ordet usympatisk ikke er nytt i hans selvbiografi.” Men dét er berre delvis sant. For det meste er han blid. Forfot er cool. Han dyrkar sin fjernsynssport, sin kark og sine vener. Dei nære ting, kort og godt. Dei skal ein trå.

Som ein heller statisk, iallfall flegmatisk del av miljøet gjennom mange år, er han no ein høgvyrd mann. Ein vi har lit til. Det lever han høgt på. Sjå no til dømes til hausten: VM for universitetslag. Noreg sender sjølvsagt folk. Men som alltid trengst ein coach. Kven høver betre, spør vi oss, enn sindigheita sjølv? Så no er han med. Blir Svinet i tillegg captain, stiller Noreg saktens sterkt. Vi har longo byrja gle oss. Landet er Polen, byen Łódź. Karken skal med. Det er klart det blir stas.

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image