Ein ny sjanger vi i kjellaren kan ta æra for, er såkalla “bridgehaiku”, stramt komponerte haikudikt om hendingar ved bridgebordet. Tradisjonen samanfattar to av våre fremste interesser, nemleg bridge og litteratur. Ja, serleg japansk litteratur er vi no om dagen fascinerte av, og haikudiktet er som kjend ein eldgamal japansk skikk.

Til dei originale haikudikta var krava langt meir rigide enn dei vi sjølve praktiserer. Dei tri strofene skulle ha høvesvis fem, sju og fem stavingar, diktet skulle ideelt sett referere til ei årstid og dessutan slutte på eit substantiv. Årstidsreferansen blir rimelegvis bakstrevarsk for vår del. Substantivkravet meiner vi derimot kan overkomast, iallfall for det meste. Stavingane er det verste, og kanskje vanskelegare å oppfylle på norsk enn på japansk, ettersom einskilde japanske ord, gjerne samansette, ofte er tydingsberande i ein langt vidare forstand enn våre eigne. Vi har difor som retningsline berre at lengda på strofene, altså mengda grafem framfor mengda stavingar, skal avpassast til den grunnleggjande strukturen kort - lang - kort, altså med lengste strofa i midten. I tillegg har ein det sjølvsagde kva innhald vedkjem, at haikudiktet skal ha eit relativt smalt fokus og ikkje vera overdrive abstrakt i språkbruken.

No skal det seiast at vi i kjellaren førebels har vore åleine om produksjonen av bridgerelaterte haikudikt. Men såpass populære har våre eigne dikt vorte, at vi nok ser for oss ein eksplosjon av bridgespelande haikupoetar i åra framover. Det er ei ære for oss å kunne konstituere ei heil litterær rørsle på det mogne viset vi no har gjort. Vi skal i denne artikkelen få eit lite overblikk over soga bak og utviklinga av den moderne bridgehaiku.

Det var etter den skandaløse 2200-soga i krinsserien vi for fyrste gong kjende prosaen bli for uttrykksfattig i bridgejournalistisk samanheng. Det lagnadstunge spelet etterlét oss i ei stemning vi ikkje greidde uttrykke i det grovkorna grautmålet vi vanlegvis nyttar. Tankane gjekk meir i lyriske banar, til dømes til den klassiske elegien. Men samstundes har vi alltid dyrka det ordknappe idealet i norrøn sogestil, og ynskte oss ei nøktern lyrisk form akkurat passe sparsam med informasjonen. Det var då vi kom til å tenkje på våre barndoms haikudikt, og fylgde det eldgamle mønsteret i produksjonen av den aller fyrste bridgehaiku. Dei fleste har lese han før, men vi repeterer her for oversynet:

To tusen to
kosta gildet. Som å vakne naken
midt i ei myr.

Similen avslutningsvis kan kanskje verke malplassert i det strenge skjemaet, men var den mest konkrete framstillinga vi greidde gje av ei så til dei gradar oppskaka kjensle. I utgangspunktet er den andre strofa kanskje vel lang i høve til dei to andre, men vi gjorde det slik av rytmiske årsaker. Lineskifta er meint å markere eit visst tempotap.

Vi fekk mange, iallfall to positive reaksjonar på det siterte diktet. Sett i lys av den veike stillinga lyrikken har i norsk åndsliv - og i bridgen spesielt - var dette sers overraskande. No tenkte vi like fullt la det bli med denne eine haikuen, og det skulle då òg gå nokre månader før neste stålegg så graverande at det verkeleg kalla på ein haiku. Det skjedde på ein sumarbridge i Huset, der vi og Våge, eller strengt teke vi, i andre spel tråkka på ein daudfødd veslemomp. Då var stemninga dårleg heile kvelden til endes, og det var fyrst i nest siste runden den store fylgjefeilen kom. Vi spela mot 3 spar dobla, bordet var daudt og speleførar freista desperat knekten frå konge, knekt tridje på hand. Vi sat bak med dama dobbel, makker framfor med esset dobbel. No hadde vi eigentleg fullt oversyn, men valde i ein sløv augneblink å leggje liten frå dama dobbel. Det kosta ikkje berre det eine ruterstikket, men øydela òg den pågåande trumfmatten. 730 og botn framfor 500 og topp. Så, i baren etter spelinga, spanderte makker ein “trøysteøl”, samstundes som det store stålegget sjølvsagt kom på banen. Vi vart oppfordra til å laga ein haiku av det, men greidde ikkje på ståande fot meir enn fyrste setninga. Vi fullførde til vederlag neste dag, med fylgjande dikt som resultat:

Fjorten matchpoint
svinga spelet. Men øl til spott
fekk vi av Kvalen.

I utgangspunktet var ordvalet “øl til trøyst”, men vi skjøna nok at ølet hadde meir av ein hånleg enn miskunnsam undertone. Derimot lét vi konjunksjonen bli ståande. Han burde i utgangspunktet markere eit slag adversativkobling til den føregåande deklarasjonen, men nettopp der ligg overraskinga i denne haikuen. Opninga er nokså dyster, men den negasjonen forbindaren signaliserer - kjem ikkje! Dette er logisk nok uttrykk for vår eiga negative oppleving: Ølet var meint å døyve smerta, men den merksemda vi også i baren vart vigde på grunnlag av stålegget, gjorde det heile langt meir levande enn det nokon gong hadde vore.

Vi var like fullt inspirerte etter den vellykka haikuen, og heldt nokså snøgt fram med ei aldri så lita hemn over Vågekvalen. 3 spar dobla var utelukkande vår feil - det var jamvel vi som dobla. Men 6 grand mot Hakkebakkeskogen, den tykte vi var delt. Rett nok var det vi som i siste instans vart pylseskvisa, men dette etter at makker hadde lagt feil fordeling i opptil fleire fargar. Fyrst kom nia ut frå ni, åtte, fjerde; ikkje akkurat vår stil. Men vi skjøna det til slutt. At han på daud på liv skulle leggje nia frå knekt, ni tridje då speleførar spela spar mot blindemann, var diverre meir enn vi takla. Aktuelt hadde vi ein openberr indikasjon vi uheldigvis oversåg. Men det er visst endå ein av Våges kjepphestar, at ein så ofte som mogleg skal teste makker. Haikuen er ei simpel stadfesting:

Hieroglyfar,
gåtefulle: Kvalens forunderlege
fordelingskast.

Endå meir hårreisande frå vår side, var det i 3 hjarter dobla sist måndag. Vi spela med Simonsen, og hadde byde kløver på ess, konge, dame, sju sjette. I tillegg hadde vi kongen fjerde i spar bak esset dobbel i bordet. Makker spela ut kløver ti, blindemann bretta ned ni, åtte fjerde i sorten. Så spørst det, kva kløver legg du? Vi valde sjua, lavinthal til spar. Berre så synd at speleførar, David Ueland, hadde knekten singel. Same aftan dikta vi:

Flira då Uggen
velnøgd i skjegget -
Knekten gav stikk.

Denne haikuen har noko umiskjenneleg norrønt over seg, samstundes som han representerer den før nemnde kjerneverdien i haikutradisjonen, den “nære”, nesten episodiske diskursen, med openberr koherens mellom setningane. Ideelt sett skulle vi laga han på staden, med’ vi enno sat ved bordet, men kreativiteten strekte ikkje til. Vi er kan hende for urutinerte.

I går kom vi derimot raskt i gang. Med dame, knekt, ni fjerde på hand til kongen tynt fjerde i bordet, valde vi å byrja med knekten frå handa, endå vi hadde rikeleg med inntak til eit oppspel frå blindemann. “Uflaks” at esset sat singel til høgre. Motstandarar var Petter Eide og Marita Haugan Røberg. Vi merkte oss Maritas ord då ho gjekk frå bordet, og deriverte av desse ein lynkjapp haiku:

Eg blir så glad,
sa ho, når jamvel dei beste
somtid gjer feil.

Då har vi skrive soga heilt inn i samtida, og kan ikkje i augneblinken gje dykk fleire døme på denne raffinerte kunsten. Det er rett og slett ikkje laga fleire. Men lesarane har vonarleg fått inspirasjon til sjølve å byrja dikte, og vi ventar i spaning på bidrag frå dei fyrste eksterne aktørane. Det skulle iallfall ikkje vante stålegg å skrive om.

Omsider litt flaks

27 May, 2008

I går kveld hende det igjen, lesaren klaga på manglande updates. Men Uthuset, som vi vart lova, har ikkje den unge måsen gjort stort for å få på beina. Det var rett nok Forfots prosjekt i utgangspunktet, men Reistad og rissdølen er tilsynelatande kompanjongar no. Dei samarbeidde iallfall godt om sekstandeplassen i Kongsvinger denne helga. Vi reknar difor Uthuset som deira felles ansvar, og denne artikkelen er til ære for alt anna publikum enn akkurat dei. Vi vil faktisk forby dei å lesa han. Ut av vårt hus, vanheilage hundar!

Når det er sagt, har det gått litt trått med den korporative lektyreproduksjonen dei siste månadene. Ikkje av di vi har vanta inspirasjon, det gjer vi aldri, men programmet har vore relativt tett i forhold til skule og administrative oppgåver. Vel, det har det jo eigentleg ikkje. Men eitt og anna av sensasjonell art har vi iallfall føreteke oss den siste tida, og vil i denne artikkelen gje eit lite resymé av våren så langt. Når vi plutseleg har fått litt betre tid her nede, er det av ei sers hyggeleg årsak: Seinast i går, klokka 15.00, byrja Kjellaren sin lange og velfortente ferie. Vi hadde sesongens siste eksamen på universitetet, og reknar oss no for ferdig utlærde i norsk syntaks. Takk og farvel. Til hausten har vi store planar, mellom anna eit studium i runologi. Vi har allereie vore på biblioteket og lånt inn boka, og i tillegg mange andre bøker. Noko av visjonen for sumaren må vera, som George Costanza seier det, “[to] read a book. From beginning to end. In that order!” Når vi siterer vår absolutte helt mellom fjernsynsstjernene, er det sjølvsagt ikkje tilfeldig. George fekk tri månader løn frå yankeeane for å gjera absolutt ingenting. Då skulle han få gjort alt mogleg. Eta ein heil ost, mellom anna. Vi for vår del får inga løn. Det er bra, for vi hatar kapitalen. Vi greier oss med skiljemynt. Men det er like fullt “time to taste the fruits and let the juices drip down our chin.” We proclaim this: The Summer of George! I overførd tyding.

På den gamle sida vår, med’ vi enno var i bygda, skreiv vi mangt og mykje om våren. Men fordi om vi no er institusjonaliserte, kan vi sjølvsagt ikkje slutte glede oss over vårens vakre vedunder. Eit av dei sikraste vårteikna er snooker-VM, ei tevling vi kvart år har augo retta mot. Men ettersom vi no har fått kabelfjernsyn installert i kjellaren, kunne vi observere grundigare og meir lidenskapeleg i år enn tidlegare. No gjekk det diverre ikkje heilt vår veg, men det var så. Einskilde favorittar, så som Hendry, Williams og akk så utskjelte Ebdon, var for så vidt med eit godt stykke. Men det gjekk med dei som dei unge kinesarane vi heia på, dei vart for linne då Rocket sette flaksen inn. Han vann også finalen mot Ali Carter, som rett nok ikkje baud han all verdas konkurranse. Det mest ufyselege, tykte vi, var den griseheldige 147-serien O’Sullivan gjorde i siste frame mot Williams. Sporten blir berre keisam av slikt.

Når vi snakkar om flaks og uflaks, kan vi nemne at den lokale sumarbridgen er godt i gang. Vi har som vanleg sete i udrag, men lyt vel òg vedkjenne oss eit par tvilsame variantar. Hyggeleg har det like fullt vore, serleg den kvelden vi spela med ein av våre kvinnelege favorittmakkerar, sjarmerande Fiskarstrand. Ho har nekta oss å bruke den eigentlege identiteten hennar, av di ho ein dag skal bli lærarinne, og såleis vil ha mest mogleg plettfrie Google-treff på namnet sitt. Vel, Gry, du får vone dei ikkje leitar opp spelstensilane frå den aktuelle kvelden.

Når vi dreg denne Fiskarstrand fram i det grelle kjellarlyset, er det delvis òg for å rose henne. Ho og resten av arrangementskomiteen - viss det var nokon - stelte til eit glimrande Stud-kalas i klubbhuset på Havstad. Det kom litt seint i gang til nyttårsfest å vera, og vi vil nok til neste år ynskje oss endå betre oppslutning frå klubbens mange spelarar. Men vi som var der lika oss. Tevlinga, eit endå villare lotteri enn snooker-VM, vart vunne av Uggen og ein Eiesland, ikkje tidlegare omtala på sida vår. Men vi trur han les litt. Vi tolererer denne fyren, endå han ved fyrste augekast kan verke overdrive “svart” for oss fredelege Burzum-fans. Vår eigen makker var ein annan fersking, også ho av mix-kategorien. Kjersti Solberg Eikrem er ikkje like skuggeredd som Fiskarstrand, så vi treng ikkje nytte dekknamn der. Ein og ung talentfull spelar er ho i alle fall, og med ein iver dei gamle “heltane” saktens kunne lærd litt av. Vi vil nytte høvet til å skryte også av vår tridje mix-makker, Petter Eides honey Marita. Veldig uneleg. Vi vil faktisk gå så langt som til å vurdere, å heretter berre spela mix-bridge. Vi innser no akkurat kor sympatisk våre påstått mannlege makkerar er. Sjå berre på Simonsen, som på nemnde fest gjorde alt han kunne for å avlive oss. Han dengde oss i veggen, la oss i bakken, slo oss med ei flaggstong og dynka oss i vatn. Vi var heldigvis litt for seigliva til heilt å kapitulere.

Nei då, Simonsen, det er water under bridgen. Vi har longo tilgjeve deg framferda di, og du vonarleg vår. Den fyrste mai var Fredrik faktisk så elskverdig å invitere halve klubben til seg sjølv på grilling. Ettersom han som oss skyr arbeidarrørsla, ville han vel gjerne ha litt selskap heime framfor å forlata huset. Dei to andre residentane, makkerparet Eide - Livgård, var lageleg nok bortreiste, så einskilde gode vanka jo frå frysaren. Jamvel Katrine Gran, ein av våre lausleg assosierte, innfann seg i det timelange symposiet. Eit hyggeleg attersyn.

Kvelden før, den siste dagen i april, var vi faktisk i Olavshallen. Vi har ikkje vore så kulturelle som ynskt det siste året, men Orffs Carmina Burana var naturlegvis uunnverleg. Vi har alltid lika dette stykket, og det skorta ikkje noko på framføringa i hallen. Aal sjølv var baryton, det hjelpte ytterlegare på stemninga. Men også sopranen og den andre mannlege solosongaren, kora, orkestret og serleg gong-spelaren var dyktige. Det vart ein gjevande kveld. Vi hadde nokre andre bridgespelarar med oss, dei gjorde overraskande god figur i såpass eksklusivt selskap.

Ein annan høgtidskveld var vi heime i dalføret, nærare bestemt på Støren - eller Gauldalens Paris, som einskilde har kalla det. Vår finske ven frå skuleåra, nitrivelege Aarto Hyvärinen, heldt ein aldri så liten samankomst. Der trefte vi eit hav av kjenningar, men berre éin er tidlegare omtala i kjellaren. Ja, de gissa rett, evigunge Gaustad frå Hukkelåsen. Det var ei relativt roleg tilstelling, der vi fyrst på ved enda av kalaset, på heimturen, fekk oppleva det vi framfor alt var komne etter: Lokal natur. For å imøtekoma Gaustads vederheftige mor, som var så adstadig å ville hente oss, laut vi stege over ein bekk og nokre gamle byggvarar nedi Støren sentrum. For oss var dette action.

Når det gjeld nettopp Gaustad, er det med ein viss byrgleik vi må informere, om at han no omsider har utmanøvrert Våge ved sjakkbrettet. Slike resultat kan naturlegvis lyge, men det siste oppgjeret, arrangert med brask og bram i Mormors stove, vart ei styrkeoppvising for den unge hukkelåsingen. No skal det seiast at Våge er og har vore fullstendig inaktiv som sjakkspelar. Men di gledelegare er det naturlegvis å sjå, at sjølv ein nedsnøa hillbilly frå hillbillyland, kan lykkast i ein såpass komplisert idrett som sjakken. For nokre veker sidan vann han si klasse i hedmarksmeisterskapen, som forresten var hans fyrste større tevling. Når han no etter kvart attervender frå militæret, satsar han for fullt i Trondheim sjakkforeining. For vår eigen del kan dette bli problematisk, sidan Gaustad etter alle dei tri spelekveldane kvar veke, nok vil invitere til sigersøl. Dette har Kjellaren korkje råd eller tid til, så vi lyt faktisk avvikle vår eigen mobiltelefon, eller iallfall slå han av på permanent basis - og dra gardinene føre, ikkje minst.

Men det er lenge til. Vi kan lova dykk ein og annan epistel frå redaksjonen framover, ettersom vi altså har relativt rikeleg med fritid dei neste tri månadene. Endeleg kan vi disponere våre tilmålte leveår nokolunde fornuftig. Det fyrste vi skal gjera, er å avrunde denne artikkelen med eit høveleg dikt. Vi vil tru de har sakna den lyriske biten her inne, men di betre er sjølvsagt diktet når det fyrst kjem. Skal vi velja oss eit vårleg dikt vi framfor mange er glad i, vil dette absolutt utkrystallisere seg: Rolf Jacobsen, Mai på ruten:

Nu er det mai på ruten,
i høyblokkene når rørene er sluttet å suse,
i kjelleren når de bærer den døde ut,
i fengslene hele dagen og hele natten
er mai på ruten med sitt hvite ansikt
som forsøker å få tak i blikket ditt
og legger sin hånd av is omkring ditt hjerte
- -  jordens vår.

Kjellaren har alltid vore var for anna folks kjensler, og stort sett gjort dei fleste til lags. Vi har dessutan lova å avstå frå politiske kommentarar, ettersom politikken stort sett er banalitetar. Dagens epistel får såleis lesast som eit religiøst meir enn eit politisk manifest. Ein aldri så liten brannfakkel er det like fullt, og vi bur oss naturlegvis på kritiske merknader frå våre mange kommunistiske lesarar. Men som det før har vorte presisert, er denne sida i botn og grunn reaksjonær. Brun, om de vil. “Politisk står vi til høyre for Ivan den Grusomme”. Så det var ikkje anna å forvente.

Datoen er 14. mai 2008. Tel ein på fingrane 60 år bakover, er ein i 1948. Då skulle bjøllene ringje. Ja, Kjellaren vil nytte høvet her i dag - og ein nydeleg vårdag er det - til å ynskje staten Israel og det jødiske folket hjarteleg til lykke med dagen. Gratulerer! Framleis ingen gamal nasjon, men eit land som i tusenår einast var draum, og no endeleg har synt seg livskraftig. Liksom jødane feirar i Israel, skal Kjellaren feire i kjellaren. Vi har korkje gjøkalv eller fletteloff, men er fulle av shalom og framtidstru.

Dette trass i nokre vanskelege episodar dei siste 60 åra. Endå vi er relativt skråsikre i saka vår, skal vi ikkje hevde ha fullt, eller snarare godt nok innsyn i Israels soge. Mykje har hendt som vi vantar peiling på, og sume kan vel bruke denne vår infantile fåkunne til å slakte hypotesane våre. Men sant å seia treng vi ikkje mange argument. Vi veit så klart kva jødane har gjort med dei såkalla “palestinarane”, og skulle gjerne sett dei hakket mildare i så måte - for sin eigen del, ikkje for Palestinas.

Det er utelukkande desse herjingane som har gjeve Israel sitt ufortent dårlege rykte. Vi meiner altså ikkje å implisere, at vi har nokon valdsam sympati for det “palestinske” folket som gruppe. Einskilde hendingar er sjølvsagt tragiske, som når kvinner, barn og andre skuldfrie ved uhell blir drepne. Det bør ikkje skje. Men så er det også slutt. Vi nærar ein djupkjend skepsis til heile den arabiske og i stor grad sunnimuslimske verda. Ikkje av di arabiske menneske i utgangspunktet er mindre hyggelege enn andre, men på grunnlag av den politikken arabiske nasjonar, nesten utan unntak, driv i møte med minoritetar - det vera seg grannen Israel eller grupperingar internt i dei nemnde landa. Når vi nyttar nemninga “arabisk”, er “palestinarane”, eller det som verkeleg er “Palestina-arabarar”, sjølvsagt inkludert i termen.

Det blir tala mykje om den støtta USA gjev Israel, ei støtte som utan tvil har vore avgjerande for eksistensen og framdrifta til denne sårbare nasjonen. Så ser ein vidare på dei amerikanske operasjonane i Irak og Afghanistan, mimrar seg attende til Vietnam og Korea og er ganske snart sokken i ei myr av amerikansk “imperialisme”. Den sionistiske rørsla er tilsynelatande ein brikke i det store puslespelet. Men nettopp dette hata omgrepet, imperialisme, har vi tenkt litt på. Ein imperialisme dei fleste tykkjest blinde for, er nemleg den arabiske - og vi tilføyer sunnimuslimske - imperialismen i skrivande stund på frammarsj over heile Nord-Afrika og det sørvestlege Asia. Vi har tidlegare skrive om Vest-Sahara, der Marokko og Den arabiske liga, skuffande nok hjelpt av USA, i strid med alle internasjonale vedtekter okkuperer landet til eit moderat muslimsk nomadefolk, og naturlegvis undergrev kulturen og økonomien deira i same slengen. I Sudan er den hovudsakleg kristne befolkninga i sørdelen av landet, under kontinuerleg press frå dei radikalt islamistiske nord-sudanarane. Noko tilsvarande skjer i Nigeria, og vi treng vel knappast nemne den handsaminga svarte afrikanarar får i reint arabiske land. Dette i tillegg til kvinneundertrykking og all hårreisande rettspraksis i møte med andre “avvikarar”.

Også mellom jødane finst det ortodokse. Men jødedomen er iallfall ikkje misjonerande, og staten Israel har for lengst passert det politiske steinalderstadiet mange av grannelanda er på. Det er det einaste demokratiet mellom tallause diktatur i regionen, og alle tilgrensande land er å rekne for aggressive fiendar. Trugselen er ikkje berre palestinske terroristar, men galematias Ahmadinejad i Iran og i realiteten heile den arabiske verda. Om Israel har fått hjelp frå Amerika så langt, kjem ikkje USA naudsynlegvis til unnsetning i ein framtidig krisesituasjon. Nei, til sjuande og sist står Israel åleine, og ein noko påpasseleg militær strategi er såleis fullt forståeleg. Ein lyt trass alt forsvara sin eigen eksistens.

Dersom lesarane som ymse ekstremistgrupperingar vil rydde Israel heilt av kartet, då er det ei ganske anna sak vi diskuterer. Den debatten skal vi ikkje eingong ta, vi reknar det for innlysande at det jødiske folket har like stor rett til sitt eige heimland som noko anna folkeslag, serleg etter tusenårig mishandling i ufrivillig eksil. Og viss det fremste motargumentet framleis er, som vi fryktar, at Israel er imperialistar og drep uskuldige, meiner vi oss orsaka. Vi har sagt kva vi synst.

I kveld skal vi på møte i pinseforsamlinga med det treffande namnet Sion, der utgamle svovelpredikantar gjev ei meir bibeltru framstilling av den jødiske soga. Så kva høver då betre, enn å avslutte med nokre fyndige vers or skrifta. Av Mose avskjedstale, Deut. 33:27-29:

Ein bustad er den eldgamle Gud,
her nede er hans evige armar.
Han dreiv fienden bort for deg
og sa: “Berre rydd han ut!”
Sidan bur Israel trygt,
Jakobs kjelde har fred
i eit land med korn og vin,
der doggen dryp or himmelen.

Salig er du, Israel.
Kven er som du?
Du er eit folk som får hjelp av Herren,
ditt vernande skjold og ditt veldige sverd.
Dine fiendar skal krype for deg
medan du går fram
over deira høgder.

Langt fanden i vald

6 May, 2008

Som om Midt-Trøndelag krins ikkje har nok mongobridge å by på, plar dei lokale borna oppsøkje mange tevlingar utanbys. No nyleg var det Femund-festival, ei årviss bridgehelg i ytre ingenmannsland. Studentenes BK stilte villig opp, i seg sjølv eit lyft i den heller låge lokale kvaliteten. Men låge var vel eigentleg alle, vi inkludert.

Så vi gjer som vi plar, vi gløymer det vanskelege og freistar tenkje positivt. Turen var … spanande. I veg fekk vi skyss med Kjørstad, ein oljearbeidar frå reindrifsbygda Mo. Makkeren hans var Haugen, tilstrekkjeleg sjikanert frå før. Vi kosa oss som vanleg ned dalføra, og likeins i hytta ved breidda av Femunden. Drevsjø Camping, ein nydeleg stad. Snøen låg djupt, men sume berrflekkar fanst det. Dei var gjørmute. Ja, heile helga var eit gjørmebad: Lunka øl, bitter rom, fiendskap og sinne. Flengjande kritikk. Det vil seia, makker var som vanleg kald. Sverre Johan Aal, han går ikkje lett av hengslene. Men motsett, altså, for Uggeland, og framfor alt hans makker Simonsen -  våre kompanjongar på storlaget “SlimAalene”. Det var duka for ei hissig helg.

Lagtevling laurdag. Lenge var vi sjølve dei lægste, medan Fredrik og Daniel som vanleg flaksa. Men så tok flaksen slutt. Vi var verkeleg i poss før siste kampen, nokre fattige VP bak leiarlaget “Aces” (Skoglund - Vestveit, Andersbakken - Berg). Vi har sjølve den leie uvanen alltid å kollapse i siste runde, men denne gongen var ikkje lista vår mykje dårlegare enn normalt. Diverre var det lint i lukka, med fylgjande kort som dei absolutt kritiske:

KJxxx
Qx
Q10x
A10x

AQ9x
Jx
J9xx
KQx

Vi treng berre seia, at spelet var det siste i lukka rom. Vi var nyss ferdige og nærma oss bordet, då vi såg Simonsen og Uggeland nærast gyve laus på einannan. Kort vart klaska, røyster heva. Ja, så høgt og usamanhengande kauka dei, at vi eigentleg aldri fekk klårleik i saka. Men 4 spar vart iallfall ikkje beita. Det var ingen single honnørar, ingen innspelsvariantar, absolutt inkje fornuftig vis å dytte det på på. Men dytta vart det. 4 spar i hus, utgangssving i sona, valdsamt tap og nedrig plassering. Og munnbruk, altså, jamvel under premieseremonien. Det var Uggelands feil, meiner Simonsen. Det var Simonsens feil, meiner Uggeland. Vi, derimot, meiner: Dei er føkka båe to. Men i alle fall, gratulerer med fjerdeplass. Gratulerer òg til “Aces”, som vann, føre “Lukta tå gull” (Bartnes - Andersen, Lunnsa - Brandstadmolien) og “Nam Nam” (Eide - Eide, Eide - Jørgensen).

Så var det helgekveld i skogen. Vi og makkers delte bustad med Fôrseth - Guttormsen, Holmbakken - Sørensen, nokre gamle ringrevar. Den store festen var likevel i Ugges tipi, der også middagen vart servert. Maten laga Stangelands, to spenstige systrer. Ei av dei, Helga, er kona til Uggeland. Eit glimrande tiltak, tykkjer vi, det smaka oss fortreffeleg. Også dølane var der, Kjell Erik og Ove. Sympatiske som dei er, hjelpte dei litt på stemninga. Jamvel påtråkket, framleis omdiskutert, tyktest for ei stakka stund gløymd. Men som vi straks skal sjå, blussa harmen tidsnok opp att.

For sundag var det par. Vi fortsette med Aal, og egga oss mest i hel den fyrste sesjonen. Pluss vart det lell, sånn er bridgen i utkant-Noreg. Og fylgjande rør, ein tidlaus klassikar, råka vi iallfall ikkje ut for. Det gjorde derimot … ja, de gissa rett: Uggeland - Simonsen.

AKJ10x
AKJ
AQ10x
x

Qxxxx
x
x
AKQxxx

Feite kort, det spørst vel eigentleg berre om 2210 skal tryggjast, eller granden bli freista i såkalla partevling. Sett i lys av det nakne feltet, valde vi den sikre sparen framfor grand. Kløveren sat rett nok 4-2, men kappane gjekk visst stort sett. Kan hende var det òg ein skvis, who cares. Clouet var, at her gjekk det hjarteropning framfor. 2 hjarter altså, veike to. No dobla Simonsen. 4 hjarter frå nestemann, før Ugge gjekk i … det han meinte var Blackwood. Fredrik melde 5 hjarter, ei heller diffus mengd ess. 5 spar freista Uggen no. Ingen visste kva dét skulle tyde. Simonsen, som trudde makker hadde minor, la av i 6 ruter. Han hadde jo storeslemsinvitert, meinte han. Det meinte ikkje Daniel, som passa. Ein spanande slem var nådd. Fredrik claima null, men tevlingsleiar korrigerte etterpå. Ti stikk vart han bokførd med. Urealistisk mange, men ingen panserscore.

Det vi her observerte - vi sat på bordet ovanfor - var at Simonsen reiste seg opp og gjekk. Ikkje langt, dei var enno ikkje ferdige med runden. Men sint var han, og Uggeland likeins. Dei greidde like fullt premie, ein tvilsam sjetteplass like bak oss. Vi hadde vel sylvet booka, men takla ikkje presset det absolutt innebar. På fjerde fylgde Bartnes - Andersen, medan ukjende seniorar tok tridjeplassen. Sers hyggeleg det der. På andre kom Lunnsa - Brandstadmobakken, medan Skoglund - Vestveit vann både par, lag og butlar. Arne Georg Aunøien var interessant tevlingsleiar.

Kva vi eigentleg lærde av denne helga i hutaheiti, er ikkje lett å formulere. Heim att fekk vi skyss med Berg, ettersom Kjørstads bil uheldigvis braut saman. Fôrseth - Guttormsen var òg med. Vi stogga på Røros for ein matbit, så bar det nordover. Der endar då soga, men blir nok ikkje gløymd med det fyrste. Vel, det spørst kor langsint Fredrik er.