Langt fanden i vald
6 May, 2008
Som om Midt-Trøndelag krins ikkje har nok mongobridge å by på, plar dei lokale borna oppsøkje mange tevlingar utanbys. No nyleg var det Femund-festival, ei årviss bridgehelg i ytre ingenmannsland. Studentenes BK stilte villig opp, i seg sjølv eit lyft i den heller låge lokale kvaliteten. Men låge var vel eigentleg alle, vi inkludert.
Så vi gjer som vi plar, vi gløymer det vanskelege og freistar tenkje positivt. Turen var … spanande. I veg fekk vi skyss med Kjørstad, ein oljearbeidar frå reindrifsbygda Mo. Makkeren hans var Haugen, tilstrekkjeleg sjikanert frå før. Vi kosa oss som vanleg ned dalføra, og likeins i hytta ved breidda av Femunden. Drevsjø Camping, ein nydeleg stad. Snøen låg djupt, men sume berrflekkar fanst det. Dei var gjørmute. Ja, heile helga var eit gjørmebad: Lunka øl, bitter rom, fiendskap og sinne. Flengjande kritikk. Det vil seia, makker var som vanleg kald. Sverre Johan Aal, han går ikkje lett av hengslene. Men motsett, altså, for Uggeland, og framfor alt hans makker Simonsen - våre kompanjongar på storlaget “SlimAalene”. Det var duka for ei hissig helg.
Lagtevling laurdag. Lenge var vi sjølve dei lægste, medan Fredrik og Daniel som vanleg flaksa. Men så tok flaksen slutt. Vi var verkeleg i poss før siste kampen, nokre fattige VP bak leiarlaget “Aces” (Skoglund - Vestveit, Andersbakken - Berg). Vi har sjølve den leie uvanen alltid å kollapse i siste runde, men denne gongen var ikkje lista vår mykje dårlegare enn normalt. Diverre var det lint i lukka, med fylgjande kort som dei absolutt kritiske:
KJxxx
Qx
Q10x
A10x
AQ9x
Jx
J9xx
KQx
Vi treng berre seia, at spelet var det siste i lukka rom. Vi var nyss ferdige og nærma oss bordet, då vi såg Simonsen og Uggeland nærast gyve laus på einannan. Kort vart klaska, røyster heva. Ja, så høgt og usamanhengande kauka dei, at vi eigentleg aldri fekk klårleik i saka. Men 4 spar vart iallfall ikkje beita. Det var ingen single honnørar, ingen innspelsvariantar, absolutt inkje fornuftig vis å dytte det på på. Men dytta vart det. 4 spar i hus, utgangssving i sona, valdsamt tap og nedrig plassering. Og munnbruk, altså, jamvel under premieseremonien. Det var Uggelands feil, meiner Simonsen. Det var Simonsens feil, meiner Uggeland. Vi, derimot, meiner: Dei er føkka båe to. Men i alle fall, gratulerer med fjerdeplass. Gratulerer òg til “Aces”, som vann, føre “Lukta tå gull” (Bartnes - Andersen, Lunnsa - Brandstadmolien) og “Nam Nam” (Eide - Eide, Eide - Jørgensen).
Så var det helgekveld i skogen. Vi og makkers delte bustad med Fôrseth - Guttormsen, Holmbakken - Sørensen, nokre gamle ringrevar. Den store festen var likevel i Ugges tipi, der også middagen vart servert. Maten laga Stangelands, to spenstige systrer. Ei av dei, Helga, er kona til Uggeland. Eit glimrande tiltak, tykkjer vi, det smaka oss fortreffeleg. Også dølane var der, Kjell Erik og Ove. Sympatiske som dei er, hjelpte dei litt på stemninga. Jamvel påtråkket, framleis omdiskutert, tyktest for ei stakka stund gløymd. Men som vi straks skal sjå, blussa harmen tidsnok opp att.
For sundag var det par. Vi fortsette med Aal, og egga oss mest i hel den fyrste sesjonen. Pluss vart det lell, sånn er bridgen i utkant-Noreg. Og fylgjande rør, ein tidlaus klassikar, råka vi iallfall ikkje ut for. Det gjorde derimot … ja, de gissa rett: Uggeland - Simonsen.
AKJ10x
AKJ
AQ10x
x
Qxxxx
x
x
AKQxxx
Feite kort, det spørst vel eigentleg berre om 2210 skal tryggjast, eller granden bli freista i såkalla partevling. Sett i lys av det nakne feltet, valde vi den sikre sparen framfor grand. Kløveren sat rett nok 4-2, men kappane gjekk visst stort sett. Kan hende var det òg ein skvis, who cares. Clouet var, at her gjekk det hjarteropning framfor. 2 hjarter altså, veike to. No dobla Simonsen. 4 hjarter frå nestemann, før Ugge gjekk i … det han meinte var Blackwood. Fredrik melde 5 hjarter, ei heller diffus mengd ess. 5 spar freista Uggen no. Ingen visste kva dét skulle tyde. Simonsen, som trudde makker hadde minor, la av i 6 ruter. Han hadde jo storeslemsinvitert, meinte han. Det meinte ikkje Daniel, som passa. Ein spanande slem var nådd. Fredrik claima null, men tevlingsleiar korrigerte etterpå. Ti stikk vart han bokførd med. Urealistisk mange, men ingen panserscore.
Det vi her observerte - vi sat på bordet ovanfor - var at Simonsen reiste seg opp og gjekk. Ikkje langt, dei var enno ikkje ferdige med runden. Men sint var han, og Uggeland likeins. Dei greidde like fullt premie, ein tvilsam sjetteplass like bak oss. Vi hadde vel sylvet booka, men takla ikkje presset det absolutt innebar. På fjerde fylgde Bartnes - Andersen, medan ukjende seniorar tok tridjeplassen. Sers hyggeleg det der. På andre kom Lunnsa - Brandstadmobakken, medan Skoglund - Vestveit vann både par, lag og butlar. Arne Georg Aunøien var interessant tevlingsleiar.
Kva vi eigentleg lærde av denne helga i hutaheiti, er ikkje lett å formulere. Heim att fekk vi skyss med Berg, ettersom Kjørstads bil uheldigvis braut saman. Fôrseth - Guttormsen var òg med. Vi stogga på Røros for ein matbit, så bar det nordover. Der endar då soga, men blir nok ikkje gløymd med det fyrste. Vel, det spørst kor langsint Fredrik er.
6 May, 2008 at 16:53
Som vanlig er det bare rør når Kjelleren skal komme med beretninger om det som har funnet sted. Det eneste jeg kan være enig i er at rummen din var bitter. Når det gjelder lag, så hadde vi i siste kampen -18, mens dere hadde -14. Jeg skal ikke ta fra dere det faktum at det var en av deres bedre kamper, men at det var så mye “linnere” hos oss enn hos dere, det er jeg usikker på.
Hvor langsint jeg har tenkt å være er usikkert. Men Åsmund fikk 3 dager da han nektet at han revokerte i Stud, du fikk en uke da du dolket oss i ryggen ang Lodz, så dette her varer vel litt et halvårs tid. Aunøien derimot, som nektet meg null stikk på slemnivå, han er det verre med.
15 June, 2008 at 16:59
Det verkar kanskje banalt å orsaka seg med uflaks, men vi spela iallfall briljant gjennom heile lagtevlinga. Kan hende var vi for seriøse, det kom ikkje til dei same vanvitige eskapadane som på dykkar bord. Ingen store katastrofar, berre jamn, stabil strøminus. Det brukar halde.
No er datoen 15. juni, og det verkar ikkje som sinnet har dabba vesentleg av. Vi unnar deg å vera sint ei stund, det verkar som du trivst med dét. Ser deg på festivalen, som du vonarleg boikottar i raseri etter fåe dagar.