Shalom aleichem, Israel
14 May, 2008
Kjellaren har alltid vore var for anna folks kjensler, og stort sett gjort dei fleste til lags. Vi har dessutan lova å avstå frå politiske kommentarar, ettersom politikken stort sett er banalitetar. Dagens epistel får såleis lesast som eit religiøst meir enn eit politisk manifest. Ein aldri så liten brannfakkel er det like fullt, og vi bur oss naturlegvis på kritiske merknader frå våre mange kommunistiske lesarar. Men som det før har vorte presisert, er denne sida i botn og grunn reaksjonær. Brun, om de vil. “Politisk står vi til høyre for Ivan den Grusomme”. Så det var ikkje anna å forvente.
Datoen er 14. mai 2008. Tel ein på fingrane 60 år bakover, er ein i 1948. Då skulle bjøllene ringje. Ja, Kjellaren vil nytte høvet her i dag - og ein nydeleg vårdag er det - til å ynskje staten Israel og det jødiske folket hjarteleg til lykke med dagen. Gratulerer! Framleis ingen gamal nasjon, men eit land som i tusenår einast var draum, og no endeleg har synt seg livskraftig. Liksom jødane feirar i Israel, skal Kjellaren feire i kjellaren. Vi har korkje gjøkalv eller fletteloff, men er fulle av shalom og framtidstru.
Dette trass i nokre vanskelege episodar dei siste 60 åra. Endå vi er relativt skråsikre i saka vår, skal vi ikkje hevde ha fullt, eller snarare godt nok innsyn i Israels soge. Mykje har hendt som vi vantar peiling på, og sume kan vel bruke denne vår infantile fåkunne til å slakte hypotesane våre. Men sant å seia treng vi ikkje mange argument. Vi veit så klart kva jødane har gjort med dei såkalla “palestinarane”, og skulle gjerne sett dei hakket mildare i så måte - for sin eigen del, ikkje for Palestinas.
Det er utelukkande desse herjingane som har gjeve Israel sitt ufortent dårlege rykte. Vi meiner altså ikkje å implisere, at vi har nokon valdsam sympati for det “palestinske” folket som gruppe. Einskilde hendingar er sjølvsagt tragiske, som når kvinner, barn og andre skuldfrie ved uhell blir drepne. Det bør ikkje skje. Men så er det også slutt. Vi nærar ein djupkjend skepsis til heile den arabiske og i stor grad sunnimuslimske verda. Ikkje av di arabiske menneske i utgangspunktet er mindre hyggelege enn andre, men på grunnlag av den politikken arabiske nasjonar, nesten utan unntak, driv i møte med minoritetar - det vera seg grannen Israel eller grupperingar internt i dei nemnde landa. Når vi nyttar nemninga “arabisk”, er “palestinarane”, eller det som verkeleg er “Palestina-arabarar”, sjølvsagt inkludert i termen.
Det blir tala mykje om den støtta USA gjev Israel, ei støtte som utan tvil har vore avgjerande for eksistensen og framdrifta til denne sårbare nasjonen. Så ser ein vidare på dei amerikanske operasjonane i Irak og Afghanistan, mimrar seg attende til Vietnam og Korea og er ganske snart sokken i ei myr av amerikansk “imperialisme”. Den sionistiske rørsla er tilsynelatande ein brikke i det store puslespelet. Men nettopp dette hata omgrepet, imperialisme, har vi tenkt litt på. Ein imperialisme dei fleste tykkjest blinde for, er nemleg den arabiske - og vi tilføyer sunnimuslimske - imperialismen i skrivande stund på frammarsj over heile Nord-Afrika og det sørvestlege Asia. Vi har tidlegare skrive om Vest-Sahara, der Marokko og Den arabiske liga, skuffande nok hjelpt av USA, i strid med alle internasjonale vedtekter okkuperer landet til eit moderat muslimsk nomadefolk, og naturlegvis undergrev kulturen og økonomien deira i same slengen. I Sudan er den hovudsakleg kristne befolkninga i sørdelen av landet, under kontinuerleg press frå dei radikalt islamistiske nord-sudanarane. Noko tilsvarande skjer i Nigeria, og vi treng vel knappast nemne den handsaminga svarte afrikanarar får i reint arabiske land. Dette i tillegg til kvinneundertrykking og all hårreisande rettspraksis i møte med andre “avvikarar”.
Også mellom jødane finst det ortodokse. Men jødedomen er iallfall ikkje misjonerande, og staten Israel har for lengst passert det politiske steinalderstadiet mange av grannelanda er på. Det er det einaste demokratiet mellom tallause diktatur i regionen, og alle tilgrensande land er å rekne for aggressive fiendar. Trugselen er ikkje berre palestinske terroristar, men galematias Ahmadinejad i Iran og i realiteten heile den arabiske verda. Om Israel har fått hjelp frå Amerika så langt, kjem ikkje USA naudsynlegvis til unnsetning i ein framtidig krisesituasjon. Nei, til sjuande og sist står Israel åleine, og ein noko påpasseleg militær strategi er såleis fullt forståeleg. Ein lyt trass alt forsvara sin eigen eksistens.
Dersom lesarane som ymse ekstremistgrupperingar vil rydde Israel heilt av kartet, då er det ei ganske anna sak vi diskuterer. Den debatten skal vi ikkje eingong ta, vi reknar det for innlysande at det jødiske folket har like stor rett til sitt eige heimland som noko anna folkeslag, serleg etter tusenårig mishandling i ufrivillig eksil. Og viss det fremste motargumentet framleis er, som vi fryktar, at Israel er imperialistar og drep uskuldige, meiner vi oss orsaka. Vi har sagt kva vi synst.
I kveld skal vi på møte i pinseforsamlinga med det treffande namnet Sion, der utgamle svovelpredikantar gjev ei meir bibeltru framstilling av den jødiske soga. Så kva høver då betre, enn å avslutte med nokre fyndige vers or skrifta. Av Mose avskjedstale, Deut. 33:27-29:
Ein bustad er den eldgamle Gud,
her nede er hans evige armar.
Han dreiv fienden bort for deg
og sa: “Berre rydd han ut!”
Sidan bur Israel trygt,
Jakobs kjelde har fred
i eit land med korn og vin,
der doggen dryp or himmelen.Salig er du, Israel.
Kven er som du?
Du er eit folk som får hjelp av Herren,
ditt vernande skjold og ditt veldige sverd.
Dine fiendar skal krype for deg
medan du går fram
over deira høgder.
25 May, 2008 at 23:21
smått med sympatiske trekk hos ekstreme muslimer, skal holde med deg i det. Men hvis noen hadde kasta deg ut av det jævla kjellarhålet med begrunnelsen at “Nei her var det vi som holdt til for 2000 år sia” hadde du blitt hissig du og, jøder eller ei
15 June, 2008 at 16:38
Kjellaren lyt igjen orsaka sein godkjenning av kommentaren. Det har aldri vore vår intensjon å hindre det såkalla frie ord, men teknikken svik oss diverre. Når det er sagt, stiller vi oss tvilande til argumentasjonen frå denne Ansgar. Skulle det syne seg at ei eller anna sympatisk urbefolkning ville ha attende landområde situerte nær kjellaren, ville vi sjølvsagt bøygd oss i støvet og retrettert. Dette har diverre ikkje skjedd.