Omsider litt flaks
27 May, 2008
I går kveld hende det igjen, lesaren klaga på manglande updates. Men Uthuset, som vi vart lova, har ikkje den unge måsen gjort stort for å få på beina. Det var rett nok Forfots prosjekt i utgangspunktet, men Reistad og rissdølen er tilsynelatande kompanjongar no. Dei samarbeidde iallfall godt om sekstandeplassen i Kongsvinger denne helga. Vi reknar difor Uthuset som deira felles ansvar, og denne artikkelen er til ære for alt anna publikum enn akkurat dei. Vi vil faktisk forby dei å lesa han. Ut av vårt hus, vanheilage hundar!
Når det er sagt, har det gått litt trått med den korporative lektyreproduksjonen dei siste månadene. Ikkje av di vi har vanta inspirasjon, det gjer vi aldri, men programmet har vore relativt tett i forhold til skule og administrative oppgåver. Vel, det har det jo eigentleg ikkje. Men eitt og anna av sensasjonell art har vi iallfall føreteke oss den siste tida, og vil i denne artikkelen gje eit lite resymé av våren så langt. Når vi plutseleg har fått litt betre tid her nede, er det av ei sers hyggeleg årsak: Seinast i går, klokka 15.00, byrja Kjellaren sin lange og velfortente ferie. Vi hadde sesongens siste eksamen på universitetet, og reknar oss no for ferdig utlærde i norsk syntaks. Takk og farvel. Til hausten har vi store planar, mellom anna eit studium i runologi. Vi har allereie vore på biblioteket og lånt inn boka, og i tillegg mange andre bøker. Noko av visjonen for sumaren må vera, som George Costanza seier det, “[to] read a book. From beginning to end. In that order!” Når vi siterer vår absolutte helt mellom fjernsynsstjernene, er det sjølvsagt ikkje tilfeldig. George fekk tri månader løn frå yankeeane for å gjera absolutt ingenting. Då skulle han få gjort alt mogleg. Eta ein heil ost, mellom anna. Vi for vår del får inga løn. Det er bra, for vi hatar kapitalen. Vi greier oss med skiljemynt. Men det er like fullt “time to taste the fruits and let the juices drip down our chin.” We proclaim this: The Summer of George! I overførd tyding.
På den gamle sida vår, med’ vi enno var i bygda, skreiv vi mangt og mykje om våren. Men fordi om vi no er institusjonaliserte, kan vi sjølvsagt ikkje slutte glede oss over vårens vakre vedunder. Eit av dei sikraste vårteikna er snooker-VM, ei tevling vi kvart år har augo retta mot. Men ettersom vi no har fått kabelfjernsyn installert i kjellaren, kunne vi observere grundigare og meir lidenskapeleg i år enn tidlegare. No gjekk det diverre ikkje heilt vår veg, men det var så. Einskilde favorittar, så som Hendry, Williams og akk så utskjelte Ebdon, var for så vidt med eit godt stykke. Men det gjekk med dei som dei unge kinesarane vi heia på, dei vart for linne då Rocket sette flaksen inn. Han vann også finalen mot Ali Carter, som rett nok ikkje baud han all verdas konkurranse. Det mest ufyselege, tykte vi, var den griseheldige 147-serien O’Sullivan gjorde i siste frame mot Williams. Sporten blir berre keisam av slikt.
Når vi snakkar om flaks og uflaks, kan vi nemne at den lokale sumarbridgen er godt i gang. Vi har som vanleg sete i udrag, men lyt vel òg vedkjenne oss eit par tvilsame variantar. Hyggeleg har det like fullt vore, serleg den kvelden vi spela med ein av våre kvinnelege favorittmakkerar, sjarmerande Fiskarstrand. Ho har nekta oss å bruke den eigentlege identiteten hennar, av di ho ein dag skal bli lærarinne, og såleis vil ha mest mogleg plettfrie Google-treff på namnet sitt. Vel, Gry, du får vone dei ikkje leitar opp spelstensilane frå den aktuelle kvelden.
Når vi dreg denne Fiskarstrand fram i det grelle kjellarlyset, er det delvis òg for å rose henne. Ho og resten av arrangementskomiteen - viss det var nokon - stelte til eit glimrande Stud-kalas i klubbhuset på Havstad. Det kom litt seint i gang til nyttårsfest å vera, og vi vil nok til neste år ynskje oss endå betre oppslutning frå klubbens mange spelarar. Men vi som var der lika oss. Tevlinga, eit endå villare lotteri enn snooker-VM, vart vunne av Uggen og ein Eiesland, ikkje tidlegare omtala på sida vår. Men vi trur han les litt. Vi tolererer denne fyren, endå han ved fyrste augekast kan verke overdrive “svart” for oss fredelege Burzum-fans. Vår eigen makker var ein annan fersking, også ho av mix-kategorien. Kjersti Solberg Eikrem er ikkje like skuggeredd som Fiskarstrand, så vi treng ikkje nytte dekknamn der. Ein og ung talentfull spelar er ho i alle fall, og med ein iver dei gamle “heltane” saktens kunne lærd litt av. Vi vil nytte høvet til å skryte også av vår tridje mix-makker, Petter Eides honey Marita. Veldig uneleg. Vi vil faktisk gå så langt som til å vurdere, å heretter berre spela mix-bridge. Vi innser no akkurat kor sympatisk våre påstått mannlege makkerar er. Sjå berre på Simonsen, som på nemnde fest gjorde alt han kunne for å avlive oss. Han dengde oss i veggen, la oss i bakken, slo oss med ei flaggstong og dynka oss i vatn. Vi var heldigvis litt for seigliva til heilt å kapitulere.
Nei då, Simonsen, det er water under bridgen. Vi har longo tilgjeve deg framferda di, og du vonarleg vår. Den fyrste mai var Fredrik faktisk så elskverdig å invitere halve klubben til seg sjølv på grilling. Ettersom han som oss skyr arbeidarrørsla, ville han vel gjerne ha litt selskap heime framfor å forlata huset. Dei to andre residentane, makkerparet Eide - Livgård, var lageleg nok bortreiste, så einskilde gode vanka jo frå frysaren. Jamvel Katrine Gran, ein av våre lausleg assosierte, innfann seg i det timelange symposiet. Eit hyggeleg attersyn.
Kvelden før, den siste dagen i april, var vi faktisk i Olavshallen. Vi har ikkje vore så kulturelle som ynskt det siste året, men Orffs Carmina Burana var naturlegvis uunnverleg. Vi har alltid lika dette stykket, og det skorta ikkje noko på framføringa i hallen. Aal sjølv var baryton, det hjelpte ytterlegare på stemninga. Men også sopranen og den andre mannlege solosongaren, kora, orkestret og serleg gong-spelaren var dyktige. Det vart ein gjevande kveld. Vi hadde nokre andre bridgespelarar med oss, dei gjorde overraskande god figur i såpass eksklusivt selskap.
Ein annan høgtidskveld var vi heime i dalføret, nærare bestemt på Støren - eller Gauldalens Paris, som einskilde har kalla det. Vår finske ven frå skuleåra, nitrivelege Aarto Hyvärinen, heldt ein aldri så liten samankomst. Der trefte vi eit hav av kjenningar, men berre éin er tidlegare omtala i kjellaren. Ja, de gissa rett, evigunge Gaustad frå Hukkelåsen. Det var ei relativt roleg tilstelling, der vi fyrst på ved enda av kalaset, på heimturen, fekk oppleva det vi framfor alt var komne etter: Lokal natur. For å imøtekoma Gaustads vederheftige mor, som var så adstadig å ville hente oss, laut vi stege over ein bekk og nokre gamle byggvarar nedi Støren sentrum. For oss var dette action.
Når det gjeld nettopp Gaustad, er det med ein viss byrgleik vi må informere, om at han no omsider har utmanøvrert Våge ved sjakkbrettet. Slike resultat kan naturlegvis lyge, men det siste oppgjeret, arrangert med brask og bram i Mormors stove, vart ei styrkeoppvising for den unge hukkelåsingen. No skal det seiast at Våge er og har vore fullstendig inaktiv som sjakkspelar. Men di gledelegare er det naturlegvis å sjå, at sjølv ein nedsnøa hillbilly frå hillbillyland, kan lykkast i ein såpass komplisert idrett som sjakken. For nokre veker sidan vann han si klasse i hedmarksmeisterskapen, som forresten var hans fyrste større tevling. Når han no etter kvart attervender frå militæret, satsar han for fullt i Trondheim sjakkforeining. For vår eigen del kan dette bli problematisk, sidan Gaustad etter alle dei tri spelekveldane kvar veke, nok vil invitere til sigersøl. Dette har Kjellaren korkje råd eller tid til, så vi lyt faktisk avvikle vår eigen mobiltelefon, eller iallfall slå han av på permanent basis - og dra gardinene føre, ikkje minst.
Men det er lenge til. Vi kan lova dykk ein og annan epistel frå redaksjonen framover, ettersom vi altså har relativt rikeleg med fritid dei neste tri månadene. Endeleg kan vi disponere våre tilmålte leveår nokolunde fornuftig. Det fyrste vi skal gjera, er å avrunde denne artikkelen med eit høveleg dikt. Vi vil tru de har sakna den lyriske biten her inne, men di betre er sjølvsagt diktet når det fyrst kjem. Skal vi velja oss eit vårleg dikt vi framfor mange er glad i, vil dette absolutt utkrystallisere seg: Rolf Jacobsen, Mai på ruten:
Nu er det mai på ruten,
i høyblokkene når rørene er sluttet å suse,
i kjelleren når de bærer den døde ut,
i fengslene hele dagen og hele natten
er mai på ruten med sitt hvite ansikt
som forsøker å få tak i blikket ditt
og legger sin hånd av is omkring ditt hjerte
- - jordens vår.
Leave a Reply