“Dei beste” gjer feil
28 May, 2008
Ein ny sjanger vi i kjellaren kan ta æra for, er såkalla “bridgehaiku”, stramt komponerte haikudikt om hendingar ved bridgebordet. Tradisjonen samanfattar to av våre fremste interesser, nemleg bridge og litteratur. Ja, serleg japansk litteratur er vi no om dagen fascinerte av, og haikudiktet er som kjend ein eldgamal japansk skikk.
Til dei originale haikudikta var krava langt meir rigide enn dei vi sjølve praktiserer. Dei tri strofene skulle ha høvesvis fem, sju og fem stavingar, diktet skulle ideelt sett referere til ei årstid og dessutan slutte på eit substantiv. Årstidsreferansen blir rimelegvis bakstrevarsk for vår del. Substantivkravet meiner vi derimot kan overkomast, iallfall for det meste. Stavingane er det verste, og kanskje vanskelegare å oppfylle på norsk enn på japansk, ettersom einskilde japanske ord, gjerne samansette, ofte er tydingsberande i ein langt vidare forstand enn våre eigne. Vi har difor som retningsline berre at lengda på strofene, altså mengda grafem framfor mengda stavingar, skal avpassast til den grunnleggjande strukturen kort - lang - kort, altså med lengste strofa i midten. I tillegg har ein det sjølvsagde kva innhald vedkjem, at haikudiktet skal ha eit relativt smalt fokus og ikkje vera overdrive abstrakt i språkbruken.
No skal det seiast at vi i kjellaren førebels har vore åleine om produksjonen av bridgerelaterte haikudikt. Men såpass populære har våre eigne dikt vorte, at vi nok ser for oss ein eksplosjon av bridgespelande haikupoetar i åra framover. Det er ei ære for oss å kunne konstituere ei heil litterær rørsle på det mogne viset vi no har gjort. Vi skal i denne artikkelen få eit lite overblikk over soga bak og utviklinga av den moderne bridgehaiku.
Det var etter den skandaløse 2200-soga i krinsserien vi for fyrste gong kjende prosaen bli for uttrykksfattig i bridgejournalistisk samanheng. Det lagnadstunge spelet etterlét oss i ei stemning vi ikkje greidde uttrykke i det grovkorna grautmålet vi vanlegvis nyttar. Tankane gjekk meir i lyriske banar, til dømes til den klassiske elegien. Men samstundes har vi alltid dyrka det ordknappe idealet i norrøn sogestil, og ynskte oss ei nøktern lyrisk form akkurat passe sparsam med informasjonen. Det var då vi kom til å tenkje på våre barndoms haikudikt, og fylgde det eldgamle mønsteret i produksjonen av den aller fyrste bridgehaiku. Dei fleste har lese han før, men vi repeterer her for oversynet:
To tusen to
kosta gildet. Som å vakne naken
midt i ei myr.
Similen avslutningsvis kan kanskje verke malplassert i det strenge skjemaet, men var den mest konkrete framstillinga vi greidde gje av ei så til dei gradar oppskaka kjensle. I utgangspunktet er den andre strofa kanskje vel lang i høve til dei to andre, men vi gjorde det slik av rytmiske årsaker. Lineskifta er meint å markere eit visst tempotap.
Vi fekk mange, iallfall to positive reaksjonar på det siterte diktet. Sett i lys av den veike stillinga lyrikken har i norsk åndsliv - og i bridgen spesielt - var dette sers overraskande. No tenkte vi like fullt la det bli med denne eine haikuen, og det skulle då òg gå nokre månader før neste stålegg så graverande at det verkeleg kalla på ein haiku. Det skjedde på ein sumarbridge i Huset, der vi og Våge, eller strengt teke vi, i andre spel tråkka på ein daudfødd veslemomp. Då var stemninga dårleg heile kvelden til endes, og det var fyrst i nest siste runden den store fylgjefeilen kom. Vi spela mot 3 spar dobla, bordet var daudt og speleførar freista desperat knekten frå konge, knekt tridje på hand. Vi sat bak med dama dobbel, makker framfor med esset dobbel. No hadde vi eigentleg fullt oversyn, men valde i ein sløv augneblink å leggje liten frå dama dobbel. Det kosta ikkje berre det eine ruterstikket, men øydela òg den pågåande trumfmatten. 730 og botn framfor 500 og topp. Så, i baren etter spelinga, spanderte makker ein “trøysteøl”, samstundes som det store stålegget sjølvsagt kom på banen. Vi vart oppfordra til å laga ein haiku av det, men greidde ikkje på ståande fot meir enn fyrste setninga. Vi fullførde til vederlag neste dag, med fylgjande dikt som resultat:
Fjorten matchpoint
svinga spelet. Men øl til spott
fekk vi av Kvalen.
I utgangspunktet var ordvalet “øl til trøyst”, men vi skjøna nok at ølet hadde meir av ein hånleg enn miskunnsam undertone. Derimot lét vi konjunksjonen bli ståande. Han burde i utgangspunktet markere eit slag adversativkobling til den føregåande deklarasjonen, men nettopp der ligg overraskinga i denne haikuen. Opninga er nokså dyster, men den negasjonen forbindaren signaliserer - kjem ikkje! Dette er logisk nok uttrykk for vår eiga negative oppleving: Ølet var meint å døyve smerta, men den merksemda vi også i baren vart vigde på grunnlag av stålegget, gjorde det heile langt meir levande enn det nokon gong hadde vore.
Vi var like fullt inspirerte etter den vellykka haikuen, og heldt nokså snøgt fram med ei aldri så lita hemn over Vågekvalen. 3 spar dobla var utelukkande vår feil - det var jamvel vi som dobla. Men 6 grand mot Hakkebakkeskogen, den tykte vi var delt. Rett nok var det vi som i siste instans vart pylseskvisa, men dette etter at makker hadde lagt feil fordeling i opptil fleire fargar. Fyrst kom nia ut frå ni, åtte, fjerde; ikkje akkurat vår stil. Men vi skjøna det til slutt. At han på daud på liv skulle leggje nia frå knekt, ni tridje då speleførar spela spar mot blindemann, var diverre meir enn vi takla. Aktuelt hadde vi ein openberr indikasjon vi uheldigvis oversåg. Men det er visst endå ein av Våges kjepphestar, at ein så ofte som mogleg skal teste makker. Haikuen er ei simpel stadfesting:
Hieroglyfar,
gåtefulle: Kvalens forunderlege
fordelingskast.
Endå meir hårreisande frå vår side, var det i 3 hjarter dobla sist måndag. Vi spela med Simonsen, og hadde byde kløver på ess, konge, dame, sju sjette. I tillegg hadde vi kongen fjerde i spar bak esset dobbel i bordet. Makker spela ut kløver ti, blindemann bretta ned ni, åtte fjerde i sorten. Så spørst det, kva kløver legg du? Vi valde sjua, lavinthal til spar. Berre så synd at speleførar, David Ueland, hadde knekten singel. Same aftan dikta vi:
Flira då Uggen
velnøgd i skjegget -
Knekten gav stikk.
Denne haikuen har noko umiskjenneleg norrønt over seg, samstundes som han representerer den før nemnde kjerneverdien i haikutradisjonen, den “nære”, nesten episodiske diskursen, med openberr koherens mellom setningane. Ideelt sett skulle vi laga han på staden, med’ vi enno sat ved bordet, men kreativiteten strekte ikkje til. Vi er kan hende for urutinerte.
I går kom vi derimot raskt i gang. Med dame, knekt, ni fjerde på hand til kongen tynt fjerde i bordet, valde vi å byrja med knekten frå handa, endå vi hadde rikeleg med inntak til eit oppspel frå blindemann. “Uflaks” at esset sat singel til høgre. Motstandarar var Petter Eide og Marita Haugan Røberg. Vi merkte oss Maritas ord då ho gjekk frå bordet, og deriverte av desse ein lynkjapp haiku:
Eg blir så glad,
sa ho, når jamvel dei beste
somtid gjer feil.
Då har vi skrive soga heilt inn i samtida, og kan ikkje i augneblinken gje dykk fleire døme på denne raffinerte kunsten. Det er rett og slett ikkje laga fleire. Men lesarane har vonarleg fått inspirasjon til sjølve å byrja dikte, og vi ventar i spaning på bidrag frå dei fyrste eksterne aktørane. Det skulle iallfall ikkje vante stålegg å skrive om.
28 May, 2008 at 22:13
Etter å ha lest det som var av denne nye litterære sjangeren, bridgehaiku, byrja eg leite etter ein stad å tinge diktsamlinga, men fann den ikkje nokon stad. Er det verkeleg slik at ein må ut på svartebørs, eller laste ned ulovleg å printe sjølv, for å få denne framtidige verdsarvsamlinga trygt plassert i si eiga bokhylle???
Elles lyt ein vel seie at i kløverbehandlinga di hadde du trass alt tre kort som stakk knekten og tre som ikkje stakk knekten. Ein kan ikkje vente anna enn at ein bommar på ein 50-50 sjanse omlag 2 av 3 gonger eller deromkring.
KayRo
29 May, 2008 at 15:14
Likte haikuen om fordelingskastene mine, og inspirert av Håvamål og din gode beskrivelse av trøste/spotte-mjød prøver jeg denne. Bakgrunnen var et spill på TT sist torsdag der jeg åpnet 1kl med QJxx, K9x, KJx, Kxx. Fruen til venstre doblet, makker redoblet og det gikk lynkjapt pass rundt. “Opplysningdoblingen” var for anledningen avgitt med -, Qxxx, AQxx, AJT9x og i all beskjedenhet var det en brukbar prestasjon å hente hele 6 stikk;
Ikkje så godt
som godt dei seier
er 400 ut på TT
Avventer den knusende kritikken (bl.a. er andre setning litt kort ift avslutningen), men ser at også Korporasjonen har et litt avslappet forhold til struktur på sine haiku.
4 June, 2008 at 02:20
Akkurat, fyrst no ser vi desse to tidleg innkomne svara.
Til KayRo kan vi berre seia, at han som ein klok og sindig analytikar vil vera mellom dei fyrste til å få eit gratis eksemplar av haikusamlinga tilsendt. Vi må berre vente til det tilgjengelege materialet overskrid fire, fem sider.
Når det gjeld denne haikuen Kvalen sat og fabla om på Fruen, får vi også der orsaka vårt seine svar. Systemet har visst slutta sende ut e-post om nye kommentarar. Men i alle fall, hans poetiske initiativ gjer oss veldig rørde. Ettersom lyrikken, også den stramme haikuforma, fyrst og fremst er eit kreativt uttrykk, kjem ingen “knusende kritikk” frå vår kant. Tvert imot, vi rosar Våge for ein fin og ungdomeleg haiku. Jamvel hans største audmjuking, den suverene sisteplassen med meisterspelaren Buchmann, tek han med glimt i auga. Vi helsar han attende med nok ein haiku:
Så, så, så, Kval. Endå ein
to tretti no, så har du kanskje
tent inn att firhundren.
Skrive relativt seint og med minimal konsentrasjonsevne, så de får orsaka plattheita.