Noko av det fyrste vi skreiv om i kjellaren, var den segnomsuste sumarbridgen på Kvål. Han går frå tidleg mai til langt uti september, og er såleis er like mykje vår- og haustbridge som sumarbridge. Men han har noko veldig sumarleg ved seg; bygda Kvål er som kjend eit ferieparadis av dei sjeldne. Like nedom samfunnshuset, der spelinga går føre seg, står fiskarane dag som natt i Gaula. Lenger oppe, på Søberg, ligg det nydelege sandtaket og spreier støvet sitt med vinden. Så har ein fjell på båe sider, tykkjest det, korkje ut- eller innsyn. Nei, skjerma skal det vera, trongt og triveleg.

Vi er serleg glade i Koggen, den lokale bridgejournalisten. Referata i Trønderbladet, med resultatsørvis frå både Kvål og Sokndal, er kjærkomen avveksling frå anna sensasjonsjournalistikk. Han skriv då liksom så folkeleg: “Merkelige kort i Sokndal.” “Mye rart på Kvål.” “Meget hyggelig denne uken.” Ikkje minst dreg han alltid fram eit spel, meir eller mindre veleigna for offentleg merksemd. Nokre er frå bøker og arkiv, men gjerne som døme på lokale tilhøve. “Dette spillet,” kan han skrive, “er som tatt fra ukens sommerbridge. Motspillet var sløvt, men spillefører enda sløvere.” Alternativt kjem ei sjølvopplevd soge, somtid med namngjevne aktørar. I vårt eige favorittspel var dei rett nok anonyme, neppe nokon ulempe. Det skreiv seg frå ein klubbkveld på Berkåk. Vi har framleis ikkje skjøna kva det hadde på trykk å gjera, om Koggen var interessert, empatisk eller berre ironisk. Men trykkjast skulle det; vi mora oss kosteleg: Vest, som hadde 5-2-4-2 og 15 poengs, valde å doble opplysande på sparopning framfor. Etter pass i nord melde makkeren 1 grand. No tykte doblaren han hadde uforretta sak, og plukka difor ut i spar. Grandmeldaren skjøna ikkje dette bodet, så han tok ut i 3 kløver på ein anemisk firkortsfarge. “Dermed havnet de i uheldige 3 kløver,” skreiv Gisnås. Det var inkje usedvanleg med korkje føring eller forsvar, kontrakten gjekk akkurat så mange beit som meldingsforlaupet fortente. Men for all del: Avisspel!

Meget hyggelig det der. I alle fall tok vi turen heim sist måndag, og derifrå er vegen kort til grannegrenda Kvål. Makker kom køyrande frå Lundamo, nybaka fyrstedivisjonsspelar Olav Arve Høyem. Det vil seia, far og mor hans køyrde. Etter seiande laut dei òg betala for han, og ikkje minst forsyne han med skrivesaker i fyrsterunden. Til vederlag hadde han sin eigen tobakk, slik at far, mor og son kunne røyke på kvar si rekning i dei tallause pausane. Tospelsrundar var inkje pluss for korkje helse eller tempo. Men det vart då nokre trivselspassiarar ute på trappa. Vi visste godt at Høyem var oppegåande, men ikkje kor oppegåande. At han kunne sin Snorre, til dømes, var lite mindre enn ei overrasking. Sagabygda Kvål tyktest nettopp rette stellet for ein djup historisk briefing, noko makker gladeleg gav oss. Serleg lo han, Høyemen, då han snakka om blodhemn og avrettingar. Men ikkje minst, må vi påpeike, briljerte han ved bridgebordet.

Eit par av dei sterkaste namna var uheldigvis fråverande. Vår eigen “white whale”, til dømes, eksellente Per Mælen, synte ikkje andletet sitt. Men Bolland var der, Stafne, Barikmo og tevlingsleiar Sæther. Dette i tillegg til dei typiske klubbspelarane, som er mange og slett ikkje uefne. Det var ingen briljans frå vår side, fleire speleføringar vart heller suboptimale. Men vi kompenserte med nokre lett tilverka toppar. Makker fekk derimot eit par spanande spel å bryne seg på, prøver han stort sett bestod. Fylgjande var for så vidt klassisk, men vi såg det ikkje gjennomførd i heile salen:

Q1098x
Jx
Ax
A10xx

AKxx
AQxx
Kx
xxx

Som sør opna Høyem 1 grand. Vi overførde til spar, han jumpa eit hakk. Vi hadde ingen serskilde avtaler om bodet, men forventningane stemte godt. Så vi cua 4 kløver og Høyem 4 ruter, før 4 spar fekk avslutte meldingsforlaupet. Ein trumf kom ut til knekten og esset. Høyem spela trumf til åtta, båe fylgde. Så hjarter knekt til kongen og esset. No, før motparten fekk områdd seg altfor mykje, kom kløver til … dama og esset. Hjarter til dama, hjarter til steling, ruter til kongen og hjarter til steling, ruter ess og liten kløver frå bordet. Aust laut på med knekten, og vest, som i utgangspunktet hadde konge, dame fjerde, kunne ikkje stikke over utan å godspela tia. Dimed var aust innspela. Aktuelt var kløverdama eit stålegg, men vel vitande om at Høyem også frå knekten dobbel kan spela liten til tia, har vel vest gjort verre feil enn å slengje i honnøren. Eit menneskeleg egg, altså, ei vaken føring og pluss i mergen. Så til eit anna spel:

                  1087x
                  KQx
                  Ax
                  J9xx

Qxx                           A9x
xx                              J10xxx
KQJxxx                    10x
xx                              Axx

                 KJx
                 Axx
                 xxx
                 KQ10x

Som sør opna Høyem 1 kløver, lægste firkort. Vest, Trond Stafne, melde innpå 2 ruter. Vi dobla negativt, før 2 spar i sør avslutta meldingsforlaupet. Ut kom ruter konge, som Høyem oppskriftsmessig lasja. Det optimale hadde no vore kløverskift, men det var ikkje lett å sjå. I staden fylgde liten ruter. No kom det vesentlege stikket: Spar til liten og … kongen. Det var sjølvsagt sannsynleg at sparesset sat framfor, men aktuelt vart stikket viktigare enn sør kunne vone. For på hjarter til kongen og ny spar, var det plutseleg det same kva aust gjorde. Det fanst ikkje lenger noka trumfhøging, ei heller matt. Ni stikk og kasse.

“Well played,” sa vi til makkers, og meinte det verkeleg. Han er spådd ei tungsam framtid i fyrstedivisjonen, men vi har likevel tru på den unge ingeniøren. Han fekk nok sjølvtillit etter sigeren på Kvål, serleg ettersom foreldra, gamle Rigmor og Hallfred, laut nøye seg med andreplassen. Ikkje berre sigeren, altså, og pengepremien, men òg det moralske overtaket. Vi for vår del har fått ein OK start i samandraget, og vil nok returnere til Kvål for fleire freistnader framover. Det er sjølvsagt litt prestisje, ettersom resultata altså blir avispubliserte. Serleg høgt heng overskrifta i Trønderbladet, dei sjeldne gongene ein briljerer såpass at Koggen brukar feite typar: “Høyem - Kjeller’n vant på Kvål”. Tenk på det, de!

3 Svar to “Meget hyggelig denne uken”

  1. Janinj said:

    Artøgt! Som Koggen skrev en gång: “Denne uken har det skjedd så mye rart i klubbene at vi i mangel av noe bedre tar for oss et spill av Morten Stavsøien fra en privatbridge i Singsås.” Spennende skribent denne Koggen :)


  2. einkvan said:

    Det seier sitt, ja. Spørsmålet er kven som overtek trona når Koggen ein dag blir for sliten. Held ein knapp på Birger Kolstad.


  3. Ivar said:

    Frøkta fer at’n Birger bli sliten føst…


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image