Vår kveld med Uggen
4 June, 2008
Vårt dunkle tilvere til trass, vi har alltid eit ope sinn. Men ein vi like fullt har stilt oss tvilande til, er den famøse Stor-Uggen, David Ueland. For så vidt bror hans òg, den litt mindre serprega Daniel. Men utan serleg grunn, lyt vi kanskje medgje, for Uggane har vore aldri så trivelege mot oss. Under TT-cupen, til dømes, vart vi inviterte til kåken deira på ein herleg lunsj: Fyrst ei appelsin, deretter chips og pylser, frityrsteikte, i eit einaste digert trau. Vi hadde heller dårleg tid, så maten laut etast på vegen, i bilen deira. Alt skulle delast rettferdig. De kan sjølve tenkje dykk spetaklet det medførde. Nettopp dét var vel tvilen vår grunna i, det endelause spetaklet internt mellom Uggane. Dei har litt temperament, for å seia det slik. Men så lenge vi ikkje sjølve har spela med dei, har det knappast vore oss til ulempe. Vi har stått på sidelina, berre, og observert med kuriositet.
Men sist tysdag bestemte vi oss for å utfordre lagnaden. Sumarbridgen er nettopp rette stellet for nye makkerar, ein sosial setting utan nemneverdig alvor. No hadde vi rett nok gjort ei uheldig dobbeltbooking, ettersom Uggen på det mesopotamiske Ugge-målet ikkje makta svara klårt på spurnaden vår. Det vi trudde var eit tja, var i realiteten eit ja, hevda Uggen. Men vår andre avtale, Skamlausrås, var sjølvsagt berre glad for å sleppe - oss, altså, han spela med Fôrseth i staden. Det var siste sjanse med Uggen, for snart skal han heim til Jæren. Han var på eksamensfest måndagskvelden, vi fekk eit fyldig referat frå dette evenementet. Problemet var som vanleg diksjonen, vi skjøna ikkje helvta av snakket hans. Men ja og ha, sa vi, det nyttar ikkje vera usamd likevel. Iallfall hadde det, slik vi forstod det, gått over stokk og stein med eksamensfeiringa. Han vart pælma frå bar til bar, før han rota seg heim kring midnatt. Då velta han fjernsynet opp på vasskokaren, pådrog seg kink og heiv seg i senga. “Somnar som ett svin och vaknar som ett vrak,” som det heiter i songen. Det var altså ikkje det beste utgangspunktet for sportsleg briljans, og vi hadde ikkje nettopp trua etter fyrsterunden. Då gjekk alt til helvete. Men så fekk vi møte Forfot. Han tok fantomstampen i blodsona, ingen heldig business. Dimed snudde stemninga. Isen tiltok - og brusen.
Vi lyt verkeleg rose David for den sympatiske attityden hans. Den sedvanlege kaukinga var redusert til eit minimum, venteleg inspirert av vår eigen flegma. Når ein såleis fekk konsentrere seg om spelet framfor diskusjonen, var utgangspunktet etablert for ein vellykka aftan. Uggen briljerte. Men alle dei keisame kassespela, der vi klappa einannan på skuldra og skraut av både bod og motspel og føringar, er naturlegvis ikkje interessante for sensasjonshækne lesarar. Vi kan røpe at det også denne gongen kom eit rope-spel, eit fram-over-bordet-spel, og dette spelet skal vi gje dykk. Det blir som ei prøve, med utgangspunkt i vår eiga hand:
x
K9xxx
AKJ
Q108x
Du sit i ugunstig sone og høyrer 2 spar, linne, frå Fôrseth framfor deg. Pass frå makker, 3 kløver som eitkvart søk frå Skrammelås. Vi jekka førebels, kan hende noko passivt. 3 ruter frå Fôrseth synte null og nada. Blomster melde 3 spar. Vi valde, kanskje framleis for tamt, jekk igjen. Så gjekk det pass, før Stor-Uggen, som hadde passa høvesvis 2 spar og 3 kløver, kom på banen med 4 ruter. Ikkje heilt etter boka, kanskje, men det såg unekteleg rett ut. Spørsmålet er då, med våre panserblad, byd ein noko meir? Vi gjorde ikkje det. Hårreisande, meinte Uggen. Mot
A10x
Qx
Q9xxxxx
x
var utgang mildt sagt spelbart. Hjarteren sat rett nok 5-1, slik at 130 aktuelt var grensa. Eit vellykka spel. Men ingen heider å få, altså. Han kunne knapt nok tru det var mogleg å passe. Men her, tenkjer vi sjølv, fekk vi nytta ein gamal regel: Det er sjeldan opplagd å balansere på firesteget, serleg ikkje i blodsona. Det blir neppe gjort på mange bord, men vi lika at makker greidde det. 5 ruter kan stå, ein kan jamvel tru det sannsynleg, men det treng ikkje stå. Byter ein 130 inn mot 100 eller 200 ut, har ein ganske sikkert botn. 150, derimot, er ein sikker pluss. Vi tok dette sikre og jekka, det heldt til siger.
Vår kveld med Uggen var tidleg over, han takla ikkje tanken på øl. Vi for vår del ville gjerne feire, ettersom nok ein barriere var overkomen, nok ein terskel utvida. Berre vent, snart spelar vi med tyrkarar på BBO! Men vi nøgde oss med ein einaste øl, og velta ikkje fjernsynet då vi returnerte. Lågt.
Leave a Reply