Konkurranse overalt

18 June, 2008

Kjellaren har fått hard konkurranse på nett dei siste dagane. Eva Gina Våtnå på det nyleg oppretta Loftet køyrer ei langt meir produktiv line enn oss, og det set vi verkeleg pris på. Det er godt for å oss bli underhaldne litt, i staden for heile tida å ljote underhalde andre. Dessutan er det veldig humoristisk og fin journalistikk denne nykomaren utøvar. Når det er sagt, haglar kritikken mot oss sjølve frå alle kantar. “Ta å slengopp nåke artikkla på Kjellaren,” sa nettopp Haugen. Vi kosar oss i ferien og har eigentleg ikkje ynske om å skrive på bestilling, men for å blidgjera det alltid misnøgde folket kan vi likevel raske saman ein lett og ledig artikkel i Loftet-stil. Vi har inntrykk av at produksjonen der oppe går litt radigare unna enn her i kjellaren, der tenkjepausane er mange og generelt sett lange. Eva Gina skriv på auto, i ein straum av såkalla consciousness. Vel, vi får sjå om vi greier det same. Det fylgjande skal såleis lesast i eit forrykande tempo. Men å kopiere Loftets raffinerte ordspel, derimot, kan vi eigentleg berre drøyme om.

Vi har hatt mykje moro på det nemnde internettet i det siste, det er ikkje berre Loftet, men også EM i På, eller Pau som einskilde seier, nede i Frankrike på kontinentet. Det artige er at Noreg stiller med noko av eit gladlag, nemleg Hegelmo - Lund, Molbo - Aa og Brogeland - Linnqvist, denne Linnqvist den same Linnqvist som ofte så figurerer i Stud og Heimdal BK, den lokale krinsserien og meir. Merkjeleg fyr, kjend som Krølle, krøllar hår og krøllar kort, serleg når makker eggar, men av og til blir det krøll for Krølle òg. Vi såg det i På i 7 grand, ikkje snakk om å spela heim den, og kanskje litt spesi bydd i lagtevling. Eller 4 kløver reschmekk, det var spesi både par- og lagbridge, 3 skulle ikkje redoblast, men 4 skulle. 1000 ut, og Krølle hadde vorte like topplaus og raudnande på sumarbridgen i Huset som han vart i På. Når det er sagt, ville vi bydd annleis i sørstolen òg, tri gonger kløver på knekten femte var ikkje akkurat oppskriftsmessig. Men når dei berre blir varme i trøya, har vi eigentleg trua på Noreg, ingen grunn til å domedagsprofetere som ein viss herr Wam i rikskringkastinga. Berre vent, dei kjem seg nok på etter kvart.

Interessant skal det òg bli når damene kjem på banen, desse under leiing av eit velkjend radarpar. Hadde vi vore damer kunne vi knapt nok tenkt oss ein meir sjarmerande og sexy kombinasjon enn Tislevoll og Berg, men det er vi heldigvis ikkje. Vi kan sitja på benken og vera kritiske til både coaching og kapteinsarbeid, og jamvel ta oss ein “kald ein” i skuggen. NBF-delegata, derimot, får halde seg i skinnet til banketten - eller eventuelt, som vi tippar Ivar drøymer om, ein kjapp og problemfri knockout. Billeg vin i Frankrike.

Sjølve har vi ingen internasjonale representasjonsoppdrag før på seinsumaren, men førebels representerer vi i hytt og ver på sumarbridgen. Trur forresten det er artigare der enn i På, eller Pau om de vil. Mange kule i Huset, både den gamle staute typen som Åsmund og Oddmar, og meir hippe, kule dudes og chicks som Arvid og Reidun. I går spela vi med Åsmund, ein udiskutabel suksess, men diverre nokre stålegg frå makkers. Avslutta med å trø på to stikk i 2 ruter dobla, smalare kunne det vel knapt vore gjort i På. Vel, vel, vel, vi er ikkje dei som sippar over spilt og spela bridge, vi tek fatt på nye oppgåver med den største entusiasme. Sumarbridgen held fram nokså lenge enno, det skal saktens bli nye sjansar. Neste helg er det Östersund med Eberg, det kan òg bli interesting. Merkjeleg fyr denne Eberg, eit stort friidrettstalent, seier sume, men ligg for det meste på sofaen når vi er innom. Skal visst flytte i hop med ho Gry no, underleg prosjekt, visstnok fått seg leilegheit i kåken under Loftet. Dette burde doble den journalistiske “tyngda” der borte i … vel, dobbel forstand. Men når det gjeld Östersund: Vi er ikkje dei som fryktar grannefolket, men ser dei har fått ein forrykande start i På. Dei tykkjest oss i augneblinken overlegne. Litt betre blir det på festivalen, stort sett nordmenn der, men fyrst ein juniorleir som i utgangspunktet er “nordisk”, det vil seia internasjonal. Hovudtevlinga, til dømes, tek vi med erkesamen Bogen. Ein spanande kultur han kjem ifrå, mykje snø og joik der oppe. Skal vel sanke seg “stilpunkter” som vanleg, lykke til med det, forlorne reinsdyr er vel alt han eigentleg kan å sanke. Sjølve er vi med mest for moroa, det sosiale, som dei seier. Men nok om det, vi har skrive oss slitne, avsluttar i staden og kikar litt i veggen. Ler litt. Gler oss til meir frå Loftet, ikkje minst.

Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image