Les du nok?

12 July, 2008

“Nei, dette,” skreiv Garasjen nyleg, “er ikke en sommergeografinøtt, tvert imot. Gå ned i Kjellaren for å gnafse på dem isteden. De kommer vel, Grendegut?” På det lyt vi faktisk svara, endå vi ikkje lenger plar kalle oss grendegutar, at nei, det gjer dei ikkje. Det har vorte i meste med laget med geografi, så vi jekkar oss ned litt og gjev dykk ein annan type kviss. Venlegast ynsk velkomen, “Kjellarens litterære sumarsnacks”. Eit corny namn, kanskje, men noko lyt vi kalle det. Litteratur er liksom faget vårt, men fleksible som vi er, har vi òg inkludert musikk. Songtekstar er jo òg lyrikk. For dei som saknar geografien, kan vi røpe at kvissen iallfall har eit slag geografisk kontinuitet i seg. Vi jumpar ikkje rett frå Nord- til Sørpolen, for å seia det slik, men sume verdshav kan vi koma til å krysse. Så til saka:

1. Han slåst med romkameraten og stikk av frå skulen, endå det ikkje på dét tidspunktet er mange dagar att til han likevel tenkte slutte. Inne i byen, som ikkje er nokon liten by, tek han inn på hotell og går i diverse barar. Så kjøper han seg ein prostituert, som han ikkje gjer anna enn å tala med. Då blir ho sint. Tilhøvet til ei gamal venninne, det lagar han òg litt klabb med. Men i det minste er han glad i veslesyster si, og til sist fer han også heim. Kven skreiv romanen?
2. Som så ofte er filmatiseringa nesten betre kjend enn boka ho er basert på. Men boka er god, ho òg. Den ikkje ukjende Knut Nærum har omtala henne i sers rosande og - som høveleg er - maskuline ordelag. Det er då i hovudsak ein roman om menn, med det som i røynda berre er éin mannleg protagonist. Men det figurerer òg ein kvinneleg hovudperson. Kva heiter boka?
3. Skal vi tru eg-personen i det han seier, tok det fire dagar å haike frå det som ein gong var eit framgangsrikt senter for tømmerindustrien, men som i dag slit med fråflytting, arbeidsløyse og kriminalitet. Byen ligg i innlandet, men ikkje langt frå vatn. Vi spør, kva heiter songen vi tenkjer på?
4. I grannehuset deira bur ein mann som ikkje på fleire år har vorte sett utandørs. Men han etterlèt nokre småe “spor” til granneungane i eit tre mellom husa deira. Fyrst på slutten av romanen, når rettssaka er over og den tiltala skoten i fengselet, kjem han ut og reddar borna frå ein enno rasande bygdetulling. Kva heiter romanen?
5. Songen er ei einaste lang orsaking for diverse som skar seg litt, serleg ein episode på ein klubb i ein øynasjon. Vi spør, kva kallar artisten seg?
6. Ei setning frå eit dikt av ein original språkmann og forfattar, figurerer i ei teikneseriesoge. Det same gjer eit musikkinstrument. Diktet er skrive i fyrsteperson, og lånar sin eigentlege tittel frå eit norsk fjellområde. Kven skreiv det?
7. Av dei skriftlege kjeldene som finst på dette språket, er den aktuelle ei av dei mest omstridde. For kva kan denne kryptiske teksten eigentleg handle om? Forslaga har saktens vore mange, frå eit gamaldags blodoffer til ei likferd i båt, eller kanskje soga om ei kullsegling? Kven veit. Men kva kallar ein dette “funnet”, gjort av ein gardbrukar og sonen hans?
8. Denne romanen omhandlar eit av dei viktigaste “vitskaplege” emna i forfattarskapen til ein renommert diktar og konservativ språkdebattant. Det var den fjerde romanen han gav ut under pseudonym. Det lyt kallast ein kriminalroman, men med løysing i ein då framleis omstridd og populær, men no i stor grad forelda metode. Kva heiter boka?
9. Han skriv eit slag utreiing for eit statleg organ. Denne fell i dårleg smak, og etter diverse alvorlege skuldingar, vender hovudpersonen attende til heimen, der han byrjar drive gard. Heller ikkje det går heilt etter planen, og tilspissar seg når han køyrer den tilbakeståande bror sin ut på den svenske landsbygda og etterlèt han der. Men også hovudpersonen endar i skogen. Kva heiter romanen?
10. Ein heller spesi type, denne, men av dei viktigaste i landet han kom ifrå. Han døydde ung og i einsemd. Av di så fåe eigentleg kjende han, har vi heller ingen bilete. Det einaste er faktisk eit portrett, noko overdrive, som syner profilen hans. Kva heitte diktaren?
11. Ein song av eit band forma av to tvillingar og ei bok av ein forfattar frå Skottland, har omtala av ein bydel til felles. Bandet som laga songen, kva heiter dei?
12. Kvar av linene i denne songen kan tolkast som ei kjærleikserklæring, anten til narkotika eller til ei jente. Det er altså ikkje klårt kor den eigentlege lidenskapen ligg, og sume av linene er jamvel diffust uttala. Når det er sagt, vart det ei populær låt, gjort serleg kjend gjennom ymse coverversjonar. Det er den desidert mest kjende songen til bandet som opprinneleg laga han. Kva heiter han?
13. Det vart eit strabasiøst prosjekt for helten i ei verdskjend bok, å få tilgang til den grevelege bygninga ovanfor landsbyen. Ettersom boka aldri vart fullførd, får vi heller aldri vita koss det går. Kven skreiv romanen?
14. Dei ropa om havet, rett nok på eit anna språk. Dei var 10.000 menn, komne til eit fjell med utsyn etter generalen sitt heller mislykka felttog. Ein stor tysk poet laga forresten eit dikt om hendinga. Men kven skreiv henne for fyrste gongen ned?
15. Ein kan oftast snu seg og sjå i dei fleste retningar utan nemneverdige konsekvensar. Men då den meir eller mindre historiske kona til ein meir eller mindre historisk person, på veg ut av byen snudde seg og såg seg attende, då gjekk det henne dårleg. Ja, ho gjennomgjekk faktisk ei forvandling. Til kva, det skal vi ikkje her spesifisere. I kva bok i boka står denne soga?
16. Den legendariske dronninga fungerer som eit slag rammeforteljar i denne store litterære samlinga, som er komen i mange utgåver med ei varierande mengd bestanddelar. Ein russisk komponist har laga eit orkesterverk med utgangspunkt i nemnde dronning. Kva er namnet hennar?
17. Det var ikkje kven som helst denne forfattaren eggja på seg på åttitalet. I spissen for “kampanjen”, for å kalle det det, stod ein småkul fyr med skjegg. Men forfattaren, han lever endå, på ein annan kant av verda. Kva heiter han?
18. Romanen er enkelt uttrykt, nesten utan forvanskingar i det heile, men representerte noko heilt nytt då han fyrst kom på prent i eit litterært tidsskrift. Heile soga tek føre seg ein einaste dag, delvis basert på forfattaren sine eigne røynsler. Kva heiter romanen?
19. Her kan vi peike bakover: Han vi spurde etter i ei av dei føregåande nøttene, har namnet sitt i tittelen på ein roman av forfattaren vi her skal fram til. Elles har mange av bøkene hans titlar frå musikkstykke, mellom anna ei sekstitalslåt. Kva heiter han?
20. Her er songaren og songen på to ulike kontinent, om de skjønar kva vi meiner. Europeisk songar, men ein tekst med referanse til ei strand, eller snarare eit område, eit område i ein storby. Tittelen inneheld det som tilfeldigvis er namnet på ein mytisk kvinnefigur. No vel, kva heiter songen?

Vi kan berre orsaka at helvta av sumaren alt er gått, men de rekk det vonarleg likevel. Vi gjev dykk ein raus tidsfrist i alle fall, fram til den 15. september. Det verste for vår eigen del, er alltid å velja premiar. Ein skal ikkje underdrive, men heller ikkje overause folket. Fylgjande er forslaget:

1. premie: Weekend for to i kjellaren. Obs! Obs! Ingen sengeplassar.
2. premie: Kroner 10.
3. premie: Nei.

Svara sender de som før til gamaldans@hotmale.com. Få med venene dine, grannen, mor di og far din, syster di, kanskje tanta di, men ikkje kven som helst. Då gjenstår det berre å seia, trass i Garasjen: Lykke til!

Just passing through

11 July, 2008

Sumarbridgen går for full maskin, og mange er ynska om artiklar. Serleg Kvalen var på oss i går, då vi lét oss overtala til å ta ein kveld på TT. Vi har skrive om desse TT-greiene før, og må medgje vi føretrekkjer Huset. For det fyrste er vi skeptiske til selskapets monopol i kollektivtrafikken, ettersom tilbodet deira er av lægst tenkjelege kvalitet. Så kjem ein til lokalet deira og blir sanneleg flådd der òg. Det er dessutan bra mange måsar på TT. Sume av dei hyggelege, ja visst, men måsar like fullt. Ein ulideleg kombinasjon. I Huset er måsane utrivelege, det høver oss faktisk betre. Men i alle fall, der møtte vi opp i solsteika og skulle øve med Kvalen. Uoffisielt var det øving til framtidige sumarbridgar, offisielt, eller slik ålmugen såg det, til den føreståande parfinalen på Lillehammer. Sjå artikkelen “Verdas verste krins?” for meir informasjon. Korkje vi eller Kvalen har overtydd på tidlegare øvingar, og det der med ei veik generalprøve … Vel, finalen blir nok verre, gissar vi. Skulle det mot alle odds gå brukbart, er det ganske sikkert grunnlag for ein ny artikkel: “Verdas verste festival?” Eitt er iallfall sikkert, at same kor rørut bridgen kan vera, sluttar ikkje Kvalen gnage: “Det der må jo vera eit Kjellar-spel.” For gjerne å tilføye: “Eg mitt nek.”

Ja, ja, du Våge, eller du ditt nek, vi skal nedlata oss til å presentere eitt av dei såkalla Kjellar-spela gårsdagen kunne oppdrive. Dimed utgår det famøse spelet, der Kvalen vart skvisa i tokortspossen. Dimed utgår vårt eige tristikksegg, dei tallause andre påtråkka, 580 ut, brende slemmar og nakne utspel. Ein som ikkje brende slem, det var ein viss herr Bakken:

                xx
                Kxx
                AJ10x
                AQ108

10xx                            J9xx
10x                              Qxxx
xxx                              xx
Jxxxx                          Kxx

                AKQx
                AJ9x
                KQxx
                x

Bodforlaupet var av det slaget som verkeleg fortørnar oss, som får det til å vrengje seg i oss, vi har hug til å spy av einskildes dårskap. Nord opna 1 kløver, sør svara “sjølvsagt” 1 ruter. Vår side var tagal gjennom heile sekvensen. Nord letta til 2 ruter, før sør, som ikkje eingong arbeider for TT, tok ein TT og gjekk i Blackwood. To ess i nord. 5 grand og 6 ruter, som synte den eine kongen. “Eg må jo prøve,” sa sør, og var ikkje ringare enn det han freista storemompen - i grand. 7 ruter hadde jo noko for seg, men den gong ei. No vel, vi skulle finne ein lead, og ville ikkje røske opp i kløveren. Så ruter vart vald. Ikkje kritisk, men ikkje ukritisk heller. Knekten i bordet, hjarter til knekten, hjarter til kongen og så vidare, ruterstikk, bla, bla, bla. Long story short: Makker, som rett nok ikkje kjende sparfordelinga, pælma ein spar og dimed stod det. Skvisen var for så vidt reell, men med riktig motspel lyt ein toppe kløveren for å vinne. Om sør var sympatisk eller berre overlegen, det veit vi ikkje. Men han trøysta iallfall Kvalen: “Eg hadde jo toppa kløveren,” sa han, og freista jamvel ein analyse. “Eg tek jo hjarteren og ruteren og så … ser eg litt, og så blir det opplagt at … ja, og så toppar eg kløveren.” Ja, du gjer vel det, din sjuke jævel.

Nei, kvar einaste sumarbridge er likeins: Vi går i raseri. På tysdag var det Haugen som plaga oss, sopa inn ein siger på knappar og … ja, flaks. Sjølve sat vi som engleborn, vi og Kjetil Krogh, spela etter boka sånn cirka, men utan å tene på det. Motparten grisar slemmar, tek nokre kuttar og har det i hus, tusen minus på oss. Fy fader i himmelen.

Noko betre var det likevel i går, merkeleg nok, for TT hadde nobel vitjing: Brørne Græsli var der, og Osvald Bogø, og Hallgeir Gåsø og mister Paulsen. Det redda skinnet vårt. Paulsen og Bogø hadde rett nok flaks, men kunne ‘kje noko for det. Vi ber ikkje nag til dei for det. Vi må berre innsjå, at heile den nemnde kontingenten er relativt mykje kulare enn oss. Serleg Jappen og Osvald har liksom ein naturleg autoritet ved bordet, noko vi sjølve knapt kan drøyme om. Men dei var ikkje ringare enn det dei baud oss med seg etter spelinga, heim til Paulsen på eit glas. Der fekk vi endeleg kvile. Familien Græsli plar ikkje nettopp spytte i glaset, korkje i Singsås eller byen, men endå har dei ein roleg og behageleg attityde vi verkeleg verdset. Det same kan seiast om øyfolket, endå Hallgeir har eit rulleblad på BBO. Men han kalla ikkje oss ei “helvetes rognkjeks”, og då var vi eigentleg nøgde. Når det gjeld denne Japp, har vi skrive om han ganske ofte. Vi blir ikkje mindre fan av han fordi. Han var som vanleg ganske ivrig, og fortalde med patos sine mange soger. EM på Tenerife er ein klassikar, der han og onkel Roy var i slaget. Tri i snitt på butlaren, visstnok, før onkel byrja urinere i tide og utide. Der enda bridgen, men stilen heldt fram på banketten. Folk stod i dress og slips, hevda Jappen, medan Roy framleis urinerte i potteplantane. Så skulle han til Pula ein gong, Jappen, og vakna i Sunndalen dryge to timar før flyet gjekk frå Værnes. Pass og bagasje laut han hente i Trondheim, og skal ha halde oppi 230 på delar av vegen. Men han rakk det fint. Verre var det i Amsterdam, på same turen, der dei mellomlanda og bruka ein kveld. Jappen og - stålsett dykk - Asgeir Langen gjekk i baren, med den uheldige konsekvensen at Jappen igjen forsov seg. Men no var det verre, ser de, for flyet gjekk ifrå han. Tevlinga byrja om to dagar, men nokon ny billett fanst ikkje å oppdrive innan den tid. Så han reiste til Venezia og tenkte ta båt over Adriatarhavet. Han siterte frå møtet med grensevaktene, dei italienske: “Business or pleasure?” spurde dei, og heldt han litt attende. “Neither,” svara Paulsen, “just passing through this shithole.” Då laut vi le. Båten hadde slutta gå, diverre, men Singsaas kom og henta han. Så tevling vart det.

Interessant å observere, forresten, at Jappens unge dotter innfann seg på festen. Ho var eit sindig vesen, og føreslo blygt at vi alle, som sat heller tett i den vesle stova, kunne slutte kauke til kvarandre. Men nei, inkje gehør for den ideen. Kaukast skulle det. Ja, kaukast lyt det, skal ein høyrast. Men spriten vart for skryp for Græsli-klanen, så då laut dei ut i byen. Dei fortalde oss om bryllaupet i Singsås, der Winsinj gifte seg. Det har vorte kommentert, og fortener igjen å nemnast, at brørne konsekvent omtalar far sin, den ikkje ukjende Odd Roar, som Orgen. Orgen heldt tale i bryllaupet. Serleg Janinj er ram til å parodiere faderen, tek det same seige tonefallet med nærast uendelege vokalar. Det er ikkje Græsli, men Grææææsli. Græseleg, nesten, litt sånn saueaktig, men utan bræææækinga. Vi trur nok Bårdinj har potensiale til å bli som far sin. Inntil då får vi berre vente, og koma oss på festane til Jappen. Blir klientellet for framtida berre helvta så interessant som i går, skal vi saktens ha nok å skrive om.