Just passing through
11 July, 2008
Sumarbridgen går for full maskin, og mange er ynska om artiklar. Serleg Kvalen var på oss i går, då vi lét oss overtala til å ta ein kveld på TT. Vi har skrive om desse TT-greiene før, og må medgje vi føretrekkjer Huset. For det fyrste er vi skeptiske til selskapets monopol i kollektivtrafikken, ettersom tilbodet deira er av lægst tenkjelege kvalitet. Så kjem ein til lokalet deira og blir sanneleg flådd der òg. Det er dessutan bra mange måsar på TT. Sume av dei hyggelege, ja visst, men måsar like fullt. Ein ulideleg kombinasjon. I Huset er måsane utrivelege, det høver oss faktisk betre. Men i alle fall, der møtte vi opp i solsteika og skulle øve med Kvalen. Uoffisielt var det øving til framtidige sumarbridgar, offisielt, eller slik ålmugen såg det, til den føreståande parfinalen på Lillehammer. Sjå artikkelen “Verdas verste krins?” for meir informasjon. Korkje vi eller Kvalen har overtydd på tidlegare øvingar, og det der med ei veik generalprøve … Vel, finalen blir nok verre, gissar vi. Skulle det mot alle odds gå brukbart, er det ganske sikkert grunnlag for ein ny artikkel: “Verdas verste festival?” Eitt er iallfall sikkert, at same kor rørut bridgen kan vera, sluttar ikkje Kvalen gnage: “Det der må jo vera eit Kjellar-spel.” For gjerne å tilføye: “Eg mitt nek.”
Ja, ja, du Våge, eller du ditt nek, vi skal nedlata oss til å presentere eitt av dei såkalla Kjellar-spela gårsdagen kunne oppdrive. Dimed utgår det famøse spelet, der Kvalen vart skvisa i tokortspossen. Dimed utgår vårt eige tristikksegg, dei tallause andre påtråkka, 580 ut, brende slemmar og nakne utspel. Ein som ikkje brende slem, det var ein viss herr Bakken:
xx
Kxx
AJ10x
AQ108
10xx J9xx
10x Qxxx
xxx xx
Jxxxx Kxx
AKQx
AJ9x
KQxx
x
Bodforlaupet var av det slaget som verkeleg fortørnar oss, som får det til å vrengje seg i oss, vi har hug til å spy av einskildes dårskap. Nord opna 1 kløver, sør svara “sjølvsagt” 1 ruter. Vår side var tagal gjennom heile sekvensen. Nord letta til 2 ruter, før sør, som ikkje eingong arbeider for TT, tok ein TT og gjekk i Blackwood. To ess i nord. 5 grand og 6 ruter, som synte den eine kongen. “Eg må jo prøve,” sa sør, og var ikkje ringare enn det han freista storemompen - i grand. 7 ruter hadde jo noko for seg, men den gong ei. No vel, vi skulle finne ein lead, og ville ikkje røske opp i kløveren. Så ruter vart vald. Ikkje kritisk, men ikkje ukritisk heller. Knekten i bordet, hjarter til knekten, hjarter til kongen og så vidare, ruterstikk, bla, bla, bla. Long story short: Makker, som rett nok ikkje kjende sparfordelinga, pælma ein spar og dimed stod det. Skvisen var for så vidt reell, men med riktig motspel lyt ein toppe kløveren for å vinne. Om sør var sympatisk eller berre overlegen, det veit vi ikkje. Men han trøysta iallfall Kvalen: “Eg hadde jo toppa kløveren,” sa han, og freista jamvel ein analyse. “Eg tek jo hjarteren og ruteren og så … ser eg litt, og så blir det opplagt at … ja, og så toppar eg kløveren.” Ja, du gjer vel det, din sjuke jævel.
Nei, kvar einaste sumarbridge er likeins: Vi går i raseri. På tysdag var det Haugen som plaga oss, sopa inn ein siger på knappar og … ja, flaks. Sjølve sat vi som engleborn, vi og Kjetil Krogh, spela etter boka sånn cirka, men utan å tene på det. Motparten grisar slemmar, tek nokre kuttar og har det i hus, tusen minus på oss. Fy fader i himmelen.
Noko betre var det likevel i går, merkeleg nok, for TT hadde nobel vitjing: Brørne Græsli var der, og Osvald Bogø, og Hallgeir Gåsø og mister Paulsen. Det redda skinnet vårt. Paulsen og Bogø hadde rett nok flaks, men kunne ‘kje noko for det. Vi ber ikkje nag til dei for det. Vi må berre innsjå, at heile den nemnde kontingenten er relativt mykje kulare enn oss. Serleg Jappen og Osvald har liksom ein naturleg autoritet ved bordet, noko vi sjølve knapt kan drøyme om. Men dei var ikkje ringare enn det dei baud oss med seg etter spelinga, heim til Paulsen på eit glas. Der fekk vi endeleg kvile. Familien Græsli plar ikkje nettopp spytte i glaset, korkje i Singsås eller byen, men endå har dei ein roleg og behageleg attityde vi verkeleg verdset. Det same kan seiast om øyfolket, endå Hallgeir har eit rulleblad på BBO. Men han kalla ikkje oss ei “helvetes rognkjeks”, og då var vi eigentleg nøgde. Når det gjeld denne Japp, har vi skrive om han ganske ofte. Vi blir ikkje mindre fan av han fordi. Han var som vanleg ganske ivrig, og fortalde med patos sine mange soger. EM på Tenerife er ein klassikar, der han og onkel Roy var i slaget. Tri i snitt på butlaren, visstnok, før onkel byrja urinere i tide og utide. Der enda bridgen, men stilen heldt fram på banketten. Folk stod i dress og slips, hevda Jappen, medan Roy framleis urinerte i potteplantane. Så skulle han til Pula ein gong, Jappen, og vakna i Sunndalen dryge to timar før flyet gjekk frå Værnes. Pass og bagasje laut han hente i Trondheim, og skal ha halde oppi 230 på delar av vegen. Men han rakk det fint. Verre var det i Amsterdam, på same turen, der dei mellomlanda og bruka ein kveld. Jappen og - stålsett dykk - Asgeir Langen gjekk i baren, med den uheldige konsekvensen at Jappen igjen forsov seg. Men no var det verre, ser de, for flyet gjekk ifrå han. Tevlinga byrja om to dagar, men nokon ny billett fanst ikkje å oppdrive innan den tid. Så han reiste til Venezia og tenkte ta båt over Adriatarhavet. Han siterte frå møtet med grensevaktene, dei italienske: “Business or pleasure?” spurde dei, og heldt han litt attende. “Neither,” svara Paulsen, “just passing through this shithole.” Då laut vi le. Båten hadde slutta gå, diverre, men Singsaas kom og henta han. Så tevling vart det.
Interessant å observere, forresten, at Jappens unge dotter innfann seg på festen. Ho var eit sindig vesen, og føreslo blygt at vi alle, som sat heller tett i den vesle stova, kunne slutte kauke til kvarandre. Men nei, inkje gehør for den ideen. Kaukast skulle det. Ja, kaukast lyt det, skal ein høyrast. Men spriten vart for skryp for Græsli-klanen, så då laut dei ut i byen. Dei fortalde oss om bryllaupet i Singsås, der Winsinj gifte seg. Det har vorte kommentert, og fortener igjen å nemnast, at brørne konsekvent omtalar far sin, den ikkje ukjende Odd Roar, som Orgen. Orgen heldt tale i bryllaupet. Serleg Janinj er ram til å parodiere faderen, tek det same seige tonefallet med nærast uendelege vokalar. Det er ikkje Græsli, men Grææææsli. Græseleg, nesten, litt sånn saueaktig, men utan bræææækinga. Vi trur nok Bårdinj har potensiale til å bli som far sin. Inntil då får vi berre vente, og koma oss på festane til Jappen. Blir klientellet for framtida berre helvta så interessant som i går, skal vi saktens ha nok å skrive om.
13 July, 2008 at 15:53
Nydelig referat, wd kjellaren
13 July, 2008 at 19:07
Der fekk vi prov som venta: “[...] ein roleg og behageleg attityde.” Med unnatak av Jappen og somtid Nardo Dahl, er det einast Janinho som rosar oss. Resten er rasande.