Les du nok?

12 July, 2008

“Nei, dette,” skreiv Garasjen nyleg, “er ikke en sommergeografinøtt, tvert imot. Gå ned i Kjellaren for å gnafse på dem isteden. De kommer vel, Grendegut?” På det lyt vi faktisk svara, endå vi ikkje lenger plar kalle oss grendegutar, at nei, det gjer dei ikkje. Det har vorte i meste med laget med geografi, så vi jekkar oss ned litt og gjev dykk ein annan type kviss. Venlegast ynsk velkomen, “Kjellarens litterære sumarsnacks”. Eit corny namn, kanskje, men noko lyt vi kalle det. Litteratur er liksom faget vårt, men fleksible som vi er, har vi òg inkludert musikk. Songtekstar er jo òg lyrikk. For dei som saknar geografien, kan vi røpe at kvissen iallfall har eit slag geografisk kontinuitet i seg. Vi jumpar ikkje rett frå Nord- til Sørpolen, for å seia det slik, men sume verdshav kan vi koma til å krysse. Så til saka:

1. Han slåst med romkameraten og stikk av frå skulen, endå det ikkje på dét tidspunktet er mange dagar att til han likevel tenkte slutte. Inne i byen, som ikkje er nokon liten by, tek han inn på hotell og går i diverse barar. Så kjøper han seg ein prostituert, som han ikkje gjer anna enn å tala med. Då blir ho sint. Tilhøvet til ei gamal venninne, det lagar han òg litt klabb med. Men i det minste er han glad i veslesyster si, og til sist fer han også heim. Kven skreiv romanen?
2. Som så ofte er filmatiseringa nesten betre kjend enn boka ho er basert på. Men boka er god, ho òg. Den ikkje ukjende Knut Nærum har omtala henne i sers rosande og - som høveleg er - maskuline ordelag. Det er då i hovudsak ein roman om menn, med det som i røynda berre er éin mannleg protagonist. Men det figurerer òg ein kvinneleg hovudperson. Kva heiter boka?
3. Skal vi tru eg-personen i det han seier, tok det fire dagar å haike frå det som ein gong var eit framgangsrikt senter for tømmerindustrien, men som i dag slit med fråflytting, arbeidsløyse og kriminalitet. Byen ligg i innlandet, men ikkje langt frå vatn. Vi spør, kva heiter songen vi tenkjer på?
4. I grannehuset deira bur ein mann som ikkje på fleire år har vorte sett utandørs. Men han etterlèt nokre småe “spor” til granneungane i eit tre mellom husa deira. Fyrst på slutten av romanen, når rettssaka er over og den tiltala skoten i fengselet, kjem han ut og reddar borna frå ein enno rasande bygdetulling. Kva heiter romanen?
5. Songen er ei einaste lang orsaking for diverse som skar seg litt, serleg ein episode på ein klubb i ein øynasjon. Vi spør, kva kallar artisten seg?
6. Ei setning frå eit dikt av ein original språkmann og forfattar, figurerer i ei teikneseriesoge. Det same gjer eit musikkinstrument. Diktet er skrive i fyrsteperson, og lånar sin eigentlege tittel frå eit norsk fjellområde. Kven skreiv det?
7. Av dei skriftlege kjeldene som finst på dette språket, er den aktuelle ei av dei mest omstridde. For kva kan denne kryptiske teksten eigentleg handle om? Forslaga har saktens vore mange, frå eit gamaldags blodoffer til ei likferd i båt, eller kanskje soga om ei kullsegling? Kven veit. Men kva kallar ein dette “funnet”, gjort av ein gardbrukar og sonen hans?
8. Denne romanen omhandlar eit av dei viktigaste “vitskaplege” emna i forfattarskapen til ein renommert diktar og konservativ språkdebattant. Det var den fjerde romanen han gav ut under pseudonym. Det lyt kallast ein kriminalroman, men med løysing i ein då framleis omstridd og populær, men no i stor grad forelda metode. Kva heiter boka?
9. Han skriv eit slag utreiing for eit statleg organ. Denne fell i dårleg smak, og etter diverse alvorlege skuldingar, vender hovudpersonen attende til heimen, der han byrjar drive gard. Heller ikkje det går heilt etter planen, og tilspissar seg når han køyrer den tilbakeståande bror sin ut på den svenske landsbygda og etterlèt han der. Men også hovudpersonen endar i skogen. Kva heiter romanen?
10. Ein heller spesi type, denne, men av dei viktigaste i landet han kom ifrå. Han døydde ung og i einsemd. Av di så fåe eigentleg kjende han, har vi heller ingen bilete. Det einaste er faktisk eit portrett, noko overdrive, som syner profilen hans. Kva heitte diktaren?
11. Ein song av eit band forma av to tvillingar og ei bok av ein forfattar frå Skottland, har omtala av ein bydel til felles. Bandet som laga songen, kva heiter dei?
12. Kvar av linene i denne songen kan tolkast som ei kjærleikserklæring, anten til narkotika eller til ei jente. Det er altså ikkje klårt kor den eigentlege lidenskapen ligg, og sume av linene er jamvel diffust uttala. Når det er sagt, vart det ei populær låt, gjort serleg kjend gjennom ymse coverversjonar. Det er den desidert mest kjende songen til bandet som opprinneleg laga han. Kva heiter han?
13. Det vart eit strabasiøst prosjekt for helten i ei verdskjend bok, å få tilgang til den grevelege bygninga ovanfor landsbyen. Ettersom boka aldri vart fullførd, får vi heller aldri vita koss det går. Kven skreiv romanen?
14. Dei ropa om havet, rett nok på eit anna språk. Dei var 10.000 menn, komne til eit fjell med utsyn etter generalen sitt heller mislykka felttog. Ein stor tysk poet laga forresten eit dikt om hendinga. Men kven skreiv henne for fyrste gongen ned?
15. Ein kan oftast snu seg og sjå i dei fleste retningar utan nemneverdige konsekvensar. Men då den meir eller mindre historiske kona til ein meir eller mindre historisk person, på veg ut av byen snudde seg og såg seg attende, då gjekk det henne dårleg. Ja, ho gjennomgjekk faktisk ei forvandling. Til kva, det skal vi ikkje her spesifisere. I kva bok i boka står denne soga?
16. Den legendariske dronninga fungerer som eit slag rammeforteljar i denne store litterære samlinga, som er komen i mange utgåver med ei varierande mengd bestanddelar. Ein russisk komponist har laga eit orkesterverk med utgangspunkt i nemnde dronning. Kva er namnet hennar?
17. Det var ikkje kven som helst denne forfattaren eggja på seg på åttitalet. I spissen for “kampanjen”, for å kalle det det, stod ein småkul fyr med skjegg. Men forfattaren, han lever endå, på ein annan kant av verda. Kva heiter han?
18. Romanen er enkelt uttrykt, nesten utan forvanskingar i det heile, men representerte noko heilt nytt då han fyrst kom på prent i eit litterært tidsskrift. Heile soga tek føre seg ein einaste dag, delvis basert på forfattaren sine eigne røynsler. Kva heiter romanen?
19. Her kan vi peike bakover: Han vi spurde etter i ei av dei føregåande nøttene, har namnet sitt i tittelen på ein roman av forfattaren vi her skal fram til. Elles har mange av bøkene hans titlar frå musikkstykke, mellom anna ei sekstitalslåt. Kva heiter han?
20. Her er songaren og songen på to ulike kontinent, om de skjønar kva vi meiner. Europeisk songar, men ein tekst med referanse til ei strand, eller snarare eit område, eit område i ein storby. Tittelen inneheld det som tilfeldigvis er namnet på ein mytisk kvinnefigur. No vel, kva heiter songen?

Vi kan berre orsaka at helvta av sumaren alt er gått, men de rekk det vonarleg likevel. Vi gjev dykk ein raus tidsfrist i alle fall, fram til den 15. september. Det verste for vår eigen del, er alltid å velja premiar. Ein skal ikkje underdrive, men heller ikkje overause folket. Fylgjande er forslaget:

1. premie: Weekend for to i kjellaren. Obs! Obs! Ingen sengeplassar.
2. premie: Kroner 10.
3. premie: Nei.

Svara sender de som før til gamaldans@hotmale.com. Få med venene dine, grannen, mor di og far din, syster di, kanskje tanta di, men ikkje kven som helst. Då gjenstår det berre å seia, trass i Garasjen: Lykke til!

6 Svar to “Les du nok?”

  1. Haugen said:

    Dette såg latterleg enkelt ut, men overnatting på kjellargolvet freistar ikkje, og pengar har ein nok av så… Få organisert likare premiar “plz” som det heiter på verdsveven no til dags.
    Snæiks


  2. einkvan said:

    Det er nettopp slik materialisme denne sida har til føremål å utrydde. Heideren, æra ved å vinne er det ingen som verdset lenger. Men ikkje på vilkår om vi etterkjem dei urimelege krava dine. Premieringa er nøye uttenkt. “Här hjälper inga böner eller klagosånger,” som det heiter i diktet. Ingen tvinger deg til å delta.


  3. Scolasticus said:

    Når du no gjeng burt frå jordlæra, er det ein freistnad på å gjeva andre enn underskrivne ein sjanse? Då vil eg nemna at eg som lektor med fleire språk i fagkrinsen hev nokre fyremunar i dette emnet òg. Men premiane freistar lite, så eg kan vel sleppa til bermen for ein gong. Det kan likevel vera eg tek med tid til å greida ut ein fasit - til dømes ein gong eg er blindemann på bbo.


  4. einkvan said:

    Bra, då sparar du oss for bryet. Vi har laga spørsmåla, men slit med å hugse svara. På førehand takk.


  5. Haugen said:

    Kjellaren sug!
    Slengopp nå nytt!


  6. einkvan said:

    Vi ska slengopp deg, vi, viss ikkje du teier snart. Slengje deg opp i sorbeten, ska vi, der du høyrer heime. Sug ikkje Heimen òg, kanskje? Inkje nytt på månader. Sug, sug, sug, det er alt du gjer.


Leave a Reply

*
For å bevise at du er en person (og ikke ett spam-script) må du skrive inn ordet som vises i bildet.
Anti-Spam Image