“I beit og hoggar den heile natt”
6 August, 2008
Vi innleier med ei line frå eit Aukrust-dikt, som vår makker Lunnsa har terpa på i vekevis no. Det handlar eigentleg om ein auksjon på Tande, grannegarden til Lunnsa i heimbygda Lom. Der vart det kaos. Men no har det altså vore bridgefestival, og tilstanden var ikkje mindre penibel der. “Ja, det va’ kortspel og fan og fusk der / og fyrkjefillur og slams og slusk der, / og slag i bordet / og mange store / i beit og hoggar den heile natt, / so skuggan rædde på veggjom skvatt.” I junior-NM, som vi spela med Lunnsa, var “beit og hoggar” grunnsystemet. Vi har framleis ikkje avdekt kva hoggar er, men kan ikkje tru det er positivt. Beit var det elles mykje av.
Ja, det var i det heile ein lang og ikkje så reint lite krevjande festival. Serleg for oss, som ei veke føre òg var på juniorleir. Bogen vanta makker i hovudtevlinga, så vi stilte opp for å blidgjera han. Vel, blid vart han eigentleg aldri, og skrytet gjekk som vanleg i eitt. På det eine spelet var motparten i slem. Clouet var at konge, knekt femte til blakk, helst skulle gje nokre stikk. Blakken var eigentleg i bordet, og vi som sat med asenet fjerde framfor, ville nok aldri pælma det i om ein liten kom frå handa og vi såg renonsen. Men nei då, Bogen skulle sørve frå feil hand, sjølvsagt ufordekt. Dimed vart blindemann speleførar, og blakken brått usynleg. Den løynde handa kunne godt ha spardama, tenkte vi, gjerne singel, så vi jumpa opp på asenet då ein liten drogst frå bordet. Slem i hus. Kven hadde skulda? Vi, meinte Bogen. Bogen, meinte vi. Ein annan gong fekk vi gode kort, så vi opna 2 kløver og gjenmelde 3 grand over makkers avslag. No kom plutseleg 5 grand opp or hatten. Ja vel, tenkte vi, og letta til storemomp i grand. Kvant til sju i vår verd. Men nei då, plukk ein momp, meinte Bogen, og vi plukka ikkje nettopp den riktige. Éi beit gav minus, jamvel på juniorleiren. Men i hovudtevlinga vart det likevel siger, og utruleg nok i lynbridgen, som vi spela med Lars. Vi er visst ikkje så sakte og skjelvande likevel. Dei andre tevlingane var noko verre, med lag som det aller lægste. Team “Barnehagebridge” gjorde ingen stor suksess. Men det vart nokre artige episodar, mellom anna der vi møtte Bogen. Han og makker Berntsen melde storeslem i hjarter. Vår makker, som knapt nok var ferdig i barnehagen, sat i utdøyande, og motparten skulle til å pakke saman meldingsforlaupet. Men: “Vent litt …” sa han, og kika på korta sine. “7 hjerter? Den doble æ!” Jau då, det vart eit stikk på trumfesset. Eller unge Ådne, som hadde 670 på bok i fyrste kampen. “Eg skjønne ikkje koffor dei dobla,” sa han på Ugge-mål, “det stod jo!” Nokre av desse juniorane er verkeleg merkelege. Men eit par er kule òg, og vi gleda oss over attersynet med sume av dei. Christian Bakke er ein höjdare, han var ikkje mindre aggressiv i år enn i fjor. Tolv år gamal, men banka oss lell. Det same gjorde Brandsnes, som i tillegg var krass i skuldingane: “Vi spelar som ein gud,” sa vi. “Nei,” sa han, “du spiller som en gjøk.” “OK,” sa vi, “som ein prest då, vi spelar som ein prest.” “En judasprest,” hevda han då. Ikkje veit vi kva ein judasprest er, men får vel berre godta det.
Så var det NM. Skuffande fåe par i juniorklassa, berre 24 eller så. Di fleire stilte i mix. No vel, det fekk dei berre gjera. Sjølve kosa vi oss i hjørnet av lokalet. Lunnsa var ein OK makker, relativt sympatisk og nokså stabil. Han kløyvde ikkje skiva, for å seia det slik. Vi låg brukbart an heile vegen, men spela nokså lint mot slutten. Dimed såg det skummelt ut, men ein god sisterunde redda iallfall bronsemedaljen. Vann gjorde Osvald og Hegge, medan Baywatch greidde sylv med europameisteren. Gratulerer til dei og oss sjølve. Som ein takk for spelinga var Lunnsa privatsjåføren vår dei neste dagane, han køyrde oss både hit og dit i den trykkjande heita. Men også dét vart det mindre og mindre av, for han laut jo i tillegg drikke. Ein dag drakk han serleg mykje, det var sundagen, og då sat Aukrust-sitata jamvel lausare enn vanleg: “[...] og glas vart knasa, / og dyret rasa / og ståka ytre og verr’ og verr’, / og fleir’ og fleire drakk spriten berr.” Vi var på ei utflykt borti hyttebyen, der dei pælma oss gjennom hagane frå hytte til hytte. Så spela vi kveldstevling med Gry, meiner vi hugse, og det tok sanneleg kaka. Ho nekta fylgje med på kasta våre, baud som eit vedlass og balanserte på syltynne firkortsfargar. Vi veit ikkje kva vi skulle gjort, minus vart det lell. Men triveleg er ho, både ho og husbonden Eberg. Eit nasty par. Så var det Simonsen, noko meir udregeleg, serleg etter tallause øl. Han laga nokre scener som vanleg, vi sensurerer dei her. Vekas hyggelegaste spelar var iallfall Bodil, vår foxy makker i mixlag, som absolutt imponerte oss. Vi hadde ikkje trua på oss sjølve i denne klassa, og skal ikkje hevde vi storspela. Men ingen var rasande av den grunn, korkje makker eller lagkameratar.
Verre var det i parfinalen, som vi og Kvalen altså var kvalifiserte til. Det gjekk bra ei stund, men hovudet heldt ikkje lenge. Egga kom ustanseleg, og det i eit tvilsamt felt. Ja, i grunnen var det nissane vi egga mot, ikkje dei gode. Vi treivst på BBO, der det fanst litt inspirasjon til å skjerpe seg. Noterte jamvel ein topp mot Fuglestad, sjølvsagt etter Ekrens-opninga hennar. Tri gonger i denne tevlinga møtte vi Ekrens, tri gonger noterte vi kassescore. Kanskje litt flaks det der. Det var eit anna spel, meiner vi hugse, der vi òg hadde flaks. Litt flaks, iallfall. Men vi visste å orsaka etterpå:
QJx
Ax
AKx
AKxxx
AK10xx
J10xx
Jx
xx
Meldingsforlaupet var sånn passe avansert, men kontrakten ikkje god av den grunn. 7 spar vart vi spelande. Jamvel med kløveren jamt fordelt, trengst eit mirakel for heimgang. Ein vantar jo rett og slett stikk. Men ruter kom ut, det var ein spanande start. Vi hadde ikkje anna å gjera enn å sleppe han til handa, og sanneleg gav knekten stikk. Då kløveren brakk i tillegg, stod jo fordundre oss prosjektet. Ein smule tur der, vi medgjev det. Men resten var eit slit, langdrygt og utakknemleg, vi priste oss lykkelege då det endeleg var over. Di artigare var nok tevlinga for Kippe, som overraska alle og vann med ei mil. Han og Aasan har vi tidlegare skrive om, eit merkeleg par, og i Östersund var det lite som klaffa. Men skjegget og det gode humøret tok dei med seg, og på Lillehammer gav det endeleg utteljing. Vi gratulerer dei båe med ein overveldande prestasjon. På andre fylgde Kvam og Lie, på tridje Helgis og Helness. Synd på Eberg, som berre med desimalar gjekk glipp av bronsen. Han får alltids nye sjansar.
Til slutt var det lag, endå ei evigheitstevling utan nemneverdig briljans frå vår side. 6 kløver på esset tridje til fire småe, til dømes, er ingen taktikk i sjuspelskampar. Men det vart ikkje mykje betre av den psykiske terroren, nitidig gjennomførd av alle lagkameratar. Simonsen var som vanleg verst, men Forfot og Våge ikkje mykje ringare. John Vegard Aa er tilsynelatande hyggeleg, men også der blir ein narra av skinnet. Erik Eide, den siste måsen på lag “Lågt”, var ikkje fullt så hissig som dei andre. Men mistrivsel vart det lell, både ved bordet og ved samanlikning. Korleis vi trass alt greidde femtandeplassen, og såleis fekk lysestakar i gevinst, er for oss eit mysterium. Det magre premiejuglet stod vi forresten ei ævelengd og venta på, og noko seinare gløymde vi det i bilen hans Våge. Ja, for han køyrde oss heim, opp gjennom dalføret med Grude i baksætet, Tor Eivind Grude, som var overraskande stille til seg å vera. Skulle nesten tru han var sjuk. Vi stogga på Dombås og fekk oss litt mat. Om lag samstundes sende Haugen ei melding, som var såpass velfundert og seiande at vi lèt henne avrunde årets festivalrapport: “Køyrde nett forbi eit skilt,” skreiv han, “som det stod Smal bru på. Beskrivande for dei siste ni dagane, vil eg sei. Skulle vel knabba det og hengd det opp på Huset.” Betre kan det vanskeleg seiast. Men skandalen til trass, vi sjåast sikkert neste år.
6 August, 2008 at 19:57
Eg vil nemne eit spel der guten ikkje var heldig, berre GOD! Eg og makker var i 4kl, med ni staute ruter på sida - kongen, dama og to små var ute. Makker spela først til kutt, som rauk til K. Sidan kom ein ny ruter. Skjetne hadde att Qx, og såg dobbelkutten komma. Dimed revokerte sleipingen med hjarter 7, men orsaka seg straks og følgde med ein liten ruter. “Så sløv er han ikkje med Qx att i fargen”, tenkte makker, og toppa.
Til så ung og vera, er moralen sanneleg skral!
7 August, 2008 at 10:35
Vel, det seier sitt om nivået på spelinga, at det vakraste vi presterte gjennom heile parfinalen var ein revoke.
Moralen er tynnsliten, vi skal medgje det.
8 August, 2008 at 03:31
Så der er det navnet vårt i NM monrad lag kom fra. Jeg spilte på laget “Beit og Hoggar”, og ingen på laget visste hva det betydde. Var et nokså symptomatisk navn uansett.
Det gjaldt begge veier. I siste runden åpnet en nisse i nord på 2clubs med AKQJ98754 slutt. Makker meldte dem opp i 6NT, og makker som satt med KQ10987 i båe minor freista doblinga. Nord tok ut i sju hjarter som gikk hjem… neida, det ble sju udoblede beit når syd ikke hadde noen hjerter, 350. Men makker smilte lurt når det lå 6NT i bordet. Ved ett bord hadde visst noen spilt ut ruterkongen mot 6NT. knekten lå dobbel i bordet, og syd hadde ingen mulighet annet enn å legge liten fra esset tridje. Utspilleren fortsatte med en liten ruter…
8 August, 2008 at 16:08
Du var sers heldig som fekk utdelt “Beit og hoggar”-namnet. Vårt eige lagnamn “Lågt” bleiknar fullstendig i samanlikning. Spelet du her refererer til, har diverre lite med hoggar-tradisjonen å gjera. Det blir for sjukt.
11 August, 2008 at 12:38
Ble sjokkert etter å ha lest en uvanlig selvkritisk korporasjon som ikke sjikanerer makkerne sine i kjent stil. Skjønner imidlertid godt at Bodil får skryt, hun nektet jo å spille med “rutermester” Børre Lund når hun hadde mulighet til å spille med Korporasjonen…
Et spill som tydeligvis ble sensurert bort minnet meg forøvrig om Alexander Pope (1688-1744):
“A little learning is a dang’rous thing;
Drink deep, or taste not the Pierian spring:
There shallow draughts intoxinate the brain,
And drinking largely sobers us again.”
Pope henviser her til spillet der Korporasjonen og hans gamle makker Simonsen presterte å mishandle XY-NT på samme spill, som lagkamerater! Bilturen oppover virket mye lenger når Korporasjonen brukte halve kjøreturen på å forklare hvor genialt det var å stoppe i 2ru på et dårlig 4-3 tilpass fremfor 4hj (som i praksis ville bli meldt og vunnet) på et solid 5-3 tilpass. På det andre bordet hadde Simonsen egentlig vunnet spillet når han la inn en av sine kjente megagrukker etter 1ru-1sp, 1NT-3kl, motparten var nå fintet bort fra 4hj utgangen sin. Men når han forklarte 3kl som invitt og 5-5 gikk han “over-the-top” og bridgepolitiet ble tilkalt…
13 August, 2008 at 02:17
“I skogen lytter noen til hvesende orm.
Mot det lyse ansiktet snur kokongen
sin naturlige flukt.
Menneskene er glupske
etter hemmelig kjøtt, etter grusomt verktøy.
Reis dere, slaktedyr,
for å vinne solen.”
René Char.
Vi meiner framleis det låg eit godt resonnement XY-varianten vår, og det same gjorde det for så vidt òg bak Simonsens. Skilnaden var berre, at hans eigen inkluderte både ein tvilsam tenkjepause og ei direkte villeiande forklåring. Alt ved det gamle, med andre ord. Gjeldande Bodil, fann vi det sjølvsagt flatterande å bli valde framfor ruter- og/eller europameisteren. Men kven kan klandre henne? Det er trass alt ikkje meisterpoints og titlar bridgen handlar om. For einskilde er trivselen det viktige, men det anar Kvalen lite om. Seint utpå kvelden etter fyrste dag av lagtevlinga, var han langt ifrå ferdig med føredraget om XY-spelet. Heile verda skulle høyre det. Er det rart det vart splid i laget? Eller for den del, at Simonsen ramla i golvet? Nei, vi har funne syndebukken.
13 August, 2008 at 22:53
Som vanlig blir man skjelt ut av den ene og den andre, men også som vanlig, med god grunn. Når det gjelder grukking og villedende forklaringer, er dette kun et lite utvalg av mine triks, men denne gangen møtte vi dessverre en usympatisk nordlending, som tydeligvis kunne sine bridgeregler.
Og butlerresultatene er selvfølgelig ikke nevnt i denne artikkelen.
14 August, 2008 at 23:14
Det er ingen grunn for oss, tenkte vi i vår visdom, til å nemne dét Romet, sjølve udregelegheita, kjem til å utbrodere med sitt eige ordkløyveri. Butlaren har nok høgste prioritet i den no komande Romet-artikkelen. Til alle som skulle vera i tvil, kan vi likevel seia: Butlaren er feil. Det er heilt openbert. Vi hadde nokre veike kampar, men ikkje mange nok til å rettferdiggjera gapet mellom oss Den udregelege. At dei tri andre måsane spela dårleg, herskar det derimot liten tvil om.